Ot.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

5.1 Offentleg forvaltning

Forslaga i denne proposisjonen vil totalt sett ikkje gi særleg auke i arbeidsmengda ved registra, og vil heller ikkje føre til auke i driftskostnadene.

Utvidinga av formålsparagrafen i einingsregisterlova fører til at andre offentlege organ kan få noko auka utgifter for tilpassingar i tekniske løysingar for å henta opplysningar frå Einingsregisteret. Med den pågåande utviklinga av web-tenester, vil kostnadene bli små. Større bruk av grunndata vil føre til noko hyppigare ajourføringar, men også til betre kvalitet på dei registrerte opplysningane.

For kommunal sektor er plikta ny, og ein må pårekna ei viss økonomisk belastning i ein overgangsperiode. Likevel vil omfanget vere avgrensa. Vi viser til det som er sagt om omfanget av plikta i kap. 3.2.4. Den praktiske tilpassinga i kommunal sektor vil kunne ta noko lenger tid.

Dei foreslåtte endringane i forholdet mellom Einingsregisteret og Konkursregisteret vil leggje grunnlaget for ryddigare tilhøve mellom registra og for arbeidet i dei enkelte register. Dei andre endringane i einingsregisterlova vil gi eit ryddigare og meir tilpassa regelverk for arbeidet i registeret, særleg når det gjeld oppdatering og sletting.

Forslaget til endringar i føretaksregisterlova vil, i tillegg til å gi registeret eit ryddigare regelverk å handheve, føre til færre registreringsnektingar ved Føretaksregisteret. Det vil i seg sjølv vere kostnadssparande. Det er vanskeleg å talfeste innsparinga.

5.2 Næringslivet

Fleire av dei foreslåtte endringane medfører enklare rutinar for dei næringsdrivande/brukarane som skal samhandle med Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Mellom anna medfører ei endring i kravet til underskrift ved førstegongsmelding til Føretaksregisteret at meldinga ikkje må sendast til alle meldepliktige når eit føretak skal nyregistrerast, noko som inneber eit langt mindre ressurskrevjande forarbeid i samband med førstegongsregistrering.

Vidare vil endringa i formålsparagrafen til einingsregisterlova vere med på å redusere innrapporteringane frå næringslivet til det offentlege totalt sett. Auka bruk av grunndata frå Einingsregisteret vil vere med og redusere dei administrative byrdene for dei næringsdrivande.

For bustyrarane og konkursdebitor vil lovendringane i einingsregisterlova og endringane i konkurslova gjere at prosedyrane ved oppretting og sletting av konkurs- og tvangsavviklingsbu blir noko forenkla.

Den foreslåtte reguleringa av krav til innhald i stiftingsdokument og vedtekter inneber inga endring av dagens praksis. Lettare tilgang til krava til dokumentasjon ved registrering/endring er ein fordel for brukarane.

Ei utviding av retten til innsyn i Einingsregisteret vil gi næringsdrivande og andre brukarar noko lettare tilgang på grunndata.

Både auka bruk av Einingsregisteret, betre regulering av arbeidet med oppdatering osv. av registra og betre kvalitet på registerinformasjonen vil generelt sett vere til fordel for næringsliv og andre brukarar.

Til forsida