Ot.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

4 Endringar i føretaksregisterlova

4.1 Forretningskommune i vedtekter for andre selskap med avgrensa ansvar

4.1.1 Innleiing

Føretaksregisterlova § 3-2 andre ledd inneheld føresegner om minimumskrav til vedtektene for andre selskap med avgrensa ansvar (andre selskap enn aksjeselskap/allmennaksjeselskap). I desse minimumskrava er det ikkje noko føresegn om forretningskommune. Føretaksregisteret skal innehalde opplysningar om forretningskommunen, jf. henvisninga i føretaksregisterlova § 3-2 første ledd til § 3-1 første ledd nummer 1 til 6. Opplysningar om forretningskommunen har innverknad for fastsetjing av vernetinget til selskapet. Ein konsekvens av at opplysningar om forretningskommune ikkje går fram av selskapsvedtektene, er at dei meldepliktige kan endre forretningskommune utan å ha lagt spørsmålet fram for det høgste organet i selskapet, for eksempel årsmøte, generalforsamling eller liknande. Dette er selskapstypar som til dels ikkje er regulert av særskilde lover, for eksempel samvirkelag.

4.1.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det foreslått at føretaksregisterlova § 3-2 andre ledd får eit nytt nummer to, som inneber at opplysning om forretningskommune blir eit lovbestemt minimumskrav for vedtekter.

4.1.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane har kommentert dette forslaget.

4.1.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med det framlagde forslaget, inn for at opplysning om forretningskommune blir eit lovbestemt minimumskrav for vedtekter for andre selskap med avgrensa ansvar, på linje med aksjeselskap/allmennaksjeselskap.

Vi viser til forslag til endring i føretaksregisterlova § 3-2.

4.2 Underskrift ved førstegongsmelding til Føretaksregisteret

4.2.1 Innleiing

Dei generelle underskriftsreglane i føretaksregisterlova § 4-3 første ledd vart endra då lov 22. desember 1995 nr. 85 om europeiske økonomiske foretaksgrupper ved gjennomføring av EØS-avtalens vedlegg XXII nr. 10 (rådsforordning (EØF) nr. 2137/85) (EØFG-lova), vart vedteken. Endringsmeldingar til Føretaksregisteret kan no underskrivast av den eller dei i føretaket som har signaturrett, mens dei tidlegare måtte underskrivast av alle dei meldepliktige. Bakgrunnen for endringa var at ein ønskte å få underskriftsreglane meir i samsvar med signaturreglane til selskapsretten. I forarbeida (Ot.prp. nr. 72 (1994-95) side 29) vart det framheva at føretaksregisterlova § 4-3 første ledd første punktum, slik ho då lydde, innebar eit inngrep i den retten føretaket har til å tildele/delegere signatur, og at noko av formålet med ein slik rett då fall bort.

Endringa i kravet til underskrift på endringsmeldingar har vore ressurssparande, fordi meldinga ikkje lenger må sendast til alle meldepliktige for underskrift før ho blir send til registerførar. Føretaksregisteret har ikkje merka nokon auke i talet på falske meldingar som følgje av denne endringa i underskriftskravet. Det er behov for å vurdere forenklingar også i signeringsreglane ved nyregistreringar.

4.2.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det framheva at dei forholda som var grunngiving for å forenkle krav til underskrift ved endringsmeldingar, også gjer seg gjeldande ved nyregistrering. I høyringsnotatet vart det derfor foreslått at føretaksregisterlova § 4-3 første punktum blir endra, slik at dei med signaturrett òg kan skrive under ved melding om nyregistrering.

Den praktiske verdien av at dei med signaturrett får høve til å skrive under på melding om nyregistrering, varierer noko frå organisasjonsform til organisasjonsform. For enkeltpersonføretak inneber endring av underskriftsregelen ikkje noka realitetsendring. For desse føretaka er det alltid innehavaren som skal skrive under på meldingar til Føretaksregisteret. For føretak med styre ligg det meldeplikt på kvar enkelt styremedlem, jf. føretaksregisterlova § 4-2 første ledd nr. 2 og 4. Samanhalde med føretaksregisterlova § 4-3 inneber dette at alle styremedlemmer må underteikne blanketten ved nyregistrering. For desse føretaka vil ei endring av underskriftskravet få praktisk verdi berre når føretaket samtidig melder særskild signaturføresegn som skil seg frå den allmenne representasjonsregelen som gjeld for den aktuelle organisasjonsforma. Dette har samanheng med at det er styret i fellesskap som har signaturretten, i samsvar med alle dei aktuelle lovene og ulovfesta prinsippa.

For dei føretaka der ei slik endring av underskriftskravet får verdi, må dei styremedlemmene som ikkje underteiknar blanketten i eigenskap av å ha signaturrett, likevel gi ei erklæring om at dei tek imot valet, jf. føretaksregisterlova § 4-4 bokstav d). Slik erklæring kan dei gi i form av underskrift på blanketten, eller som ei særskild erklæring. Stadig fleire selskap har ei styresamansetjing der styremedlemmene er busette meir spreidd enn tidlegare. Tendensen går òg i retning av at talet på styremedlemmer som er busette utanfor Noreg, aukar kraftig. I høyringsnotatet vart det såleis understreka at det er ei vesentleg forenkling dersom det blir tilstrekkeleg å hente inn særskild tiltredingserklæring frå dei styremedlemmene som ikkje skriv under på meldinga som signaturrettshavar.

I ansvarlege selskap og kommandittselskap som ikkje er organiserte med styre ligg meldeplikta på kvar enkelt ansvarleg deltakar, jf. føretaksregisterlova § 4-2. I samsvar med dagens regelverk må derfor alle deltakarar underteikne blanketten ved nyregistrering.

I kommandittselskap er det berre komplementaren som er ansvarleg deltakar. Her har ei endring av underskriftskravet dermed noko å seie berre dersom selskapet har to eller fleire komplementarar, jf. selskapslova § 3-13 første ledd første punktum, som seier at «den enkelte komplementar representerer selskapet utad og tegner dets firma».

For ansvarlege selskap følgjer det av selskapslova § 2-21 første ledd første punktum at kvar enkelt deltakar representerer selskapet utetter. Denne føresegna må etter analogi gjelde tilsvarande for partsreiarlag (lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfart kapittel 5). Endring av underskriftskravet har dermed i forhold til ansvarlege selskap og partsreiarlag innverknad i alle tilfelle, med unntak av dei tilfella der selskapet samtidig melder at deltakarane har selskapssignatur i fellesskap.

Etter føretaksregisterlova § 4-4 bokstav f) skal det leggjast ved «erklæring fra ansvarlig deltaker som ikke selv har meldeplikt om at meldingen skjer med deres samtykke». I dag har ein ansvarleg deltakar ikkje sjølv meldeplikt viss selskapet er organisert med styre, jf. føretaksregisterlova § 4-2 første ledd nr. 2. Kravet om slik erklæring er sett opp for at ein skal kunne vere sikker på at deltakarane tek på seg det ansvaret som meldinga gir uttrykk for, jf. Ot.prp. nr. 50 (1984-85) side 51. Ordlyden i lovføresegna kan tolkast dit at erklæring frå ikkje-meldepliktige deltakarar skal leggjast ved alle meldingar til registeret. I praksis blir det i dag kravd slik erklæring berre i dei tilfella der det blir meldt opplysningar om deltakarforholdet. Denne praksisen er i samsvar med formålet bak regelen. Det vart derfor foreslått at føretaksregisterlova § 4-4 bokstav f) blir endra i samsvar med dagens praksis.

Samtykke til registrering i Føretaksregisteret kan takast inn i selskapsavtalen, eventuelt givast i form av underskrift på blanketten eller som ei særskild erklæring. Den foreslåtte endringa av underskriftskravet inneber at føretaksregisterlova § 4-4 bokstav f) òg skal omfatte ansvarlege deltakarar i selskap som ikkje er organiserte med styre. I praksis får det noko å seie berre der det er/blir gitt signaturrett.

4.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Næringslivets Hovedorganisasjon uttalar at det i nokre tilfelle er ein tidkrevjande prosess å hente inn underskriftene frå styremedlemmene på sjølve blanketten, og dei støttar derfor forslaget om at førstegongsmelding kan underskrivast berre av signaturrettshavar.

4.2.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med det framlagde forslaget og høyringsinstansane sitt syn, inn for å forenkle kravet til underskrift ved nyregistrering, slik at dette kan gjerast av signaturrettshavar åleine.

Tilsvarande sluttar departementet seg til den foreslåtte endringa i føretaksregisterlova slik at føresegna om vedlegg til førstegongsmelding og endringsmelding òg kan omfatte ansvarlege deltakarar i selskap som ikkje er organiserte med styre.

Vi viser til forslag til endring i føretaksregisterlova § 4-3 og § 4-4.

4.3 Administrativ sletting av føretak

4.3.1 Innleiing

Etter føretaksregisterlova § 7-3 kan registerførar i visse tilfelle administrativt slette føretak. Hovudkriteriet for sletting er at registerførar har grunn til å tru at føretaket ikkje lenger er til. Andre ledd i føresegna seier at sletteprosedyren skal setjast i verk om registerførar ikkje har motteke melding om føretaket dei siste 15 åra, og samstundes ikkje har grunn til å tru at føretaket eksisterer. Føretaksregisterlova trådde i kraft 1. januar 1988, og føresegna i andre ledd har såleis ikkje blitt aktuell før 1. januar 2004.

Det at det ikkje er kome inn melding på svært lang tid er eitt moment som kan gi registerførar grunn til å tru at føretaket er opphørt. Andre forhold kan vera at innehavar av eit enkeltpersonføretak har gått bort, at ansvarleg selskap eller partsreiarlag blir ståenda med ein eller ingen deltakarar, at kommandittselskap blir ståenda utan komplementarar eller at melding om avgjerd om oppløysing av ansvarleg selskap eller kommandittselskap ikkje følgjes av ein melding om endeleg avvikling.

4.3.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det peika på at denne føresegna synest å vere overflødig. Det at det ikkje har kome inn noko melding om føretaket på 15 år, er berre eitt forhold som åleine eller saman med andre forhold, vil gje registerførar grunn til å setje i verk prosessen med administrativ sletting.

Føretaksregisterlova § 7-3 andre ledd vart foreslått oppheva.

4.3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane har kommentert dette forslaget.

4.3.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med det framlagde forslaget, inn for at føretaksregisterlova § 7-3 andre ledd blir oppheva.

4.4 Dokumentopplysningar

4.4.1 Innleiing

Føretaksregisterlova § 10-2 stiller krav til dokumentopplysningar for aksjeselskap, allmennaksjeselskap og filial av utanlandsk føretak. I tillegg til organisasjonsnummer skal også ei rekkje andre opplysningar givast opp på ein del av dokumenta til føretaket. Føresegna kom inn då Noreg gjekk inn i EØS-avtalen, på bakgrunn av rådsdirektiv 68/151/EØF (1. selskapsrettsdirektiv) artikkel 4 og rådsdirektiv 89/666/EØF (11. selskapsrettsdirektiv) artikkel 6, jf. også Ot.prp. nr. 73 (1991-92) og Ot.prp. nr. 72 (1994-95). Føresegna regulerer spesifikt berre dei krava som blir stilte til aksjeselskap, allmennaksjeselskap og filialar av utanlandske føretak.

Både føretaksregisterlova og einingsregisterlova har reglar om krav til dokumentopplysningar. I einingsregisterlova § 23 blir alle registreringseiningar pålagde å føre organisasjonsnummeret sitt på brev og forretningsdokument. I kap. 3.11.1 er det fremja forslag til justeringar i føresegnene i einingsregisterlova på dette området.

4.4.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det understreka at slik føresegna er utforma i føretaksregisterlova i dag, kan det synast som om det ikkje blir stilt krav til dokumentopplysningar for andre organisasjonsformer enn aksjeselskap, allmennaksjeselskap og filialar av utanlandske føretak. Ut frå omsynet til informasjon og klare reglar, vart det derfor foreslått at føresegnene i einingsregisterlova og føretaksregisterlova skal harmoniserast, ved at det blir presisert i føretaksregisterlova § 10-2 at andre føretak enn aksjeselskap, allmennaksjeselskap og filial av utanlandsk føretak skal gi opp organisasjonsnummeret sitt på brev og forretningsdokument. Det blir foreslått at plikta til å bruke bokstavane «MVA» på salsdokument blir teken inn også i føretaksregisterlova.

Dei to lovene har i dag ulike formuleringar av kva type dokument dokumentopplysningsplikta omfattar. Etter § 23 i einingsregisterlova gjeld plikta til å gi opp organisasjonsnummer på «brev og forretningsdokumenter». Dokumentopplysningsplikta etter føretaksregisterlova § 10-2 gjeld for «brev, kunngjøringer og andre dokumenter». Det er noko uklart om føresegnene dekkjer dei same dokumenta.

Ordlyden i 1. selskapsrettsdirektiv artikkel 4 og 11. selskapsrettsdirektiv artikkel 6 kan ikkje forklare kvifor føretaksregisterlova § 10-2 har brukt formuleringa «brev, kunngjøringer og andre dokumenter». Begge dei to direktiva bruker formuleringa «letters and order forms». Den danske omsetjinga bruker omgrepa «breve og bestillingssedler». Føresegna i føretaksregisterlova omfattar i tillegg til brev også kunngjeringar og det omfattande omgrepet «andre dokumenter». Det går ikkje fram av forarbeida eller i selskapsrettsdirektiva kvifor denne løysinga er vald. I høyringsnotatet vart det lagt vekt på at formuleringa «brev og forretningsdokumenter» blir rekna for dekkjande i forhold til dei krava som blir stilte i direktiva. Det vart derfor foreslått ei språkleg samordning av einingsregisterlova § 23 og føretaksregisterlova § 10-2, slik at formuleringa «brev og forretningsdokumenter» blir brukt i begge dei to lovene.

I høyringsnotatet vart det vidare foreslått at det skal stillast krav om at også føretaksnamnet blir oppgitt i brev og forretningsdokument. I dag er det uklart om det ligg føre ei slik plikt for næringsdrivande føretak. Føretaksnamnelova § 7-1 kan kanskje seiast å heimle ei slik plikt, men føresegna seier berre korleis ei eventuell partsoppgiving ved føretaksnamn i dokument skal skje, og ikkje at dokument skal innehalde føretaksnamn. Det er til dels stor usikkerheit blant brukarar av Føretaksregisteret på dette området. Eit spørsmål som går igjen, er om føretaka må gi opp føretaksnamnet, eller om det er tilstrekkeleg at sekundært forretningskjenneteikn blir oppgitt. Desse forholda bør dermed klargjerast, og høyringsnotatet la fram forslag om at ei plikt til å gi opp føretaksnamn blir teken inn i føretaksregisterlova § 10-2.

4.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen uttalar:

«Vi er positive til at reglene i de to lover harmoniseres noe, likevel slik at det stilles krav til mer omfattende opplysninger i aksjeselskapers brev og forretningsdokumenter. Vi er imidlertid fortsatt noe usikre på hvilke dokumenter som ligger i avgrensningen «brev og forretningsdokumenter», typisk om forskjellige typer reklamemateriell og kundepleieprodukter omfattes. Dette kan være alt fra informasjon/salgsargumenter som er utformet nærmest som et brev og til fargerike produktomtaler (brosjyrer).»

Næringslivets Hovedorganisasjon uttalar:

«Forslaget om hvilke opplysninger som skal angis, er ment å være en klargjøring av regelverket. NHO støtter at regelverket klargjøres, men stiller spørsmålstegn ved om kravet om at opplysningene skal fremkomme på alle «forretningsdokumenter» (i tillegg til brev) går for langt i forhold til formuleringene som finnes i direktivene dokumentopplysningskravene bygger på. I selskapsrettsdirektivet heter det at opplysninger skal fremgå av «letters and order forms». «Order forms» fremstår som snevrere enn det noe uklare, altomfattende begrepet «forretningsdokumenter».»

Konkret foreslår Næringslivets Hovedorganisasjon uttrykket «brev og ordredokumenter» i staden. Elles går organisasjonen ut frå at det blir ein overgangsperiode for einingar som har innretta seg annleis på grunn av dagens uklare krav.

4.4.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet vil, på grunnlag av merknadene frå høyringsinstansane, ikkje gå inn for endringa i oppramsinga av kva type dokument dokumentopplysningsplikta skal omfatte. Departementet vil kome tilbake til dette spørsmålet i samband med oppfølginga av rådsdirektiv 2003/58/EF om endring av rådsdirektiv 68/151/EF (første selskapsrettsdirektiv). Direktivet vil gjere det nødvendig med endringar i § 10-2. Dette gjeld krav til opplysningar om føretak på heimesider.

Departementet går, i tråd med høyringsinstansane sitt syn, inn for dei andre endringsforslaga som vart lagde fram i høyringsnotatet. Det er rimeleg at næringsdrivande finn regelverket som gjeld for dei, mest mogleg samla i føretaksregisterlova.

Vi viser til forslaget til endring i føretaksregisterlova § 10-2.

4.5 Oppretting av inkuriar

I lov 11. april 2003 om endringar i rettsgebyrloven m.v. og i selskapslovgivinga (Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)) vart det vedteken at ein skulle gå bort frå krav om kunngjering i Norsk Lysingsblad, og i staden kunngjere selskapsrelaterte saker elektronisk i Brønnøysundregistra si elektroniske kunngjeringspublikasjon på nett. I samband med denne omlegginga vart det vedteke ei rekkje endringar i lovverket.

Ved ein inkurie vart to føresegner i føretaksregisterlova ikkje tekne med, det same gjeld ei føresegn i dekningslova § 1-3. Det er nødvendig å få retta opp dette.

Vi viser til forslaget til endring i føretaksregisterlova § 6-2 andre ledd siste punktum og § 7-3 første ledd andre punktum, og i dekningslova § 1-3.

Til forsida