St.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [ . . .] av [ . . .] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1786/2002/EF av 23. september 2002 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram på området folkehelse (2003-2008) 2

    .

  3. Avgjerd nr. 1786/2002/EF opphevar europaparlaments- og rådsavgjerd 645/96/EF 3

    , 646/96/EF 4

    , 647/96/EF 5

    , 102/97/EF 6

    , 1400/97/EF 7

    , 372/1999/EF 8

    , 1295/1999/EF 9

    og 1296/1999/EF 10

    , som er tekne inn i avtala og difor må opphevast i avtala -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 16 i avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. I nr. 1 vert dei åtte første strekpunkta oppheva.

  2. I nr. 1 skal nytt strekpunkt lyde:

    • 32 002 D 1786: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1786/2002/EF av 23. september 2002 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram på området folkehelse (2003-2008) (TEF L 271 av 9.10.2002, s. 1).»

  3. Nr. 2 vert oppheva.

  4. Nr. 3 og 4 vert høvesvis nr. 2. og 3.

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde[ . . .] , på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 11

.

Avgjerda skal nyttast frå den dagen avgjerd nr. 1786/2002/EF trer i kraft.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel,[ . . .]

For EØS-komiteen

Formann

[ . . .]

Sekretærar for EØS-komiteen

[ . . .]

Fotnotar

1.

TEF L ...

2.

TEF L 271 av 9.10.2002, s. 1.

3.

TEF L 95 av 16.4.1996, s. 1.

4.

TEF L 95 av 16.4.1996, s. 9.

5.

TEF L 95 av 16.4.1996, s. 16.

6.

TEF L 19 av 22.1.1997, s. 25.

7.

TEF L 193 av 22.7.1997, s. 1.

8.

TEF L 46 av 20.2.1999, s. 1.

9.

TEF L 155 av 22.6.1999, s. 1.

10.

TEF L 155 av 22.6.1999, s. 7.

11.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne./Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]