St.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om det nye folkehelseprogrammet

Det nye folkehelseprogrammet (2003-2008) har tre hovedsøyler:

  1. Innsamling og analyse av helsedata og betring av informasjonen om desse data til brukargrupper.

  2. Snøgg reaksjon mot helsetrugsmål.

  3. Førebygging av risikofaktorar og fremjing av folkehelsa.

Innan kvar og ein av desse tre søylene er det vedteke ei rekkje mål og tiltak. Tiltaka under punkt 1 omfattar satsing på utarbeiding av offentleg tilgjengeleg helseinformasjon med samanliknbare nøkkeldata til nytte både for styresmakter, ulike helseyrke og pasientgrupper. Tiltaka under punkt 2 omfattar vidare utvikling av det eksisterande nettet for tidleg varsling når det gjeld utbreiing av smittsamme sjukdommar. Målet er å gjere det enklare for dei nasjonale helsestyresmaktene å vurdere, handsame og varsle om den helserisikoen som er knytt til slike sjukdommar. Det vil også verte utarbeidd framlegg og tilrådingar for handtering av krisesituasjonar. Vidare skal det utarbeidast oversikter over laboratoriekapasitet og eksisterande lager for vaksinar og antibiotika. Når det gjeld tiltak under punkt 3 vil hovudfokuset heller liggje på førebygging enn på behandling. Kampen mot tobakk vil vere ei av fleire satsingar.

Programmet har eit breiare grunnlag enn dei noverende handlingsprogramma. Det er mellom anna nytt at mental helse er teke med som ein del av programmet.

Programmet byggjer på hovudårsaker til fem sjukdomsgrupper, som òg er nemnde i ein rapport frå Verdshelseorganisasjonen (2000): Mental helse, hjarte- og karsjukdommar, kreftsjukdommar, ulukker og lungesjukdommar.

Programmet skal gje ein «tilleggsverdi» til tiltak som allereie eksisterer i medlemsstatane, og vil leggje hovudvekta på informasjons- og datautveksling. Det skal òg leggjast vekt på helsemessige konsekvensar ved strategiske utgreiingar.