St.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom norsk deltaking vil verte finansiert over ei tidsramme på 6 år, må Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen innhentast, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein har ikkje det same kravet om slike prosedyrar i denne saka.

For å hindre at Noreg seinkar datoen for når avgjerda tek til å gjelde, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som mogleg, gjer Regjeringa eit framlegg om at Stortinget sitt samtykke vert innhenta før avgjerda er teken i EØS-komiteen som eit samtykke til deltaking i EØS-komitéavgjerda. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at det vil skje endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda avviker vesentleg frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagt fram for Stortinget på nytt.