St.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008)

Til innhaldsliste

6 Vurdering

Arbeidet med betring av folkehelsa i Europa er svært viktig og vert støtta av norske styresmakter. Norske fagmiljø har medverka til ei vidareutvikling av tiltak og forsking på viktige felt. Dei har òg teke del i europeiske prosjekt på området. Dette har kome norske universitets- og fagmiljø til gode. Det vert i aukande grad klart at helseproblema i Europa ikkje respekterer landegrenser, og at eit omfattande internasjonalt samarbeid er naudsynt for å kontrollere både smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar.

Våren 2002 summerte Helsedepartementet opp røynslene frå deltakinga i dei åtte handlingsprogramma. Dette vart gjort ved ei enkel spørjeundersøking til norske representantar i dei ulike styringsorgana til programma. Undersøkinga viste at Noreg har hatt gode høve til å påverke både innhaldet i og gjennomføringa av folkehelseprogramma. Det vart likevel peikt på at ein ved å auke det nasjonale administrative støtteapparatet og talet på norske ekspertar på EU sine samarbeidsområde, ville kunne auke Noreg sine sjansar til å påverke komitéarbeidet. Det var brei semje om at det er viktig med god saksførebuing på heimebane og å styrkje nettverket til og kontakten med Kommisjonen.

Når det gjeld kor viktige programma er for Noreg vart det framheva at nye faglege kontaktar, styrking og utviding av nettverk i tillegg til internasjonalisering av norsk FOU var viktige element.