Ot.prp. nr. 102 (2008-2009)

Om lov om endringar i domstolloven mv. (godkjenning av sidegjeremål for dommarar mv.)

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Proposisjonen inneheld forslag til visse endringar i reglane om godkjenning av sidegjeremål for dommarar. For det første foreslår departementet at domstolloven § 121 c første ledd, som nemner opp kva for sidegjeremål som krev godkjenning, får eit nytt punkt om plikt til å søkje om godkjenning for å ta på seg granskingsoppdrag. Også etter dagens reglar er det i mange tilfelle plikt til å søkje om godkjenning av granskingsoppdrag. Den regelen som departementet foreslår, utvidar plikta noko. I tillegg vil endringa gjere det klårare kva plikta femner.

Myndet til å godkjenne sidegjeremål for dommarar ligg i dag hos Domstoladministrasjonen, eventuelt hos leiaren av domstolen på grunnlag av delegasjon frå Domstoladministrasjonen, jf. domstolloven § 121 d. I proposisjonen foreslår departementet at det skal høre under justitiarius i Høgsterett å avgjere søknadar om godkjenning av sidegjeremål frå dommarar i Høgsterett, og at vedtaket skal vere endeleg. Dette forslaget har samanheng med Høgsteretts konstitusjonelle stilling.

Etter domstolloven § 54 og straffeprosessloven § 56 må ein ha juridisk embetseksamen med «beste karakter» for å bli utnemnd til dommar i Høgsterett, førstelagmann, lagmann eller riksadvokat. Vidare må ein etter domstolloven § 54 ha juridisk embetseksamen med «beste eller næstbeste karakter» for å bli utnemnd til lagdommar eller ting­rettdommar eller tilsatt som dommarfullmektig. I løpet av dei siste åra er karaktersystemet ved dei juridiske fakulteta endra, og det er blitt tvil om kva for krav til eksamensresultat som ligg i dei aktuelle føresegnene. I proposisjonen foreslår departementet å oppheve krava til «beste» eller «beste eller næstbeste» karakter. For dommarar vil det følgje av domstolloven § 55 at det framleis skal stillast store krav til faglege kvalifikasjonar. Forslaga er ein konsekvens av tekniske endringar, og inneber ikkje at det for nokon av stillingane skal leggjast mindre vekt på eksamenskarakterar ved utnemningar enn i dag.

Indirekte får oppheving av karakterkrava i domstolloven § 54 og straffeprosessloven § 56 verknad for fleire enn dommarar og riksadvokat. Dette skyldes at lovgjevinga om andre stillingar og verv i mange tilfelle viser til dei krava som gjeld for til dømes høgsterettsdommarar. Mellom anna gjeld dette for stillinga som generaladvokat, jf. straffeprosessloven § 472.

I tillegg til karaktersystemet, er også namnet på dei ulike universitetsgradene endra. Sidan 2005 tildel dei juridiske fakulteta ikkje lenger juridisk embetseksamen, men graden «master i rettsvitenskap», jf. universitets- og høgskoleloven § 3-2 og forskrift 16. desember 2005 nr. 1574 om grader og yrkesutdanninger, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høyskoler § 2. Dei føresegnene i lovgjevinga som krev juridisk embetseksamen må difor no tolkast slik at dei krev anten juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap . I motsetnad til det som gjeld for karakterkrava, er denne utvida tolkinga sjølvsagt. Proposisjonen inneheld likevel forslag om at dei føresegnene i domstolloven og straffeprosessloven som nemner juridisk embetseksamen, blir supplert med uttrykket «eller mastergrad i rettsvitenskap».

Endeleg inneheld proposisjonen forslag til oppretting av enkelte feil i rettshjelploven og ein feil i loven om nordisk arrestordre.

Til forsida