Ot.prp. nr. 80 (2003-2004)

Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og handelsdepartementet kjem i proposisjonen med forslag til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover.

Føremålet med endringane er å leggje betre til rette for at Einingsregisteret og Føretaksregisteret kan fylle oppgåvene som samordnarar og tilretteleggjarar for brukarane, dvs. både næringsliv og andre private og for det offentlege.

Hovuddelen av proposisjonen omhandlar Einingsregisteret. Erfaringane med registeret som vart oppretta i 1995 blir oppsummerte. Dette viser at registeret fungerer godt, men at det er behov for nokre tilpassingar i regelverket. Særleg er det behov for tiltak for å få ein noko betre kvalitet på opplysningane, særleg for å få inn oppdatert informasjon. Forslaga i denne proposisjonen vil føre til høgare kvalitet i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret, til betre samordning og gjenbruk av dei registrerte opplysningane og til betre effektivitet i registra. Dette blir gjort ved å bruke eksisterande informasjon på betre måtar, og ikkje pålegge nye byrder på brukarane.

Det blir foreslått ei endring i formålsparagrafen i einingsregisterlova, for å gjere det klart at offentlege etatar har plikt til å nytte grunndata frå Einingsregisteret.

Departementet legg vidare fram forslag til betre samordning av forholdet mellom Konkursregisteret og Einingsregisteret. Etter dette skal Einingsregisteret få melding om konkursopningar frå Konkursregisteret. Vidare blir det foreslått eit betre tilpassa regelverk for sletting av konkursdebitor. Dette vil betre kvaliteten på Einingsregisteret og lette arbeidet for registra og brukarane.

Proposisjonen inneheld forslag til både materielle og systematiske endringar i regelverket om dokumentasjonskrav ved registrering i Einingsregisteret. Mellom anna blir det foreslått å lovfeste reglar om minimumsinnhald i stiftingsdokument. Dette vil gjere informasjonen lettare tilgjengeleg for særleg dei ikkje-profesjonelle brukarane av registra.

Departementet foreslår at retten til sjølv å fråtre ei registrert rolle i Einingsregisteret blir utvida. Det same gjeld rett til å melde endringar på grunnlag av dom, registrering av opplysningar som følgje av rettstap, og rett til å hente inn opplysningar frå andre register enn dei tilknytte. I tillegg blir det foreslått endringar i tilgangen på informasjon frå Einingsregisteret, og ei presisering av reglane om korleis Einingsregisteret skal føre kontroll. Vidare blir det sett fram forslag om at Einingsregisteret skal få høve til å gjere såkalla påteikningar i registeret.

Det blir òg foreslått at det ikkje lenger skal vere nødvendig å registrere opplysningar om sameigarar i eigarseksjonssameige.

I føretaksregisterlova blir det mellom anna foreslått ei forenkling i kravet til underskrifter ved nymeldingar til Føretaksregisteret, slik at den som har signaturrett, kan skrive under.

Vidare foreslår departementet ei mindre opprydding og endring i reglane om kva for opplysningar som skal stå på breva og forretningsdokumenta til ei eining/eit føretak.

Til forsida