St.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltakinga til EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet for folkehelse (2003-2008) vart formelt vedteke i EU 23. september 2002 ved europaparlaments- og rådsvedtak 1786/2002/EF. Folkehelseprogrammet (2003-2008) samlar EU sine eksisterande handlingsprogram for folkehelse i eitt program, samstundes som verkeområdet for programmet vert utvida.

Sidan 1995/96 har Noreg delteke i åtte handlingsprogram om folkehelse. Desse programma omfattar mellom anna tiltak mot hiv/aids og smittsame sjukdommar, kamp mot kreft, helsefremjande tiltak, informasjon, utdanning og opplæring, tiltak mot narkotikavanebruk, helseovervaking, tiltak mot skadar og ulukker og tiltak mot ureiningsrelaterte og sjeldne sjukdommar. Noreg har òg teke del i etablering og oppfølging av EU sitt nettverk for smittsame sjukdommar gjennom samarbeid med Det nasjonale folkehelseinstituttet.

Alle dei åtte handlingsprogramma sluttar å gjelde 31.12.02, jf. St.prp. nr. 44 (2000-2001), der program som hadde kortare løpetid vart lengde ut 2002. Det nye folkehelseprogrammet vil ta til å gjelde frå 1. januar 2003.

Folkehelseprogrammet (2003-2008) opnar for deltaking frå EØS/EFTA-statane. Ei slik deltaking krev ei endring av protokoll 31 artikkel 16 i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som mogleg, vert det lagt opp til at Stortinget sitt samtykke vert innhenta før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i møtet til komiteen i januar 2003, men datoen kan verte endra.

Europaparlaments- og rådsvedtaket og utkastet til avgjerda i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.