10. Mindre ulikskap
Artikkel | Sist oppdatert: 10.04.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Redusere ulikskap i og mellom land
Finansdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.
10.1) Innan 2030 oppnå ein gradvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga som er raskare enn auken for det nasjonale gjennomsnittet
10.2) Innan 2030 sikre myndiggjering og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status
10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet
10.4) Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader
10.5) Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket
10.6) Sikre at utviklingslanda blir betre representerte og får større grad av medråderett i avgjerdsprosessane i globale finansinstitusjonar, slik at institusjonane fungerer betre og blir meir pålitelege, ansvarlege og legitime
10.7) Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, mellom anna ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk
10.a) Gjennomføre prinsippet om særbehandling og differensiert behandling av utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, i samsvar med avtalar som er inngått med Verdshandelsorganisasjonen
10.b) Stimulere til offentleg utviklingsbistand og kapitalflyt, mellom anna direkte utanlandske investeringar, til statane der behovet er størst, særleg dei minst utvikla landa, afrikanske land, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med planane og programma til landa sjølve
10.c) Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent
Sammenliknet med de fleste alle andre land er inntektene i Norge likt fordelt. Likevel har ulikheten økt de siste 30 årene. Inntektsulikheten økt noe, og ulikheten i fordeling av formue har tiltatt. Dette er en utvikling som skjedd i mange land.
Globale krefter som globalisering, teknologisk utvikling og økt markedskonsentrasjon påvirker også Norge, og kan trekke i retning av økt ulikhet. Samtidig bidrar skattesystemet, lønnsfastsettelsen og offentlige ytelser og tjenester til en jevnere fordeling.
Et progressivt skattesystem bidrar til at de som tjener mest, også bidrar mest. Overføringer for å kompensere for tap av inntekt ved arbeidsledighet, sykdom og uførhet bidrar også til å redusere ulikhet i inntekt. Skatter og overføringer reduserer inntektsulikheten med om lag 40 pst. Dette har vært relativt stabilt de siste 30 årene. Dersom man hadde inkludert verdien av offentlige tjenester, ville ulikheten blitt enda mer redusert.
Samtidig må skattesystemet utformes slik at det oppmuntrer til høy yrkesdeltagelse og verdiskaping. Høy sysselsetting og lav arbeidsledighet innebærer at en stor andel av befolkningen deltar i inntektsskapende arbeid. Dette bidrar til lavere ulikhet. For å holde inntektsforskjellene nede er det viktig å unngå at unge faller ut av skole og arbeidsmarked og at innvandrere raskt innlemmes i arbeidsmarkedet.
Internasjonalt ser ein at vedvarande økonomisk vekst bidrog før koronapandemien til at talet på låginntektsland vart redusert. Den sterke økonomiske veksten i Asia sidan 1980 har gitt det største bidraget til økonomisk utjamning mellom land. Forskjellane innad i land har likevel vorte større. Pandemien bidrog til å auke ulikskapen også mellom land.
Dei 10 pst. rikaste av verdas befolkning mottar 52 pst. av global inntekt, medan den fattigaste halvparten berre tener 8,5 pst. av totalen, ifølgje World Inequality Report 2022. Økonomisk ulikskap kan vere skadeleg for nasjonal vekst. Det kan også skape sosial uro, svekke tillit mellom menneske og forverre økonomiske og andre kriser. Det inkluderer energi- og matvarekrisa i kjølvatnet av krigen i Ukraina.
Innsats mot ulikskap er ein av hovudprioriteringane i Hurdalsplattforma.
Noreg arbeider mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon og for meir inkluderande handelssystem og rettferdig byrdefordeling i kampen mot klimaendringar. Nasjonale og globale prosessar må verke saman for å oppnå redusert forskjell mellom land og internt i land.
Verdsbanken har sett inkluderande vekst for dei 40 prosent fattigaste i verda som eit overordna mål, på linje med å utrydde ekstrem fattigdom. Noreg og dei andre nordiske landa har vore pådrivarar for auka innsats for progressiv skatt, kamp mot ulovleg kapitalflyt og kamp mot korrupsjon i arbeidet til Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane.
Noreg støttar menneskerettsbaserte tilnærmingar til ulikskap og støttar opp om internasjonale konvensjonar og gjennomføringsmekanismar som rettar seg mot diskriminering av kvinner, urfolk, personar med nedsett funksjonsevne, eldre menneske, LHBT+-personar, religiøse minoritetar og marginaliserte grupper.
Ein reduksjon av sosiale og økonomiske forskjeller mellom land i Europa er ein av hovudmålsetjingane for EØS-midlane. For inneverande finansieringsperiode (2014-2021) bidreg Noreg saman med Island og Liechtenstein med 2,8 mrd euro til 15 land i EØS-området til dette føremålet. I overkant av 7000 prosjekt bidreg til innsats for sosial inkludering, ungdomsledigheit og fattigdomsbekjemping, godt styresett og grunnleggande rettar, grøn omstilling og energitryggleik, samt innovasjon, forskning, utdanning, konkurransekraft, kultur, sivilsamfunn, justis- og innenrikssaker. Norge bidreg til lånekapitalen til Europarådets Utviklingsbank, som arbeider målretta for sosial inkludering.