2. Utrydde svolt
Artikkel | Sist oppdatert: 10.04.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.
2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året
2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar
2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket
2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gjev auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord
2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje
2.a) Mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid auke investeringane i infrastruktur på landsbygda, i forsking og rettleiingstenester innanfor landbruket, i teknologiutvikling og i genbankar for planter og husdyr, med sikte på å forbetre produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa
2.b) Korrigere og hindre handelsrestriksjonar og vridingar på landbruksmarknadene i verda, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og alle eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden
2.c) Vedta tiltak for å sikre at råvare- og derivatmarknadene for matvarer fungerer godt og leggje til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å avgrense ekstreme svingingar i matvareprisane
Matsikkerheten er høy i Norge. De viktigste bidragene til matsikkerhet i Norge er høy matvareproduksjon og god tilgang til markeder utenfor landet. Usunt kosthold er en risikofaktor for sykdom og tidlig død. Gjennom tverrsektorielle handlingsplaner arbeides det for bedre kosthold i befolkningen. Som en stor eksportør av sjømat bidrar vi til tilbudet av bærekraftig og næringsrik mat fra havet.
Svalbard Globale frøhvelv, som ble åpnet i 2008, er et av verdens største sikkerhetslager for frø. Her gis frø fra hele kloden sikker langtidslagring i kalde og tørre fjellhaller. Frøhvelvet bidrar til å ta vare på den store genetiske variasjonen innen verdens matplanter.
Mer informasjon om Landbruks- og matdepartementets arbeid med målet.
Internasjonalt er innsatsen for auka berekraftig matproduksjon og god ernæring styrkt dei seinare åra. Mattryggleik er ei hovudprioritering i utviklingspolitikken. Den globale mattryggleiken er blitt verre for kvart år sidan 2014. Mot slutten av 2023 trong over 300 millionar menneske i 73 land naudhjelp. Våren 2024 vil det kome ein ny humanitær strategi som vektlegg mattryggleik. Væpna konfliktar og klimaendringar er dei viktigaste årsakene til matmangel og svolt. I fleire av desse er svolt ein direkte konsekvens av at ein eller fleire partar i konflikt hindrar humanitær tilgong. Noreg vil styrke sitt humanitære diplomati i møte med desse menneskeskapte svoltkatastrofane. Som følgje av det aukande gapet mellom humanitære behov og tilgjengelege ressursar er det viktig å satse på førebygging, tidleg handling og motstandskraft. Sårbarheitene i dei globale matsystema er blitt ekstra synlege etter pandemien, den russiske invasjonen av Ukraina og konfliktane i Gaza og Sudan.
Regjeringa lanserte hausten 2022 strategien Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning. Strategien er ein spissa innsats for å endre matsystema i utviklingsland og vektlegg tiltak for å styrkje småskalaprodusentars verdikjeder og klimarobust matproduksjon. Hovudprioriteringane er betre produktivitet, redusert produksjonstap, velfungerande lokale verdikjeder og marknader, betre tilgang på sunn, variert og trygg mat, og førebygging og rask heilskapleg innsats. Regjeringa fører òg vidare Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse, som vart lansert i 2021.
Noreg arbeider for at akvatisk mat vert integrert i matsystema. Sjømaten si rolle vil få auka tyding for mattryggleik i framtida, ikke minst grunna endringar i klima.
Samla norsk bistand til landbruk, fiskeri og mattryggleik auka frå 3,0 milliardar kroner i 2021 til 3,6 milliardar i 2022 og 4,4 milliardar i 2023. Stortinget vedtok i 2023 ei ekstraordinær løyving retta mot utviklingsland for å handtere ringverknadene av krigen i Ukraina. Løyvinga var fordelt likt mellom humanitær bistand og mattryggleik.
Berekraftig forvaltning av natur er grunnleggjande for å sikre og styrkje mattryggleiken. Gjennom Klima- og skoginitiativet bidreg Noreg til å kjempe mot avskoging og skogdegradering, for vern og restaurering av karbonrike myrar og mangroveskogar, fremje god arealplanlegging i land med tropisk skog og styrkje dei tradisjonelle matsystema til urfolk. Noreg bidrar aktivt i FN-organisasjonane med mandat innanfor mattryggleik, ernæring og langsiktig utvikling av landbruk og fiskeri og i det globale programmet for landbruk og mattryggleik frå Verdsbanken. Noreg deltok òg aktivt i dei internasjonale forhandlingane om naturmangfald. Det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald, som vart vedtatt i desember 2022, inneheld ei rekkje mål knytte til berekraftig matproduksjon.