4. God utdanning
Artikkel | Sist oppdatert: 10.04.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.
4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbyte
4.2) Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen
4.3) Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, inkludert universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris
4.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på unge og vaksne som har kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap
4.5) Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar
4.6) Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne
4.7) Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling
4.a) Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle
4.b) Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land
4.c) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar
Utdanning er et prioritert område for regjeringen både nasjonalt og i utviklingspolitikken. Norge har et høyt utdanningsnivå sammenliknet med de fleste andre land. Alle barn har rett og plikt til tiårig grunnskoleopplæring fra året de fyller seks år, og nesten alle går direkte til videregående opplæring. Aldri før har flere fullført videregående opplæring. 81 prosent av elevene som starta videregående opplæring i 2016 fullførte, som er en økning på 9 prosentpoeng siden 2006. I tillegg har hele 37 prosent av den norske befolkningen utdanning på universitets- og høgskolenivå.
Norge har imidlertid også utfordringer. Blant annet viser PISA-undersøkelsen 2022 at norske 15-åringer presterer lavere i matematikk, lesing og naturfag enn i 2018. Det har også vært en nedgang i elevenes leseferdigheter og lesemotivasjon (PIRLS 2021) og demokratikunnskap (ICCS 2022). Mange elever rapporterer at de har et godt læringsmiljø med høy trivsel, faglige utfordringer og mestring. Samtidig viser undersøkelser også at trivselen har gått ned de siste årene, og at elevene er mindre motiverte for skolearbeid enn tidligere. Fra 2021 til 2022 var det dessuten en markant økning i mobbetallene. Regjeringen jobber bredt for å støtte skolenes arbeid med motivasjon, læring og utvikling. Blant annet skal regjeringen legge fram en stortingsmelding om 5.-10. trinn i 2024 med hovedmål om å styrke læringen, utviklingen, motivasjonen og mestringen til elevene, blant annet gjennom å bidra til mer praktisk læring i skolen.
Andelen som fullfører videregående innen yrkesfaglige studieretninger har økt mye de siste årene, men er fremdeles noe lavere enn OECD-snittet og er særlig lavt blant gutter. Regjeringen har tatt flere initiativ for at enda flere skal fullføre videregående opplæring. Blant annet innføres det i 2024 en fullføringsrett og en rett til yrkesfaglig rekvalifisering. Det vil kunne bidra til at flere fullfører og oppnår studie- eller yrkeskompetanse.
Internasjonalt er god og relevant utdanning avgjerande for høg sysselsetjing, berekraftig økonomisk vekst, sosial utjamning og kampen mot fattigdom. Dei fleste av ungane i verda får grunnutdanning, òg i fattige land, men det er likevel 244 millionar barn og unge som ikkje går på skule. Over halvparten av alle barn som ikkje går på skule, bur i land prega av krise og konflikt. Utdanning av jenter reduserer risikoen for barneekteskap og tidleg graviditet. Jenter er framleis underrepresenterte i utdanning i utviklingsland. Kvaliteten på utdanninga er svært låg i mange land. Meir enn 600 millionar barn og unge i verda er ikkje i stand til å tileigne seg grunnleggande ferdigheiter i lesing og matematikk, sjølv om to tredjedelar av dei går på skulen.
Utdanningsstøtta blir ført vidare på eit høgt nivå. Det blir særleg lagt vekt på utdanning i krise og konflikt, utdanning for jenter og seksualitetsundervisning, utdanning og klima, skulemat og yrkesopplæring i sentrale næringar som klimasmart landbruk, rein energi og mattryggleik. Ein stor del av utdanningsbistanden blir kanalisert gjennom multilaterale organisasjonar og fond som UNICEF, UNESCO, Det globale partnarskapet for utdanning og det globale fondet Education Cannot Wait. Norske og lokale sivilsamfunnsorganisasjonar og styresmakter i partnarland er òg viktige kanalar for norsk støtte.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om god utdanning i sju land i EØS. Støtta er primært retta mot utdanning, stipend, lærlingordningar og ungt entreprenørskap.