Det har kome inn over 40 innspel til stortingsmeldinga om bygningspolitikk. Meldinga skal leggjast fram for Stortinget hausten 2011.

- Eg er særs nøgd med at så mange er opptekne av bygningspolitikken, og at dei har forventingar til innhaldet i stortingsmeldinga. Eg har særleg merka meg at det er brei støtte til konklusjonane frå departementet si arbeidsgruppe for energieffektivisering av bygg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Både byggjenæringa, interesseorganisasjonar, forskingsmiljø og enkeltpersonar har meiningar om kva stortingsmeldinga bør innehalde. Innspela spenner over ei rekkje område, men mange er opptekne av:
• Energieffektivisering av eksisterande bygg
• Tilgjenge og universell utforming
• Samordning og forenkling av statlege verksemder, verkemiddel og regelverk
• Kompetanse og utvikling i byggsektoren

Departementet tek no alle innspela med seg i det vidare arbeidet med meldinga.

Innspel