Meld. St. 25 (2011–2012)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane. Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2012, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar òg dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2010 og 2011, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2012 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/fkd

1.2 Samandrag av kvoteavtalane for 2012, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2012 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 751 000 tonn, som er ein auke frå 2011. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga òg tek høgd for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 104 286 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62?N på 339 857 tonn.

Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten er auka 2011 til 318 000 tonn for 2012 Den norske kvoten er på 153 253 tonn etter overføring frå Russland.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2011 har, som i 2010, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2012 vart partane einige om å vidareføre arbeidet for å halde overfisket i Barentshavet og Norskehavet på eit lågt nivå, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. Partane diskuterte òg utkastproblematikken. I 2009 avtalte partane felles maskevidd, og i 2010 kom partane fram til felles minstemål og prosedyrar og kriterium for stenging og opning av fiskefelt. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning, og sidan 2009 har det ikkje vore registrert noko ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2012, vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 26 475 tonn. Dette er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten må òg sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret og redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse auka til 39 165 tonn, medan seikvoten er noko redusert til 79 315 tonn. Nordsjøsildbestanden er i god forfatning. Totalkvoten vart sett på 405 000 tonn, som inneber ein auke på 50 prosent frå 2011. Noreg har for 2012 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for 2012 med Grønland. Det er for 2012 òg utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan òg trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. På same måte som i fjor vart det ikkje inngått ein bilateral avtale med Færøyane for 2012 grunna usemje om makrellspørsmålet.

Det vart òg i 2011 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og inngått ein avtale for 2012. Det var òg underteikna ein firepartsavtale for kolmule for 2012.

Partane vart heller ikkje i 2011 einige om ein makrellavtale for 2012. Noreg og EU har ein bilateral avtale, og har halde fram forhandlingane om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2012.

Noreg har i 2011 vore representert i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har i 2011 vore aktiv i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt særskilte kontrollavtalar med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønskt aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn nektast lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan både nekte desse fartøya å føre norsk flagg under visse vilkår, og nekte dei å lande fangst i norske hamner.

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62ºN godt i 2010 og 2011.

I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2010 og 2011, medan ubrukt norsk kvote av fellesbestanden makrell i 2009 vart overført til 2010. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Seikvoten vart godt utnytta i 2010 og 2011.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2010 og 2011.

I færøyske farvatn fiska norske fartøy 40 prosent av botnfiskkvoten i 2010. På grunn av usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått bilaterale avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011. Difor har norske fartøy ikkje fiska i færøyske farvatn i 2011.

I 2010 vart loddefisket igjen opna ved Island. I sesongen 2010/2011 vart det berre fiska lodde i islandsk sone om vinteren i 2011. Den norske kvoten vart nytta godt. I sesongen 2011/2012 vart fisket starta i grønlandsk sone i juli 2011, for så å halde fram i islandsk sone vinteren 2012. Kvoten vart òg her godt utnytta.

I Barentshavet vart kvotane godt nytta i både 2010 og 2011.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2010, og reker i 2011.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg var dei einaste landa som i 2010 og 2011 fiska på forskot på 2011- og 2012-kvoten. Noreg fiska 42 213 tonn på forskot i 2010 og 28 658 tonn på forskot i 2011. EU, Island og Russland overførte unytta kvantum til 2011 og 2012.

Russland utnytta 46 prosent av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2010, i 2011 utnytta dei 64 prosent. Russland fiska 69 prosent av hysekvoten sin i NØS i 2010, medan dei i 2011 hadde ei utnytting på 88 prosent. Dei fiska 117 428 tonn og 78 528 tonn norsk vårgytande sild i NØS i 2010 og 2011.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.

Grunna usemje om makrell vart det ikkje inngått ein kvoteavtale mellom Færøyane og Noreg for 2011. Færøyane fekk like fullt tilgjenge til å fiske kolmule og sild gjennom høvesvis fempartsavtalen og kolmuleavtalen. Færøyane utnytta kvotane for torsk, hyse, sei og sild i NØS nord om 62°N fullt ut i 2010. I Nordsjøen vart òg kvotane for sei og sild godt utnytta i 2010. I 2011 fiska færøyske fartøy 50 prosent av sildekvoten nord om 62°N.

Grønland utnytta torskekvotane godt i 2010 og 2011. Grønlandske fartøy fiska 956 tonn sei i 2010, og 440 tonn sei i 2011.

Island overfiska torskekvoten i NØS nord for 62°N med 6 prosent i 2010. I 2011 utnytta Island 99 prosent av denne kvoten. Fisket etter sild nord for 62°N har falle frå 65 prosent kvoteutnytting i 2010 til 36 prosent i 2011. Island har dei siste åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida