Meld. St. 25 (2011–2012)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011

Til innhaldsliste

Del 1
Bakgrunn

2 Overordna hovudlinjer i fiskerisamarbeidet med omverda

2.1 Noreg som havnasjon

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning. Det er difor viktig for Noreg å ha ei internasjonal rolle som ivaretek våre interesser og vårt ansvar som havnasjon og kyststat på ein heilskapleg måte. Noreg har store og produktive havområde og betydeleg kunnskap om forvaltning av havmiljø og fiskeressursar. I botn for dette ligg at Noreg må medverke til berekraftig forvaltning av fiskeressursane internasjonalt.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora.

  • Å fremme norske prinsipp for forvaltning av levande marine resursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Det er fleire saksfelt som har fått mykje merksemd dei seinare åra. For det første vil vi i denne meldinga gjere greie for kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år, og arbeidet vil halde fram. For det andre har Noreg dei seinare åra særleg sett utkast av fisk på dagsorden. Eit tredje område det er naturleg å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

2.2 Det havrettslege rammeverket

Ei erklæring frå regjeringa, dagsett 26. september 1974, presenterte hovudlinjene i fiskeripolitikken framover. Ved opprettinga av dei økonomiske sonene i tråd med det nye havrettsregimet, ønskte regjeringa å medverke til at nyordningane i fiskeria i verda ikkje skulle verke forstyrrande på forholdet til andre land. Den norske fiskeripolitikken skulle gjennomførast i kontakt med og ved forhandlingar med dei landa som vart påverka av dei norske utvidingstiltaka.

Regjeringa prøvde såleis å kome fram til ordningar med desse landa som bygde på byterelasjonar, nedtrapping av fiske over tid og ordningar som tok omsyn til særlege interesser og vilkår.

Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at regjeringa forhandla fram rammeavtalar som gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga av dei økonomiske sonene til 200 nautiske mil fekk verknad for. Rammeavtalane tok òg vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Ved kgl. res. av 17. desember 1976 vart Noreg si økonomiske sone på 200 nautiske mil oppretta med verknad frå 1. januar 1977. Vidare vart det ved kgl. res. av 3. juni 1977 oppretta ei fiskevernsone på 200 nautiske mil rundt Svalbard med verknad frå 15. juni 1977. Ved kgl. res. av 23. mai 1980 vart ei fiskerisone på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen oppretta med verknad frå 29. mai 1980.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Figur 2.1 Viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet.

Figur 2.1 Viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet.

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC til forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtalar om forvaltning av felles fiskebestandar og kvotebyte på eksklusive bestandar med Russland og EU og avtalar om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island (for meir informasjon om rammeavtalane, sjå St.meld. nr. 49 (1994-95)).

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar òg til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har difor i aukande grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Noreg og Russland skreiv den 15. september 2010 under ein avtale om maritim avgrensing og samarbeid i Barentshavet og Polhavet. Avtalen betyr at det omfattande og gode norsk-russiske fiskerisamarbeidet vert vidareført. Avtalen regulerer òg samarbeid om utnytting av moglege grenseoverskridande petroleumsførekomstar i desse havområda. Avtalen tredde i kraft den 7. juli 2011, sjå fig. 2.1.

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til. Forslag til vedtak om samtykke til ratifikasjon av avtalen vart fremma for Stortinget i Prop. 54 S (2010–2011), og vedteke 26. april 2011.

2.3 Norsk arbeid for å redusere utkast av fisk

I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Noreg har eit utkastforbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. EUs fiskarar er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldane minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Noreg innførte eit utkastforbod allereie i 1987. I starten omfatta forbodet torsk, men det har sidan blitt utvida til å gjelde alle kommersielt viktige bestandar. Forbodet verka med ein gong inn på fiskarane si åtferd. Styresmaktene innsåg likevel at utkast av fisk ikkje opphøyrer på grunn av eit forbod. Det har difor i åra etter vorte utvikla ei rekkje tiltak for å unngå utkast.

Utkastforbodet vart vidareført i lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), som gjev heimel for eit pålegg om at all fangst av fisk skal førast i land. Ilandføringsplikta går fram av forskrift om utøving av fiske i sjøen av 22. desember 2004.

Det er utfordrande å handheve utkastforbodet. Fiskeriforvaltninga arbeider difor ut i frå ei heilskapleg tilnærming om å regulere fiskeria, slik at potensiell utkastfisk ikkje kjem med i fangstane. Dette kan vere fisk under minstemål, bifangst som overstig tilleten innblanding, eller fisk som fiskarane ikkje har kvote på, eller som det er forbode å fiske.

Det er eit viktig element i det norske utkastregimet at det ikkje er ulovleg å lande ulovleg fanga fisk, men forvaltninga reagerer mot ulovleg fanga fisk med administrativ inndraging av fangstverdien. Om forholda er meir alvorlege, det vil seie om fiskarane har vore aktlause eller fiska ulovleg med forsett, vert det reagert med vanlege straffereaksjonar som lovbrotsgebyr, førelegg eller fengselsstraff.

Dei siste åra har Noreg meir enn før retta merksemda mot utkast i andre land, særleg utkast frå EU-fartøy. Målet har vore å redusere risikoen for utkast og bidra internasjonalt med våre erfaringar i samband med eit utkastforbod. Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi blitt einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Noreg og EU var òg einige om eit system for stenging og lukking av fiskefelt, for å verne yngel og småfisk. Systemet vart evaluert og frå norsk side såg ein ikkje systemet som effektivt nok; det gav ikkje stengte felt i norske farvatn og vi vart ikkje einige om eit nytt felles system. Noreg har derfor i 2012 inført eit forbetra system i norske farvatn i Nordsjøen.

Innsatsen mot utkast vil truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, og EU er i gong med å revidere sin felles fiskeripolitikk. I denne samanhengen har Europakommisjonen foreslått å innføre eit utkastforbod.

Ministrane med ansvar for fiskeri frå Norge, Danmark og Sverige underteikna i november 2011 ei felles erklæring om å innføre forbod mot utkast av fisk i Skagerrak. I den samanheng har vi òg samarbeida om å innføre felles reglar for dei tre lands fiskarar i dette område. Vi er blant anna einige om reglar om meir selektive reiskapar i trålfiske etter reker som gjer at uønska bifangst blir redusert. Dermed blir òg utkast redusert.

Samtidig har Noreg teke initiativ for å få denne saka på dagsorden globalt. Generalforsamlinga til FN bad i 2008, basert på eit forslag frå Noreg, FAO sin fiskerikomité (COFI) om å vurdere ein handlingsplan mot utkast. Dette la grunnlaget for at FAO på møtet i fiskerikomiteen i februar 2011 vedtok internasjonale retningslinjer for å redusere bifangst og utkast av fiske.

Noreg har òg fremja forslag til tiltak i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar. Mellom anna har Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) vedteke eit utkastforbod i internasjonalt farvatn for dei viktigaste artane som regulerast av NEAFC. Vedtaket var eit viktig steg mot ei berekraftig og ansvarleg forvaltning av fiskebestandar i internasjonalt farvatn.

2.4 Internasjonale havmiljøprosessar

Noreg er ein framståande havnasjon, og den internasjonale utviklinga har mykje å seie for oss. Samtidig har vi òg eit ansvar for å ta vare på interessene våre på internasjonalt nivå. Utfordringane består mellom anna i å få gjennomslag for grunnleggjande prinsipp, til dømes slike prinsipp som vart vedtekne på utviklingstoppmøtet i Rio i 1992 og Johannesburg i 2002. Dei omfattar mellom anna innarbeiding av føre-var-prinsippet, prinsippa om berekraftig bruk og ei økosystembasert forvaltning.

Rammeverket for internasjonalt samarbeid om havspørsmål ligg til FN sin havrettskonvensjon frå 1982. Konvensjonen gjev kyststatane suverene rettar over naturressursane innanfor ei økonomisk sone.

Hovudtrekka i fiskeriregimet er at kyststaten har kontroll over ressursane innanfor den økonomiske sona og at desse rettane er balanserte av plikter til å bruke og forvalte ressursane på optimalt vis. I tillegg skal statane søkje å samarbeide om forvaltninga av bestandar som er delt mellom fleire lands soner. Eit veksande fiske på det opne havet på 1980-talet viste at regimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor 200 nautiske mil-sonene.

Dette førde til at FN-konferansen for miljø og utvikling i 1992 (UNCED) oppmoda om å forhandle fram ei presisering av det globale regimet om fisket utanfor dei økonomiske sonene. Under generalforsamlinga vart det i 1993-1995 framforhandla ein FN-avtale om fiske på det opne hav (UN Fish Stocks Agreement). Forvaltningsprinsippa i avtalen gjeld òg innanfor dei økonomiske sonene. Avtalen pålegg statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til omsynet til bevaring av biodiversitet og økosystembasert forvaltning. Føre-var-tilnærminga skal skje ved å innføre referansepunkt i form av mål for bestandsstorleik for ulike bestandar. I det nordaustatlantiske området skjer forvaltninga av dei viktigaste kommersielle bestandane i dag ut frå referansemål på bestandsstorleik og beskatningsgrad. FN-avtalen pålegg vidare statane å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar.

Generalforsamlinga i FN vedtek årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål som mellom anna gjev overordna retningslinjer for korleis statar og regionale organisasjonar bør forvalte det marine miljøet. Eit tema som har vorte diskutert i mange fora internasjonalt dei siste åra er fiske ved og øydelegging av sårbare økosystem. Generalforsamlinga vedtok i 2006 og 2009 resolusjonar som bad partane ta auka omsyn til sårbare botnhabitat. Dette resulterte i retningslinjer frå FAO for fiske ved sårbare djuphavshabitat, som dei regionale fiskeriorganisasjonane og statane innarbeider i sine regelverk. Hausten 2011 arrangerte generalforsamlinga eit arbeidsseminar om implementering av FN-resolusjonen. Konklusjonen var at det er stor skilnad mellom regionane når det gjeld implementering. NEAFC og NAFO kom godt ut av revisjonen. Generalforsamlinga vedtok i 2011 nye krav til fiskeriutøving. Noreg medverka aktivt i utforminga av både FN-vedtaket og i FAO sitt utviklingsarbeid.

Marine spørsmål vert i aukande grad diskuterte òg innanfor rammene av globale miljøavtalar. Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), avtalen om handel med trua dyreartar (CITES) og konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som kan gjere vedtak som er knytt til forvaltninga av kommersielle fiskarartar.

Det vert lagt føringar for norske fiskeri gjennom vedtak og reguleringar i dei regionale organisasjonane for fiskeriforvaltning, mellom anna i den nærmaste organisasjonen i Nordaust-Atlanteren, NEAFC. I tillegg har Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet (OSPAR) eit generelt havmiljøansvar. Både NEAFC og OSPAR arbeider med oppretting av marine beskytta område i internasjonalt farvatn. Ein avtale mellom dei to organisasjonane skal hjelpe til å konkretisere oppfølgingsansvaret der NEAFC har ansvar for fiskeriregulerande aktivitetar. Dette er ei oppfølging av FN sin regjeringssjefkonferanse i 2002 i Johannesburg, der det vart vedteke å opprette eit nettverk av marine verneområde både innanfor og utanfor statane sine økonomiske soner innan 2012. CBD har vedteke eit mål om å beskytte 10 prosent av alle marine område innan 2020. Marine verneområder og andre effektive arealbaserte forvaltingstiltak inngår i målet om 10 prosent beskyttelse. Òg andre verkemiddel som kan beskytte ressursane, slik som forbod mot trål eller tidsavgrensa fiske, er sentrale bidrag frå fiskeriforvaltinga.

2.5 Internasjonalt arbeid for rett til mat og mattryggleik

Den globale matvarekrisa i 2008 førte til eit nytt fokus på matvaretryggleik, samt viste eit behov for ein koordinert innsats for å sikre ein stadig voksande verdsbefolkning. Mat og tilgang på mat er eit av grunnelementane i menneskerettighetskonvensjonen. FN sin generalforsamling har pekt på global mattryggleik som den mest krevande utfordringa for å løyse befolkningsveksten.

Arbeidet i Komiteen for global mattryggleik, (CFS) er eit samarbeid mellom Verdens Matvareorganisasjon (FAO) og fleire andre organisasjonar og programmer. Ernæring vil få meir fokus i komiteen sitt arbeid framover, og gjev difor fisk ein større rolle framover.

I tillegg har FN sin generalsekretær oppnemd ein spesialrapportør som skal leggje fram ein rapport om mattryggleik for FN sin Generalforsamling. Rapporten skal omfatte korleis fiskeri og akvakultur kan hjelpe til å oppfylle denne menneskerettigheten. Likeins vil rapporten redegjera for korleis forvaltninga og politikken vil i påverke dette arbeidet. Fiskeri- og kystdepartementet deltek i desse prosessane, og har starta eit arbeid med å lage tekst og reise relvante problemstillingar, som skal brukast i rapporten.

2.6 Arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og fiskerikriminalitet

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) er ei alvorleg utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem både lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt. UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat har eit forvaltningsansvar for, men over heile verda. Den overnasjonale karakteren som UUU-aktiviteten ofte har, gjer at vi må ha ei brei tilnærming for å løyse problema. Omgrepet UUU-fiske famner vidt og gjeld både forvaltningsmanglar og ulovlege handlingar.

Primært vert UUU-fiske handtert internasjonalt gjennom FN sin matvareorganisasjon (FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOar).

Men delar av UUU-veksemda er rein kriminell verksemd og vert omtala som fiskerikriminalitet. Fiskerikriminalitet er eit omgrep som særleg har vakse fram når det gjeld dei strafferettslege sidene av UUU-fisket.

Fiskerikriminalitet omfattar gjerne økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet, grenseoverskridande organisert kriminalitet og korrupsjon. Ein ser og at fiskerikriminaltiet i ein del tilfelle har bindeledd til anna kriminell verksemd, som smugling av narkotika og menneskehandel.

2.6.1 Ulovleg, urapportert og uregulert fiske

Forvaltningstiltak

Den nye havressurslova tredde i kraft 1. januar 2009. Lova gjev nye og utvida heimlar i kampen mot UUU-verksemd og opnar mellom anna for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar for handlingar utførde i jurisdiksjonsområda til andre land.

Vidare innfører lova tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, og ny forskrift om bruk av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr tredde i kraft 1. mars 2012. Lovbrotsgebyret skal verke i staden for bot/førelegg frå politi og påtalemakta ved dei minst alvorlege lovbrota etter havressurslova vert sanksjonert administrativt. Tvangsmulkta er meint som et pressmiddel i høve til den som ikkje har innretta seg etter lova eller vedtak med heimel i lova.

Det vert òg arbeidd med å sikre at internasjonale avtalar er tilstrekkeleg innarbeidde i den nasjonale lovgjevinga. Særleg gjeld dette pliktene våre gjennom fiskeriforvaltningsorganisasjonane NEAFC, CCAMLR, NAFO, ICCAT, SEAFO, dei bilaterale avtalane med Russland og EU og den globale hamnestatsavtalen som er inngådd under FAO.

Fiskeristyresmaktene i Noreg arbeider kontinuerleg med å utvikle og oppdatere forvaltningsplanar og andre reguleringstiltak for dei artane som i dag ikkje er tilstrekkeleg dekt av slike reguleringar.

Kontroll

Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag utarbeider i fellesskap nasjonale strategiske risikovurderingar for å sikre at kontrollressursane vert sette inn der det er mest sannsynleg at lovbrot skjer, og der følgjene av lovbrotet er størst.

Fiskeridirektoratet er i ferd med å forsterke den nasjonale inspeksjonen gjennom å utvikle eit elektronisk system for risikovurdering, ELORV. Ferdig utvikla vil systemet risikovurdere aktørane i fiskerinæringa kontinuerleg og sikre at dei rette objekta, både på hav og land, vert kontrollerte. Resultatet vil verte ein meir treffsikker ressurskontroll og dermed ein effektivisert kontrollinnsats både ved landing og i etterføljande kontrollar (omsetningskontrollar).

Vidare skal det leggjast til rette for at kontrollane til salslaga vert gjennomførde og dokumenterte på ein slik måte at materialet kan brukast i kontrollstatistikk og inspeksjonsdatabasar.

Støttesystem i ressurskontrollen

Frå og med 2011 var alle norske fiske- og fangstfartøy på eller over 15 meter største lengd pålagd å ha om bord sporingsutstyr og elektronisk rapporteringsutstyr for rapportering av fangst- og aktivitetsdata. Overgangen til elektronisk rapportering er første steg i utfasinga av fangstdagbok i papirform og rapportering på papir generelt.

Å overvake aktiviteten i Barentshavet er høgt prioritert og det er laga ei løysing for å koordinere risikovurderingar i sann tid i området. Dette skjer i samarbeid mellom Kystvakta, Forsvaret, Fiskeridirektoratet og Russland. Arbeidet vert gjort i form av dagleg overvaking, risikoanalysar og analysar av totaluttak.

Det døgnbemanna kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet (FMC Norway) vart sett i drift 29. mai 2009. Senteret samordnar ei rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver, mellom anna ved å overvake og handsame meldingar frå norske og utanlandske fartøy og ved å koordinere informasjon til og frå eigne og utanlandske kontrollstyresmakter. FMC driftar òg ein tips- og beredskapstelefon som skal gjere det mogleg å melde frå om mistenkjelege aktivitetar og rapportere direkte til fiskeristyresmaktene om eventuelle lovbrot.

Sporings- og rapporteringssystem

Noreg rår over ei rekkje maritime sporings- og rapporteringssystem under ulike etatar. Desse systema må vi sjå i samanheng, og dei må utnyttast for å oppnå maksimal verknad. For å få så godt oversyn over fisket som mogleg er spesialkompetanse og kapasitet til bruk av VMS, AIS, AISsat, LRIT, SafeSeaNet og andre webbaserte informasjonskjelder viktig. Dei siste åra har særleg AISsat-funksjonen kome til nytte. Det vert arbeidd for å få på plass ein avtale om fullstendig utveksling av sporingsdata med Russland for å oppnå best mogleg innsyn i den samla fiskeriverksemda.

Sporing av fisk og fiskevarer

EU har, gjennom rådsregulering 1005/2008, etablert eit system for å nedkjempe UUU-fiske, der det mellom anna vert stilt krav om fangstsertifikat når villfanga fisk vert importert til EU. Salslaga har i samarbeid med Fiskeridirektoratet utvikla og implementert eit system for å skrive ut fangstsertifikat for norske eksportørar, nettportalen www.catchcertificate.no. Portalen vert driven av salslaga. Det er viktig at systemet fungerer i tråd med intensjonane og at nye løysingar vert implementert slik at systemet legg til rette for korrekt informasjon og effektiv ressurskontroll. Dette gjer det nødvendig med eit nært og fortruleg samarbeid mellom salslaga og Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet har og etablert eit elektronisk system som mottek sertifikata som vert skrivne ut av www.catchcertificate.no.

Tidlegare vart det for ei sending fisk skrive ut eit sendesertifikat med tilleggssertifikat for kvar sluttsetel som var knytt til sendinga. Etter avtale med EU vart nye norske fangstsertifikat tekne i bruk 6. desember 2011. No vert det berre skrive ut eitt sertifikat per sending, men dette sertifikatet inneheld referansar til sluttsetlane.

Førebels er handelstiltak i dei regionale forvaltningsorganisasjonane retta mot fiskeslag med særleg høg verdi, som tunfiskartar og patagonisk tannfisk. Tunfiskorganinsasjonen ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. Dokumenta, som skal stadfeste at fisken er lovleg fanga og vere godkjent av særskilt autoristerte styresmakter, skal følgje fisken ved seinare import og eksport. Fleire land, mellom dei EU, arbeider for å at kravet òg skal omfatte fleire av artane ICCAT regulerer.

CCAMLR har eit liknande system for fangst og handel med patagonisk tannfisk.

Under møtet i COFI i januar 2011 vart det det diskutert å setje i gang ein prosess om moglege globale retningslinjer for fangstsertifikat. Noreg tok til orde for at ein må arbeide for å få på plass enklare og meir effektive modellar, og komiteen slutta seg til at marknadsrelaterte tiltak skulle vere klare, enkle, rettferdige og transparente. Slike tiltak må ikkje verte tekniske hinder for handel.

FAO-konsultasjonar om hamnestatskontroll

Etter fleire rundar med forhandlingar vart det i august 2009 semje om ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg ratifiserte avtalen 20. juli 2011.

Føremålet med avtalen er å hindre at fartøy som driv UUU-fiske eller verksemd knytt til slikt fiske får tilgang til hamn. Avtalepartane skal krevje informasjon om fartøy og fangst og vurdere om informasjonen tilseier at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske. Dersom det er tilfelle, skal fartøyet nektast tilgang til hamn. Andre viktige element i avtalen er reglar om kontrollar i hamn, minimumsstandarder for informasjonsutveksling, samarbeid, opplæring/assistanse og reglar om flaggstaten sitt ansvar.

FAO-konsultasjon om flaggstatansvar

Fleire land, ofte u-land, har ikkje flaggstatkontroll i tilstrekkeleg grad. Mot ei rimeleg avgift vert fiskefartøy ført i deira register utan at det vert stilt spørsmål om kva aktivitet dei driv. Dette er ofte land som ikkje har ratifisert internasjonale avtalar for å ta vare på ressursane i havet, og som heller ikkje er medlem av relevante regionale fiskeriorganisasjonar. Aktørar vil ofte nytte slike flagg nettopp for å unngå å vere bundne av internasjonale avtalar og forvaltingstiltak iverksette av regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar.

Det er sett i gong eit arbeid i FAO for å utarbeide kriterium for kva ein ansvarleg flaggstat er. Eit av måla er å kunne identifisere kva flaggstatar som oppfyller pliktene sine etter folkeretten og kva statar som ikkje gjer det. Under den første runden i forhandlingane var det vanskeleg å verte einige om kva kriteria kunne omfatte. I mars 2012 var det halde nytt møte, og det vart då semje på fleire viktig område, mellom anna om det konkrete innhaldet i kriteria, at både fiskefartøy og fartøy som driv fiskerelatert verksemd skal vere omfatta, og om eit eige kapittel om samarbeid mellom flaggstat og kyststat. Dei viktigaste spørsmåla som står att er om det geografiske verkeområdet skal omfatte økonomiske soner og nokre spørsmål knytt til reaksjonar mot fartøy som ikkje oppfyller kriteria.

Utkast og FAO

Det har vore viktig for Noreg å få sett utkastsaka på dagsorden internasjonalt, både bilateralt, regionalt og globalt. Her har vi kome langt, både i høve til EU, NEAFC og FAO. Sjå nærare omtale ovanfor under kapittel 2.3.

Global registrering av fiskefartøy

Fleire land har teke til orde for at eit globalt register av fiskefartøy kan verte eit nyttig verktøy i kampen mot UUU-verksemd. Dette vart diskutert under møtet i COFI i januar 2011.

Den internasjonale koden for sikring av skip og hamneterminalar (ISPS-koden)

Omlasting av fisk mellom eit fiskefartøy og eit lasteskip kan vere brot på ISPS-koden. At enkelte UUU-aktørar har samband med annan organisert kriminalitet gjer at sikkerheitsbrotet i ISPS-koden er meir alvorleg. Det er ønskjeleg både for kampen mot UUU-fiske og for hamnesikkerheita, at det vert erkjent internasjonalt at fartøy som har vore eller er involvert i UUU-fiske kan vere ein fare for hamnesikkerheita og at det difor må innførast krav om dokumentasjon ved omlastingsoperasjonar.

2.6.2 Fiskerikriminalitet

Som nemnt tidelagere, er delar av UUU-veksemda rein kriminell verksemd og vert omtala som fiskerikriminalitet. Slik verksemd kan omfatte både økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet og organisert kriminalitet. Ein ser òg at fiskerikriminaltiet i ein del tilfelle har bindeledd til anna kriminell verksemd, som smugling av narkotiske stoff og menneskehandel.

Den globale kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene. Systematisk fiskerikriminalitet i stor skala er prega av enkelte store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve. I fiskeriresolusjonen frå generalforsamlinga i FN frå 2008 vert det peika på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta dette poenget med i vurderinga av framtidige tiltak.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk

Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og er eit konkret tiltak mot organisert kriminaIitet knytt til ulovleg fiske (Meld. St. 7 2010-2011 «Kampen mot organisert kriminalitet«). FFA er òg eit av fleire tiltak mot fiskerirelatert kriminalitet i Regjeringas handlingsplan mot økonomisk kriminalitet frå 2011. FFA skal sikre eit tettare samarbeid mellom ulike etatar og bidra med oppdaterte, tverrsektorielle analysar innanfor saksområdet. I tillegg til å produsere analysar om ulovleg uttak av fisk frå havet, legg prosjektet òg vekt på annan fiskerirelatert kriminalitet som til dømes ulovIeg kapitalflyt som stammar frå omsetning av ulovleg fanga fisk. Prosjektet er samansett av fagpersonar frå Politidirektoratet, ØKOKRIM, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Toll- og avgiftsdirektoratet og Skattedirektoratet. Analysenettverket er etablert som eit prosjekt som i første omgang skal vare ut 2013. Styringsgruppa til prosjektet har medlemmer frå Justis- og politidepartementet, Forsvarsdepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet og Riksadvokaten. Fiskeri- og kystdepartementet leiar styringsgruppa.

Det er ein viktig del av oppdraget til FFA å analysere dei generelle utviklingstrekka i fiskerinæringa, både nasjonalt og internasjonalt. I den samanhengen er det sett saman faggrupper som arbeider meir konsentrert på ulike fagområde.

Følgje pengestraumar og transportruter

Fiskerikriminalitet inneber ofte grov økonomisk kriminalitet, og for å nedkjempe dette må ein følgje pengestraumane. Gode rutinar og godt samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Økokrim, Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet er viktig. Fisk er ei global handelsvare, og kunnskap om kva ruter som vert nytta og på kva måte den ulovlege fisken vert transportert, vil gje oss eit meir heilskapleg bilde av aktørane som er involverte. FFA arbeider til dømes med desse spørsmåla med andre relevante styresmakter, og utveksling av informasjon mellom desse er viktig.

UUU-fartøy med uklare eigartilhøve

Ved å kombinere fordelsflagg og fiktive firma oppretta i skatteparadis greier dei reelle eigarane som står bak fiskerikriminalitet å skaffe seg bortimot full anonymitet. Den nasjonale kampen mot skatteparadis og økonomisk kriminalitet gjeld òg problema knytt til bruk av fordelsflagg. Det vert difor arbeidd for å vidareutvikle samarbeidet med andre nasjonale styresmakter for å nedkjempe anonymitet i UUU-verksemda slik at vi får avdekka dei reelle eigarane bak operasjonane. Verksemder som er involverte i slike aktivitetar må kartleggast grundig.

Den strategiske analysegruppa

Kystvakta og Fiskeridirektoratet har i ei årrekkje samarbeidd om å kartleggje og analysere fiskerikriminalitet i Barentshavet. Politiet og tollstyresmaktene er no òg involverte i arbeidet, som omfattar systematisk innhenting av informasjon om mogleg grenseoverskridande fiskerikriminalitet der aktørar med ulik nasjonalitet, òg norske, er involverte.

UNODC

FN sitt kontor mot narkotika og kriminalitet (United Nations Office on Drugs and Crime (UNODC) i Wien er den globale arenaen for å førebyggje og nedkjempe kriminalitet. Etter initiativ frå FFA har Fiskeri- og kystdepartementet, Justis- og politidepartementet og Utanriksdepartementet finansiert ein FN-studie av grenseoverskridande organisert kriminalitet i fiskerinæringa. Ein liknande studie er òg finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet på nasjonalt nivå. Begge desse studiane er eit bidrag til å forstå denne kriminalitetsforma og vil vere viktige faglege bidrag til korleis ein skal arbeide mot fiskerirelatert kriminalitet i framtida.

Interpol

INTERPOL har oppretta ei eiga arbeidsgruppe som skal arbeide mot fiskerikriminalitet. INTERPOL er ein etablert organisasjon med sikre system og rutinar for informasjonsdeling og operativ internasjonalt samarbeid.

IMCS Network

Formålet med det internasjonale nettverket for fiskerikontroll (IMCS Network) er å utvikle samarbeid på alle nivå på tvers av landegrensene for å betre kontrollarbeidet i kampen mot UUU-fiske. Sjølve drifta av IMCS Network har ikkje vore tilfredsstillande dei siste åra, men det er i 2012 teken initiativ til å utbetre dette.

2.7 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane som er inngått med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 om utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fisket. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter i samsvar med særskilt forskrift.

I forskrift av 23. desember 1980 om utlendingars fiske og fangst i fiskerisona ved Jan Mayen er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona rundt Jan Mayen. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy. Det er fastsett forskrifter for rapportering av fangstar, bruk av reiskapar, reglar om minstemål og område med forbod mot fangst for å verne om ungfisken. Frå 1986 er det fastsett årlege kvotereguleringar i fiskevernsona for fiske etter norsk-arktisk torsk. Frå og med 1995 har ein av omsyn til bestandssituasjonen fastsett forbod mot fiske etter blåkveite, sild, lodde, og frå 1997 vart det òg innført eit forbod mot fiske etter uer. I 2011 vart òg hysefisket regulert.

I forskrifter av 19. juli 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert gjennom fastsetting av grenser for innsats i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa òg regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal for tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

2.8 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

I Prop. 1 S (2011-2012) heiter det at: «Norge arbeider internasjonalt for at forvaltning av marine ressursar skjer i tråd med anerkjente prinsipper som blant annet bærekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Dette gjelder i våre egne fiskerisoner, på det åpne hav og i andre nasjoners fiskerisoner». For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med sju regionkontor, inklusiv eit inspektørkorps langs kysten.

Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for ressurskontrollen på havet. Frå 1996 vart Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa for sjøterritoriet på 12 nautiske mil. Fiskerioppsynstenesta til den indre kystvakta vert kombinert med ei rekkje andre oppgåver, bl.a. for politi-, toll- og miljøstyresmaktene.

Salslaga har i hovudansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og salslaga utfører ein viktig del av kontrollarbeidet. Dei norske fiskesalslaga har òg ansvar for å skrive ut og godkjenne norske fangstsertifikat, som er ein føresetnad for all import og alle landingar av fisk i EU frå tredjeland.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga ofte framheva som ein vellukka modell for ressurskontroll.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og utfører òg ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har òg ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetning og eksport av fisk. Ved landing vert fangstsamansetjinga kontrollert, og oppfiska kvantum vert belasta kvoterekneskapen.

Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Hamnestatskontrollen som vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i NAFO i 2009, gjev norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst ved landingar frå norske fartøy i NEAFC- og NAFO-landa sine hamner. Noreg skal òg hente inn slik verifisering ved landingar frå utanlandske fartøy i norske hamner.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. Det vert kontrollert at fisket skjer med rette reiskapar, til rett tid og på rett område. Òg samansetjinga av fangsten vert kontrollert, likeeins at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Under kvalfangsten var det frå 1993 til og med 2003 inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. Med verknad frå 2004 vart inspektørordninga på kvalfangstfartøya halvert, og frå 2006 har ein hatt elektronisk overvaking av kvalfangsten. Inspektørbasert kontroll vert no gjennomført på stikkprøvebasis på kvalfangstfartøya.

For å få løyve til å delta på selfangst er det eit krav at fartøyet har inspektør om bord under heile fangsten. Det er ein viktig del av kontrolloppgåva å sjå til at avlivinga skjer i samsvar med regelverket.

I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning med inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.

På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn. Det er difor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet er til stades på desse fiskefelta.

Frå 1. juli 2010 vart alle norske fiske- og fangstfartøy over 21 meter pålagt å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk til Fiskeridirektoratet. Frå 1. januar 2011 vart plikta utvida til òg å gjelde fartøy over 15 meter. Kravet om elektronisk rapportering inneber at opplysningane som tidlegare vart ført i papirfangstdagboka no skal rapporterast elektronisk.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som inneber at utanlandske fiskefartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde må sende ei rekkje ulike rapportar i samband med fiske i norske farvatn.

Rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (melding om fiskestart). Fangstane skal meldast i kilo rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). På grunnlag av avtale mellom Noreg og EU om elektronisk rapportering sender fartøy frå EU-land fangstmeldingar dagleg. Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og opplyse om kor mykje fisk som er teken etter den siste fangstmeldinga (melding om avslutting av fiske). Alle desse meldingstypane vert kontinuerleg lagde inn i kvotekontrollsystemet og gjev dermed Fiskeridirektoratet ei oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde. Det gjeld kor mange fartøy som deltek i fisket, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis òg dei opplysningane som er kravde for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska. Denne databasen er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom posisjonsrapportering (satellittsporing) òg kunnskap om kvar fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan difor setje i verk meir målretta kontroll.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra i databasane i Fiskeridirektoratet. Opplysningane vert under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og posisjonsopplysningane er såleis særs viktige reiskapar i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

Utanlandske fartøy skal når fisket vert avslutta i NØS nord om 62°N, melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt. Som ein del av rapporteringsordninga i dette området skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tolv timar før dei kjem til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen fire timar. Ordninga vart innførd for å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62ºN, og fordi norske styresmakter visste at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62ºN.

På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62ºN, vart ei tilsvarande ordning sett i verk 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62ºN. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøya kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld òg når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild. I 2005 vart ordninga utvida til å òg gjelde for utanlandske fartøy som er lisensierte for fiske etter sild sør for 62ºN i den perioden makrellfisket er ope.

Erfaringane syner at ordningane med kontrollområde og kontrollpunkt har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

2.9 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har òg inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Portugal, Litauen, Russland, Færøyane, Island, Grønland, Canada og Marokko.

Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtalar, og er den første avtalen Noreg inngår som òg omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter dette tidspunktet er eksisterande avtalar reviderte etter tur for å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig bidrag i arbeidet med å få kontroll med det ulovlege fisket i Barentshavet og med landingar av fisk til europeiske hamner. Den nye generasjonen av kontrollavtalar inneber òg at partane skal samarbeide om å kjempe mot ulovleg fiske. Bilateralt samarbeid har vore viktig for den nedgangen i urapportert og ulovlig fiske som har skjedd dei siste åra.

Satellittsporing av fiskefartøy var eit viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter. Plikta vart utvida til å gjelde alle fartøy over 21 meter frå 1. oktober 2008, og i frå 1. juli 2010 vart dette gjeldande for alle fartøy over 15 meter. Desse fartøya er underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uansett storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn. Det er òg krav om satellittsporing av alle fartøy i NEAFC-området og i NAFO-området. I NAFO-området er det vidare eit krav om observatør.

Utvida sporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i samband med kontroll generelt og i kampen mot ulovleg fiske. Noreg og EU signerte 23. februar 2010 ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Med bakgrunn i denne avtalen vart alle fartøy over 15 meter pålagde å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk ved fiske i kvarandre sine soner frå og med 1. januar 2011. Formålet med avtalen er òg å harmonisere rapporteringspliktene i norske farvatn og EU-farvatn så langt som mogleg. Noreg har inngått tilsvarande avtale med Island. Denne avtalen trer i kraft 1. juli 2012 for norske fartøy og 1. januar 2013 for islandske fartøy.

Til forsida