Meld. St. 25 (2011–2012)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011

Til innhaldsliste

Del 3
Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modellar), forvaltingsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd totalkvote, avtalt totalkvote og fangstar. Til sist kjem ein omtale av dei langsiktige forvaltingsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.

4.1 Bestandsutrekning og rådgjeving

4.1.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (vorte etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er vorte fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev opplysningar om når, kvar, kva artar og kor mykje det vert fiska, viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken, tidslengda, og forholdet mellom styrken ved ulike lydfrekvensar på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i LSSS (Large scale survey system), eit relativt nytt system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og som etter kvart vert teke i bruk rundt om i verda.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Måling av eggproduksjonen

Metoden kan kortfatta skisserast slik: Når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller mengdemålinga av egg, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking vert summerte over heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst.

Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar vert observert, og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor Det internasjonale råd for havforsking, ICES. Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgjevinga om kvotar.

For mange artar i våre farvatn har ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.

4.1.3 Forvaltingsmålsettingar og rådgjeving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltingsmålsettingar nedfelt i forvaltingsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan til dømes vere å fiske med ein gjeven utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan til dømes ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

For forvaltingsmålsettingar og haustingsreglar er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriteria, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltingsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nødvendig å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsutrekningar som regel berre omfattar ilandført registrert fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsrater. Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, vert dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 prosent død. I praksis er tilhøvet slik at dødsraten ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 prosent død. Dette kjem av at talet står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk til stades gjennom perioden ein nyttar (t.d. eit år), og ikkje til talet ved starten av perioden. Samanhengen er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Samanheng mellom dødsrate og prosent av bestandsstorleik ved starten av året

Dødsrate

0,1

0,2

0,3

0,4

0,5

0,6

0,7

0,8

0,9

1,0

1,5

2,0

Prosent av bestandsstorleik ved starten av året

9,5

18,1

25,9

33,0

39,3

45,1

50,3

55,1

59,3

63,2

77,7

86,5

I forvaltingssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» dødsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.

Eit haustings- eller utnyttingsmønster syner korleis haustinga/utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbyttet.

Referansepunkt dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvoter

I forvaltinga nyttar ein ulike referansepunkt for å talfeste kritiske verdiar for fiskedødsrate og gytebestandsbiomasse. Det finst to hovudgrupper av slike referansepunkt: Føre-var-referansepunkt og referansepunkt knytta til maksimalt berekraftig utbytte (MSY). I kapittel 4.1.4 vert det gjort greie for korleis desse referansepunkta inngår i dagens rådgjeving frå ICES. Under følgjer litt bakgrunn for korleis desse punkta vert rekna ut.

Føre-var-referansepunkt

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvalting av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei tidelegare nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvalting av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvalting. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim) som, dersom ho vert overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvalting at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa)1 må difor vere noko høgare enn Blim, og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvalting, men er òg knytt til om ho er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa, bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. På figurane i kap. 4 er føre-var-grensa for gytebestanden teikna inn som ei raud linje. Denne er berre vist for dei siste åra i perioden, sidan dette er ei tiltaksgrense det er relevant å samanlikne estimata av no-bestanden med. Lengre tilbake i perioden er bestandsestimata mindre usikre, og føre-var-grensa er difor ikkje så relevant å samanlikne med.

ICES bruker no omgrepet å «hauste på ein ikkje berekraftig måte» i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa, men under Flim, er omgrepet at «det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig». Når fiskedødsraten er under Fpa, seier ein at «haustinga er berekraftig». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier ICES at om bestanden er i god forfatning og over Bpa, har den «god reproduksjonsevne». Om bestanden er under Bpa, men over Blim, heiter det at den har «risiko for sviktande reproduksjonsevne», og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim, har den «sviktande reproduksjonsevne».

Referansepunkt knytt til maksimalt berekraftig utbytte (MSY – Maximum Sustainable Yield)

MSY-konseptet har tidlegare vore brukt innan fiskeriforvaltinga og statusen til omgrepet vart styrka i 2002 i Johannesburg-erklæringa. Maksimalt berekraftig utbytte (MSY) er eit omgrep som har som mål å sikre høgast mogleg utbytte over lang tid av ein bestand. I praksis er MSY bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden. Desse retningslinjene gjeld for ein MSY-basert tilnærming:

  • Det må fastsetjast referansepunkt som avgrensar kva for gytebestand som vil produsere MSY.

  • Fiskedøden må ikkje overstige den fiskedødsraten som fremmar MSY.

  • Den biomassen som fremmar MSY kan brukast som eit mål for gjenoppbygging for ein overfiska bestand.

Føre-var-tilnærminga er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for MSY. Populasjonar må oppretthaldast innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere MSY mogleg. Manglande vitskapleg informasjon skal ikkje vere ei årsaking for å utsetje forvaltning som opprettheld bestandar innanfor sikre biologiske grenser og/eller sinkar gjennomføring av ein strategi for å oppnå MSY.

Fiskeria påverkar fiskebestandane gjennom fiskedødsrate (F) brukt på bestanden. Produksjon i ein fiskebestand er summen av vekta til populasjonen (biomasse) tillagt rekruttering og vekst og fråtrekk av tap frå naturleg død. Produksjonen kan vere svært variabel, men i gjennomsnitt heng han saman med storleiken på bestanden (ofte uttrykt som biomasse av gytebestanden eller SSB) som igjen er avhengig av F. Det vil seie at for kvart nivå av F er det ein langtids gjennomsnittleg produksjon og bestandsstorleik. Samanhengen mellom F, produksjon og bestandsstorleik vert kalla produksjonsfunksjonen. Produksjonen er den fangst ein kan hauste utan at bestandsstorleiken endrar seg. Toppen på denne produksjonsfunksjonen er MSY og den fiskedødsraten som fremmar denne toppen over tid, vert kalla FMSY.

Fiskedødsraten (F) er den einaste variabelen i produksjonsfunksjonen som kan kontrollerast direkte ved fiskeriforvaltning. Berre gjennom F kan forvaltning av fiskeria kontrollere storleiken på gytebestanden, men han er òg utsett for naturleg variasjon som frå år til år kan overstige påverknad av F. Å hauste ein konstant fangst på MSY er ikkje eit berekraftig val sidan MSY er eit langtidsgjennomsnitt. Det maksimale konstante utbyttet som kan takast er vesentleg lågare enn MSY.

I ICES ser ein at innan fiskeriforvalting er det fleire ulike karakteristika for fiskebestandar som varierer, og informasjonen tilgjengeleg for dei forskjellige bestandane varierer òg. Difor har ICES delt bestandane inn i tre ulike kategoriar som dette rammeverket vert brukt på. Det er langliva bestandar med bestandsestimat, kortliva bestandar med bestandsestimat og bestandar utan bestandsestimat. Det er litt ulik framgangsmåte mellom kategoriane for å bruke ICES sitt rammeverk. I det følgjande oppsummerer vi karakteristika for langliva bestandar med bestandsestimat som fleire av våre bestandar tilhøyrer.

For langliva bestandar med bestandsestimat baserer ICES MSY-tilnærminga på å halde fiskedødsraten på nivå med eller lågare enn FMSY. Ved denne tilnærminga vert både fiskedødsrate og biomasse-referansepunkt nytta. Desse referansepunkta er FMSY og BMSY-trigger. BMSY er ein tenkt verdi som bestandsstorleiken fluktuerer rundt når F=FMSY. BMSY-trigger er eit biomassereferansepunkt i haustingsregelen som utløyser ein føre-var-respons. Denne responsen er å redusere fiskedøden for å styrkje bestanden si evne til å byggje seg opp att. Konseptet med BMSY-trigger er utvikla frå PA-referansepunktet Bpa som ICES har nytta som basis for fiskerirådgjeving i meir enn eit tiår. Bpa er ei nedre grense for eit biomassenivå der det er lågt sannsyn for svekka rekruttering.

ICES si MSY-tilnærming er nedfelt i haustingsreglar (HCR) av den typen som er framstilt i figur 4.1.

Figur 4.1 MSY-tilnærming vist i haustingsregel.

Figur 4.1 MSY-tilnærming vist i haustingsregel.

BMSY-trigger vert gjerne sett lik Bpa (når dette referansepunktet er tilgjengeleg), dersom det ikkje er gode grunnar for å bruke noko anna. Dersom ein i framtida får betre kunnskapar om korleis SSB (biomasse av gytebestanden) varierer med fiske rundt FMSY, bør BMSY-trigger revurderast. Revurderte verdiar bør liggje høgare enn Bpa i dei fleste tilfella.

ICES sin MSY-haustingsregel (Figur 4.1) er utforma for å fremje gjenoppbygging av bestanden til det normale området av bestandsstorleikar som er knytt til MSY når bestanden er lågare enn dette (det vil seie når bestanden er lågare enn BMSY-trigger).

4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgjevinga frå ICES vart frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM. ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM er no ICES sin einaste rådgjevingskomité for utarbeiding av vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem. ACOM baserer sitt arbeid og sine råd på ekspertgrupper som utfører dei vitskaplege analysane, kvalitetssikringsgrupper («review groups») som òg bruker uavhengige medhjelparar og grupper som lagar utkast til råd (Advisory Drafting Groups). Alle desse gruppene får støtte og sekretærhjelp av ICES-sekretariatet i København.

For å gjere prosessane som fører fram til råda frå ICES så opne som mogleg, er det opna for at observatørar frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM og i møta til gruppene som lagar utkast til råd. Observatørar kan òg ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Observatørane må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.

ACOM kjem med råd fleire gonger om året, men råda for bestandar som Noreg har interesser i kjem på to ulike tidspunkt – bestandar i Barentshavet (utanom lodde) og Nordsjøen i juni, og dei pelagiske bestandane makrell, nvg-sild, lodde og kolmule i oktober. Rådet på reker i Barentshavet og Skagerrak/Nordsjøen kjem utanom dei faste tidspunkta og vert vanlegvis gjevne i november.

Frå 2010 tok ICES MSY-omgrepet inn i si rådgjeving. ICES gjev fiskeriråd som er konsistente med alminnelege internasjonale prinsipp for MSY, føre-var-tilnærming og økosystemtilnærming, medan det på same tid må svarast på spesielle behov frå forvaltingsorgan som ber om råd. Fiskeria som ICES gjev råd for har så langt ikkje generelt vore forvalta med MSY som målsetjing. Frå EU er det kome krav om at EUs fiskeri skal forvaltast etter MSY-prinsippet innan 2015, og dette gjer at ICES sin rådgjeving utviklar seg i denne retninga. Denne utviklinga omfattar planar for ein overgangsprosess for å oppnå full implementering av MSY-tilnærminga innan 2015.

Rådgjevinga frå ICES frå og med 2011 skjer etter følgjande retningslinjer:

  • For bestandar der det finst ein forvaltingsplan som er i tråd med føre-var-prinsippet og/eller MSY-tilnærminga, og som alle partar i forvaltinga er samde om, skal rådet gjevast i samsvar med denne planen.

  • Dersom det ikkje finst ein forvaltingsplan som alle partar er samde om, skal rådet gjevast på basis av MSY-tilnærminga eller i tråd med planane for overgang til ei slik tilnærming.

  • Dersom det ikkje ligg føre MSY-utrekningar for bestanden, må råda baserast på annan informasjon, til dømes trendar i bestandsmålingar og/eller fangstrater i kommersielt fiske.

I tillegg til råda er det ein omtale av tilstanden til bestanden, forvaltingsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på internettsida til ICES (http://www.ices.dk).

Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på si internettside ( http://www.imr.no). Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

Noreg haustar mellom 2 og 3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 11-13 milliardar kroner. I dei neste kapitla skildrar vi dei økonomisk viktigaste bestandane.

4.2.1 Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er no utbreidd i store deler av Barentshavet, òg nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 650 000 tonn. I perioden 1994-1998 var samla årleg fangst over 700 000 tonn, minka så til 415 000 tonn i 2000, og auka etter det gradvis til om lag 640 000 tonn i 2005 inkludert overfiske (Figur 4.2). Frå 2005 til 2008 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til kring 460 000 tonn, men har sidan auka jamt. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske (sjå under), noko som er omstridt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

I 2009 og 2010 har det ikkje vore registrert overfiske av bestanden, noko som har resultert i at den er i god forfatning. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næring og på politisk hald.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for utrekningane er toktresultat, årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. Bestandsstorleik er talfesta gjennom ein «fangst ved alder analyse» styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med ulike modellar som i store trekk har gitt samstemte resultat. Største kjelde til uvisse i bestandsberekningane er no knytt til fangsttala og tokttala. Urapportert overfiske er ikkje lenger sett på som ein viktig faktor.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999, men har sidan det auka til eit høgt nivå. Tala viste for 2012 i figur 4.2 er prognosar. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria, og betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han har vore i åra etter krigen.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2012

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskedødsraten (F) til å vere nær ein historisk låg verdi.

ICES tilrådde ein kvote for 2012 (751 000 tonn, tabell 4.2), i tråd med den sameinte haustingsregelen. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av uer. I 2009 vart det lagt til eit kriterium i haustingsregelen som seier at fiskedødsraten (F) ikkje skal vere mindre enn 0,30 dersom gytebestanden er større enn føre-var-grensa. Dette tillegget vart vurdert av ICES i 2010 og funne i samsvar med føre-var-tilnærminga. Rådet for 2011 vart gitt i samsvar med dette nye tillegget i haustingsregelen, medan dette elementet i haustingsregelen ikkje fekk konsekvensar for rådet for 2012.

Basert på rådet frå ICES vil det fangstnivået ein er einig om innebere at gytebestanden veks ytterlegare til 2012, og fiskepresset på bestanden er venta å verte om lag på same nivå.

Den sameinte haustingsregelen er svært viktig for å oppretthalde ei god forvaltning av denne bestanden. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten om lag i samsvar med ICES sine råd etter 2005. I heile perioden 1998-2004 var kvotane vesentlig høgare enn tilrådingane frå ICES. Dei var òg høgare i 2007 og 2008, men det skuldast at kommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av haustingssregelen. I 2009 og 2010 vart partane einige om å auke kvoten meir enn det den etablerte forvaltingsstrategien tilseier, men i samsvar med det nye tillegget som vart vurdert i 2010.

Bestandsstorleiken i 2012 er usikker sidan dette er ein prognose basert på at fangsten i 2011 vert lik kvoten.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946 – 2012.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk 1946 – 2012.

Tabell 4.2 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk sidan 1996.

År

Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Ingen gevinst ved å auke F 746 700 732 572
1997 Godt under Fmed< 993 850 762 589
1998 F < Fmed514 654 593 386
1999 Minka F til under Fpa360 480 485 293
2000 Auka SSB til over Bpa i 2001 110 390 415 240
2001 Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003 263 395 426 355
2002 Minka F til under 0.25 181 395 535 496
2003 Minka F til under Fpa305 395 552 547
2004 Minka F til under Fpa398 486 606 655
2005 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer 485 485 641 607
2006 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer471 471 538 595
2007 Minka F til under Fpa, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer 309 4242487 649
2008 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer409 4303464704
2009 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer473 52545231070
2010 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer577,5 60756101145
2011 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer703 703 1488
2012Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer75175115511

1 Framskriving.

2-5 Fangsttala var høgre enn kvotane i 2007 og 2008, men det skuldast at Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av haustingssregelen. I 2009 og 2010 vart partane einige om å auke kvoten meir enn det den etablerte forvaltingsstrategien tilseier, men i samsvar med det nye tillegget som vart vurdert i 2010.

4.2.2 Nordaust-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske rapporterte årsfangstar har variert mellom 21 000 og 322 000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 135 000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90 prosent av landingane.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av kor stor hysebestanden er har ein tradisjonelt brukt same reknemodell som for nordaust-arktisk torsk. Utrekningane er basert på fangststatistikken, men òg tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt inngår. Bestandsutrekningane tek òg omsyn til den mengda hyse som torsken et. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk. Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar (i seinare år har som oftast òg eit russisk fartøy teke del i dette toktet), og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. Det har vore eit problem at området dekt av tokta har variert i ulike år. Særleg har dekninga av russisk sone vore for dårleg i nokre år, og det har spesielt innverknad for den yngre hysa (1-3 år) som ofte har stor utbreiing i russisk sone. Likevel har vi god grunn til å rekne med at indeksane frå tokt fangar opp hovudtrekka i bestandssvingingane godt.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av nordaust-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (Figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983- årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert godt til den delen av bestanden som overlever til 3-års alder. Sjølv om rekrutteringa har avteke noko dei siste åra, er grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling framleis til stades, om bestanden vert forvalta etter vedtekne reglar.

Tilrådde reguleringar

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne og berekraftig fiskepress. ICES tilrådde ein kvote for 2011 på 303 000 tonn (Tabell 4.3) i tråd med den sameinte haustingsregelen.

Dei totalkvotane som har vore avtalte mellom norske og russiske styresmakter har generelt sett vore høgre enn tilrådde kvotar i perioden sidan 1990-2007 (Tabell 4.3). Utrekningane er usikre, noko av denne usikkerheita går ut på om bestanden verkeleg er større no enn han var på 1990-talet som utrekningane viser (Figur 4.3), medan tokta ikkje viser ein høgre bestand no enn på 1990-talet. Uansett så er det liten tvil om at bestanden er på eit høgt nivå, og etter ei totalvurdering vart tilrådinga for 2012 difor utarbeidd med bakgrunn i den sameinte haustingsregelen for hyse.

Bestandsstorleiken i 2012 er usikker sidan dette er ein prognose basert på at fangsten i 2011 vert lik kvoten.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2012.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2012.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Ingen langtidsgevinst for F > Fmed 169 170178 193
1997 Hald F godt under Fmed < 242 210154 178
1998 Hald F under Fmed < 120 130101 138
1999 Minka F til under Fpa < 74 7883 109
2000 Minka F til under Fpa < 37 6269 103
2001 Minka F til under Fpa < 66 8590 132
2002 Minka F til under Fpa < 64 85115 149
2003 Minka F til under Fpa < 101 101139 173
2004 Minka F til under Fpa < 120 130158 178
2005 Minka F til under Fpa < 106 117159 188
2006 Minka F til under Fpa < 112 120153 162
2007 Avgrens totalfangst < 130 150162 173
2008 Avgrens totalfangst < 130 155156 181
2009 Bruk haustingsregel < 194 194200200
2010 Bruk haustingsregel< 243 243249285
2011 Bruk haustingsregel< 303 3034441
2012Bruk haustingsregel med F=0.35318318461

1 Framskriving.

4.2.3 Nordaust-arktisk sei

Fisket

Utbyttet av seifisket nord for 62°N nådde ein topp på 212 000 tonn i 2006 og har seinare minka (Figur 4.4) ned mot gjennomsnittsutbyttet for 1960-2011 som var på 163 000 tonn. Noreg fiskar om lag 95 prosent av denne bestanden, og dei ti siste åra har trålfisket stått for 45 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62°N brukar ein metoden XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper), ein tidsserie med data for fangst per eining innsats frå trålfisket og indeksar for ulike aldersgrupper frå eit akustisk tokt.

Bestandsgrunnlaget

I april 2011 gjennomførde ICES nye bestandsutrekningar. Seibestanden nord for 62°N er i god forfatning. Låg utnyttingsgrad etter 1995 har verka positivt på rekruttering og utvikling i bestanden (Figur 4.4). 1999- og 2002-årsklassene var gode, elles har rekrutteringa i seinare år vore middels eller lågare. Bestanden var på eit historisk høgt nivå i 2000-2005, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand. Indeksane frå kysttoktet om hausten har for dei tre siste åra vore mellom dei lågaste etter 1991.

Tilrådde reguleringar

ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vere hausta berekraftig. Fiskedødsraten er stabil og har sidan 1995 vore under føre-var-nivået (F=0,35), og gytebestanden har sidan 1994 vore godt over føre-var-nivå (220 000 tonn). ICES evaluerte i 2007 den føreslegne haustingsstrategien (HCR) til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga. For 2012 tilrådde ICES at utnyttingsgraden vart sett i høve til denne haustingsregelen, noko som tilsvarer ein kvote på 164 000 tonn.

Norske styresmakter har ved fastsettinga av kvoten for 2012 på 164 000 tonn (Tabell 4.4) lagt til grunn haustingsstrategien med ein utnyttingsgrad på føre-var-nivå (F=0,35). Kvoten er 5 prosent lågare enn kvoten for 2011 og om lag på gjennomsnittsutbyttet for 1960-2010. Med ei rekruttering rundt eller under langtidsgjennomsnittet er gytebestanden venta å avta i 2012-2013 ved eit uttak på føre-var-nivå.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N 1960 – 2012. Bestandsstorleiken i 2012 er usikker sidan dette er ein prognose basert på at fangsten i 2011 vert lik kvoten.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N 1960 – 2012. Bestandsstorleiken i 2012 er usikker sidan dette er ein prognose basert på at fangsten i 2011 vert lik kvoten.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Ingen auke i F158 163171270
1997 Minka F til Fmed eller lågare107 125144252
1998 Minka F til Fmed eller lågare117 1451153279
1999 Minka F til under Fpa87 1442150290
2000 Minka F til under Fpa<89 1253136349
2001 Minka F til under Fpa<115 135136380
2002 Minka F til under Fpa<152 1624155462
2003 Halde F til under Fpa<1684164162446
2004 Halde F til under Fpa<186 169165510
2005 Halde F til under Fpa<215 215179591
2006 Halde F til under Fpa<202 193,5212563
2007 Halde F til under Fpa<247 222,5199591
2008 TAC i.h.t. HCR eller lågare<247 <247185533
2009 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer225 225162457
2010 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer204 204 193416
2011 Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer173 173357
2012Bruk haustingsregelen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk1641642805

1 TAC først sett til 125 000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152 000 tonn, auka til 162 000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168 000 tonn følgjeleg redusert til 164 000 tonn.

5 Framskriving.

4.2.4 Nordaust-arktisk blåkveite

Blåkveite er ein flatfisk med svært vid kontinuerleg utbreiing langs dei djupare kontinentale skråningane frå den austlege delen av Canada til nord om Spitsbergen. I Nordaust-Atlanteren finst ungfisken for det meste rundt Svalbard, nord og aust av Spitsbergen og austover forbi Frans Josef Land. Den vaksne delen av bestanden finst særleg langs eggakanten frå 62°N til nordaust for Spitsbergen, med dei høgaste konsentrasjonane i djupne på 500 – 800 m mellom Noreg og Bjørnøya.

Fisket

Gjennomsnittsfangsten av nordaust-arktisk blåkveite har vore like i overkant av 15 000 tonn etter 2000 (Figur 4.5). Internasjonal fangststatistikk frå 2011 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 15 000 tonn. Den norske flåten fiska om lag 8 300 tonn blåkveite i 2011. Om lag 50 prosent av fangsten vart teken av lineflåten, medan 30 prosent vart teken av trålarar.

Utrekningsmetodar

For nordaust-arktisk blåkveite vert det berre sett på trendar i bestanden, men det vert nytta ein XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekne ut bestandsnivået som indikasjon på bestandsutviklinga. Denne utrekninga er ikkje godkjend frå ICES grunna problem med alderslesinga. I denne utrekninga inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) og data frå tokt. Viktigaste grunnlag for rådgjevinga er trendane i dei viktigaste tokta for denne bestanden (Figur 4.6).

Bestandsgrunnlaget

Både dei viktigaste tokta og den eksperimentelle bestandsutrekninga viser ein gradvis auke i gytebestanden sidan 1992. I denne perioden har gjennomsnittsuttaket vore like i underkant av 14 000 tonn kvart år og det vert tolka som at bestanden kan tole eit slikt uttak og framleis ha ein moderat auke.

Tilrådde reguleringar

Ingen referansepunkt er definerte for bestanden. Den sist gjennomgangen endra ikkje oppfatninga av tilstanden til denne bestanden og gav ikkje grunnlag for å endre rådet gjeve i 2009. Dermed vart rådet for fiske i 2012 det same som for 2010 og 2011. Bestanden har vore på eit relativt lågt nivå dei siste 25 åra med fangstar på 15 000 – 25 000 tonn. For å auke gytebestanden seier ICES at det er naudsynt å halde uttaket godt under dette nivået. Fangstane bør difor vere lågare enn 13 000 tonn, som har vore rådet sidan 2003 (Tabell 4.5). Eit slikt nivå har vist seg å gje auke i gytebestanden.

Den 38. sesjon av Den blanda norsk –russiske fiskerikommisjonen bestemte i 2009 å heve forbodet mot direkte fiske på nordaust-arktisk blåkveite og etablerte ein kvote på 15 000 tonn for dei neste tre åra (2010-2012). Denne fangsten vart fordelt mellom Noreg (51 prosent), Russland (45 prosent) og andre land (4 prosent).

Figur 4.5 Utviklinga av den totale fangsten av blåkveite 1964 – 2009. Tal for 2011 er venta fangst.

Figur 4.5 Utviklinga av den totale fangsten av blåkveite 1964 – 2009. Tal for 2011 er venta fangst.

Figur 4.6 Biomasseestimat frå tre trålseriar for nordaust-arktisk blåkveite. NorComb – kombinasjon av tre norske tokt, Russ – eit russisk tokt om hausten, og NorCPUE – eit norsk tokt med leigebåtar (avslutta i 2006).

Figur 4.6 Biomasseestimat frå tre trålseriar for nordaust-arktisk blåkveite. NorComb – kombinasjon av tre norske tokt, Russ – eit russisk tokt om hausten, og NorCPUE – eit norsk tokt med leigebåtar (avslutta i 2006).

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, fastsett TAC og fangst (tusen tonn) av norsk-arktisk blåkveite sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand3
1996 Ikkje fiske0 2,5114-
1997 Ikkje fiske0 2,5110-
1998 Ikkje fiske0 2,5113-
1999 Ikkje fiske0 2,5119-
2000 Ikkje fiske0 2,5114-
2001

Reduser fangst for å byggje opp att bestanden

<11 2,5116-
2002 Betydeleg reduksjon av F<11 2,5113-
2003 Reduser fangst for å auke bestanden<13 2,5113-
2004 Ikkje overstig seinaste låge fangstar <132,5119-
2005 Ikkje overstig seinaste låge fangstar <132,5119-
2006 Ikkje overstig seinaste låge fangstar <132,5118-
2007 Reduser fangst for å auke bestanden<132,5115-
2008 Reduser fangst for å auke bestanden<132,5114-
2009 Same råd som siste år<132,5113-
2010 Same råd som siste år<1315216-
2011 Same råd som siste år<1315215-
2012Same råd som siste år<13152-

1 TAC sett av norske styresmakter for tradisjonelt fiske utan trål.

2 TAC sett av Den blanda norsk – russiske fiskerikommisjonen for 2010-2012.

3 Ikkje utført ei kvantitativ bestandsberekning.

4.2.5 Snabeluer i ICES-område I og II

Snabeluer er ein langliva art (høgaste dokumentert alder er på 75 år) som føder levande yngel, og som lever pelagisk og epibentisk (i nær kontakt med botnen) frå 300-1400 m i Nord-Atlanteren. Hannane og hoene parar seg fleire månader før hoene føder levande 4-6 mm yngel i mars-april. Larvane lever pelagisk og driv nordover langs kontinentalskråninga i overflatelaga. Yngelen er i første rekkje fordelt i Barentshavet og rundt Svalbard. Dei vaksne er vidt fordelt på sokkelen og i det opne havet. Gytande vaksne konsentrerer seg langs kontinentalskråninga.

Fisket

Eit pelagisk fiskeri etter snabeluer har utvikla seg i Norskehavet utanfor den økonomiske sona frå 2004. Fiskeriet her er forvalta av Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC). Andre fangstar av snabeluer er tekne som bifangst i andre fiskeri, som botnfiske etter torsk, hyse og blåkveite, og som yngel i rekefiskeria. Snabelueren vert òg fanga tilfeldig i fiskeria etter kolmule og sild i Norskehavet. Gjennomsnittsfangsten av snabeluer i ICES-område I og II har vore like i underkant av 13 000 tonn etter 2002 (Figur 4.7) med ein topp i 2006 på vel 32 000 tonn. Internasjonal fangststatistikk frå 2011 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 14 600 tonn, der 6 000 tonn er venta å verte teke som bifangst.

Utrekningsmetodar

Det kan enno ikkje utførast ei påliteleg vurdering av denne bestanden sjølv om det tidligare har vorte gjort forsøk på dette (seinast i 2003). Ei påliteleg vurdering av bestanden og rett forståing av fiskeridynamikken er avhengig av at det vert levert komplette og detaljerte fangst- og landingsdata frå alle nasjonane som fiskar på denne ressursen, følgt av biologiske data, til ICES og arbeidsgruppa for arktiske fiskeri AFWG. Eit akustikk/trål-tokt vart gjort i 2008 og 2009 i Norskehavet og kan brukast som ein indeks, men denne tidsserien er framleis for kort.

Bestandsgrunnlaget

Bestandsvurdering og rådgjeving er basert på ulike tidsseriar frå tokt i Barentshavet og ved Svalbard. Bestanden har hatt sviktande rekruttering sidan 1991, og ICES vurderer det nødvendig å beskytte gytebestanden sidan svært få nye kjønnsmodne individ vil kome inn i bestanden dei neste 10-12 åra. I oppvekstområda i Barentshavet vert det likevel observert teikn på betre rekruttering dei siste åra bortsett frå ein svak 2008-årsklasse.

Tilrådde reguleringar

Ingen referansepunkt er definert for denne bestanden. Den siste gjennomgangen endra ikkje oppfatninga av tilstanden til bestanden og gav ikkje grunnlag for å endre rådet gjeve i 2010. Dermed vart rådet for fiske i 2012 det same som for 2011, dvs. forbod mot direkte trålfiske av snabeluer. Stenging av område må oppretthaldast, og tillatne bifangstgrenser bør setjast så låge som mogleg inntil ein klar auke i gytebestand og yngelførekomstar kan stadfestast.

NEAFC sette ein TAC på 8 600 tonn for det pelagiske fiskeriet i Norskehavet for 2010, på 7 900 tonn for 2011, og på 7 500 tonn for 2012 (Tabell 4.6). Denne kvoten skal takast i eit «olympisk» fiske (kappfiske) i internasjonalt farvatn i Norskehavet.

Figur 4.7 Utviklinga av total fangst av snabeluer 1965 – 2011. Tal for 2011 er venta landing.

Figur 4.7 Utviklinga av total fangst av snabeluer 1965 – 2011. Tal for 2011 er venta landing.

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, fastsett TAC og fangst (tusen tonn) av norsk-arktisk blåkveite sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand3
1996 Fiske på lågast mogleg nivå--8-
1997 Fiske på lågast mogleg nivå--9-
1998 Ikkje direkte fiske, reduser bifangst--14-
1999 Ikkje direkte fiske, reduser bifangst--11-
2000 Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå--10-
2001 Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå--18-
2002 Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå--7-
2003 Ikkje direkte fiske, bifangst på lågast mogleg nivå--3-
2004 Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser--52-
2005 Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser--82-
2006 Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser--332-
2007 Ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser-15,51202-
2008 Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser-14,51132-
2009 Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser-10,51102-
2010 Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser-8,61122-
2011 Same råd som siste år-7,91-
2012Same råd som siste år-7,51

1 TAC sett av NEAFC for eit «olympisk» fiske i internasjonalt farvatn.

2 Inkluderer pelagiske fangstar i Norskehavet utanfor EEZ.

3 Ikkje utført ei kvantitativ bestandsberekning.

4.2.6 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.

Storleiken på loddebestanden og framlegg til kvote basert på haustingsregelen (max 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn) vert utarbeidde av norske og russiske forskarar etter økosystemtoktet i august-september. Delingsforholdet mellom Noreg og Russland for denne kvoten er 60 prosent til Noreg. Frå og med 2005 har denne gruppa rapportert til ICES si arbeidsgruppe for arktiske fiskeri (Arctic Fisheries Working Group).

Bestandsestimatet frå økosystemtoktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modellar der òg modning, vekst og naturleg dødsrate inngår. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår òg temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor òg kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.8 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2011. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men vaks igjen fram til 2008 og har sidan flata ut. Rekrutteringa har teke seg opp etter 2005.

Samanbrotet i bestanden etter 2002 skuldast først og fremst to faktorar: Svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år) og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Det var store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen og 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet og det er grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar kan henge saman med dette. Auka naturleg dødsrate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beita på ein sterkt minkande loddebestand. Silda er no på det næraste ute av Barentshavet.

Reguleringar

Den modne delen av bestanden vart hausten 2011 målt til 2,1 millionar tonn, og basert på det fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2012 på 320 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2011.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2011.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (tusen tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1996.

År Råd frå ICES SSB=gytebestandTilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Modnande bestand
1996 Ikkje fiske0 00248
1997 Ikkje fiske0 00312
1998 Ikkje fiske0 01932
1999 SSB > 500 000 t< 79801011718
2000 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t< 4354354142019
2001 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t< 6306305682019
2002 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t< 6506506511290
2003 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t< 310310282280
2004 Ikkje fiske000293
2005 Ikkje fiske02111174
2006 Ikkje fiske000437
2007 Ikkje fiske04141844
2008 Ikkje fiske01011212468
20095 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t39023903072323
2010 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t36023603232051
2011 5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t38023803542115
20125 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t3202320

1 forskingskvote

2 vinterfiske

4.2.7 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande sild (nvg-sild) er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på norskekysten i hovudsak frå Stad til Vesterålen. Beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar i dei seinare år har foregått i havet nord og nordvest for Vesterålen. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er òg største fiskerinasjonen.

Bestandsgrunnlaget

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (Figur 4.9). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2012 er gytebestanden rekna å vere om lag 7 millionar tonn, ein reduksjon samanlikna med året før.

Fisket

Dei norske fangstane (Tabell 4.8) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn, på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august– oktober. Etter 2008 fiska Island store deler av kvoten sin i islandsk og færøysk sone i mai-august og gradvis inn i internasjonal sone og seinare norsk sone i Norskehavet i løpet av hausten. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I år der det har vore sildeavtale har Island, Færøyane og EU òg fiska i Jan Mayensona og Svalbardsona.

Rådgjeving

ICES si tilråding for fisket i 2012 er 833 000 tonn. Bakgrunn for kvotetilrådinga er haustingsregelen som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F = 0,125).

Figur 4.9 Utviklinga av bestand og fangst av nvg-sild 1950 – 2012. Bestandsstorleiken i 2012 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2011.

Figur 4.9 Utviklinga av bestand og fangst av nvg-sild 1950 – 2012. Bestandsstorleiken i 2012 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2011.

Tabell 4.8 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1998-2010

1999 2000

2001

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010
Færøyane 55,5 68,6 34,1 32,3 27,9 42,8 65,1 63,1 64,2 74,3 85,180,2
Island 203,4 186 77,7 127,2 117,9 102,8 156,5 159,3 176,6 217,6 265,5205,9
Noreg 740,6 713,5 495 487,2 477,6 477,1 580,8 567,8 779,5 961,6 1016,7871,1
Russland157,3163,3109113,8122,8115,9132,1120,8162,4193,2210,1199,5
EU78,5766047,243,255,668,859,582,595,2106,3100,3
Total1235,31207,4775,8807,7789,4794,21003,3970,512711545,71687,41457,0
Fastsett kvote13001250850850-1-1-1-11280151816421483

1 Ikkje avtalt

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (tusen tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1996

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Hald SSB over 2,5 millionar tonn1Ikkje avtalt12174934
1997 Hald SSB over 2,5 millionar tonn1150014206161
1998 Ikkje gå over haustingsregelen2130012236877
1999 Ikkje gå over haustingsregelen 1263130012357079
2000 Ikkje gå over haustingsregelen1500 125012076115
2001 Ikkje gå over haustingsregelen753 8507765052
2002 Ikkje gå over haustingsregelen853 8508084483
2003 Ikkje gå over haustingsregelen710 Ikkje avtalt7895235
2004 Ikkje gå over haustingsregelen825 Ikkje avtalt7946511
2005 Ikkje gå over haustingsregelen890 Ikkje avtalt10036524
2006 Ikkje gå over haustingsregelen732 Ikkje avtalt9697022
2007 Ikkje gå over haustingsregelen1280 128012678059
2008 Ikkje gå over haustingsregelen1518 151815468833
2009 Ikkje gå over haustingsregelen1643 164316879871
2010 Ikkje gå over haustingsregelen1483 148314578967
2011 Sjå forskjellige opsjonar 988-117098879903
2012Følg forvaltingsplanen833833

1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn.

2 Må haustast innafor haustingsregelen.

3 Framskriving.

4.2.8 Nordsjøsild

Fisket

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Nordsjøsild vert fiska i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i det internasjonale fisket frå 1960 er vist i figur 4.10. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2011, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-talet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på om lag 890 000 tonn i 1988. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 600 000-700 000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert og halden på eit lågt nivå i 1996-1997. Etter dette auka fangstane til 664 000 tonn i 2005. Deretter gjekk fangstane ned til eit minimum på om lag 170 000 tonn i 2009, og har så stige att.

Noreg og EU har ein avtale om forvalting av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES åtvara etter dette mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette, vart forvaltingsavtalen oppdatert i 2008. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten ikkje skal overskride 0,05 og 0,25 per år, høvesvis for ungsild og vaksen sild når gytebiomassen er over 1,5 millionar tonn. Det er òg avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten etter gjevne formlar når gytebiomassen er under 1,5 millionar tonn, men over 800 000 tonn. Avtalen har fastsett årlege endringar av TAC på maksimum +/- 15 prosent når gytebiomassen er over 800 000 tonn.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (Tabell 4.10) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dei siste åra har dette kvantumet lege 10-15 prosent over kvoten. Overfisket kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering, det vil seie at det vert fiska nordsjøsild som vert rapportert som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100 000-200 000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av forvaltingsplanen vart bifangstane av småsild reduserte til under 20 000 tonn årleg.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden mellom 1989-1993: frå om lag 1,25 millionar tonn til om lag 475 000 tonn (Figur 4.10). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slikt fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg-avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til om lag 880 000 tonn i 1999–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til om lag 1,9 millionar tonn i 2004, men med ein reduksjon til ca 1,2 millionar tonn (føre-var-gytebiomasse = 1,3 millionar tonn) i 20072008. Etter dette har gytebestanden auka litt igjen og i 2011 er han venta å overstige 1,7 millionar tonn.

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltingsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. I 2001 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, og dårleg rekruttering, fekk vi ein nedgang i gytebestanden frå 2002 til 2008. Det har vore ein serie av svært låge rekrutteringar frå årsklassane 2001 til 2009. Førebels berekning av rekrutteringa i 2010 tyder på at 2009-årsklassen er på same lave nivå som årsklassane frå og med 2001. ICES sitt råd for 2012 baserer seg på haustingsregelen som gjev ein fangst i det direkte sildefisket på 230 000 tonn og eit kvotetak på 18 000 tonn bifangst for EU-flåten.

Forvaltingsstrategien Noreg og EU er samde om seier at F ikkje skal overstige 0,25 og 0.05 per år for høvesvis vaksen sild og ungsild når gytebestanden er større enn 1.5 millionar tonn. Dei siste åra har EU og Noreg halde seg til råda basert på forvaltingsplanen. Ein gjorde eit unntak for 2012 då det viste seg at forvaltningsplanen ikkje tek godt nok omsyn til dynamikken i bestanden. Ein gjekk bort frå 15 prosent-regelen i 2012. Kvoten er likevel i tråd med føre-var-prinsippet. I følgje avtalen har Noreg 29 prosent av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje vorte fiska opp.

Figur 4.10 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1960 – 2012. Fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Figur 4.10 Utviklinga av bestand og fangst av nordsjøsild 1960 – 2012. Fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild frå 1996-2011.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Bifangst kvoteFangstar3 IV, VIIdGytebestand
1996 50 prosent reduksjon av avtalt TAC1 1561156244 207 464
1997 F = 0,2 1591159 24 175 563
1998 F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1 2541254 22 268 738
1999 F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1 2651265 30 290 867
2000 F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1 2651265 36 284 879
2001 F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,2 Scenarier 265 36 296 1317
2002 F(vaksen) = 0 2 F(ungfisk)< 0,1 Scenarier 265 36 304 1605
2003 F(vaksen)= 0,25 F(ungfisk)=0,12 Scenarier 400 52 414 1745
2004 F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,1 Scenarier 460 38 484 1814
2005 F(vaksen) = 0,25 F (ungfisk)=0,1 Scenarier 535 50 568 1710
2006 F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,12 Scenarier 455 43 490 1332
2007 Få gytebestanden tilbake til Bpa innan 2008 Scenarier 341323611047
2008 F(vaksen )= 0,17 F(juv)=0,08 (forvaltingsplan) Scenarier 201 19 228 1038
2009 Ny haustingsregel Scenarier 171 16 1671289
2010 F(vaksen) = 0,15 F(ungfisk)=0,05 Scenarier 164 14 17513174
2011 Sjå scenarierScenarier 2001617144
2012Sjå scenarierScenarier405

1 Fangst i direkte fiske i IV og VIId

2 Revidert i juni 1996, ned frå 263

3 Landingar er gitt av arbeidsgruppa (HAWG) og vil ikkje i alle høve korrespondere med offisiell statistikk

4 Framskriving

4.2.9 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Gytebestanden har auka med over 60 prosent, frå 1,75 millionar tonn i 2002 til i underkant av 3,0 millionar tonn i 2010. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2008 vart nordsjøbestanden målt til å vere berre 5 prosent av nivået på 1960-talet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert òg brukt.

I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600 000–650 000 tonn til over 800 000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563 000 og 573 000 tonn i 1996 og 1997, men har seinare auka igjen, og dei siste åra har fangstane vore rekordstore. I 2010 er fangsten berekna til 930 000 tonn (Figur 4.11). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII) (sjå Fig. 3.1).

I 2011 fiska Noreg om lag 208 000 tonn makrell. Fangstane gjennom året fordelte seg med mindre enn 0,5 prosent første halvår, og størsteparten i tredje kvartal.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gjevast gode overslag over kor stort utkastet er. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 prosent høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra. Ein har med eksperimentelle forsøk på fiskefeltet dei siste åra kvantifisert neddreping grunna trenging av makrell før slepping. Denne dødsraten er potensielt mykje større enn tidligare rekna med. Frå norsk side vil det verte arbeidd grundig framover med problemstillinga for å redusere denne uønska dødsraten.

Bestandsgrunnlaget

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde:

  • Nordsjøen

  • Sør og vest av Irland

  • Utanfor Portugal og Spania.

Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart fram til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er uråd å skilje desse tre komponentane i fangstane. Difor vert makrellen forvalta som ein bestand, den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av bestanden og oppfiska kvantum sidan 1972 er vist i figur 4.11.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2010 i dei vestelege og sørlege gyteområda og i Nordsjøen i 2011. Desse gytebestandsmåla har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i utrekningane, men ICES har no nytta dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har lege på eit stabilt nivå, men med ein auke i 2010. Gytebestanden vert no berekna slik at ein nyttar trenden i gytebestanden frå eggtokta, slik at utrekningane passar med fangstane. Den vestlege komponenten utgjer om lag 85 prosent, og nordsjøkomponenten har vore låg (1-5 prosent) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av problem med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikre. Gytebestanden har auka kraftig frå 1,8 millionar tonn i 2002 til litt i underkant av 3,0 millionar tonn i 2010. Tilgjengeleg informasjon tyder på at utbreiinga av gyteområdet for makrell har auka i dei siste åra og gyteområdet var rekordstort i 2010. Makrell vert fiska kommersielt i område som tidlegare ikkje har vore fangstområde, spesielt innanfor Islands territorialfarvatn.

Rådgjeving

Noreg, EU og Færøyane vart i 1999 einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare ein fiskedødsrate på 0,15-0,2, som tilsvarar eit årleg uttak på 14-18 prosent av gytebestanden. Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Til grunn låg eit omfattande forskararbeid for å kartleggje moglege reglar for kvoteberekning med tanke på fangstnivå, stabilitet og låg risiko for bestanden. Kyststatane er no einige om at dersom den samla fangsten ikkje fører til ein mindre gytebestand i kvoteåret enn 2,2 millionar tonn, skal fangsten svare til ein fiskedødsrate på mellom 0,20 og 0,22. Likevel skal ikkje kvoten endrast meir enn 20 prosent frå eitt år til det neste, sjølv om dødsraten då fell utanfor det vedtekne intervallet. Dersom slike fangstar fører til ein mindre gytebestand enn 2,2 millionar tonn skal mindre fiskedødsrate leggjast til grunn. Den reviderte forvaltingsplanen vart i 2009 evaluert av ICES og funnen å vere i samsvar med føre-var-prinsippet dersom TAC svarar til totalt uttak frå bestanden. ICES si tilråding for fisket i 2012 er å følgje haustingsregelen, dvs. eit fiske på mellom 586 000 tonn og 639 000 tonn.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stengje den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Sidan det ikkje er inngått nokon kyststatsavtale på makrell per 1. april 2012 er det venta at det reelle uttaket vil kunne verte nærare 1 million tonn, basert på makrellfangstar som dei ulike nasjonane har bestemt eller gitt tilsegn om å fange. Dette kan forverre bestandsutviklinga for makrellen kraftig, og det gjev grunn til djup uro på litt lengre sikt.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst og bestand i 2011 er prognosar.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst og bestand i 2011 er prognosar.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Betydeleg reduksjon av F 452 564 2425
1997 Betydeleg reduksjon av F 470 570 2541
1998 F = 0,15-0,2 (Noreg-EU avtalen)498 549 667 2458
1999 F = 0,15 437 562 640 2469
2000 Fpa = 0,17 642 612 738 2206
2001 Fpa = 0,17 665 670 737 2138
2002 Fpa = 0,17 694 683 773 1749
2003 Fpa = 0,17 542 583 670 1749
2004 Fpa = 0,17 545 532 650 1849
2005 F = 0,15 til 0,20 420422 543 2291
2006 F = 0,15 til 0,20 487444 473 2410
2007 F = 0,15 til 0,20 509502 579 2541
2008 F = 0,15 til 0,20 456458 611 2709
2009 F = 0,15 til 0,20 5786051735 2978
2010 Haustingsregel572 -2869 2928
2011 Haustingsregel592-646 -2927 30073
2012Haustingsregel586-639-2

1 Inkluderer ikkje unilateral avtalt TAC Norge/Færøyane eller Islandsk TAC

2 Ingen internasjonal einigheit om TAC for 2010 –2012

3 Framskriving

4.2.10 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

Fisket

I dei siste åra har landingane i snitt lege rundt 110 000 tonn (Figur 4.12). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort om lag 7-8 prosent av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2010 er 103 000 tonn. Det er avtalt TAC som er på 107 000 tonn. Den norske delen av totalfangsten dei siste ti åra har vore like over 50 prosent. Førebels oppgåver for 2010 tyder på at norsk fangst i Nordsjøen, inkludert bifangst til oppmaling, har vore om lag 53 000 tonn. Dette er litt mindre enn den norske kvoten på 56 613 tonn for 2010. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 prosent). Notfisket inkluderer òg ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 prosent av totalkvoten i Nordsjøen.

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland. Nordsjøbestanden er svært stor samanlikna med bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar vert styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema med bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å vere lite eigna og i 2006 vart det starta opp eit tokt på norskekysten sør for 62°N som skal undersøkje to- og treåringar. Toktet har vist god intern konsistens og er teke med som indeks for dei yngste årsklassane i berekningane frå 2011. Det er frå 2011 gjort endringar i berekningsmodellane for å legge meir vekt på toktseriane og redusere vekta av kommersielle data (WKBENCH).

Bestandsgrunnlaget

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland opptil ein million tonn. Han vart redusert til om lag 260 000 tonn kring 1990 (Figur 4.12), for så å auke til vel 500 000 tonn i 2005. Etter dette har den gått noko ned igjen til i underkant av 450 000 tonn i dei siste åra. Gytebestanden, som i 1974 var på 555 000 tonn, nådde eit minimum på 100 000 tonn i 1991, men er no utrekna til knapt 170 000 tonn i byrjinga av 2011. Fiskedødsraten gjekk ned i heile perioden frå 1986 til 2004, men har auka noko igjen fram til 2008 då den vart berekna til å vere 0,30. 2004-årsklassen av sei var om lag 40 prosent sterkare enn tidlegare årsklasser, medan 2005 var svak. Gode mål for dei siste årsklassane finst enno ikkje, så for desse årsklassane er det brukt langtidsgjennomsnitt.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vere 200 000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40 (33 prosent). Gytebestanden har sidan 1997 hatt godt reproduksjonspotensial.

Rådgjeving

Ei oppdatert bestandsberekning vart gjort i 2011. ICES si tilråding for fisket i 2012 i følgje haustingsregelen gjev eit fiske på 88 000 tonn.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen/Skagerrak sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand1
1996 Ingen auke i F 111 111 110 154
1997 Ingen auke i F 113 115 103 194
1998 Reduser F med 20 prosent 97 97 100 193
1999 Reduser F til Fpa104 110 107 202
2000 Reduser F med 30 prosent 75 85 88 188
2001 Reduser F med 20 prosent 87 87 90 210
2002 F < Fpa<135 135 116 203
2003 F < Fpa< 176 165 102 233
2004 F < Fpa< 211 190 100 276
2005 F < Fpa< 150 145 112 279
2006 F<Fpa< 123 123 117 277
2007 I samsvar med forvaltingsplan< 123 123 94 264
2008 I samsvar med forvaltingsplan< 137 136 112 261
2009 I samsvar med forvaltingsplan< 126 126 106263
2010 I samsvar med forvaltingsplan< 107 107832352
2011 I samsvar med forvaltingsplan< 93 932232
2012I samsvar med forvaltingsplan< 7979

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.

2 Framskriving

4.2.11 Torsk, hyse, kviting og raudspette i Nordsjøen

Fisket

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek ein ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til ein auke i fiskedødsraten for torskefisk, særleg for dei yngre årsklassane. Det er et stort utkast av undermåls fisk i alle fiskeria.

Torskelandingane fall frå 300 000 tonn i 1981 til om lag 24 000 tonn i 2007 og gjekk så litt opp att, og i 2009 var landingane 31 000 tonn. Ein skal vere merksam på at det i det berekna totale uttaket er medrekna utkast og «svarte landingar». Det var då om lag 66 000 tonn i 2007 og auka til om lag 91 000 tonn i 2009 som vart fanga totalt (Figur 4.13). Norsk fiske i 2010 var om lag 5 000 tonn. I 2007 og 2008 vart om lag halvparten (vel 20 000 tonn) av all torsk som vart fiska kasta ut att. Denne delen gjekk litt ned i 2009 og berekningane viser at om lag ein tredel av all torsk fanga vart kasta ut att. Vi reknar med at lite av dette overlevde.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 220 000 tonn i åra 1980-1986 og fall gradvis til eit nivå på 100 – 170 000 tonn i tiårsperioden 1991 – 2002 (Figur 4.14). Etter dette vart fangstnivået gradvis ytterlegare redusert til vel 40 000 i 2009. Vel 10 000 tonn av dette vart kasta ut att. Noreg disponerer 21 prosent av total TAC.

Utbyttet av kviting har vore stabilt eller litt aukande dei siste ti åra (Figur 4.15), men er monaleg lågare enn i perioden 1960 – 1980. Storbritannia tek om lag 80 prosent av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket.

Utbyttet av raudspette minka fram til 2007, men har etter det auka litt igjen (Figur 4.16). Noreg disponerer 6 prosent av total TAC.

Bestandsgrunnlaget

Gytebestanden av torsk vart redusert frå om lag 250 000 tonn i 1970 til langt under Blim, som er 70 000 tonn, sidan 1999. ICES er ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim. Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa) er vurdert å vere 150 000 tonn. Dagens fiskemønster fører til høg fiskedød for eitt- og toåringar, slik at berre om lag 15 prosent av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har det ikkje lukkast å få bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002, 2004 og 2006-2008 er dei svakaste som er registrert. Det er difor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150 000 tonn i næraste framtid, sjølv om fiskedødsraten vert kraftig redusert.

Etter dei gode årsklassane av hyse i 1999 og 2000 har det vorte lenger mellom dei gode, og berre 2005 og 2009-årsklassen kan reknast som middels gode årsklasser. Dei andre er til dels svært svake. Gytebestanden er i 2010 vurdert til å vere omlag 194 000 tonn, og såleis over Bpa på 140 000 tonn. Fiskedødsraten i 2009 vart vurdert til å vere 0,23 og dette er mindre enn den F som er lagt til grunn i forvaltingsregelen mellom Noreg og EU (F=0,3).

Gytebestanden av kviting er litt høgare i 2009 enn i 2008, men er lågare enn gjennomsnittet. Fiskedøden var på sitt lågaste i 2005 og har sidan auka litt, men er framleis berre litt over 0,3. Bestandsberekninga er usikker.

Fiskedødsraten for raudspette har vorte kraftig redusert dei siste åra og gytebestanden aukar. Uttaket av bestanden er rekna som berekraftig og gytebestanden er over grensa for god reproduksjonsevne.

Rådgjeving

ICES si tilråding etter den vedtekne haustingsregelen gjev eit torskefiske på knapt 32 000 tonn. Med bakgrunn i den vesle bestanden og den dårlege rekrutteringa dei siste åra, vil det ikkje vere råd å byggje opp igjen gytebestande til over Bpa i starten av 2012, sjølv med null-fangst i 2011. For hyse er òg tilrådinga frå ICES å følgje haustingsregelen, noko som gjev eit fiske mindre enn 42 000 tonn. For kviting bør fangsten ikkje vere høgre enn 17 000 tonn. Tilrådinga frå ICES for raudspette for fiske i 2012 er å følgje første steget i den vedtekne forvaltingsplanen. Dette gjev eit uttak på < 84 400 tonn.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Tabell 4.13  Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 19961

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC FangstarGytebestand
1996 80 prosent av F(94) = 0,7141 130 198 104
1997 80 prosent av F(95) = 0,65135 115 174 91
1998 F(98) burde ikkje overstige F(96)153 140 180 76
1999 F = 0,60 for å byggje opp att SSB125 132 137 73
2000 F mindre enn 0,55< 79 8195 49
2001 Lågast mogleg fangst0 48,676 39
2002 Lågast mogleg fangst0 49,3 81 47
2003 Ikkje fiske0 27,3 76 43
2004 Ikkje fiske0 27,3 53 40
2005 Ikkje fiske0 27,3 52 36
2006 Ikkje fiske0 23,2 53 35
2007 Ikkje fiske0 20 66 43
2008 Utnyttast i tilhøve til føre-var grenser< 22 22,284 58
2009 Ikkje fiske0 28,8 9169
2010 Forvaltingsplan (F 65% av F2008)< 40,3 33,656
2011 Sjå scenarier- 26,8492
2012Forvaltingsplan (F 45% av F2008)31,826,4

1 Fangst inkluderer totalt estimert uttak, og gytebestand i ICES Subarea IV, Divisjon VIId og IIIa

2 Framskriving

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Figur 4.14 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen (ICES Subarea IV) sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand1
1996 Må ta omsyn til blanda fiskeri 120 154 202
1997 Må ta omsyn til blanda fiskeri114 138 226
1998 Ingen auke i F 100,3 115 128 203
1999 Reduser F(95–97)med 10prosent 72 88,6 111 157
2000 F mindre enn Fpa< 51,7 73 100 135
2001 F mindre enn Fpa< 58 61 165 311
2002 F mindre enn Fpa< 94 104 101 512
2003 Ingen fangst av torsk 0 torsk 52 76 500
2004 Blandingsfiske vurderingar 0 torsk 85 65 429
2005 Blandingsfiske vurderingar 92 66 57 371
2006 Blandingsfiske vurderingar 39 52 55 296
2007 Blandingsfiske vurderingar 55,4 55 61 216
2008 Blandingsfiske vurderingar 49,3 46 42210
2009 Blandingsfiske vurderingar 44,7 42 41178
2010 Blandingsfiske vurderingar 38 3638194
2011 Sjå scenarier - 342122
2012EU-Noreg forvaltingsplan<41,639,1

1 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og Skagerrak.

2 Framskriving

Figur 4.15 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var-grense for denne bestanden.

Figur 4.15 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen. Tala for fangst og bestand i 2011 og 2012 er prognosar. ICES har ikkje definert føre-var-grense for denne bestanden.

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk67 69 224
1997 Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk74 54 193
1998 Ingen auke frå 1996 nivået54 60 40 162
1999 Minst 20 prosent reduksjon av F(95–97)40,4 44 55 169
2000 Lågast mogleg fangst 0 30 55 217
2001 60 prosent reduksjon av F(97–99)19,4 30 43 247
2002 F ikkje større enn 0,37< 33 32 40 228
2003 Ingen fangst av torsk 16 38 189
2004 Ingen fangst av torsk Inga auke 16 25 153
2005 Ingen fangst av torsk 5228,5 22 136
2006 Ingen fangst av torsk < 17,323,8 27 126
2007 Ingen fangst av torsk < 15,123,8 24 109
2008 Ingen fangst av torsk < 15,1 17,9 22121
2009 Ingen fangst av torsk < 11 15,2 20171
2010 Ingen fangst av torsk < 6,8 12,9 22180
2011 Ingen fangst av torsk < 9.5 14,81731
2012Interim forvaltingsplan<17.117.1

1 Framskriving

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og gytebestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen. Tala for fangst og gytebestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Tabell 4.16 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1996.

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Reduksjon i F på 40prosent61 8182180
1997 Reduksjon i F på 20prosent80 9183207
1998 F=0,382 8772227
1999 F=0,3106 10281202
2000 F=0,395 9781229
2001 F=0,2678 7882272
2002 F < Fpa< 77 7770199
2003 F=0,23 607367229
2004 Gjenoppbyggingsplan6161209
2005 Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2006355956246
2006 Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2007485758256
2007 Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2008< 325050260
2008 Gjenoppbygg SSB > Bpa i 2009< 35 4949359
2009 Avgrens totale landingar til 55 500 tonn< 55,5 55,555380
2010 Avgrens totale landingar til 63 825 tonn< 63,8 63,861 435
2011 Sjå scenarier64,2 73,44821
2012Første steg i forvaltingsplan84,484,4

1 Framskriving

4.2.12 Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar; ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, difor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsutrekningane og rådgjevinga i ICES.

Fisket

Hovudfisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har og føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, òg då med flytetrål. Dette fisket har dei seinare år praktisk talt falle bort. Elles tek industritrålflåten kolmule gjennom heile året i Norskerenna.

Internasjonal fangststatistikk frå 2011 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 95 000 tonn (Figur 4.17).

Utrekningsmetodar

For kolmule vert det brukt ein SMS (Stochastic Multi-Species)-modell til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper) og aldersgrupper frå tre akustiske tokt. Denne modellen har vore brukt dei siste fem åra.

Bestandsgrunnlaget

Kolmulebestanden nådde toppen i 2003, og er no raskt på veg nedover (Figur 4.17). På midten av 1990-talet byrja kolmulebestanden å produsere ei rekkje årsklasser som var fleire gonger sterkare enn det som tidlegare var observert. Dette førte til ei mangedobling av bestandsstorleiken og ei tilsvarande auke i fangstkvantumet. Situasjonen med sterke årsklasser år etter år ser ut til å vere dramatisk endra og årsklassene som vart gytt i 2005 – 2009 ser ut til å vere blant dei svakaste som er observert. Gytebestanden var like over føre-var-grensa på 2,25 millionar tonn i 2010 og er venta å vere på dette nivået i 2011.

Rådgjeving

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltinga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Denne sameinte planen vart revidert i 2008 og vurdert av ICES i 2009. Den reviderte forvaltingsplanen vart stadfesta av ICES å vere i samsvar med føre-var-prinsippet. Målet er at gytebestanden skal vere høgare enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn).

ICES gjev si tilråding for fisket i 2012 ut frå den vedtekne haustingsregelen, som gjev eit fiske på 391 000 tonn. Det er uråd å unngå nedgang i bestanden dersom rekrutteringa ikkje vert høgre.

Figur 4.17 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Tala for fangst og gytebestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Figur 4.17 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Tala for fangst og gytebestand i 2011 og 2012 er prognosar.

Tabell 4.17 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kolmule sidan 1996

År Råd frå ICES Tilrådd TAC Avtalt TAC Fangstar Gytebestand
1996 Føre-var TAC for kombinert bestand

500

6501

646

2153
1997 Føre-var TAC for kombinert bestand

540

672

2237
1998 Føre-var TAC for kombinert bestand

650

1125

3207
1999 Fangstar over 650 000 t vil ikkje vera berekraftig i det lange løp

650

1256

3877
2000 F må ikkje overstige foreslått Fpa

800

1412

4168
2001 F må ikkje overstige foreslått Fpa

628

1780

4551
2002 Gjenoppbyggingsplan

0

1556

5546
2003 F < foreslått Fpa

600

2321

6836
2004 Oppnå 50 prosent sannsyn for at F < Fpa

925

2378

6772
2005 Oppnå 50 prosent sannsyn for at F < Fpa

1075

2027

6210
2006 F gamal forvaltingsplan

1500

21002

1966

5933
2007 F < foreslått Fpa

980

18473

1612

4631
2008 F < Fpa

835

12504

1246

3255
2009 Halde bestanden over Bpa

384

6065

6362096
2010 Følg den avtalte forvaltingsplanen

540

548

539

1339
2011Følg den avtalte forvaltingsplanen

40

4067967
2012Følg den avtalte forvaltingsplanen

391

391

1 NEAFC forslag for NEAFC region 1 og 2

2 Avtalt TAC mellom kyststatane på 2 mill t og i tillegg tildeling til Russland i int.farvatn på 100 000 t

3 Avtalt TAC mellom kyststatane på 1,7 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland på 147 000 t

4 Avtalt TAC mellom kyststatane på 1,1 mill t og i tillegg tildeling til Russland og Grønland

5 Avtalt TAC mellom kyststatane på 0,59 mill t og i tillegg tildeling til Russland 16 000 t

6 Avtalt TAC mellom kyststatane på 40 000 tonn, i tillegg Russisk fangst som dei unilateralt fastsette på ca 20 000 tonn

7 Framskriving

Fotnotar

1.

pa = precautionary approach = føre var

Til forsida