Meld. St. 25 (2011–2012)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011

Til innhaldsliste

Del 4
Fisket etter avtalane i 2010 og 2011

5 Fisket etter avtalane i 2010 og 2011

5.1 Den felles forvaltninga

I omtalen av fisket etter avtalane for 2010 og 2011 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 5.2 nedanfor. Deretter, i punkt 5.3, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2010 og 2011.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.2 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.2 og 5.3 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på dei fartøya som har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda. Dette er anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Rapporterte fangsttal frå fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

Noreg – Russland

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse, blåkveite og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til tredjeland) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar3 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

282 729

337 269

283 4472

338 4632

Hyse

122 859

155 470

123 385

158 293

Blåkveite

7650

7650

7700

8273

Lodde

245 000

275 000

245 529

271 331

1 Kvotetala inneheld kvotar avsett til forsking. For åra 2010 & 2011 vart det avsett 7 000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. Avtalen for 2010 og 2011 opna vidare for å avsetje 4000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsformål. Noreg avsette 2000 tonn hyse og 2000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norske fartøy. I 2010 og 2011 vart det overført 30 000 tonn og 48 000 tonn lodde frå Russland til Noreg i byte mot 10 000 tonn og 15 000 tonn norsk vårgytande sild.

2 Registrert ungdoms- og rekreasjonsfiske utgjer i 2010 og 2011 høvesvis 1241 tonn og 1393 tonn, men ein reknar med at heile avsetninga på 7000 tonn vart teken.

3 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 06.03.2012 og inneheld forskingsfangst.

Torskekvoten nord om 62°N vart så vidt overfiska i 2010 og 2011. Den uregistrerte delen av rekreasjonsfisket er lagt til tala og ein legg vidare til grunn at heile avsetninga på 7 000 tonn vert teken og dermed enda utnyttingsgraden på 100,2 og 100,3 prosent. Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 101,4 prosent i 2010, medan den i 2011 var på 101,8 prosent. Kvoten vart altså noko overfiska. Bakgrunnen for dette er samansett. Mellom anna vart hysa lettare tilgjengeleg enn venta, og trålarane og dei konvensjonelle havfiskefartøya kunne i større grad enn tidlegare gå på eit reint hysefiske. Loddekvoten vart godt nytta i 2010, og det stod igjen om lag 3 700 tonn i 2011.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart i 2009 einige om ein totalkvote på 15 000 tonn blåkveite i tre år framover, og ein fordelingsnøkkel som gav Noreg ein kvote på 7650 tonn blåkveite. Denne kvoten vart overfiske med 7 og 8 prosent i 2010 og 2011.

Generelt har trålarane og andre havfiskefartøy fastsette kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimal-/fartøykvotane og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten, differansen vert omtalt som overregulering. Dersom summen av maksimal-/fartøykvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 prosent. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan òg føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.

Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 26.03.2012. Fangstala for lodde og sel inneheld forskingsfangst.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

140 000

140 000

151

565

Hyse

30 000

30 000

82

663

Blåkveite

7650

7650

-

1

Reker

2500

2500

16

-

Grønlandssel

7000

7000

160

200

Lodde

245 000

270 000

408

67 741

Steinbit

2200

2200

1

6

Flyndre

500

500

-

-

Bifangstkvote

500

500

6

2

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 15.03.2012

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Med unntak av lodde nytta Noreg lite av sonetilgangen i RØS i 2010 og 2011. Noreg kunne fiska heile loddekvoten i RØS.

Ingen fartøy er registrert med rekefangst i 2011. Når det gjeld grønlandssel var det eitt norsk fartøy som gjekk til Austisen for å fangste i 2010 og 2011.

Noreg – EU

Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 5.4.

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

5607

4729

4495

4886

Hyse

7366

6918

1026

1210

Sei

55 733

48 596

52 717

47 077

Kviting

450

1293

151

28

Raudspette

4168

4538

1090

1223

Makrell

180 424

182 827

233 9573

208 0804

Nordsjøsild

50 954

57 154

50 117

60 858

1 Norsk totalkvote og fangst inklusive forskingsfangst.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2012. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa ,IV og VIa.

3 Ufiska kvantum i 2009 vart overført til 2010.

4 Inkludert overføring frå 2010

I 2011 vart kyststatane ikkje einige om forvalting av makrell. Noreg og EU vart difor einige om ein bilateral avtale om forvaltning av makrell. Norsk kvote etter overføring vart 182 827 tonn makrell i 2011. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell.

Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

Norske kvotar i EU sitt farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2010 og 2011 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. Noreg fekk i tillegg tildelt kvotar av torsk frå EU og Grønland for fiske i grønlandsk sone i 2010. Grønlandske reguleringar skapte vanskar for norske fartøy å nytte kvoten frå EU, Noreg har difor dette kvantumet til gode for bruk ved eit seinare høve.

For desse artane er det i denne meldinga berekna at kvoten frå Grønland vert utnytta først (sjå tabell 5.6). Eventuelle fangstar ut over grønlandkvotane vert avrekna mot Noreg sine kvotar tildelte av EU (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sitt farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2010

2011

2010

2011

EU1:

Makrell

115 000

182 827

113 757

112 604

Sild2

47 647

50 000

36 530

46 430

Augepål

6000

0

6907

19

Kolmule

148 602

6847

139 831

6949

Tobis

27 500

20 000

27 542

19 383

Brisling

10 000

10 000

11 121

10 036

Hestmakrell

3600

3550

625

3863

Torsk2

5704

4563

1304

1680

Hyse2

8073

7625

454

365

Sei2

56 613

49 476

26 230

18 148

Blålange

150

150

146

100

Lange2

6140

6140

5433

3856

Brosme2

2923

2923

2762

2149

Kviting2

790

1483

38

8

Raudspette2

4268

4538

987

1259

Sjøtunge

50

50

2

2

Blåkveite

350

350

131

492

Kombinert kvote

140

140

201

247

Andre artar

2720

2720

500

605

EUGRL, Vest-Grønland:3

Blåkveite

800

800

842

588

Kveite

75

75

5

-

Skolest/Isgalt o.a.4

120

120

24

20

Torsk5

500

-

-

-

EUGRL, Aust-Grønland:3

Reker

3100

3100

721

33

Blåkveite

824

824

191

-

Kveite

75

75

-

-

Uer6

1500

-

1500

-

Lodde

-

7965

-

7965

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 23.03.2012. Alle artar er fangst i EU-sona bortsett frå makrell i ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei og sild ICES-område IIIa & IV.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene. Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn).

3 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 26.03.2012, og Grønlands Fiskerilicenskontrol per 27.12.2011

4 For begge åra har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

5 For 2010 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 500 tonn torsk. Ingen kvote i 2011.

6 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn og EU-sona.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar i EU-farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. På grunn av tilstanden til bestanden kunne norske fartøy i 2010 berre fiske 6000 tonn augepål, og i 2011 har Noreg ikkje hatt kvote på augepål. Sidan 2009 har Noreg fiska tobis i EU-sona i byte mot torskekvote i Barentshavet.

Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. I tillegg til fiske i EU-sona, fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av Dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS sør om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 194 308 tonn kolmule i 2010 og 20 540 tonn i 2011 i desse områda.

Den norske makrellkvoten i EU-farvatn vart dårleg utnytta i 2009. Dette hadde samanheng med at norske fartøy som fiska makrell vart bedne om å forlate EU-farvatn 1. oktober 2009. På den bakgrunn har forvaltninga lagt til rette for at det resterande kvantumet kunne fiskast i 2010. På bakgrunn av konflikten mellom Noreg og EU om norske fartøy sin tilgang til å fiske i EU-sona forhandla partane seg fram til eit nytt tilgangsregime for makrell. I følgje denne avtalen kan norske fartøy i 2010 fiske inntil 115 000 tonn i EU-sona i ICES statistikkområde IVa, derav inntil 11 626 tonn kan fiskast i EU-sona i ICES statistikkområde IIa, VIa (nord for 56°30°N) og VII d, e, f og h. Noreg sin kvote i EU-farvatn vart i 2010 tilnærma oppfiska. I 2011 fekk Noreg høve til å fiske heile sin kvote i EU-sona.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne òg fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

Kvoten «andre artar» omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.

Når det gjeld dei tildelte kvotane i grønlandske farvatn, vert desse slått saman med kvotane som Noreg får tildelt av Grønland. I denne meldinga vert den norske fangsten kvoteavrekna kvoten tildelt frå EU sist, men det er ingen avtale som seier at det er slik det skal gjerast.

Inntil 2005 har eit element i den årlige kvoteavtalen mellom Norge og EU vore ei overføring av lodde i den grønlandske fiskerisona til Noreg. Kvoten måtte fiskast innan kalenderåret, og vart i 2004 fastsett til 15 000 tonn. Dette loddekvantumet har referanse til Grønland sin del i «trepartsavtalen». På grunn av den spesielle biologiske situasjonen i 2004 var det vanskeleg å berekne bestanden og TAC vart sett til 335 000 tonn lodde. Dermed vart det ikkje samsvar mellom loddekvoten til Grønland på 36 850 tonn og kvantum overført til EU. EU hadde dermed ikkje stor nok loddekvote for å oppfylle si plikt overfor Noreg. Dette førte til at Noreg og EU vart einig om ei løysing der overføringa av lodde i den grønlandske fiskerisona vart redusert til 7 035 tonn i 2004. Noreg har sidan då hatt 7 965 tonn lodde til gode. I 2011 vart det igjen opna for eit sommarloddefiske, og Noreg fekk då overført 7965 tonn lodde frå EU.

Noreg – Færøyane

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.5.

Grunna usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått ein bilaterale avtale mellom Noreg og Færøyane i 2011. Det vart inngått kyststatsavtale om forvaltning av kolmule. Noreg fikk høve til å fiske 1672 tonn kolmule i færøysk sone i 2011.

I 2010 kunne fisket etter botnfisk drivast med garn og line, men sei kunne òg fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 2077 tonn botnfisk i færøysk sone i 2010. Dette gjev ein utnyttingsgrad på om lag 40 prosent i 2010.

Noreg hadde ei relativt låg utnytting av kvotane i færøysk sone i 2010. Dette kan mellom anna sjåast i samanheng med høge torske- og hysekvotar i norsk sone og at kvoteavtalen ikkje vart inngått før i januar 2010 slik at lineflåten allereie hadde valt andre alternativ.

Norske ringnotfartøy brukar å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 1735 tonn i 2010. Det vart ikkje fiska kolmule i færøyske sone i 2011.

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Lange/ blålange

2425

-

823

-

Brosme

1774

-

1169

-

Sei

101

-

27

-

Makrell

2000

-

-

-

Hestmakrell

50

-

-

-

Kolmule

12 995

1672

1735

-

Andre artar

855

-

58

-

1 Vaktar- og Bjargingartænastan på Færøyane per 10.01.2012.

Noreg – Grønland

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2010 og 2011 går fram av tabell 5.6. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4). Det deltok tre trålarar i fisket både i 2010 og 2011. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok eitt linefartøy og to trålarar i 2010, medan to linefartøy og to trålarar deltok i 2011.

I 2010 var det 15 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland, medan det i 2011 var 13 (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Totalt fire fartøy deltok i rekefisket i 2010, medan eit fartøy deltok i 2011.

Noreg fekk ikkje uer- og torskekvote frå EU i 2011. Heile kvoten frå Grønland og EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn.

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. I 2010 deltok berre eit fartøy, medan to deltok i 2011. I begge åra var det fritt fiske innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. I 2010 vart utnyttingsgraden berre 41 prosent, medan kvoten i 2011 vart overfiska med 50 tonn.

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

900

900

Aust-Grønland:

Blåkveite

275

275

275

145

Kveite

235

235

51

66

Uer

700

700

787

700

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

750

750

310

800

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 15.02.2012

Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy òg høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2010 og 2011.

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Brosme, lange, blålange

500

500

444

450

Kveite

-

4

4

Uer

-

10

17

Anna

-

56

45

Lodde2

30 671

49 926

30 805

46 171

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 23.03.2012.

2 Sesongen 2010/2011og 2011/2012

Noreg – Grønland – Island: lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2010/2011 og 2011/2012 går fram av tabell 5.8.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2010/2011 og 2011/2012

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

Art

2010/2011

2011/2012

2010/2011

2011/2012

Totalt

48 611

105 276

30 805

104 664

derav Grønland

27 600

69 165

-

58 493

derav Jan Mayen

27 600

80 865

-

-

derav Island

30 671

49 926

30 805

46 171

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 23.03.2012.

For sesongen 2010/2011 vart førebels TAC fastsett til 200 000 tonn 25. november 2010. Norsk kvote var samansett av 16 000 tonn frå trepartsavtalen, der 5600 tonn kunne fiskast i IØS, og 21 011 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. Sidan endeleg TAC for sesongen 2009/2010 vart sett høgare enn førebels TAC, fekk Noreg ein tilleggskvote på 1600 tonn, der 560 tonn kunne fiskast i IØS.

27. januar 2011 vart TAC auka frå 201 100 tonn til 325 000 tonn. Den norske totalkvoten vart då auka med 10 000 tonn der 3500 tonn kunne fiskast i IØS.

Til saman vart det fiska 30 805 tonn av totalt 33 ringnotfartøy. Norsk kvote vart sesongen 2010/2011 totalt 48 611 tonn lodde, der 30 671 tonn kunne fiskast i IØS.

For sesongen 2011/2012 vart førebels TAC fastsett til 732 000 tonn juli 2011. Norsk kvote var samansett av 58 560 tonn frå trepartsavtalen, der 20 496 tonn kunne fiskast i IØS og 24 411 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. I tillegg fikk Noreg eit kompensasjonstillegg på 11 700 tonn frå førre sesong, der 4095 tonn kunne fiskast i IØS. Noreg hadde og eit kvantum på 7 965 tonn lodde til gode frå EU frå loddesesongen 2004 som utelukkande kunne fiskast i Grønlands fiskerisone og fiskerisona ved Jan Mayen. Til saman kunne Noreg fiske 102 636 tonn lodde, der 49 002 kunne fiskast i IØS.

Loddefisket ved Grønland og Jan Mayen starta 8. juli medan loddefisket ved Island opna 1. oktober. 26. januar 2012 vart TAC auka frå 732 000 tonn til 765 000 tonn lodde. Norsk kvote auka då med totalt med 2 640 tonn der 924 tonn kunne fiskast i IØS.

43 fartøy deltok i fisket i Grønland si sone sommaren 2011, medan 61 fartøy deltok i fisket i IØS i januar og februar 2012. Det vart fiska totalt 104 664 tonn lodde sesongen 2011/2012.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

155

124

65

78

Hyse

93

88

81

125

Kviting

19

19

10

8

Raudspette

187

159

49

215

Sild2

4515

4001

3282

116

Makrell

3000

3000

1236

674

Brisling

3900

3900

914

709

Reker

4567

3882

2601

2701

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2012

2 Inntil 20 prosent av sildekvoten i Skagerrak i 2010 kan fiskast i Nordsjøen. I 2011 kan inntil 50 prosent av sildekvoten i Skagerrak fiskast i Nordsjøen.

Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja. I 2010 vart det fiska 310 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2011 var 342 tonn.

Desse kvotane vart fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2010 og 2011 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell i Skagerrak.

I 2010 og 2011 vart sildekvoten delt med 1000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Kystbrislingflåten fiska om lag 23 prosent i 2010 og 18 prosent i 2011 av brislingkvoten på 3900 tonn. Kystreketrålarane utnytta 57 prosent av kvoten i 2010, og 70 prosent i 2011.

Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9000 tonn. Dei seinaste åra har det òg vore forbod mot torskefiske, men i 2010 vart det opna for eitt torskefiske i underområde 3M etter elleve års moratorium. Den norske kvoten utgjorde 509 tonn. I 2011 vart torskekvoten sett til 925 tonn. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har òg høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 1990-talet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. Norske fartøy hadde i NAFO-underområde 3M høve til å fiske reker i 992 døgn i 2010. Fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. På grunnlag av bestandssituasjonen vart det i 2011 innført forbod mot å fiske reker i NAFO-underområde 3M. I 2010 vart den norske rekekvoten i 3L på 334 tonn, i 2011 vart rekekvoten redusert til 214 tonn.

I 2010 fiska ein reketrålar 325 tonn reker i 3L, ingen fartøy deltok i 2011. Ingen norske fartøy fiska etter reker i underområde 3M i 2010.

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

509

925

519

1117

Lodde

-

-

-

-

Uer

-

-

-

-

Reker 3M

-

-

-

-

Reker 3L

334

214

325

-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25.03.2012.

Norsk fiske i Irmingerhavet

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.11. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)1

2010

2011

2010

2011

Uer

3491

1613

4772

1934

1 Inkluderer òg fangstar under kvote tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.6. Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 26.03.2012/ERS ved Fiskeridirektoratet per 26.03.2012.

Norske fangstar auka drastisk frå ingen fangst i 2009 til 4568 tonn i 2010. Årsaka til dette var og at det vart funne lite uer i 2009, medan tilgangen på uer var god i 2010.

Det har utvikla seg eit større fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i ICES statistikkområde I og II (Smotthavet), og fartøy frå Noreg har òg delteke i dette fisket. I 2010 rapporterte norske fartøy 493 tonn og 582 tonn frå dette området i 2011.

Norsk vårgytande sild

Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.12 og 5.13.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2010

STAT

Kvote

Balanse 2010

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst 2010

Balanse 2011

EU

96 543

-4498

-

92 045

87 371

4674

Færøyane2

76 523

-580

-3600

72 343

72 703

-360

Island

215 183

-9611

-

205 572

201 743

3829

Noreg

904 630

-59 257

-10 000

835 373

877 586

-42 213

Russland

190 121

3477

10 000

203 598

198 987

4611

Totalt

1 483 000

-70 469

1 408 931

1 438 390

-29 459

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 25. mars 2012 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25. mars 2012.

2 Overført 3600 tonn til Grønland, Grønland fisket 3600 tonn i NØS.

Tabell 5.13 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2011

STAT

Kvote

Balanse 2011

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst

Balanse 2012

EU

64 319

4674

-

68 993

33 861

35 132

Færøyane2

50 981

-360

-3000

47 621

49 956

-2335

Island

143 359

3829

1483

148 671

148 120

551

Noreg

602 680

-42 213

-16 483

543 984

572 642

-28 658

Russland

126 661

4611

15 000

146 272

145 189

1083

Totalt

988 000

-29 459

955 541

949 768

5773

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå NEAFC per desemper 2011, kvotekontrolldata per 25. mars 2012 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25. mars 2012.

2 Overført 3000 tonn til Grønland, Grønland fisket 2730 tonn i NØS og 230 tonn i INT.

Kommentarar til oversikta (tabellane 5.12, 5.13, 5.14 og 5.15)

12. november 2008 vart kyststatsavtalen mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av norsk vårgytande sild for 2009 underteikna. Partane vart einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skulle trekkjast frå kvoten neste år. Denne ordninga har seinare vorte ført vidare.

For EU er tala for 2011 særs mangelfulle og består berre av opplysningar frå Fiskeridirektoratets kvotekontrollsystem per 25. mars 2012. For Færøyane og Russland består tabellane av tal rapportert til NEAFC per desember 2011 og opplysningar frå Fiskeridirektoratets kvotekontrollsystem per 25. mars 2012.

Færøyane fiska i 2011 eit vesentleg høgre kvantum i si eiga sone enn i 2010. Islendingane fiska i 2010 og 2011 heile 162 420 tonn og 129 500 tonn sild i si eiga sone. I 2010 og 2011 vart sonetilgangen til NØS ikkje fullt nytta.

Noreg fiska i 2010 heile 42 213 tonn meir enn den norske kvoten på 835 373 tonn (etter overføring og fleksibilitet). Dette kvantumet vart trekt frå norsk kvote for 2011. Både i 2010 og 2011 vart kvoten fiska i NØS, i internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2010 vart det òg fiska 3131 tonn sild til agn i IØS. I 2011 fiska Noreg heile 47 314 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 12 122 tonn i 2010.

I 2010 og 2011 fiska russarane eit betydeleg kvantum norsk vårgytande sild i internasjonalt farvatn og i vernesona rundt Svalbard. Det russiske hovudfisket føregjekk i NØS nord for 62.

EU, Island og Russland har overført unytta kvote til 2011, medan Færøyane og Noreg fiska på forskot på 2011-kvoten. Det same gjeld for 2011.

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2010

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

92 045

928

110

-

-

66 835

2932

16 566

-

87 371

Færøyane2

72 343

1430

-

4397

3040

63 186

650

-

-

72 703

Island

205 572

3580

-

7701

162 420

28 002

40

-

-

201 743

Noreg

835 373

12 122

2

-

3131

861 681

650

-

-

877 586

Russland

203 598

27 464

-

-

-

118 055

3531

49 937

-

198 987

Totalt

1 408 931

45 524

112

12 098

168 591

1 137 759

7803

66 503

-

1 438 390

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 25. mars 2012 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25. mars 2012.

2 Overført 3600 tonn til Grønland, Grønland fisket 3600 tonn i NØS.

Tabell 5.15 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2011

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

68 993

-

-

-

-

33 861

-

-

-

33 861

Færøyane2

47 621

4592

-

33 492

415

11 457

-

-

-

49 956

Island

148 671

-

-

10 801

129 500

7 603

216

-

-

148 120

Noreg

543 984

47 314

1

-

-

523 817

1510

-

-

572 642

Russland

146 272

29 286

-

18

-

78 528

2159

35 198

-

145 189

Totalt

955 541

81 192

1

44 311

129 915

655 266

3885

35 198

-

949 768

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå NEAFC per desemper 2011, kvotekontrolldata per 25. mars 2012 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25. mars 2012.

2 Overført 3000 tonn til Grønland, Grønland fisket 2730 tonn i NØS og 230 tonn i INT.

5.3 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2010 og 2011

Russland – Noreg

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse, blåkveite og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2010 og 2011 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.16).

Tabell 5.16 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

266 045

307 253

267 822

309 670

Hyse

111 400

139 750

111 361

139 836

Blåkveite

6750

6750

-1

-1

Lodde

115 000

105 000

77 236

86 531

1 Tal ikkje rapportert

Tala i tabell 5.16 inneheld murmansktorsk, kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål og overført tredjelandskvote. For åra 2010 og 2011 vart det avsett ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk og 7000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. I tillegg overførte Russland i 2011 4113 tonn torsk og 882 tonn hyse frå avsett tredjelandskvote til nasjonal kvote. Fangsttala er førebelse og rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Blåkveitebestanden vart fordelt i 2010, her manglar fangsttal for 2010 og 2011.

Tabell 5.17 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

NØS N 62°N:

Torsk

140 000

140 000

63 645

89 217

Hyse

30 000

35 000

20 695

30 657

Sei

15 000

15 000

12 919

8894

Blåkveite

6750

6750

4313

3489

Steinbit

4000

4500

980

1814

Uer

1500

1750

766

867

Snabeluer

1500

1750

411

532

Kolmule

9398

698

2175

371

Norsk vårgytande sild

201 290

141 661

117 428

78 528

Lodde

110 000

100 000

18 125

20 764

Andre artar

3 000

3 000

199

703

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

-

-

3455

2159

Makrell

-

-

18

-

Kolmule

-

-

282

27

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 21 mars 2012.

Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.17. Av torskekvoten i NØS i 2010 og 2011 vart høvesvis 45 prosent og 64 prosent fiska. I 2010 fiska Russland 69 prosent av hysekvoten sin, medan dei i 2011 hadde ei utnytting på 88 prosent. Hysekvoten vart auka frå 30 000 tonn til 35 000 tonn den 4. juli 2011.

Kvoten for snabeluer og uer kunne berre nyttast til bifangst i 2010 og 2011, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direktefiske og bifangst. Av totalkvoten på 15 000 tonn sei kunne inntil 8000 tonn fiskast i eit direktefiske i 2010 og 2011. Russland hadde i 2011 høve til å fiske 126 661 tonn sild i NØS nord for 62°N. I tillegg kom 15 000 tonn i kvotebytte mellom Noreg og Russland. Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N kunne òg fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2010 og 2011 er ikkje spesifisert.

EU – Noreg

Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.19. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2010 og 2011, går fram av tabell 5.18.

Tabell 5.18 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

27 848

22 278

26 672

14 912

Hyse

27 711

26 432

26 733

20 157

Sei

50 431

43 843

42 074

31 158

Kviting

12 107

13 349

11 422

9 981

Raudspette

59 557

68 862

58 521

53 050

Makrell

21 392

25 002

16 565

28 693

Nordsjøsild

116 653

142 000

113 778

113 182

1 Fangsttala for heile 2010 og 2011 per 31. oktober 2011 vart utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2011. Fangsttala for makrell i 2011 er per 31. oktober 2011.

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 5.19 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

NØS, N 62°N:

Torsk

20 571

14 127

22 419

15 616

Hyse

2050

1350

2031

1702

Sei

3000

2550

2351

2574

Blåkveite

50

50

11

36

Uer

750

750

111

49

Snabeluer

750

750

56

18

Kolmule

103 393

7529

14

92

Makrell

11 626

14 050

245

225

Sild

86 889

57 887

65 585

51 884

Andre artar

350

350

73

806

NØS, Nordsjøen2:

Torsk3

24 586

19 745

8665

5340

Hyse3

21 320

20 369

6247

3448

Sei3

51 311

44 723

22 068

16 560

Kviting3

8543

9234

812

451

Raudspette3

24 539

28 257

2214

2582

Makrell3

21 392

25 002

648

1522

Nordsjøsild3

50 846

50 846

3820

500

Augepål

1000

-

4

2

Kolmule

104 193

8329

3

0

Tobis

-

-

645

570

Reker

558

480

248

359

Andre artar

8760

8720

7608

2327

Fiskerisona ved Jan Mayen

Sild

-

-

2932

Kolmule

-

-

-

-

1 Kvotekontrollen/Elektronisk fangstrapportering i Fiskeridirektoratet per 26. mars 2012. Tala er basert på fartøya sine kalkulerte soner ved fiske.

2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2010 og 2011 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.24.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.19. I åra 2010 og 2011 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord for 62°N godt. Torskekvoten vart overfiska med 10,5 prosent i 2011. Forklaringa på dette er samansett. I 2011 var det ein del problem knytt til at enkelte EU-fartøy gav opp feil sone ved fangst. I fangsttala ovanfor er difor fangsten plassert på den kalkulerte sona til fartøyet ved fisket. Det er òg observert tilfelle av dobbelrapportering av fangst frå nokre av EU-fartøya. Det reelle fangsttalet for EU-fartøy kan difor vere noko lågare enn det som kjem fram i tabellen ovanfor, men det må likevel leggast til grunn at EU overfiska torskekvoten i 2011.

EU sin sildekvote nord for 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.

EU sin makrellkvote nord for 62°N kunne òg fiskast sør for 62°N i ICES-område IVa i Nordsjøen i 2011. EU sine kvotar av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

I 2010 bestod EU sin kolmulekvote av kvantum gjennom EU-avtalen og kolmuleavtalen. EU kunne då fiske 2000 tonn gjennom EU-avtalen og 101 393 tonn gjennom kolmuleavtalen. I 2011 kunne EU fiske 7529 tonn kolmule i NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen gjennom kolmuleavtalen. I tillegg kunne EU (Sverige) fiske 800 tonn industrifisk sør for 62°N.

EU sine fangstar i NØS sør for 62°N som del av deira samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2010 og 2011 desse prosentane: for torsk 35 og 27 prosent, for hyse 29 og 17 prosent, for sei 43 og 37 prosent, for kviting 10 og 5 prosent og for raudspette 9 og 9 prosent.

EU utnytta høvesvis 87 prosent og 27 prosent av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2010 og 2011.

Færøyane – Noreg

Kommentarar til oversikta

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.20. På grunn av usemje om makrell vart det ikkje inngått ein kvoteavtale mellom Færøyane og Noreg for 2011. Færøyane har like fullt høve til å fiske kolmule og sild gjennom fempartsavtalen og «kolmuleavtalen».

Tabell 5.20 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2010

2011

2010

2011

NØS, N 62°N:

Torsk

4244

-

4245

-

Hyse

1580

-

1542

-

Sei

807

-

817

-

Blåkveite

-

-

17

-

Sild

63 599

22 384

63 361

11 137

Kolmule

11 258

836

31

-

Makrell

2000

-

185

-

Andre artar3

450

-

111

5

NØS, Nordsjøen:

Sei

368

-

140

-

Nordsjøsild

712

-

712

-

Kolmule

11 258

836

-

Brisling

500

-

-

Makrell

2000

-

-

Hestmakrell

200

-

-

-

Håbrann/pigghå

-

-

-

Andre artar

100

-

53

-

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Makrell

-

Kolmule

11 258

836

Sild

75 185

30 103

650

-

1 Kvotar etter overføringar frå RØS til NØS.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 21. mars 2012.

3 Inkludert kvote på snabeluer.

Færøyane sine kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord for 62°N for 2010 er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland.

Etter avtale med Noreg kunne delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2010 vart kvotane frå Noreg på 2244 tonn torsk, 1581 tonn hyse, 1125 tonn sei og 100 tonn andre artar. Det vart overført 318 tonn sei frå kvoten nord for 62°N til sør for 62°N den 17. november 2010. Torske-, hyse- og seikvoten nord for 62°N vart godt utnytta i 2010.

Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 5.20 og kvotane frå Noreg i 2010 syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone.

Færøyane kunne fiske totalt 45 185 tonn norsk vårgytande sild i norske havområde i 2010, av desse kunne 33 599 tonn fiskast i NØS nord for 62°N. I tillegg fekk Færøyane gjennom kolmuleavtalen og kyststatsavtalen for norsk vårgytande sild 13. januar 2010 lov til å fiske ytterlegare 30 000 tonn sild i NØS. I 2011 kunne Færøyane gjennom fempartsavtalen fiske totalt 30 103 tonn i norske havområde. Av desse kunne maksimalt 22 384 tonn fiskast nord for 62°N.

I 2010 kunne 11 258 tonn av kolmulekvoten fiskast nord for 62°N og i fiskerisona ved Jan Mayen. Gjennom «kolmuleavtalen» kunne Færøyane i 2011 fiske 836 tonn i heile NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Færøyane hadde i 2010 ein kvote på 2000 tonn makrell, kvoten kunne fiskast i heile NØS med unntak av Skagerrak.

I 2010 inkluderte Færøyane sin seikvote sør for 62°N bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjaldt for sildekvoten. I 2010 vart det overført 318 tonn sei frå kvoten nord for 62°N til sør for 62°N. Færøyane nytta 38 prosent av seikvoten i 2010.

Kvoten på hestmakrell kunne i 2010 òg fiskast nord for 62°N.

Grønland – Noreg

Kommentarar til oversikta

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.21. Grønland nytta kvotane sine godt i 2010 og 2011.

Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande høvesvis 4450 tonn og 1350 tonn i 2010. I 2011 overførte Grønland 5000 tonn torsk og 1500 tonn hyse frå Russland til NØS. Grønland fikk høve til å fiske 3000 tonn sild nord for 62°N i 2011 etter å ha fått kvote overført frå Færøyane.

Tabell 5.21 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

NØS, N 62°N:

Torsk

6600

7150

6584

6584

Hyse

1980

2130

1969

2076

Sei

1000

1000

956

440

Sild

3600

3000

3600

2730

Andre artar

260

260

114

63

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 21. mars 2012

Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62°N på 5500 tonn i 2010 og 6388 tonn i 2011 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.22.

Tabell 5.22 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2010 og 2011 i NØS nord for 62°N

Kvoter (tonn)

Fangst1 (tonn)

Art

2010

2011

2010

2011

NØS, N 62°N:

Torsk

5500

6388

5809

6354

Hyse2

-

749

1125

Sei2

-

109

107

Sild

40 041

28 159

25 957

10 005

Anna2

1650

1916

60

18

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

215 183

143 359

43

215

Kolmule

-

-

Annet

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 21. mars 2012

2 Bifangst inntil 30 prosent.

Kommentarar til oversikta

Island kunne fiske til saman 215 183 tonn og 143 359 tonn sild i 2010 og 2011 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 40 041 tonn og 28 159 tonn fiskast i NØS nord for 62°N. I samhøve med den bilaterale avtalen mellom Island og Noreg for 2011 skulle Noreg overføre 1483 tonn til Island i 2011 dersom Island fiska mindre enn 29 660 tonn i NØS nord for 62°N i 2010. Ifølgje tal frå norsk kvotekontroll fiska Island 25 957 tonn i NØS nord for 62°N i 2010. Med bakgrunn i dette overførte Noreg den 16. september 2011, ein kvote på 1483 tonn sild til Island.

Island overfiska torskekvoten sin med 6 prosent i 2010. I 2011 nytta Island 99 prosent av torskekvoten i NØS. Bifangst av hyse er auka noko i 2011 samanlikna med 2010.

Av sildekvoten i NØS i 2010 og 2011 vart høvesvis 65 prosent og 36 prosent nytta.

EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.23. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har òg andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 5.23 syner at EU nyttar kvotane på torsk, nordsjøsild og raudspette best. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.

Tabell 5.23 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

Torsk

4638

3711

3836

2944

Hyse

2108

2007

1335

0

Kviting

1031

1031

74

52

Raudspette

9163

7791

8383

7123

Nordsjøsild

28 890

25 999

25 750

18 825

Brisling

48 100

48 100

9057

6375

Reker

5233

4448

2689

2292

1 Fangsttala for heile 2010 og 2011 per 31. oktober 2011 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2011.

Sverige – Noreg

Kommentarar til oversikta

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.24. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2010 fiska svenske fartøy 724 tonn industrifisk, medan dei i 2011 fiska 671 tonn.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Tabell 5.24 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2010

2011

2010

2011

NØS, Nordsjøen:

Torsk

382

382

322

288

Hyse

707

707

82

109

Sei

880

880

779

771

Kviting

190

190

38

38

Industrifisk

800

800

724

671

Makrell

242

242

242

242

Nordsjøsild

846

846

846

728

Reker

138

123

138

123

Andre artar

-

-

71

104

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

5.3.1 Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa òg regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

Tabell 5.25 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard

Fangstar1 (tonn)

Maksimalt tilletne fiskedøgn

Land

2010

2011

2010

2011

EU

1141

829

1080

1080

Færøyane

588

3626

922

922

Grønland

-

-

450

450

Noreg2

7669

6700

5795

5795

Island

-

-

70

70

Russland

-

-

3256

3256

Canada

-

-

108

108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 21. mars 2011

2 For norske fartøy er fangsten basert på elektronisk rapportering fra fartøyene

Til forsida