Meld. St. 25 (2011–2012)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011

Til innhaldsliste

Del 2
Dei ulike fiskeriavtalane for 2012

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2012

3.1 Bakgrunn

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land og i internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjoner.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2012 er førte med Russland, EU, Island og Grønland. Det er òg ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Noreg har i 2011 og 2012 samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholavtalen.

Noreg tek vidare del i årlege kyststatsforhandlingar om makrell, nvg-sild og kolmule. Makrellforhandlingane har pågått i lang tid, men ein har enno ikkje lukkast å få semje mellom partane. Avtalane for nvg-sild og kolmule er vidareført for 2012.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek òg del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

Det ligg ei balansert vurdering til grunn for Fiskeri- og kystdepartementet si utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES (Det internasjonale råd for havforsking), og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeri- og kystministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Det vitskaplege arbeidet som ligg til grunn for å fastsetje kvotar

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

ICES vart danna i 1902, og sekretæriatet ligg i i København. Per i dag har ICES 20 medlemsland. I tillegg har ICES fleire observatørarland. ICES har eit nettverk som består av meir enn 1600 forskarar frå 200 institutt, som har mandat frå ICES-konvensjonen som er vedteken av medlemmane i ICES. Forskarane samlar informasjon og forsking. ICES publiserer vitskapleg informasjon og rådgjeving i rapportar, publikasjonar (mellom anna ICES Journal of Marine Science) og på ICES sine heimesider.

Arbeidet til den rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning i ICES (ACOM) er nærmare omtalt seinare i meldinga. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa til ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Den norske forvaltninga av dei viltlevande marine artane, og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land, er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

3.3 Kvoteavtalane for 2012

Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. år om anna er det òg mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite og lodde. Partane vart einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er òg einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane. Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland.

Kvoteavtalen for 2012 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Kaliningrad, Russland, 14. oktober 2011.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 751 000 tonn i 2012. I tillegg vart det fastsatt ein kvote på kysttorsk på 21 000 tonn.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 104 286 tonn. Av dette kan 29 480 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 43 515 tonn for fiske i NØS og 31 291 tonn for fiske i RØS. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62?N på 339 857 tonn.

Kvoten for torsk til forskings- og forvaltningsformål er i 2012 på 7000 tonn for kvar av partane.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 318 000 tonn, inklusive forskingsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 20 494 tonn, som er delt med 8 856 tonn i NØS, 5 270 tonn i fiskevernsona ved Svalbard og 6 368 tonn i RØS. Russland har overført 4500 tonn nordaust-arktisk hyse til Noreg for 2012. Etter overføring er den norske kvoten på 153 753 tonn og den russiske på 135 753 tonn.

Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontrollomsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland òg for 2012 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140 000 tonn torsk og 35 000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

Partane vart i 2009 samde om ein fordelingsnøkkel for blåkveite som inneber at Noreg får 51 prosent, Russland får 45 prosent og 4 prosent er sett av til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. Fordelinga er basert på eit omfattande vitskapleg arbeid av norske og russiske forskarar. Partane har fastsett ein totalkvote på 18 000 tonn for 2012. På den 40. sesjonen vart partane samde om tekniske reguleringstiltak i fisket etter blåkveite.

Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 prosent sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. Difor, og i tråd med beskatningsstrategien, bestemte partane at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004-2008. I 2009 vart det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, vedteke å opne fisket etter lodde igjen, og for 2012 vart loddekvoten sett til 320 000 tonn.

Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer og snabeluer utgjer 3500 tonn for 2012. Vidare har Russland ein kvote på 14 250 tonn sei, 6250 tonn i bifangst ved fiske av torsk og hyse, og 8000 tonn i direkte fiske. Russland har òg ein kvote på 4500 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

Russland kan i tillegg fiske 6806 tonn kolmule i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3000 tonn andre artar som bifangst.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2012, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 2 500 tonn reker, 2200 tonn steinbit, 500 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 7000 vaksne dyr i 2012.

Norsk forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe, som mellom anna inneber ei todelt forvaltning på norsk side. I eit kystnært område aust for 26°Ø vert bestanden forvalta som ein ressurs og fangsten regulert, medan det utanfor dette området er utkastforbod og fri fangst av kongekrabbe. Den norske totalkvoten for reguleringsåret 2012/2013 i det regulerte området er på 900 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar. Reguleringsåret går no frå 1. august til 31. juli. Den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 4000 tonn for 2012.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Grunna mange effektive tiltak, så er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerer.

Det er fleire tiltak som er implementerte for å oppnå måla om ei berekraftig forvaltning. Mellom anna så har Noreg og Russland løpande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands hamner av fisk som utgjer fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet, på fartøynivå.

Noreg og Russland er enige om å halde fram med samarbeidet om å gjennomføre inspeksjonar av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar frå kvarandre høve til å opphalde seg på den andre parten sitt fartøyer for å gjennomføre inspeksjonar av fartøy med eigen stats flagg som driv fiske i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet.

Noreg og Russland er òg enige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa for 2012. Gruppa består av representantar frå Fiskeridirektoratet og Kystvakta og Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og FSB si grenseavdeling i Murmansk fylke. Ekspertar kan engasjerast i gruppa sitt arbeide. Det vart bestemt at analysegruppa skal møtast etter behov i 2012. Analysegruppa skal òg samarbeide for å samkøyre informasjon på fartøynivå for norske og russiske fartøy. Dette bidreg til å avdekkje moglege brot på fiskerilovgjevinga. Eit anna formål med arbeidsgruppa er å få ei felles vurdering av totaluttaket av torsk og hyse for Noreg, Russland og tredjeland i Barentshavet og Norskehavet. Analysegruppa rapporterer om arbeidet sitt på møta i Det permanente utvalet. Det er sidan 2009, ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Det vart halde ein ekstraordinær 41. sesjon i Moskva 8.-10. februar 2012. Sesjonen gjaldt i hovudsak arbeidet med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet, inkludert spørsmål om vernesona ved Svalbard. Eit anna tema på den ekstraordinære sesjonen var utkast av fisk, hovudsakleg fordi Noreg reserverte seg mot den utkastformuleringa som vart skriven på den 40. sesjon. Bakgrunnen for reservasjonen var at formuleringa ga store bevismessige utfordringar for kontrollen med fisket.

Partane vart og einige om at dette er sentrale oppgåver for Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon, og avtalte difor å arbeide vidare med harmonisering av regelverket og spørsmål knytt til utkast av fisk.

Partane vart samde om å utarbeide retningslinjer for å gjennomføre inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet. Målet med retningslinjene er å etablere ei sameint forståing når det gjeld gjennomføring av inspeksjonar.

Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje totalkvotar for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 òg fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka medan bestandar EU gjev Noreg som motyting minkar. Dette gjer at Noreg i 2012 har heldt tilbake over 14 000 tonn torsk.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Sjølv om ein ikkje gjer alt likt har Noreg og EU eit godt og tett samarbeid på fiskeriforvaltningsområdet.

Partane har no på plass forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er no eit viktig verktøy for forvaltarane. For botnfiskbestandane i Nordsjøen er det særskilt torsken som har vore i dårleg forfatning. Partane har difor, i samsvar med råd frå ICES, ein gjenoppbyggingsplan for torsk, som igjen skal bringe bestanden opp på eit berekraftig nivå.

I arbeidet med å forbetre beskatingsmønsteret i Nordsjøen, er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande reglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken. Fisk som vert kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU. For meir om utkast, sjå kap. 2.3.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar som kontrollerer og overvakar og ved satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Òg elektronisk fangstrapportering er viktig i samband med kontroll og Norge og EU har no ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 prosent. Basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vasstrekkprosedyrane i fleire EU-land, har Noreg, EU og Færøyane gjennom fleire år vorte einige om å skjerpe kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. Vi er òg einige om å styrkje kontrollen på havet. Som nemnt over har partane avtalt ytterlegare tiltak i pelagisk sektor. Det vert lagt særleg stor vekt på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) og difor er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje sitt arbeid med ulovleg, urapportert og uregulert fiske. For meir om kontroll sjå kapittel 2.8 – 2.9.

2012-avtalen

Noreg og EU underteikna 2. desember 2011 ein kvoteavtale for 2012.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2012 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

26 475

4 501

21 974

Hyse

39 166

9 008

30 158

Sei

79 320

41 546

37 774

Kviting

17 056

1 306

15 750

Raudspette

84 410

5 209

79 201

Makrell

71 197

46 685

24 512

Sild

405 000

117 450

287 550

Tala inkluderer overføring av 150 tonn hyse, 500 tonn kviting og 200 tonn raudspette frå Noreg til EU og 950 tonn sei frå EU til Noreg.

I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 39 166 og 79 320 tonn i 2012. Dette er ein auke for hyse og ein nedgang for sei. Kvitingkvoten på 17 056 tonn er ein auke frå 2011. Kvoten for raudspette er auka frå 2011 til 2012.

For nordsjøsild vart partane einige om ein auke i kvoten til 405 000 tonn.

Partane har høve til å fiske heile eller delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2012 (tonn):

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Tobis

2300*

Blålange

150

Lange

6140

850

Brosme

2923

170

Kombinert kvote

140

Reker

357

Hestmakrell

3550

Andre artar

2720

5000

Tunge

50

Breiflabb

1500

Sjøkreps

1200

* I avtalen var kvoten på tobis 20 000 tonn men på grunn av eit uventa dårleg råd frå ICES måtte dette reforhandlast.

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er på same nivå som i 2011. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er vidareført på 1500 tonn. Det same er EU sin kvote på sjøkreps.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 201 (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Norsk-arktisk torsk

16 309

Norsk-arktisk hyse

1 350

Sei

2 550

Blåkveite (bifangst)

50

Anna (bifangst)

350

Mellom anna grunna reduksjon i kolmulekvoten og ein auke i torskekvoten, kan ikkje EU gje Noreg full kompensasjon for deira torskekvote i Barentshavet. EU vart difor tildelt 16 309 tonn av eit tilbod på 30 512 tonn.

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2012 er difor redusert. EU har tidlegare òg vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Noreg pliktar å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2012 på 1500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2012 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Brisling (EU-sona)

10 000

Blåkveite (EU-sona)

350

Reker (Grønland si sone)

2900

Blåkveite (Grønland si sone)

1624

Uer (Grønland si sone)

1500

Kveite (Grønland si sone)

150

Skolest og isgalt (Grønland si sone)

120

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite og kveite på same nivå medan kvoten på reker er noko redusert. Kvoten på uer er kraftig auka. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart vidareført på 10 000 tonn.

Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 2. desember 2011 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2012.

Tabell 3.5 Kvotane som gjeld for 2012 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

3783

123

3660

Hyse

2409

101

2308

Kviting

1050

19

1031

Raudspette

7950

159

7791

Reker

7080

3300

3780

Sild

45 000

6002

38 998

Brisling

52 000

3900

48 100

Totalkvotane for torsk og reke er noko reduserte, medan totalkvotane hyse og sild er noko auka. Kvotane for brisling, kviting og raudspette er dei same som i 2011.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2012. Norske fiskarar kan i 2012 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

I følgje Skagerrak-avtalen, er havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg starta difor ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein konsekvens av dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten opphøyrer 7. august 2012. Noreg og EU arbeider for å inngå ei ny avtale som sikrar gjensidig tilgang inntil 4 nautiske mil av grunnlinja i kvarandre sine soner for fiskarar frå Sverige, Noreg og Danmark.

Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2012 vart underskriven av Noreg og EU i Bergen 2. desember 2011.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2012:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 123 tonn reker, 922 tonn sild, 242 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er ei vidareføring av nivået frå 2010, bortsett frå ein liten auke i sildekvoten.

Noreg- Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til kvarandre. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere ein godt balansert avtale, der kvoten som Norge byter til seg frå Færøyane i hovudsak skal representere eit reelt høve til fiske for norske fartøy.

Sidan partane ikkje vart einige i makrellforhandlingane i 2011, vart det ikkje forhandla om nokon byteavtale for 2012.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland har Færøyane fått høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noreg si økonomiske sone for å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane. I fråver av ein avtale mellom Noreg og Færøyane vert det ikkje gjeve høve til eit slikt byte i 2012.

Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar kan ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2012:

I NØS nord om 62ºN: 3 200 tonn nordaust-arktisk torsk, 1 000 tonn nordaust-arktisk hyse, 1000 tonn norsk-arktisk sei og inntil 260 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan òg fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Medan kvotane på torsk og hyse er auka frå 2 150 og 1 000 tonn, er kvoten på sei uendra frå 2011. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg sin økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Dette elementet gjeld òg så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde. For 2012 har Grønland fått overført heile kvoten for fiske i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN.

Grønland sine kvotar i Nordsjøen er fasa ut.

Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er noko endra frå 2011 til 2012. I 2012 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:

Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør om 64º30ºN.

Ved Aust-Grønland: 275 tonn blåkveite, 1 500 tonn pelagisk uer, 400 tonn uer fiska med botntrål/line, 160 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareførd i 2012. Partane er einige om å fullføre samarbeidet om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner i løpet av 2012.

Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998 – 1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, òg av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2012 fiske 6835 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2011 var tilsvarande tal 6388 tonn. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For 2010/2011 var loddekvoten 21 011 tonn og for 2011/2012 var kvoten 24 411 tonn. Ifølgje avtalen har Noreg krav på 26 111 tonn lodde for fiske i 2012/2013. Utsiktene for bestanden har vore usikre og Noreg har difor med bakgrunn i avtalen gått inn i forhandlingar om alternativ kompensasjon ved eit bortfall av loddefiske ved Island. Dette vil verte vidareført.

Smottholavtalen skal ikkje reviderast før i 2014, då avtalen vart vidareført i 2010.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltinga av silda. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigardel på 57 prosent. Med basis i prinsippet om sonetilhøyring, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003-2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 òg med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av nvg-silda for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av nvg-silda. Avtalen inneheldt og ein langsiktig forvaltningstrategi. Partane var òg samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

For 2012 har kyststatane sett TAC til 833 000 tonn, som er ein reduksjon på om lag 16 prosent frå 2011. Noregs del på 61 prosent ligg fast og utgjer 508 130 tonn for 2012. Sildebestanden er i god forfatning og vert hausta berekraftig. Reduksjonen i kvotane for 2012 kjem av ei svakare rekruttering etter 2004. Partane er framleis einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen frå 2007 som har til formål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. I følgje ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

Etter semje mellom partane er det innført kvotefleksibilitet frå årsskiftet 2010/2011. Dette gjev kvar av partane høve til å overføre 10 prosent av den nasjonale kvoten til påfølgjande år. Det er òg høve til å forskotere 10 prosent av kvoten for påfølgjande år. Alt overfiske (òg utover 10 prosent) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga òg gjer det mogleg å sanksjonere overfiske utover 10 prosent.

I tilknyting til kyststatsavtalen vart partane einige om å vidareføre sonetilgangen i 2012 på same relative nivå som i 2011:

  • Fartøy frå Island kan fiske 120 868 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62°N, men ikkje meir enn 22 491 tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 16 600 tonn i NØS i 2012, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 833 tonn i 2013. Norske fartøy kan fiske 58 570 tonn i islandsk økonomisk sone.

  • Fartøy frå Færøyane kan fiske 25 380 tonn sild i norske jurisdiksjonsområde nord for 62°N, men ikkje meir enn 18 873 tonn i NØS. Norske fartøy kan fiske 19 523 tonn sild i Færøyane si fiskerisone.

  • Fartøy frå EU og fartøy frå Noreg kan fiske 48 805 tonn i kvarandre sine farvatn nord for 62°N.

  • Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote på 106 791 tonn i norske farvatn nord for 62°N.

Partane vart samde om at forvaltningsplanen for nvg-sild skal reviderast i løpet av 2012, i forkant av kyststatsforhandlingane for 2013.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda. Ingen av partane sa opp avtalen innan fristen i 2011, og avtalen gjeld dermed til og med 31. mai 2013. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2012.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2012. Bestandssituasjonen for kolmule er framleis prega av sviktande rekruttering, men kvoten aukar frå 2011 og er sett til 391 000 tonn i 2012. Innanfor denne kvoten har kyststatane gjennom NEAFC òg lagt til rette for ei avsetning til andre lands fiske i internasjonalt farvatn.

Sidan bestandssituasjonen for kolmule har vore dårleg dei seinare åra grunna sviktande rekruttering, vart kyststatane i 2008 samde om ein ny forvaltningsplan for å sikre berekraftig forvaltning på føre-var-nivå. Partane har for 2012 fastsett ein kvote som er i samsvar med planen, men partane er vidare samde om at forvaltningplanen skal reviderast innen kystatsforhandlingane om kolmule for 2013.

Noreg og EU er einige om å oppretthalde den gjensidige sonetilgangen for 2012 på same nivå som i 2011. Dette inneber at norske fartøy òg i år kan fiske 68 prosent av den norske kyststatskvoten i EU-sona, og vidare at norske fartøy kan fiske 64 227 tonn i EU-farvatn i 2012.

I kyststatsavtalen har norske fartøy òg fått vidareført sonetilgang på 4,53 prosent av referanse-TAC til færøysk sone i 2012. Norske fartøy kan såleis fiske inntil 16 302 tonn kolmule i færøysk sone i år.

Den norske totalkvoten er på 94 541 tonn kolmule i 2012.

Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000.

Trepartsavtalen inneheldt ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skulle sikre at uttaket av bestanden skjedde innanfor forsvarlege biologiske rammer. Avtalen vart revidert og endra hausten 2008 etter råd frå ICES. Dette skulle gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgt langtidsutbytte.

Partane vart ikkje einige om ein ny trepartsavtale for 2010. Noreg og EU inngjekk difor ein bilateral avtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I avtalen vart partane samde om fordelinga seg imellom og tilgang til kvarandre sine farvatn for fisket etter makrell.

15.-18. mars 2010 møttest Noreg, EU, Færøyane og Island med sikte på å inngå ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Dette var første gong Island deltok på lik linje med dei opphavlege kyststatane. Russland deltok som observatør. Forhandlingane vart avslutta utan resultat. Usemja gjaldt Island og Færøyane sine krav om høgre del av kvoten og spørsmålet om sonetilgang.

I løpet av 2010, 2011 og i byrjinga av 2012 vart det halde 11 forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. Noreg og EU inngjekk difor på nytt ein bilateral avtale om forvaltning av makrell i 2012 den 9. mars 2012.

Forhandlingane held venteleg fram i 2012.

Forvaltninga av uer

Det finst tre artar av uer i Nordaust-Atlanteren, der to er av kommersiell interesse. Det er størst merksemd knytt til snabeluer-bestandane i Irmingerhavet og i Norskehavet, som vert utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Irmingerhavet

ICES sitt råd for 2012 var at ein ikkje skulle hauste meir enn 20 000 tonn.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland vart i mars 2011 samde om ein fordelingsnøkkel og nedtrappingsplan for fisket. Noreg har i denne avtalen 3,85 prosent av totalen. Det samla uttaket har vore altfor høgt, og Russland er ein av dei store aktørane i dette fisket. Uttaket var òg i 2011 vesentleg høgare enn ICES si tilråding, fordi Russland, som ikkje godtek allokeringsnøkkelen, nærast driv eit uregulert fiske. Heller ikkje i 2012 er Russland part i avtalen, som set ei grense på 32 000 tonn snabeluer inkludert fordelinga tiltenkt Russland. Fram til og med 2010 var det berre semje om at kvoten ikkje skulle aukast. Noreg fiska heile kvoten i 2010 og 2011. Den norske kvoten i 2012 er på 1232 tonn. Avtalen for 2012 inneber ei betre og utvida tid- og områdeavgrensing for fisket.

Snabeluer i Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter uer i den internasjonale delen av Norskehavet. Denne uerbestanden er hovudsakleg i norsk sone, men dreg på næringsvandring til internasjonalt farvatn tre månader om hausten. ICES tilrår nullfiske i mangel av ein gjenoppbyggingsplan. Den norske haldninga var og er at det er viktig av omsyn til bestanden å få regulert dette fisket.

Ei uavhengig utgreiing vart sett i gang av NEAFC i 2008 med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på minst 90 prosent. Noreg inviterte dei andre NEAFC-partane til drøftingar om fordeling hausten 2009, utan at ein vart samde.

Noreg fremma forslag i NEAFC om nullfiske i i åra 2007-2011, men har ikkje fått gjennomslag. NEAFC vedtok derimot ein totalkvote på 15 500 tonn for 2007, 14 500 tonn for 2008,10 500 tonn for 2009, 8600 tonn for 2010 og 7 900 tonn i 2011. For 2012 vart totalkvoten sett til 7500 tonn. Fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle kappfiskar inntil totalkvoten er teken og fisket vert stogga. Frå og med 2010 vart fiskeperioden utvida til å gjelde frå 15. august til 1. desember, til sterke protestar frå Noreg.

NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra, gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2012 12 medlemsland, frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av St.Pierre et Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert naudsynte endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedtekne på årsmøtet i 2007. På årsmøtet i 2008 vart den reviderte konvensjonsteksten vedteken i plenum. Noreg har ratifisert den reviderte konvensjonen, men han har enno ikkje tredd i kraft.

Etter ti år med moratorium vart direktefisket etter torsk i reguleringsområde 3M opna igjen i 2010. Totalkvoten vart fordelt etter den historiske fordelingsnøkkelen, noko som innebar at Noreg fekk behalde sin del på 9,25 prosent. For 2011 vart TAC sett til 10 000 tonn i tråd med tilrådinga frå havforskarane. Dette ga Noreg ein kvote på 925 tonn. Òg for 2012 vart havforskarane si tilråding følgd, og TAC vart sett til 9 280 tonn. Den norske kvoten vart på 859 tonn.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap. Det har føregått to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med havforskarane si tilråding, eit moratorium på rekefisket i 2011 i område 3M. I rådgjevinga for 2012 stadfesta forskarane den sviktande bestandssituasjonen, og tilrådde ei vidareføring av moratoriet for 2012. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje denne tilrådinga.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere TAC. Partane vart samde om ein reduksjon over 2 år. TAC vart fastsett til 19 200 tonn for 2011 og til 17 000 tonn for 2012. For 2011 gav dette Noreg ein del på 214 tonn. For 2012 tilrådde havforskarane å redusere totalkvoten til 9 350 tonn. På årsmøtet vart partane ikkje samde om å følgje tilrådinga frå forskarane, og fleirtalet vedtok ein totalkvote på 12 000 tonn. Noreg og Island stemde i mot.

Noreg har og kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.

Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore vurdert som usikker. Ei arbeidsgruppe vurderte difor i 2010 alternative forvaltningsstrategiar og haustingsreglar. Med utgangspunkt i i modellar frå arbeidsgruppa vedtok årsmøtet i NAFO ein TAC for 2011 på 17 500 tonn. I tråd med forvaltningsstrategien vart ein totalkvote på 16 326 tonn vedteken for 2012. Heile kvoten er delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir.

NAFO har dei siste åra arbeidd for å implementere fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105) om å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem vert skåna. NAFO har òg arbeidt med FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på ope hav. Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande områda. NAFO har vidare vedteke at det skal stillast ulike krav i noverande og i nye område. Men dersom fisket i noverande område inneber store endringar samanlikna med tidlegare år, for eksempel bruk av nye reiskapstypar, eller på bakgrunn av ny vitskapleg informasjon, vil dei strengaste reglane verte nytta.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område for fiske med botnreiskapar. I dag er i alt 18 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar. Desse inkluderer 12 viktige korall- og svampområde, ei sone med beskytta korallar og fem område med undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk som regulerer botnfiske og fartøya sine handlingar ved samanstøyt med sårbare marine økosystem. Grenseverdiane for samanstøyt er sett til 60 kg korallar. På årsmøtet i 2011 vart grenseverdiane for svamp reduserte frå 800 kg svamp per fangst til 600 kg for noverande område og til 400 kg for dei nye ufiska områda. Det er stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord i nye område. Fartøyet pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Hamnestatskontrollregimet for NAFO vart vedteke på årsmøtet i 2008. Teksten baserer seg i stor grad på NEAFC sitt system. NAFO si svarteliste vart på årsmøtet i NEAFC i 2007 inkludert i NEAFC si svarteliste. Vidare er det eit krav om 100 prosent satellittsporing og observatørdekning i NAFO sitt område.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.int.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal vidare leggje til rette for ei berekraftig, samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskeressursane For å nå målet skal kommisjonen sørgje for at forvaltninga er basert på den best tilgjengelege vitskapelege kunnskapen og ei føre-var-tilnærming. Samtidig skal forvaltninga ta omsyn til den påverknaden fiskeria har på marine økosystem og behovet for å bevare den marine biologiske biodiversiteten.

NEAFC har dei siste åra arbeidd for å tilpasse organisasjonen til utviklinga i internasjonal havrett, i tråd med m.a. prinsippet om føre-var og økosystemforvaltning. Noreg har vore ein sentral pådrivar for denne utviklinga.

Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten for å gje organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav mv. Partane har òg slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til desse trer i kraft. Noreg og EU har ratifisert endringa i konvensjonen. Dei andre partane har varsla at dei har sett i gang prosessar for å ratifisere konvensjonen.

Den viktigaste funksjonen til NEAFC i dag er difor å bidra til utviklinga av gode regionale kontrollregime og ei utvikling mot ei meir økosystembasert forvaltning av havområda. NEAFC sine myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak vert sett i verk. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet, med unnatak av sjøpattedyr og langtmigrerande artar i den grad dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (for eksempel tunfisk). Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

.

Fiskerireguleringar

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane.

I desember 2005 vart kyststatane for første gong samde om ei regulering av fisket etter kolmule. Frå 2008 til 2011 vart totalkvoten på kolmule redusert frå 1 250 000 tonn til 40 100 tonn. Reduksjonen heng saman med den dårlege bestandssituasjonen etter sviktande rekruttering dei seinare åra.

Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde for 2011 var på 5831 tonn, og innanfor denne vart Russland tildelt 2974 tonn og Grønland 217 tonn. Dette er ei vidareføring av dei relative andelane til partane. I tillegg har Russland hatt ein særskilt kvote som skal fasast ut innan 2012. Denne særskilte kvoten var på 4000 tonn i 2011 Russland reserverte seg imidlertidmot NEAFC-reguleringa og fastsett ein eigen autonom kvote i internasjonalt farvatn på 45 000 tonn.

Kyststatane vart hausten 2011 samde om ei samla kyststatsavsetning i tråd med den langsiktige forvaltningsstrategien på 391 000 tonn. Dette gjev ein kvote i NEAFC på 31 119 tonn i 2012. Avsetninga til Russland og Grønland er sett til høvesvis 29 002 og 2117 tonn.

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på pelagisk uer i Irmingerhavet. Island, Færøyane og Grønland er rekna som kyststatar. Partane i NEAFC vedtok for 2007 og 2008 reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet innanfor ein totalkvote på 46 000 tonn. Denne reguleringa vart vidareført i 2009 og 2010, men utan at det vart sett nokon eksplisitt totalkvote i reguleringa og med marginale justeringar i tid- og områdeavgrensingane. Det vart vedteke at kvar part skulle etablere forvaltningstiltak og fastsetje ein totalkvote som ikkje var høgare enn totalkvoten i 2008.

Kystatane kom ikkje fram til nokon avtale hausten 2010. Etter eit møte i mars 2011 vart Island, Færøyene, Grønland, EU og Noreg einige om ein forvaltingsavtale med ein gradvis reduksjon av TAC frå 38 000 tonn i 2011 til 20 000 tonn i 2014. Avtalen tilsvarer posisjonane til kyststatane når det gjeld del av kvoten. Elles inneheld avtalen ei oppdatering av kontroll- og rapporteringsrutinar og det skal òg lagast ein forvaltningsplan i perioden. Totalkvoten for 2012 er på 32 000 tonn. Dette gjev ein norsk kvote på 1232 tonn.

Russland har så langt ikkje vorte med på avtalen på grunn av usemje om del av kvoten og den vitskaplege rådgjveinga.

Noreg har på fleire årsmøte foreslått eit forbod mot direktefiske av uer i Norskehavet, i tråd med den vitskaplege rådgjevinga frå ICES. Noreg har ikkje fått tilstrekkeleg støtte til forslaga, og det vart difor fastsett kvotar på 10 500 tonn i 2009, 8600 tonn i 2010 og 7900 i 2011.

Før årsmøtet i 2011 fremma Noreg igjen eit forslag om forbod mot direktefiske av uer i Norskehavet. Det viste seg nok ein gong at det ikkje var mogleg å få kvalifert tilslutning til forslaget. Russland fremma under årstmøtet eit forslag om å vidareføre ein kvote på 7900 tonn, men dei gjekk med på å redusere kvoten til 7500 tonn. For å unngå ein situasjon med eit uregulert fiske, støtta Noreg forslaget.

Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland har inngått ein avtale om forvaltninga av norsk vårgytande sild for 2012 i tråd med den langsiktige forvaltningsplanen som er godkjend av ICES. Avtalen tilseier ei vidareføring av NEAFC- reguleringa, der dei nasjonale kvotane kan fiskast i NEAFC sitt reguleringsområde. Totalkvoten i 2012 er på 833 000 tonn. Dette er ein nedgang på 15,7 prosent frå 2011. Den norske delen på 61 prosent ligg fast og utgjer 508 130 tonn i 2012.

På eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i 1999 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn etter forslag frå Noreg, EU og Færøyane, mot stemmene til Russland og Island. Kvoten for dette området vart for 2008 fastsett til 43 629 tonn og 57 884 tonn i 2009. Kvoten vart fordelt etter fastsette prosentar. Kyststatane får 50 prosent til fordeling, medan Russland og Island får høvesvis 47 prosent og 3 prosent. Kyststatane overførte 2500 tonn frå deira felleskvote til Russland i 2009.

Partane vart ikkje einige om ein trepartsavtale for 2010 og 2011. I løpet av 2010 og 2011 vart det halde fleire forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. 2010 var det første året Island vart invitert til å delta på lik linje med dei opphavlege kyststatane i forhandlingane. Forhandlingane held fram i 2012. I 2010 og 2012 vart det fastsett ei ad hoc-regulering av makrellfisket i NEAFC som mellom anna regulerer sonetilgangen til fiske av makrell i internasjonalt farvatn. Reguleringa er vidareført i 2012.

NEAFC har hatt ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. I 2004 vedtok NEAFC å redusere innsatsen i fisket etter djuphavsartar med 30 prosent. På årsmøtet i november 2006 var det semje om ein ytterlegare reduksjon av innsatsen med 5 prosent, slik at innsatsen vart sett til 65 prosent eller lågare i 2007. Dette er vidareført og gjeld framleis.

Under årsmøtet i 2009 vart det vedteke ein kvote på arten orange roughy på inntil 150 tonn per kontraktspart for 2010 og 2011.Under årsmøtet i 2011 la EU fram eit forslag om forbod mot fiske etter orange roughy i 2012 i tråd med dei vitskaplege tilrådingane, medan Danmark, på vegner av Færøyane og Grønland, la fram eit forslag om vidareføring av reguleringa i 2010 og 2011. Noreg støtta forslaget til EU. På bakgrunn av at det i hovudsak er nokon få fartøy frå Færøyane som fiskar orange roughy, er det ikkje like prekært å få på plass ei regulering som i enkelte andre fiskeri (til dømes uer). Ingen av forslaga oppnådde kvalifisert fleirtal under årsmøtet, og Færøyane har eit ansvar for å regulere sitt fiske på bestanden.

Under årsmøtet i 2011 vart det vedteke å vidareføre eit mellombels forbod mot fiske av brugde (heile konvensjonsområdet), pigghå og håbrann (NEAFC sitt reguleringsområde) frå 2012 til 2014. Som nytt av året vedtok kommisjonen eit forbod mot direktefiske av ei rekkje djuphavshaier i NEAFC sitt reguleringsområde for 2012.

På årsmøtet i 2005 tok Noreg opp spørsmål knytt til tapte og etterlatne garn i djuphavsfisket. Som følgje av dette vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, mellom anna med reglar om røkting av garn. Seinare er dette forbodet vidareført og gjeld òg for 2012.

Områdeforvaltning

NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling og fastståande reiskapar, for perioden 1. januar 2005 til 31. desember 2007. Denne stenginga vart på årsmøtet i 2007 forlenga til å gjelde òg i 2008. På årsmøtet i 2006 vart det vedteke å stengje ytterlegare fem område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne korallrev, og stenginga skulle gjelde ut 2009.

På bakgrunn av tilråding frå ICES fremma Noreg eit forslag om å revidere dei stengde områda. Det norske forslaget vart behandla på eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i juli 2008, der Noreg foreslo at dei eksisterande verneområda med forbod mot botnfiske, oppretta i 2004, skulle opphevast og erstattast av fem nye område, tre større og to mindre.

Partane sende det norske forslaget vidare til ICES for vurdering. ICES tilrådde å halde fast på dei lukka områda med ein del justeringar, mellom anna utviding av områda.

Noreg fremma på årsmøtet i november i 2008 nytt forslag om lukking basert på rådgjevinga frå ICES, men sidan partane framleis ikkje hadde klart å førebu seg tilstrekkeleg til å ta standpunkt vart saka utsett, og dei eksisterande verneområda vart forlenga til 31. mars 2009. Noreg sitt reviderte forslag vart behandla på nytt i eit ekstraordinært møte i NEAFC i mars 2009. Forslaget vart vedteke med nokre mindre justeringar.

Under årsmøtet i 2009 vart det vedteke å utvide eit område stengd for botntråling på Hattonbanken og å stengje eit område for fiske på blålange utanfor Islands økonomiske sone. Desse gjeld òg i 2012, med enkelte justeringar for Hattonbanken.

Kommisjonen vedtok under årsmøtet i 2008 operasjonelle reglar for fiske i sårbare område. Desse reglane vart justerte under årsmøtet i 2009. Då vart grenseverdiane for samanstøyt med sårbare marine økosystem redusert frå 100 til 60 kg for korallar og frå 1000 kg til 800 kg for svamp per fangst. I reglane er det mellom anna stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg inspektør om bord i nye område. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiskeri er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri frå 2008. I september 2011 deltok NEAFC og kontraktspartane på eit arbeidsmøte i FN om evalueringa til FN av oppfølginga av resolusjonane, frå dei regionale organisasjonane og dei enkelte statane. Dette var eit ledd i rapporteringa til FNs genralforsamling om oppfølginga frå NEAFC av FN-resoulusjon 61/1050 og 64/72.

Botnfiskeregelverket til NEAFC skal vurderast i løpet av 2012. På bakgrunn av innspel frå ICES skal PECMAS (NEAFC sin underkomité for forvaltning og vitskapleg rådgjeving) behandle saka i juni 2012. Det vert lagt opp til ein prosess der andre organisasjonar og interessentar (inkludert observatørar til årsmøtet) òg kan medverke. PECMAS vil deretter fremje ein rapport til årsmøtet i november 2012. Kommisjonen må så vurdere korleis dei best skal følgje opp denne vurderinga og kople ho opp mot ei ny vurdering av arbeidet i NEAFC (performance review) som er planlagt sett i gong i 2013.

På årsmøtet i 2010 vart det teke initiativ til eit utvida samarbeid med OSPAR om områdeforvaltninga i Nordaust-Atlanteren, og å få til eit felles arbeidsmøte med NEAFC, OSPAR og CBD i 2011. Det vart difor halde eit felles arbeismøte om identifisering av økologiske eller biologiske signifikante område (EBSA) i september 2011. Rapporten frå møtet er vurdert av ICES. ICES peikar på fleire svakheiter i rapporten, og det er difor klart at det står att mykje arbeid på feltet. Dette er noko NEAFC vil følgje opp med OSPAR.

Kontroll og handhevingsregimet

På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong ei såkalla svarteliste. Det vil seie ei liste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Med det nye regelverket er grunnlaget for å svarteliste fartøy betra. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC. Fram til 1. mai 2007 omfatta regelverket berre aktivitet i internasjonalt farvatn, men etter regelendringa gjeld det òg aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta i mot sørvis eller forsyningar, føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista til NEAFC. Det vart òg vedteke at NEAFC skal sirkulere si svarteliste til desse organisasjonane.

NEAFC har, som første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjon, etablert reglar for hamnestatskontroll (Scheme of Control and Enforcement) som har vist seg å vere eit effektiv verkemiddel i kampen mot ulovleg fiske. Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007. NEAFC har òg sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

Under årsmøtet i 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFC sitt reguleringsområde for dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC i anneks I A i kontroll- og handhevingsregimet. EU røysta imot tilrådinga, og har reservert seg mot vedtaket.

Under årsmøtet i 2011 vart det gjort mindre justeringar i kontroll- og handhevingsregimet. Arbeidet med å greie ut korleis FAO-avtalen om hamnestatskontroll skal harmoniserast med NEAFC sitt regelverk for kontroll og handheving held fram i 2012.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWC si oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan verte semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromiss som ikkje opnar for at IWC igjen tek til med å forvalte kvalressursane.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at han kan brukast til å rekne ut kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2012 har Noreg fastsett ein norsk kvote på 1286 vågekval.

Under vitskapskomiteen sitt møte i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap (teljingar, genetiske data, etc.) vart oppsummert og diskutert. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002-2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Dette estimatet er veldig nær estimatet frå førre teljeperiode (107 000), men er nok meir usikkert. Det står att noko utrekningsarbeid for å redusere usikkerheita før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP. Punktestimatet (103 000) er akseptert. Under diskusjonen om forslaget vart det fremma ei liste med forslag til kva som bør gjerast før endeleg godkjenning. Modellen som vert brukt til å rekne ut usikkerheita til bestandsstorleiken, er tidlegare akseptert, men det ligg føre ei rekkje forslag til korleis han kan gjerast betre. Det nye bestandsestimatet vart endeleg godkjent på IWC sitt årsmøte i juni 2010.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Japan, Canada og USA deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr.

Vitskapskomiteen i NAMMCO driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

NAMMCO har 20 års-jubileum i 2012.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Målet om «å bevare dei levande marine ressursane» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting. I starten vart CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde.

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar om totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på fleire mindre underområde. Formålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Alt fiske med norske fartøy skal gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette viset hjelper fiskefartøya til med innsamling av data som kan nyttast av CCAMLR sin vitskapskomite.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg vurdering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Noreg hadde i sesongen 2011/2012 eitt fartøy i fisket etter patagonsk tannfisk i CCAMLR-området.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i eit statistisk avgrensa område der det vert fiska i dag. I dette området er det tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Den maksimale fangsten for heile område 48 er delt på mindre kvotar i dei statistiske underområda 48.1 – 48.4, og samla må ikkje fangsten utgjere meir enn 620 000 tonn inntil desse særlege forvaltningsområda er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100 000 og 250 000 tonn. Dei norske fartøya har stått for om lag halvparten av dette. For sesongen 2011/2012 (1. desember 2011 – 30. november 2012) har Noreg meldt på tre fartøy for krillfiske i CCAMLR.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2011. Estimata for ulovleg, urapportert og uregulert fiske er usikre, men det er teikn som tyder på at omfanget no er mindre enn for få år sidan. Nye tiltak vedtekne dei siste åra er særskilte tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskaplig vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fisket. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006. Under årsmøtet i CCAMLR i 2011 lukkast det medlemslanda å verte einige om eit rammeverk for å etablere marine verneområde i Antarktis.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 48 kontraherande partar (medrekna EU som ein part). Organisasjonen sitt ansvarsområde omfattar omkring 30 artar, mellom anna makrellstørje som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs norskekysten. Overfiske har ført til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn er i dag nærast ikkje-eksisterande.

Frå slutten av 1990-talet tyda førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen verte tilgjengeleg for fiske i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003. I tråd med våre havrettslege plikter til samarbeid med dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar bestandar som opptrer i våre farvatn og for å sikre oss høve til eit framtidig fiske på makrellstørje, vart Noreg medlem av ICCAT i 2004. Formålet med den norske deltakinga har i første rekkje vore å søkje å bidra til ei forvaltning som sikrar gjenoppbygging av makrellstørjebestanden i det austlege Atlanterhavet. Deltakinga i ICCAT er òg viktig for Noreg fordi organisasjonen spelar ei aktiv rolle internasjonalt når det gjeld utforming av regelverk.

ICCAT fastset kvotar for periodar på fire år. I samband med kvotefastsettinga for perioden 2007-2010 fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje (bestandskomponent som dekkjer Middelhavet og det austlege Atlanterhav) som gjenspeglar ein fast del.

På årsmøtet i 2006 vedtok ICCAT ein gjenoppbyggingsplan for austleg makrellstørje som etablerer eit omfattande kontrollregime og tilhøyrande forvaltningstiltak. Men totalkvoten (TAC) vart sett dobbelt så høgt som tilrådd av ICCAT sin vitskapskomité. Gjenoppbyggingsplanen har vore revidert kvart einaste år sidan 2006. Revisjonane har medført ein gradvis reduksjon av TAC, men denne har heile tida lege på eit høgt nivå. Kombinert med manglande oppfølgjing av kontrolltiltaka i planen har bestandssituasjonen for makrellstørje vorte stadig dårlegare. På årsmøtet i 2009 vart det vedteke ei rekkje nye tiltak for å betre forvaltninga, inkludert ein 40 prosent reduksjon i TAC som vart sett til 13 500 tonn. Dette var likevel høgare enn rådet frå vitskapskomiteen på 8 500 tonn. For 2012 vedtok årsmøtet ein TAC på 12 900 tonn. Dette kvotenivået tek utgangspunkt i eit mål om å nå eit berekraftig bestandsnivå innan 2022 med 60 prosent sannsyn.

Den reviderte gjenoppbyggingsplanen for 2011 inneheldt òg ei endring av fordelinga av totalkvoten på partane. Endringa vart drøfta verken i den kompetente forvaltningskomiteen i ICCAT eller i plenum, og endringa vart heller ikkje omtalt då forslaget om den reviderte planen vart framlagt. På grunn av manglande innsyn i avgjerdsprosessen, har Noreg på prinsipielt grunnlag reservert seg mot den reviderte planen. På bakgrunn av bestandssituasjonen har Noreg sidan 2007 fastsett forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norske og internasjonalt farvatn.

ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men for dei seinaste vedtaka finst det unnatak for partar som har utkastforbod som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga. Forvaltninga av hai vert drøfta i ein eigen underkomite (Panel 4) som Noreg vart medlem av i 2011. Det er sett i gang ein prosess for å styrkje forvaltninga i ICCAT, med opning for å endre og modernisere konvensjonsteksten.

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.int/

SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003. Sør-Korea vart offisielt medlem i 2011.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg òg deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noreg sitt bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast ved å delta i SEAFO.

Som vi veit vert UUU-fartøy svartelista av regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og Noreg har no gjort opptaket til ein prosess som skaper ei global svarteliste ved at dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane godkjenner svartelistene til kvarandre. På årsmøtet i SEAFO i oktober 2007 vart det bestemt at SEAFO skal godkjenne listene frå CCAMLR, NAFO og NEAFC. Systemet for hamnestatskontroll i SEAFO inkluderer no utpeiking av spesielle hamner, etablering av eit SEAFO-register over slike hamner, krav om notifisering før ein kjem til hamna, forbod mot mottak av UUU-fangstar, inspeksjonsprosedyrar og krav om utfylling av ein harmonisert inspeksjonsrapport.

På møtet i 2010 vedtok SEAFO nye tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskapleg vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fisket. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til å verne område med sårbare økosystem er på plass for å svare til krava i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Noreg har hatt presidentskapet i SEAFO dei siste tre åra.

Meir informasjon finst på heimesidene til SEAFO: http://www.seafo.org

Til forsida