Ot.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

2 Samarbeidet mellom departementet og partane i arbeidslivet om fag- og yrkesopplæringa

2.1 Innleiing

Fag- og yrkesopplæringa er i Noreg ein integrert del av den vidaregåande opplæringa. Av om lag 220 fag følgjer dei aller fleste hovudmodellen med to års opplæring i skole og to år i bedrift; av dei siste to er eitt år opplæring og eitt år verdiskaping. Om lag 30 fag er såkalla særløp med eitt års opplæring i skole og tre år i bedrift inklusive verdiskapinga. I tillegg har nokre få fag andre ordningar med kortare eller lengre tid i lærebedrift. Sidan delar av fag- og yrkesopplæringa går føre seg i bedrift, er denne delen av opplæringa eit felles ansvar for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene. Det offentlege utdanningssystemet i Noreg og partane i arbeidslivet har lange tradisjonar for å samarbeide om fag- og yrkesutdanninga. Dette samarbeidet var ein vesentleg føresetnad for den struktur- og innhaldsendringa som vart gjennomført under Reform 94, og for den formidable auken i talet på læreplassar som reforma føresette.

2.2 Gjeldande rett

Sidan lov om fagopplæring i arbeidslivet vart vedteken i 1980, har samarbeidet mellom departementet og partane i arbeidslivet vore organisert med eit nasjonalt råd for hovudsamanslutningane, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA), og faste nasjonale bransjeråd: opplæringsråda (OR).

Rådet for fagopplæring i arbeidslivet blir oppnemnt av Kongen og skal gi departementet råd i utdanningspolitiske spørsmål som gjeld fagopplæringa. I dag har rådet til saman 30 medlemmer og varamedlemmer, der over halvparten representerer arbeidslivet med like mange frå arbeidsgivarane og arbeidstakarane. Rådet skal uttale seg før departementet vedtek overordna retningslinjer for innhaldet i opplæringa i fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift eller forskrifter om fagprøve, sveineprøve, og kompetanseprøve på lågare nivå for lærekandidatar. Rådet skal også uttale seg om forslag om at eit fag eller arbeidsområde skal førast inn under fagopplæringa eller ikkje lenger vere underlagt fagopplæringa. Departementet utfører sekretariatsoppgåver for rådet. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet bli finansiert av staten.

Det er 20 opplæringsråd med til saman ca. 400 medlemmer og varamedlemmer. Talet på råd og på medlemmer i råd, og fordelinga av fag blir fastsette av departementet etter forslag frå RFA. Råda skal ha eit fleirtal som består av like mange representantar for arbeidsgivarane og arbeidstakarane, og som blir oppnemnt etter forslag frå tariffpartane i arbeidslivet. Råda skal også ha andre medlemmer med brei kjennskap til innhaldet i opplæringa og til oppgåvene i rådet. Råda skal gi departementet råd i faglege saker som gjeld fagopplæringa. Oppgåvene deira er å utarbeide forslag til sluttkompetanse for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift, og å uttale seg om innhaldet i slike fag eller arbeidsområde og den samla læretida. Råda skal også uttale seg om forskrift om godskriving av tidlegare opplæring, godkjenning av fagutdanning frå andre land, forskrift om teoriopplæring og forskrift om kva som kan godkjennast som teoretisk del av fagprøva for kandidatar som tek fagprøva utanom læreforhold. Vidare skal råda foreslå medlemmer til læreplangrupper og medlemmer til klagenemnder for fag- og sveineprøver. Opplæringsråda er også klageinstansar for enkeltvedtak gjorde av yrkesopplæringsnemnda, når vedtaket i nemnda ikkje kjem inn under instruksjonsmyndigheita til fylkeskommunen - det vil i praksis seie i faglege spørsmål. Ein av dei organisasjonane som er representerte i det enkelte opplæringsrådet, tek seg av sekretariatsoppgåvene. Staten fullfinansierer utgiftene til aktiviteten i råda og dekkjer halvparten av driftsutgiftene til sekretariata.

Noreg og Island er dei einaste landa som har etablert statleg oppnemnde og finansierte råd for fagopplæringa i arbeidslivet. I Danmark er partssamarbeidet organisert i faglege utval som partane sjølv etablerer utan statleg tilskott. Dei faglege utvala gir råd til ministeriet om den delen av opplæringa som går føre seg i bedrift. Dei enkelte erversuddannelsesskolene har likevel utstrakt lokalt samarbeid med partane om dimensjoneringa av skoletilbod og lærlingplassar. I Sverige er ikkje partssamarbeidet om yrkesopplæringa formalisert, men partane blir involverte både direkte i ulike prosessar og som høringsinstansar.

2.3 Vurderingar frå departementet

Departementet er generelt tilfreds med samarbeidet med partane i arbeidslivet om fag- og yrkesutdanninga. Utan dette samarbeidet hadde det truleg ikkje vore mogleg å gjennomføre dei store strukturendringane i Reform 94. Grunnkursstrukturen som vart foreslått for Stortinget, vart utarbeidd av partane og departementet i ei eiga referansegruppe. Det hadde heller ikkje vore mogleg å få til den formidable auken i talet på læreplassar som reforma føresette. Intensjonsavtalen mellom partane om talet på læreplassar, og oppfølginga av denne, var ei avgjerande årsak til denne auken.

Likevel har organiseringa av samarbeidet vore gjenstand for diskusjon. Den raske omstillinga i arbeidslivet krev raskare avgjerdsprosessar enn den statiske rådstrukturen kan klare. Det blir derfor vanskeleg å få nødvendig dynamikk i fagutviklinga, slik at dei behov for kompetanse som den enkelte, samfunnet og arbeidslivet har, blir varetekne.

Opplæringsråda representerer ein fagstruktur som i hovudsak omfattar handverks- og industrifag. Fagstrukturen er forelda, og det er sterkt behov for å modernisere både fag og innhald. Det er også viktig å leggje til rette for fagutvikling i nye sektorar som tradisjonelt ikkje har utvikla fagopplæring. Dette vil krevje eit anna og meir inkluderande partssamarbeid med og mellom nye organisasjonar og interessepartar.

Fagutviklinga går også i retning av nye bransjeoverskridande fag og i retning av at tradisjonelle fag på tvers av bransjar blir meir like. Dagens organisering har vist at det er vanskeleg å få i stand tverrsektorielt samarbeid, fordi smale bransjeråd prioriterer eigeninteresser framfor å medverke til tverrsektoriell kompetanseutvikling. Dette har vore særleg tydeleg i arbeidet med å forenkle dagens VKI-struktur.

Det er også behov for å etablere tilbod som gir større lokalt handlingsrom, for å fremme regionalt og lokalt utviklingsarbeid. Dagens organisering inneber sterk sentral styring, og medverkar, etter departementets vurdering, til å hemme framfor å fremme lokalt og regionalt utviklingsarbeid.

Etter opplæringslova skal opplæringsråda uttale seg før endeleg godkjenning av utanlandsk utdanning blir gitt. Departementet meiner her at den nye ordninga med yrkesprøving, der den enkelte søkjar får vist sin kompetanse, gjer vurderingar frå opplæringsråda i slike saker overflødige.

Det er behov for klargjering av roller og ansvarsforhold innanfor fagopplæringa. Dei blanda oppgåvene råda har, som partar i høringssaker og som forvaltningsorgan i klagesaker, er slik departementet vurderer det, uheldig. Råda si rolle som høringsinstansar medfører også dobbeltbehandling. I saker der råda er lovbestemte høringsinstansar, vil dei organisasjonane som er representerte i råda, også vere høringsinstansar i samsvar med føresegnene i forvaltningslova. Dette er ineffektivt og kan gi eit skeivt bilete av korleis synspunkta fordeler seg mellom aktuelle partar. Dei oppgåvene opplæringsråda har med å foreslå medlemmer til læreplangrupper og klagenemnder, kan like formålstenleg varetakast av bransjeorganisasjonane. Det enkelte råd foreslår vanlegvis medlemmer i dei organisasjonane som er representerte i rådet til desse oppgåvene.

Opplæringsråda er i dag klageinstansar for enkelte vedtak gjorde av yrkesopplæringsnemnder. Dette gjeld vedtak der nemnda ikkje er underlagd fylkeskommunens instruksjonsmynde, det vil seie faglege vedtak. Hovudargumentet for dette har vore at partane har hatt den beste innsikta i spørsmål som gjeld faga. Mot dette kan innvendast at partane har liten kompetanse i å opptre som forvaltningsorgan. På andre område, der eit vanleg forvaltningsorgan treng ein spesialkompetanse organet sjølv ikkje sit inne med for å avgjere ei sak, vil det innhente ei eller anna form for spesialistfråsegn. Dette kan også gjennomførast når det gjeld klage over faglege vedtak i yrkesopplæringsnemnder.

2.4 Forslag frå departementet

På grunnlag av vurderingane ovanfor foreslår departementet å oppheve føresegnene om Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og opplæringsråda i opplæringslova, jf. opplæringslova § 12-1 og § 12-2. Desse organa må erstattast av nye former for samarbeid. Godt organisert samarbeid vil vere avgjerande for det vidare arbeidet med å utvikle ein ny struktur for vidaregåande opplæring. Samarbeidet må tilfredsstille krava i ILO-konvensjon No 142 av 1975. Konvensjonen pålegg landa å samarbeide med partane i arbeidslivet i saker som gjeld fag- og yrkesopplæring, men legg ingen føringar for organiseringa av samarbeidet. Så snart som mogleg etter at Stortinget har behandla lovforslaget, vil departementet invitere partane i arbeidslivet til diskusjonar om korleis samarbeidet best kan organiserast. Dette vil inngå i drøftingane med partane om oppfølginga av utgreiinga frå Kvalitetsutvalet.

Departementet foreslår vidare at fylkeskommunen blir klageinstans for alle vedtak gjorde av yrkesopplæringsnemndene.

Føresegnene i opplæringslova §§ 12-5 til 12-7 om læreplangrupper, klagenemnder og medlemmer i råd og utval blir foreslått endra mellom anna slik at råda ikkje lenger skal foreslå medlemmer til læreplangrupper og klagenemnder.