Ot.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovframlegga

Samarbeid mellom departementet og partane i arbeidslivet om fag- og yrkesopplæringa

Ved at Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og opplæringsråda blir nedlagde, vil dei statlege tilskotta til desse råda bli sparte, jf. forslag i St.prp. nr. 1 (2003-2004).

Partane og bransjeorganisasjonane sitt faglege arbeid vil halde fram som før. Dei vil vere vanlege høringsinstansar som tidlegare. Vidare vil dei bli inviterte til å delta i møte, konferansar, arbeidsgrupper og liknande. Sekretariatsfunksjonen for opplæringsråda har lege i ein av dei bransjeorganisasjonane som har vore representerte i det enkelte rådet. Denne oppgåva vil no falle bort. Det statlege tilskottet til å dekkje halvparten av driftsutgiftene til denne funksjonen vil også falle bort. Dei organisasjonane dette vedkjem, er informerte om det i brev 8. oktober d.å.

Fylkeskommunane vil etter forslaget overta oppgåva som klageinstans for faglege vedtak i yrkesopplæringsnemnda. Desse vedtaka blir gjorde av yrkesopplæringsnemnda som førsteinstans, etter førebuande saksbehandling i fylkeskommunen. Det vil seie at fylkeskommunen har sett seg inn i både saksfeltet og den enkelte saka før vedtak blir gjort i førsteinstansen. Endringa vil følgjeleg berre medføre nokre fleire saker til avgjerd for det nivå i fylkeskommunen som er klageinstans for andre vedtak i yrkesopplæringsnemnda. Etter å ha spurt eit utval fylkeskommunar reknar departementet med at det vil dreie seg om 1 - 5 saker kvart år i kvar av fylkeskommunane. Dette er ei så ubetydeleg endring at ho ikkje vil bli spesielt kompensert i rammeoverføringane til fylkeskommunane.

Fylkeskommunens ansvar for opplæring i institusjonar etter barnevernlova

Forslaget om fylkeskommunalt ansvar for opplæringsverksemda i barneverninstitusjonane etter statleg overtaking vil ikkje medføre auka utgifter for det offentlege. Forslaget er ei vidareføring av det opplæringsansvaret fylkeskommunane har i dag, og vil derfor heller ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.