Ot.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

4 Forslag om endring i opplæringslova § 13-3a

Gjeldande rett/Høringsforslaget

Opplæringslova § 13-3a første ledd lyder:

«§ 13-3a Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar som regionale helseføretak eig.

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova § 8, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale med inventar og utstyr til opplæringa.»

Etter opplæringslova § 13-3a første ledd andre punktum pliktar helseføretaka å sørgje for nødvendige lokale med inventar og utstyr til opplæringa. Føresegna kan forståast slik at helseføretaka skal sørgje for ordinært undervisnings- og datautstyr. Men dette er fylkeskommunens ansvar. På denne bakgrunn foreslo departementet i høringsbrevet å endre opplæringslova § 13-3a første ledd andre punktum slik at dette blir i samsvar med ordlyden i opplæringslova § 13-2 andre ledd andre punktum.

I høringsbrevet vart det foreslått at opplæringslova § 13-3a første ledd andre punktum får denne ordlyden: «Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.»

Høringsinstansane

Dei 10 fylkeskommunane som har uttalt seg til dette forslaget, støttar det eller har ingen merknader. Aust-Agder fylkeskommune meiner at forslaget inneber klarare ansvarsgrenser og er enklare å praktisere enn dagens føresegn. Kommunenes Sentralforbund ser det som fordelaktig at dette blir klargjort.

Forslag frå departementet

Departementet held fast ved forslaget om endring i § 13-3a første ledd andre punktum.