Ot.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

I

§ 12-1 blir oppheva.

§ 12-2 blir oppheva.

§ 12-4 sjette ledd skal lyde:

Nemnda gir rapport til fylkeskommunen og departementet om verksemda si og om tiltak som er viktige for fagopplæringa.

§ 12-5 andre ledd skal lyde:

Læreplangruppene skal vere samansette med like mange representantar frå arbeidslivet og frå skolesida.

§ 12-6 andre ledd blir oppheva. Tidlegare tredje ledd blir nytt andre ledd.

§ 12-7 skal lyde:

§ 12-7 Medlemmer av nemnder

Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av prøvenemnd eller klagenemnd, er pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne for ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.

§ 13-2 skal lyde:

§ 13-2 Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova

Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det den fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, jf. barnevernlova § 8-4, som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonen etter lova her.

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Institusjonane skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.

Departementet kan gi nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

§ 13-3a første ledd skal lyde:

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova § 8, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa.

§ 15-2 fjerde ledd skal lyde:

Fylkeskommunener klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda.

II

Lova tek til å gjelde 1. januar 2004.