Ot.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 12-1 Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og § 12-2 Opplæringsråd:

Føresegnene blir oppheva utan at det blir fastsett nye føresegner om korleis det framtidige samarbeidet med partane i arbeidslivet skal organiserast. Dei nye samarbeidsformene må utviklast og fastsetjast av departementet og partane i fellesskap.

Til § 12-4 Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda:

Sjette ledd i føresegna er endra slik at yrkesopplæringsnemnda ikkje lenger er pålagd å gi rapport om verksemda si til Rådet for fagopplæring i arbeidslivet.

Til § 12-5 Læreplangrupper:

Andre ledd i føresegna er endra slik at opplæringsråda ikkje lenger skal gi forslag om medlemmer i læreplangrupper. Departementet vil i framtida innhente slike forslag frå aktuelle organisasjonar.

Til § 12-6 Klagenemnd for fag- og sveineprøver:

Andre ledd i føresegna er endra slik at opplæringsråda ikkje lenger skal gi forslag om medlemmer i klagenemnder. Departementet vil i framtida innhente slike forslag frå aktuelle organisasjonar.

Til § 12-7 Medlemmer av råd og nemnder:

Føresegna er endra slik at ho ikkje lenger fastset plikter for medlemmer i Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og opplæringsråda.

Til § 13-2 Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova:

Departementet gjer merksam på at det er gjort ei lovendring i § 13-2 som enno ikkje har tredd i kraft, sjå omtalen under punkt 3.2.

Første ledd slår fast at fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, jf. barnevernlova § 8-4, blir juridisk, fagleg og økonomisk ansvarleg for å oppfylle retten til opplæring etter opplæringslova for barn og unge i barneverninstitusjonar. Det betyr at denne fylkeskommunen også vil vere ansvarleg for å oppfylle opplæringsrettane når det blir gjort vedtak om inntak og plassering i institusjon i ein annan fylkeskommune. Det er føresetnaden at den praktiske gjennomføringa i slike tilfelle skjer etter avtale mellom dei fylkeskommunane det gjeld, og mot refusjon av utgiftene. Fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa av barnet eller den unge i samsvar med barnevernlova § 8-4, kan likevel ikkje fråseie seg sitt ansvar for at barnet får den opplæringa det har krav på etter lova. Denne fylkeskommunen har ansvaret for at opplæringa fyller krava i opplæringslova, gjer vedtak om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp, og sørgjer for at elevane har nødvendig undervisningsmateriell og utstyr.

Den kommunen som etter barnevernlova § 8-4 gjer vedtak om plassering, vil i dei fleste tilfelle vere den kommunen der barnet også er registrert som busett.

Opplæringsansvaret etter forslaget omfattar:

  • spesialpedagogisk hjelp til barn før opplæringspliktig alder (opplæringslova § 5-7)

  • grunnskoleopplæring for barn i opplæringspliktig alder (kap. 2 i opplæringslova)

  • vidaregåande opplæring (kap. 3 i opplæringslova)

  • spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1

  • grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og

  • spesialundervisning på grunnskolens område etter opplæringslova § 4A-2

Andre ledd slår fast at fylkeskommunens opplæringsansvar etter første ledd omfattar barn og unge i barneverninstitusjonar som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i kommunale og private institusjonar som er godkjende til bruk som barneverninstitusjon, jf. barnevernlova § 5-8.

Dei fleste barn og unge i barneverninstitusjon vil få opplæring i vanleg skole i lokalmiljøet til institusjonen. I somme tilfelle vil dette likevel ikkje vere mogleg, og barnet må da få opplæring internt i institusjonen. For å sikre at det skal bli praktisk mogleg å gi opplæring i institusjonane i desse tilfella, meiner departementet at det bør gå fram av opplæringslova § 13-2 at institusjonane pliktar å stille nødvendige lokale til disposisjon for opplæringa. Med «nødvendige lokale» er meint lokale til opplæringa og nødvendige tilleggslokale som f.eks. personalrom.

Etter tredje ledd kan departementet gi forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

Til § 13-3a første ledd:

Med «nødvendige lokale» er meint lokale til opplæringa og nødvendige tilleggslokale som f.eks. personalrom.

Til § 15-2 Særlege reglar om klageinstans:

Fjerde ledd i føresegna er endra slik at fylkeskommunen skal vere klageinstans for alle enkeltvedtak gjorde i yrkesopplæringsnemnda.

Departementet gjer framlegg om at lovendringane tek til å gjelde 1. januar 2004. Jf. omtalen under punkt 3.2 og punkt 5 første avsnitt.