Prop. 7 L (2011–2012)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2011)

Til innhaldsliste

2 Endring i aktivitetskravet for rett til overgangsstønad til einsleg far eller mor – folketrygdlova § 15-8

2.1 Innleiing og bakgrunn

Stønader til einsleg mor eller far i folketrygdlova kapittel 15 har eit tosidig formål, å sikre inntekta til aleineforeldre og gi mellombels hjelp til sjølvhjelp slik at stønadsmottakaren kan bli i stand til å forsørgje seg sjølv ved eige arbeid.

Siktemålet om at forsørgjaren skal bli sjølvhjelpen, har følgt denne stønadsordninga frå starten av. Med verknad frå 1. januar 1998 blei kravet til aktivitet som vilkår for å få stønaden innskjerpa. Ot.prp. nr. 8 (1996–97) viste til Velferdsmeldinga (St. meld. nr. 35 (1994–95)) som uttalte at einslege forsørgjarar, som andre med små barn, i utgangspunktet bør forsørgje seg sjølve såframt omsynet til barnet gjer det mogleg. Regjeringa gjekk derfor inn for å styrke insentiva for eigen forsørging. Stortinget slutta seg til dette. Mellom anna blei stønadsperioden korta vesentleg ned og arbeidslinja styrkt. Regjeringa ville satse på utdanning og kvalifisering for arbeidslivet og tiltak for å etablere eller oppretthalde kontakten med arbeidslivet.

Etter folketrygdlova § 15-8 må den einslege forsørgjaren vere i yrkesretta aktivitet frå det yngste barnet har fylt tre år for å få rett til overgangsstønad. Krava til aktivitet er oppfylte dersom forsørgjaren er under utdanning som tilsvarer minst halvparten av utdanning på full tid, er i arbeid tilsvarande minst halvparten av full tid eller står tilmeld Arbeids- og velferdsetaten som reell arbeidssøkjar. Kravet til aktivitet er også oppfylt dersom den einslege forsørgjaren etablerar eigen verksemd eller er brukarkontakt for eit nettverk av andre mottakarar av overgangsstønad. Det er mogleg å gjere unntak frå aktivitetskravet ved sjukdom hos forsørgjaren eller barnet.

Departementet foreslår her at aktivitetskravet blir ytterlegare skjerpa og at det skal gjelde frå barnet fyller eitt år.

2.2 Departementet si vurdering og forslag

Kravet til aktivitet etter folketrygdlova § 15-8 slår først inn frå det yngste barnet er tre år. Dette inneber at den einslege forsørgjaren kan stå utanfor arbeidslivet, og ikkje ha yrkesrelatert aktivitet i inntil tre år, dersom overgangsstønaden blei innvilga på det tidspunktet barnet blei født. Det kan i tillegg innvilgast fleire periodar ved fleire barnefødslar. Dersom det yngste barnet er over tre år når forelderen søkjer om overgangsstønad, er hovudregelen at den einslege faren eller mora skal vere i yrkesretta aktivitet frå første dag.

Regelverket er utforma for å stimulere til aktivitet: Stønadsmottakarar i arbeid får avkorta stønaden med 40 prosent av inntekt over ½ G. Avkortingsreglane er utforma slik at det skal lønne seg å arbeide. Stønadsmottakarar som er under utdanning som er naudsynt for å kvalifisere dei for arbeidsmarknaden, kan få stønadsperioden forlenga med to år.

I den siste tida har overgangsstønaden blitt vurdert i eit kritisk lys. Spørsmålet er om tre år utan krav til yrkesrelatert aktivitet bidrar til å styrkje eller svekkje formålet om å gjere den einslege forsørgjaren sjølvhjelpen. Særleg har debatten dreidd seg om innvandrarkvinner si utsikt til å forsørgje seg sjølve og bli integrerte i det norske samfunnet. Problemstillinga er også aktuell for norske stønadsmottakarar som er lite motiverte for å delta i arbeidslivet.

Fafo-rapport 2010:32 ”Stønadsordningen for enslige forsørgere. Hvordan fungerer den for mottakere med innvandringsbakgrunn?”1 gjennomgår korleis overgangsstønaden verker inn på sjansane for å få arbeid etter at stønadsperioden er avslutta. Funna tyder på at overgangsstønaden verkar positivt for størsteparten av stønadsmottakarane. Dette gjeld for dei som brukar stønadsperioden aktivt til å kvalifisere seg for arbeidsmarknaden, og som kjem raskt i gang med utdanning. Desse brukarane har ofte høgare inntekt etter at stønadsperioden er avslutta enn dei hadde tidlegare. For dei som ikkje er motiverte for arbeidslivet og for innvandrarkvinner med lite eller ingen skolegang eller røynsle frå arbeidslivet, kan ein eller fleire periodar utan krav til yrkesretta aktivitet ha motsatt verknad. Fafo-rapporten inneheld anbefalingar om å stramme inn på visse sider av regelverket, blant anna at kravet til aktivitet skal gjelde frå det yngste barnet fyller eitt år.

NOU 2011:7 ”Velferd og migrasjon” (Brochmannutvalet) har ein brei omtale av overgangsstønaden i eit innvandrar- og integreringsperspektiv, der utvalet mellom anna refererer til Fafo-rapporten. Utvalet anbefaler, som Fafo-rapporten, omleggingar i stønaden, blant anna at kravet til aktivitet skal gjelde frå barnet fyller eitt år.

Ved lovendringane frå 1998 blei det vist til fleire nye tiltak som letta tilhøvet for småbarnsforeldre, mellom anna auka barnehagedekning, lengre svangerskapspermisjon og tidskontoordning. I åra etter dette er perioden med foreldrepengar forlenga ytterlegare, og barnehagedekninga er god. Departementet meiner derfor det no er grunn til å endre krava til aktivitet for å komme ut i arbeidslivet.

Styrka krav til aktivitet reduserer den passive stønadsperioden og bidrar til at den einslege forsørgjaren raskare kan forsørgje seg sjølv ved eige arbeid. Departementet reknar derfor med at styrka krav til aktivitet fører med seg betre økonomiske kår for einslege foreldre og barna deira fordi forsørgjaren får sterkare band til arbeidslivet eller tar utdanning som gir betre føresetnader på arbeidsmarknaden. Frå barnet fyller eitt år bør det derfor gjelde krav til yrkesretta aktivitet i tråd med § 15-8.

Departementet meiner at einslege foreldre framleis skal ha rett til overgangsstønad i det første leveåret til barnet utan krav til aktivitet utanfor heimen, likt med yrkesaktive foreldre som er i lønna fødselspermisjon. Den samla stønadsperioden er heller ikkje foreslått endra.

Departementet foreslår at omfanget av aktiviteten skal vere på gjeldande nivå, det vil seie minst halv tid av vanleg full stilling eller minst halvparten av vanlege fulltidsstudiar, eller gjennom å melde seg som arbeidssøkjar hos Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og velferdsdirektoratet vil bli beden om å sørgje for hensiktsmessig informasjon til den aktuelle gruppa om at aktivitetsplikta kjem tidlegare, og elles om å sikre god oppfølging, særlig av dei som registrerer seg som arbeidssøkjarar. For einslege med minoritetsbakgrunn, kor manglande norskkunnskapar kan vere eit hinder for å komme i arbeid, bør ein vurdere å gi tilpassa norskopplæring i kombinasjon med andre tiltak. Departementet gjer merksam på at regelverket inneheld unntak frå aktivitetskravet dersom forelderen ikkje lykkast med å få tak i tilfredsstillande tilsyn til barnet.

Departementet viser til § 15-8 første ledd i lovforslaget.

2.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2012, og får verknad for personar som får innvilga overgangsstønad tidlegast frå same tidspunkt.

Den foreslåtte endringa vil føre til ei innsparing i 2012 på budsjettet for overgangsstønad på om lag 28 millionar kroner, ein auke på stønad til barnetilsyn på 9 millionar kroner samt ein auke på utdanningsstønad på om lag 1 million kroner. Dei økonomiske konsekvensane er innarbeida i Prop. 1 S (2011–2012) Statsbudsjettet. Endringa vil gjelde alle mottakarar frå og med 2015, og gir ei anslått innsparing i overgangsstønad på om lag 143 millionar kroner, ein auke på om lag 44 millionar kroner til stønad til barnetilsyn, samt ein auke på om lag 7,5 millionar kroner til utdanningsstønad. Endringa kan føre med seg noko auka administrative kostnader for Arbeids- og velferdsetaten.

Fotnotar

1.

Hanne C. Kavli, Roy A. Nielsen og Miriam Latif Sandbæk
Til forsida