Prop. 7 L (2011–2012)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2011)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

8.1 Merknader til endringane i folketrygdlova

Til § 3-2 fjerde ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av fjerde ledd bokstav a som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 3-24 tredje ledd

Tredje ledd bokstav c blir oppheva som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 3-26 tredje ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av tredje ledd bokstav a som følgje av opphevinga av regelen om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 4-4 femte ledd

Ei følgje av at grunnbeløpet frå og med 2011 blir fastsett ved kongeleg resolusjon, er at det formelle vedtakstidspunktet no vanlegvis vil komme noko tidlegare enn før. For at Arbeids- og velferdsdirektoratet ikkje skal ha dårlegare tid til å førebu dei justeringane som er naudsynte i samband med det nye grunnbeløpet, blir det føreslått at tidspunktet for iverksetjing av nytt grunnbeløp i samband med minsteinntektskravet i folketrygdlova § 4-4, også blir fastsett av Kongen. Sjå punkt 5.

Til § 8-3 første ledd

Forslaget om å oppheve § 8-3 første ledd andre punktum er ein følgje av at aldersgrensa for pensjonsgivande inntekt no er senka frå 17 til 13 år. Det er dermed ikkje lenger naudsynt med denne føresegna. Sjå punkt 6.

Til § 8-50 første og andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første og andre ledd som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 9-3 første ledd

Det er gjort klart i første ledd nytt andre punktum at ytingar etter reglane i kapittel 9 er avgrensa til medlem som er under 70 år. Sjå punkt 7.1.

Til § 10-4

I nytt første ledd blir det foreslått ein øvre aldersgrense på 67 år for å setje fram krav om stønad etter § 10-5. Det blir foreslått at stønad etter § 10-7 bokstavane e til g til betring av funksjonsevna i arbeidslivet (§ 10-5) kan ytast til mottakar fyller 70 år. I noverande første ledd, som blir nytt andre ledd, blir det presisert at stønad til bil gjeld stønad til betring av funksjonsevna i dagleglivet etter § 10-6 og ikkje stønad etter § 10-5. Sjå punkt 7.2.

Til § 10-5 fjerde ledd

Regelen om at stønad til betring av funksjonsevna i arbeidslivet fell bort når ein mottek alderspensjon, blir i fjerde ledd første punktum oppheva som følgje av at alderspensjon no fritt kan kombinerast med arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta. Sjå punkt 7.2.

Til § 11-13 fjerde ledd

Heimelen for verknadstidspunkt for arbeidsavklaringspengar i fjerde ledd blir flytta til dei generelle reglane om utbetaling i § 22-13, sjå merknaden til endringa i denne paragrafen. Sjå punkt 7.3.

Regelen om at studentar kan få rett til arbeidsavklaringspengar dersom dei har behov for aktiv behandling for å kunne ta opp att studiane blir lovheimla på nytt som fjerde ledd. Sjå punkt 7.4.

Til innhaldsoversikta til kapittel 12

Tiande strekpunktet blir oppheva som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 12-5 andre ledd

”Attføring” blir erstatta med ”arbeidsrettet tiltak”. Sjå punkt 7.5.

Til § 12-13 nytt sjuande ledd

Berekningsreglane for uførepensjon til personar som har fått rett til uførepensjon etter unntaksregla i § 12-2 fjerde ledd blir lovheimla som sjuande ledd i § 12-13. Sjå punkt 7.6.

Til § 12-14 første ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første ledd bokstav a som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til opphevinga av § 12-16

Regelen om førebels uførestønad blir oppheva som følgje av at regelen er overflødig ettersom ein kan få rett til arbeidsavklaringspengar i ventetid på uførepensjon etter folketrygdlova § 11-13 andre ledd bokstav c. Sjå punkt 7.7.

Til § 15-8 første ledd

For å stimulere einslege forsørgjarar til yrkesretta aktivitet vil departementet styrkje arbeidslinja i overgangsstønaden. Departementet meiner at dette vil setje einslege forsørgjarar betre i stand til å forsørgje seg sjølve og barnet på sikt. Aktivitetskravet i første ledd skal derfor gjelde frå det yngste barnet fyller eitt år. Sjå punkt 2.

Til § 15-14

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 16-10 første ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første ledd bokstav b som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 17-11 første ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første ledd bokstav b som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 18-7 andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av andre ledd som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 19-4

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av tredje punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 19-8 tredje ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av tredje ledd som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 19-17 første ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første ledd bokstav a som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 20-9 andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av andre ledd bokstav a som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 22-10

Tredje ledd bokstav b blir oppheva som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Endringa i fjerde ledd bokstav b gjeld retting av feil lovtilvising. Sjå punkt 7.8.

Til § 22-12 andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av andre ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 22-13 fjerde ledd

Endringa inneber at heimelen for verknadstidspunkt for arbeidsavklaringspengar blir flytta frå kapittel 11 til dei generelle reglane om utbetaling i kapittel 22. Dette inneber at regelen i noverande § 11-13 fjerde ledd blir oppheva og i staden føydd til i § 22-13 fjerde ledd som ny bokstav d. Sjå punkt 7.3.

8.2 Merknader til endringa i lov om lønnsplikt under permittering

Til § 3

Arbeidsgivarar sin lønnspliktperiode under permittering blir i nr. 1 første ledd bokstav a auka frå 5 til 10 dagar for permitterte som har fått redusert arbeidstida si med minst 40 prosent. Aukinga skjer som følgje av at det ikkje lenger er naudsynt å oppretthalde tiltaka som blei vedtekne i samband med finanskrisa i 2009. Sjå punkt 3.

8.3 Merknader til endringa i arbeids- og velferdsforvaltningslova

Til § 14a tredje ledd

Rettinga inneber at paragrafen viser til gjeldande regel om rett til kvalifiseringsprogram, og ikkje til dei reglane om kvalifiseringsprogram som blei oppheva med verknad frå 1. januar 2010. Sjå punkt 7.9.

8.4 Merknader til endringa i arbeidsmiljølova

Til § 4-1 nytt åttande ledd

Føresegna gir heimel for departementet til å fastsetje i forskrift at det skal gjelde eit krav om godkjenning for verksemder som tilbyr reinhaldstenester, dersom omsynet til helse, miljø og sikkerheit talar for det. Føresegna gir også heimel for departementet til å gi nærare reglar om innhaldet i godkjenningsordninga, slik som vilkår for godkjenning, utferding av id-kort og innføring i register over godkjende verksemder, verknadene av å ikkje vere godkjend og verknadene av å ikkje lenger oppfylle vilkåra for å vere godkjend. Vidare inneber føresegna at det vil vere ulovleg å nytte tenester frå verksemder som er omfatta av eit krav om godkjenning, og som manglar godkjenning. Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med dei godkjende verksemdene og med forbodet mot å nytte tenester frå verksemder utan godkjenning, og nytte sine ordinære sanksjonsmiddel. Sjå punkt 4.

8.5 Merknader til lov om krigspensjonering for militærpersoner

Til § 18 nr. 1 tredje og sjette ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 1 tredje ledd første punktum og nr.1 sjette ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.6 Merknader til lov om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner

Til § 23 nr. 1 tredje ledd og sjette ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 1 tredje ledd første punktum og nr. 1 sjette ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.7 Merknader til lov om pensjonstrygd for sjømenn

Til § 4 nr. 3

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 5 nr. 2

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 16 nr. 1

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 1 bokstav e som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 28 nr. 2

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 2 første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 29 nr. 2

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 2 første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.8 Merknader til lov om pensjonstrygd for fiskere

Til § 8 andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av andre ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.9 Merknader til lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser

Til § 19 andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av andre ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 20 tredje ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av tredje ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 21 tredje ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.10 Merknader til lov om yrkesskadetrygd

Til § 11 nr. 4 første og andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 12 nr. 3 fjerde ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 3 fjerde ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 19 nr. 1 tredje ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av nr. 1 tredje ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.11 Merknader til skatteloven

Til § 6-81 første og andre ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første ledd første punktum og andre ledd første punktum som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til § 17-1 første ledd

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av første ledd bokstav a som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.12 Merknader til AFP- tilskottloven

Til § 16

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

8.13 Merknader til lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse

Til § 3

Omgrepet ”foreløpig uførepensjon” blir teke ut av bokstav e som følgje av opphevinga av reglane om førebels uførepensjon i § 12-16. Sjå punkt 7.7.

Til forsida