Prop. 7 L (2011–2012)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2011)

Til innhaldsliste

5 Kravet om minsteinntekt for rett til dagpengar under arbeidsløyse – verknadstidspunktet for nytt grunnbeløp – forskriftsheimel – folketrygdlova § 4-4

5.1 Innleiing og bakgrunn

Folketrygdlova § 1-4 blei endra med verknad frå 1. januar 2011, slik at det no er Kongen i statsråd som fastset grunnbeløpet i folketrygdlova. Tidlegare blei grunnbeløpet fastsett av Stortinget.

Folketrygdlova § 4-4 gjeld kravet om minsteinntekt for rett til dagpengar under arbeidsløyse. For å kunne få dagpengar, må ein ha hatt ei inntekt det sist avslutta kalenderåret på minst 1,5 gongar grunnbeløpet, eller på minst tre gongar grunnbeløpet dei siste tre avslutta kalenderåra. Etter § 4-4 femte ledd heiter det at endringa i kravet til minsteinntekt som følgje av grunnbeløpsendringa, først gjeld frå og med den andre påfølgjande måndagen ”etter at Stortinget har gjort vedtak”. Sidan det no er Kongen i statsråd som gjer vedtak om nytt grunnbeløp, må folketrygdlova § 4-4 femte ledd endrast i samsvar med dette.

5.2 Departementet si vurdering og forslag

Når det no er Kongen i statsråd som formelt vedtek nytt grunnbeløp, vil det ofte vere kort tid frå forslaget til nytt grunnbeløp blir kjend til det får verknad, som no er ”den andre påfølgende mandagen” etter det formelle vedtaket. Tidlegare blei forslaget kjend idet det blei fremja ein proposisjon for Stortinget, og Arbeids- og velferdsetaten hadde då noko lengre tid til å førebu iverksetjinga før det formelle vedtaket blei gjort av Stortinget, enn no.

For å leggje til rette for at Arbeids- og velferdsetaten har tilstrekkeleg tid til å førebu iverksetjinga, bør tidspunktet for iverksetjinga vere noko seinare enn den andre påfølgjande måndagen etter vedtaket. Også for dei som søkjer om dagpengar, er det ein fordel at iverksetjinga ikkje blir sett for tidleg. Datoen for vedtaket om nytt grunnbeløp vil kunne variere noko frå år til år. Departementet meiner det vil vere praktisk at også tidspunktet for iverksetjinga blir fastsett ved Kongeleg resolusjon, anten på same tid som vedtaket om nytt grunnbeløp, eller i ein eigen resolusjon.

I Prop. 114 L (2010–2011) Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma) er det fremja forslag om å endre ordlyden i folketrygdlova § 4-4 femte ledd med verknad frå 1. januar 2012. Forslaget er førebels ikkje handsama i Stortinget. Departementet gjer merksemd på at forslaget i proposisjonen her (Prop. 7 L (2011–2012) Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover) er meint å endre på den endringa som blir vedteke gjennom handsaminga av Prop. 114 L (2010–2011).

Departementet viser til § 4-4 femte ledd i lovforslaget.

5.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft frå 1. januar 2012. Den foreslåtte endringa vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida