Prop. 7 L (2011–2012)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2011)

Til innhaldsliste

7 Lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar

7.1 Rett til omsorgspengar og pleiepengar fram til fylde 70 år – folketrygdlova § 9-3

For å få rett til omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar, er det eit vilkår at ein har tapt pensjonsgivande inntekt, jf. folketrygdlova § 9-3. Desse stønadene blir utrekna etter dei same reglane som sjukepengar, sjå §§ 9-9 og 9-16.

Fram til 2010 kunne ein tene opp pensjonsgivande inntekt til og med det året ein fylte 69 år, og det blei ikkje gitt sjukepengar til personar over 70 år. Då den øvre alderen for pensjonsgivande inntekt blei heva til 75 år frå 2010, blei den øvre aldersgrensa på 70 år for rett til sjukepengar ikkje endra, sjå Prop. 16 L (2010–2011). Det blei presisert i § 8-3 at det ikkje blir ytt sjukepengar til personar som har fylt 70 år.

Det går ikkje klart fram av tilvisinga frå kapittel 9 til kapittel 8 at regelen i § 8-3 om avgrensinga til 70 år dermed også gjeld omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar. Departementet foreslår at ein gjer det klart i folketrygdlova § 9-3 første ledd at ein kan få stønader ved barns og andre nære pårørandes sjukdom etter kapittel 9 i folketrygdlova fram til fylde 70 år. Presiseringa endrar ikkje rettstilstanden.

Departementet viser til lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.2 Rett til stønad til betring av funksjonsevna i arbeidslivet for personar som mottek alderspensjon – folketrygdlova § 10-5, jf. § 10-4

Personar som har fått arbeidsevna varig sett ned, eller har fått sine moglegheiter til å vel yrke eller arbeidsplass vesentleg innskrenka på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan få stønad etter folketrygdlova § 10-5. Det blir gitt stønad til tiltak som er naudsynte og hensiktsmessige for at vedkommande skal kunne behalde eller skaffe seg høveleg arbeid. Kva slags tiltak det kan bli gitt stønad til, går fram av § 10-7. Til dømes kan ein få stønad i form av utlån av, tilskott til eller lån til hjelpemiddel, høyreapparat og førarhund.

Formålet med føresegna er mellom anna å sikre at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeidslivet og ha dei same moglegheitene til personleg utvikling som andre. Stønaden skal hindre at ein blir støtt ut av arbeidslivet og skape eit meir inkluderande arbeidsliv, samt gi menneske med nedsett funksjon moglegheit til å stå i arbeid.

Det går fram av § 10-5 fjerde ledd at det ikkje blir gitt stønad til betring av funksjonsevna i arbeidslivet til ein som mottek alderspensjon. Det same gjeld uførepensjon og avtalefesta pensjon (med unntak av ny avtalefesta pensjon i privat sektor).

Frå 1. januar 2011 er det innført fleksibelt uttak av heil eller delvis alderspensjon mellom 62 og 75 år. Uttaksreglane er nøytralt utforma ved at den årlege pensjonen blir lågare desto tidlegare pensjonen blir teken ut, og alderspensjonen kan derfor fritt kombinerast med inntekt utan at han blir avkorta.

Etter gjeldande reglar har personar som tek ut alderspensjon ikkje lenger rett til stønad til tiltak som er naudsynte for at dei skal kunne halde fram å arbeide. Det inneber at personar som treng slik stønad er avskåra frå å kombinere arbeid og alderspensjon slik som andre – dei må anten arbeide eller vere alderspensjonist.

Det har ikkje vore tilsikta at denne gruppa skulle bli avskåra frå å kunne nytte seg av fleksibelt uttak av alderspensjon. Departementet foreslår derfor at det kan ytast stønad til tiltak som er naudsynte for å kunne arbeide også til personar som mottek alderspensjon. Departementet foreslår likevel at det skal vere eit krav for å få slik stønad at ein har søkt før fylde 67 år. Stønad etter § 10-7 bokstavane e til g skal ein kunne motteke fram til fylde 70 år. Paragraf 10-4 har i dag reglar om øvre aldersgrense for rett til stønad til bil i dagleglivet. Departementet foreslår at desse føresegna blir tekne inn i § 10-4.

Departementet viser til §§ 10-4 og 10-5 i lovforslaget.

Departementet foreslår at forslaget trer i kraft 1. januar 2012. Forslaget vil isolert sett kunne gi ein liten meirutgift for folketrygda. På den andre sidan legg forslaget til rette å kunne stå lenger i arbeid og auka skatteinntekter. Samla sett vil forslaget ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative kostnader

7.3 Flytting av regelen om verknadstidspunkt for arbeidsavklaringspengar – folketrygdlova § 11-13

Folketrygdlova § 11-13 fjerde ledd seier at arbeidsavklaringspengar tidligast kan bli gitt frå det tidspunkt då kravet om ytinga blei sett fram (verknadstidspunkt). Då denne regelen blei foreslått og vedteke i samband med innføringa av arbeidsavklaringspengar (lov 19. desember 2008 nr. 106), blei det ikkje samtidig sett inn ein tilsvarande regel i kapittel 22 som omhandlar dei generelle reglar for utbetaling av ytingar og fristar for når krav må setjast fram. Det er såleis slik at heimel for verknadstidspunkt for arbeidsavklaringspengar står i kapittel 11, mens verknadstidspunkt for andre ytingar etter folketrygdlova er regulert i § 22-13. Departementet meiner at det er mest ryddig at også regelen om verknadstidspunkt for arbeidsavklaringspengar står i kapittel 22. Departementet foreslår derfor at noverande § 11-13 fjerde ledd blir oppheva og flytta til § 22-13 fjerde ledd som ny bokstav d.

Departementet viser til lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.4 Studentars rett til arbeidsavklaringspengar – Innsetjing av lovheimel på ny i folketrygdlova § 11-13

Etter folketrygdlova § 11-5 er det eit vilkår for å få arbeidsavklaringspengar at medlemmen pga. sjukdom, skade eller lyte har fått sett ned arbeidsevna. Arbeidsevna skal som hovudregel vurderast i forhold til mogelegheitene for å utføre alle typar arbeid. Studentregelen gjer unntak frå kravet om at ein skal vurderast i forhold til alle typar arbeid i tilfelle der det er klart at ein person som er i gang med høgare utdanning etter ein periode med aktiv behandling vil kunne ta opp igjen studiane. Det inneber at Arbeids- og velferdsetaten i slike tilfelle ikkje skal vurdere om andre tiltak ville kunne få personen fortare i arbeid.

I Prop. 16 L (2010–2011) var lovteksten ved ein feil formulert slik at den delen som handla om studentars rett til arbeidsavklaringspengar falt ut då lovendringa tok til å gjelde. Regelen blei likevel oppretthaldt ved at han blei teke inn i § 11a i forskrift 10. februar 2011 nr. 152 om arbeidsavklaringspengar. Departementet foreslår at denne regelen blir teken inn igjen i folketrygdlova §11-13 som nytt fjerde ledd.

Departementet viser til lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.5 Oppretting i folketrygdlova § 12-5

Departementet foreslår at omgrepet ”attføring” i folketrygdlova § 12-5 blir erstatta med ”arbeidsrettet tiltak”. Etter at attføringspengar blei erstatta av arbeidsavklaringspengar, som blir gitt til personar som får aktiv behandling, deltar på arbeidsretta tiltak eller får annan arbeidsretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten, er det ikkje lenger formålstenleg å bruke omgrepet ”attføring” i folketrygdlova. Då det nye regelverket for arbeidsavklaringspengar tok til å gjelde 1. mars 2010, blei ”attføring” derfor ei rekkje stader i lovverket erstatta med ”arbeidsrettede tiltak”. Departementet foreslår at dette også blir gjort i folketrygdlova § 12-5. Opprettinga endrar ikkje rettstilstanden.

Departementet viser til lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.6 Berekning av uførepensjon for pensjonistar omfatta av unntaksreglane frå kravet om føregåande medlemstid i folketrygdlova § 12-2 fjerde ledd – Innsetjing av lovheimel på ny i § 12-13

For rett til uførepensjon er hovudregelen at ein må ha vore medlem av trygda i minst tre år fram til uføretidspunktet, jf. folketrygdlova § 12-2 første ledd. Det er eit unntak frå kravet om tre års føregåande medlemstid i § 12-2 fjerde ledd for personar som var medlem av trygda på uføretidspunktet og som har ei viss knyting til folketrygda (tidlegare pensjonsopptening). For desse pensjonistane blei uførepensjon tidlegare rekna ut etter § 12-13 nr. 2 sjette ledd første punktum, og slik at uførepensjon blei berekna på grunnlag av trygdetid til og med kalendermånaden før uføretidspunktet og poengår til og med kalenderåret før nemnde tidspunkt. Denne berekningsregelen i § 12-13 nr. 2 sjette ledd første punktum blei ved ein feil oppheva i samband med oppheving av tidsavgrensa uførepensjon og innføring av arbeidsavklaringspengar. Ein manglar såleis no lovheimel for berekning av uførepensjon til personar med rett til slik pensjon etter § 12-2 fjerde ledd. Departementet foreslår at berekningsregelen blir teken inn i folketrygdlova igjen som nytt sjuande ledd i § 12-13.

Departementet viser til lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.7 Oppheving av regelen om førebels uførepensjon – folketrygdlova § 12-16

Når ein person har sett fram krav om uførepensjon og det er sannsynleg at han eller ho vil få innvilga pensjon, kan Arbeids- og velferdsetaten yte ein førebels uførepensjon i ventetida, jf. folketrygdlova § 12-16. Førebels uførepensjon kan ikkje ytast dersom vedkommande kan få dekt utgiftene til livsopphald ved hjelp av andre inntekter. Ordninga med førebels uførepensjon blei utforma for å hindre at personar skulle gå utan ytingar til livsopphald i ein periode medan etaten behandla uføresøknaden.

Arbeidsavklaringspengar er ein yting som skal dekkje utgifter til livsopphald. Etter folketrygdlova § 11-13 andre ledd bokstav c kan ein få rett til arbeidsavklaringspengar i fire månader når medlemmen som følgje av sjukdom skal vurderast for uførepensjon. Denne ventetidsperioden kan forlengast med nye fire månader dersom kravet om uførepensjon ikkje er handsama innan den fastsette vedtaksperioden. Reglane om rett til arbeidsavklaringspengar i ventetidsperioden medan ein blir vurdert for uførepensjon gir såleis rett til livsopphaldsyting, og ordninga med førebels uførepensjon til dekning av livsopphaldsutgifter er dermed overflødig.

Departementet foreslår derfor at regelen om rett til førebels uførepensjon blir oppheva.

Departementet viser til § 12-16 i lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2012. Personar som mottek førebels uførepensjon etter § 12-16 når lovendringa trer i kraft, skal likevel kunne ta imot ytinga fram til Arbeids- og velferdsetaten har handsama vedtak om uførepensjon. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Forslaget inneber at omgrepet ”foreløpig uførepensjon” må tas ut visse andre stader i folketrygdlova og i andre lover, sjå lovforslaget og merknadene til dei enkelte paragrafane i lovforslaget i punkt 8.

7.8 Retting av lovtilvising i folketrygdlova § 22-10

Folketrygdlova § 22-10 omhandlar korleis forskjellige ytingar etter folketrygdlova skal utbetalast. Paragraf 22-10 femte ledd reknar opp i fire bokstavpunkt dei ytingar som skal utbetalast som anten eingangsbeløp eller løypande ytingar. Bokstav b omtalar tilleggsstønader, og i parentes viser ein til lovheimelen for tilleggsstønader. Det er vist til § 11-14, men den riktige tilvisinga skal vere § 11-12. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta.

Departementet viser til lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.9 Retting av lovtilvising i arbeids- og velferdsforvaltningslova

Då lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen blei vedteke, blei det gjort ei rekkje endringar i anna lovgjeving som inneheldt tilvisingar til kapittel 5 og 5A i lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv, då desse kapitla blei oppheva i og med iverksetjinga av den nye lova. Lov av 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen §14a blei utegløymt i denne samanhengen. I denne paragrafen blir det tilvist til sosialtenestelova kapittel 5A. Departementet foreslår at dette blir retta opp, slik at det i den nemnde paragrafen blir tilvist til lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 29.

Departementet viser til § 14a i lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida