Prop. 7 L (2011–2012)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2011)

Til innhaldsliste

6 Endring av den nedre aldersgrensa for rett til sjukepengar – tilpassing til endringar i pensjonsreforma – folketrygdlova § 8-3

6.1 Innleiing og bakgrunn

Etter folketrygdlova § 8-3 første ledd første punktum er det eit vilkår for rett til sjukepengar at ein tapar pensjonsgivande inntekt som følgje av at ein er arbeidsufør på grunn av sjukdom eller skade. Fram til 2010 var den nedre aldersgrensa for opptening av pensjonsgivande inntekt 17 år. For at personar under 17 år med inntekt skulle vere sikra ytingar til livsopphald ved sjukdom, blir det likevel gitt sjukepengar etter § 8-3 første ledd andre punktum til personar som er for unge til å få fastsett pensjonsgivande inntekt.

Som ledd i pensjonsreforma, der alle år med inntekt skal telle med ved utrekning av alderspensjon, blei det vurdert om det i det heile var naudsynt med ei nedre aldersgrense for opptening av pensjon. I vurderinga i Ot.prop. 37 (2008–2009) kva ei eventuell nedre aldersgrense skulle vere, viste departementet mellom anna til at arbeidsmiljølova tillet born som har fylt 13 år å ha lettare arbeid. Vidare blei det påpekt at det er lite aktuelt med personinntekt før denne alderen. Stortinget slutta seg til denne vurderinga, og den nedre aldersgrensa for pensjonsgivande inntekt blei senka frå 17 til 13 år.

6.2 Departementet si vurdering og forslag

Som følgje av det ovannemnde, er det eit spørsmål om det framleis er naudsynt med ei særregel for rett til sjukepengar for dei som er for unge til å ha pensjonsgivande inntekt, det vil seie under 13 år.

Departementet meiner at aldersgrensa i arbeidsmiljølova må vere utgangspunktet for rett til sjukepengar, og at det ikkje lenger er naudsynt med ein regel om at ein kan få sjukepengar sjølv om ein er for ung til å ha pensjonsgivande inntekt. Rett nok har barn under 13 år lov til å utføre kulturelt og liknande arbeid, jf. arbeidsmiljølova § 11-1 første ledd bokstav a, til dømes teater eller TV-produksjonar. At det ikkje vil bli gitt sjukepengar til dei under 13 år, vil ikkje vere til hinder for at ein i slike spesialtilfelle i kontrakten gjer avtale om eventuell kompensasjon ved sjukdom.

Departementet viser til § 8-3 første ledd i lovforslaget.

6.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft frå 1. januar 2012. Endringa har ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida