Prop. 70 L (2011–2012)

Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalet)

Til innhaldsliste

13 Konsekvensar

13.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om eit sett med tiltak for å styrkje fiske med små fartøy i delar av Nord-Noreg. Forslaga inneber både lovendringar og å setje av eit tilleggskvantum til open gruppe i verkeområdet.

Departementet tek sikte på å evaluere tiltaka etter fem år. Ei slik evaluering vil særleg gå på det geografiske verkeområdet for tiltaka sidan dei dels er grunngjevne med distriktspolitiske omsyn, og det kan difor vere aktuelt å endre verkeområdet avhengig av utviklinga både innanfor og utanfor verkeområdet det no vert gjort framlegg om.

Nedanfor skal konsekvensane av framlegget vurderast. Det vert også presentert nokre konsekvensvurderingar i diskusjonen av dei ulike forslaga i kapittel 12. Dette kapittelet må difor lesast i samanheng med dei andre konsekvensdrøftingane i meldinga. Først vert dei økonomiske og administrative konsekvensane for tiltaka vurdert samla. Vidare vert dei økonomiske og reguleringsmessige konsekvensane av forslaget om ein årleg tilleggskvote vurdert nærare. Til slutt vert tiltaka samla vurdert opp mot distrikts- og regionalpolitiske omsyn, omsynet til det samiske folket og samisk kultur og omsyn til miljøet.

13.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

13.2.1 Framlegga om lovendringar

Som allereie peika på i kapittel 12 inneber ei lovfesting av retten til fiske ikkje nokon endring for dei som fiskar i open gruppe i verkeområdet i dag. Konsekvensen av lovfestinga vil først og fremst vere av rettsleg karakter og inneber at fiskeristyresmaktene ikkje kan lukke fisket etter torsk, hyse og sei fullstendig utan at lova først vert endra.

Forslaget om å etablere ei fjordfiskenemnd for Finnmark, Troms og Nordland inneber ingen særskilde eller auka løyvingar over offentlege budsjett. Det er lagt til grunn at Fiskeridirektoratet vil kunne stå for administrasjon og utføre saksførebuing og utgreiingar for ei nemnd innanfor dei eksisterande budsjettrammene til direktoratet.

Departementet har vidare gjort framlegg om ei ny føresegn i finnmarksloven § 29, første ledd andre punktum, som gjev heimel til at Finnmarkskommisjonen også kan utgreie krav om kollektive eller individuelle rettar til fiskeplassar i sjø- og fjordområde som kan vere opparbeidde på grunnlag av gjeldande nasjonal rett. Dette inneber såleis ei utvidning av ansvarsområda til Finnmarkskommisjonen.

Erfaringane dei siste åra viser likevel at det er fremma få eller ingen krav og søksmål om rett til fiskeplassar overfor dei ordinære domstolane. Departementet legg difor til grunn at omfanget av denne typen saker vil vere avgrensa og at krav som vert fremma kan handsamast innanfor dei gjeldande budsjettrammene.

Merknad frå Sametinget:

Sametinget har både i siste konsultasjonsmøte og i plenumsvedtaket om oppfølgingen av kystfiskeutvalget for Finnmark lagt til grunn at Finnmarkskommisjonen må sikres full finansiering i sitt arbeid. Når Finnmarkskommisjonen gjennom forslaget til ny bestemmelse i § 29 i finnmarksloven første ledd andre punktum tillegges nye oppgaver, er Sametinget ikke enig at dette vil løses innenfor de eksisterende budsjettrammer.

13.2.2 Andre tiltak

Forslaget om ein tilleggskvote til open gruppe i verkeområdet inneber heller ikkje noko behov for auka løyvingar over offentlege budsjett. Fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet, og styresmaktene har med heimel i havressurslova høve til å tilgodesjå ei rekkje ulike formål ved fordelinga av den nasjonale kvoten, mellom anna å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna og medverke til å sikre det materielle grunnlaget for samisk kultur, jf. havressurslova § 7 andre ledd bokstav d og g. Til dømes vart det sett av 3000 tonn torsk til distriktskvotar i 2006 og 2007, som eit verkemiddel for å styrkje kystsamfunna.

Forslaget til departementet er at dette kvantumet skal setjast av saman med kvotar til forsking og anna frå toppen av den nasjonale kvoten før fordeling mellom dei ulike fartøygruppene. Tiltaket vil difor ikkje medføre noko meirarbeid for forvaltninga i dei årlege reguleringane.

Departementet har i forslaga til tiltak ikkje talfesta eit fast kvantum i tilleggskvote eller korleis kvoten skal fordelast. Det er likevel, på bakgrunn av ei vurdering av dagens kvotesituasjon teke utgangspunkt i ein tilleggskvote på 3000 tonn. Det er for 2011 og i 2012 fordelt 3000 tonn torsk som tilleggskvote for fartøy i open gruppe i verkeområdet.

Ingen av forslaga som er fremma i denne meldinga inneber difor behov for særskilde eller auka løyvingar over offentlege budsjett.

13.3 Økonomiske og reguleringsmessige konsekvensar av ein tilleggskvote

Ein tilleggskvote på 3000 tonn som vert sett av frå toppen av den norske totalkvoten vil føre til ein liten reduksjon i kvantumet avsett til dei ulike flåtegruppene, og ein liten reduksjon for dei enkelte fartøya i høve til kvantumet dei ville få tildelt utan tilleggskvote. Desse utslaga vil vere langt mindre enn dei endringane som svingingar i bestandane kan føre til i kvotane for dei enkelte fartøya.

Tabell 13.1 viser disponibel totalkvote og avsetjing til ulike formål, høvesvis med og utan avsetjing til tilleggskvote for open gruppe. Kvote til fordeling på dei ulike gruppene vert rekna ut frå den etablerte trålstigen, sjå nærare i framstillinga i vedlegg 2. Dersom tilleggskvoten av ulike årsaker vert endra i framtida, vil dette medføre endringar for gruppekvotane og fartøykvotane. I den samanheng er det viktig å nemne at kvotesituasjonen dei siste åra har vore særleg god.

Tabell 13.1 Regulering av torsk med og utan avsetning til tilleggskvote, med ulike scenario for utvikling i den nasjonale kvoten

(tonn)

2012-kvote

2012 + 10 %

2012 + 20 %

2012–10 %

2012–20 %

Disponibel totalkvote

354 357

354357

389 793

389 793

425 228

425 228

318 921

318 921

283 486

283 486

Forsking

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

Ungdoms- og rekreasjonsfiske

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

7 000

Kvotebonus levande fangst

300

300

300

300

300

300

300

300

300

300

Tilleggskvote open gruppe

3 000

0

3 000

0

3 000

0

3 000

0

3 000

0

Trål

111 229

112219

122 923

123 913

134 616

135 606

97 394

98006

83 582

84 740

Konvensjonell hav

28 929

29186

31 970

32 227

35 011

35269

26 162

26 391

23 391

23 628

Open gruppe

21 462

21 653

23 718

23 909

25 975

26 166

19 409

19 579

17 354

17 529

Konvensjonell, lukka gruppe

175 438

176 999

193 882

195 443

212 326

213 887

158 657

160 046

141 858

143 289

I vedlegg 3 følgjer det ei oversikt over endringane på fartøynivå for alle heimelslengder i lukka gruppe. Vidare er fartøykvotar i tonn torsk per kvotefaktor for trål og for konvensjonelle havfiskefartøy med og utan avsetning til tilleggskvote og ved ei endring i totalkvote til fordeling med høvesvis +10 %, +20 %, -10 % og -20 %, presentert. Til dømes vil eit fartøy med heimelslengd på 11 meter i lukka gruppe i fisket etter torsk nord for 62 grader i 2011 få om lag 0,96 prosent eller 550 kg mindre i kvote (frå 57 til 56,45 tonn). For torsketrål inneber avsetninga 0,9 prosent eller 11 tonn mindre per kvotefaktor (frå 1251 til 1240 tonn).

For å kunne vurdere dei økonomiske konsekvensane av ei avsetning på 3000 tonn må vi sjå nærare på torskeprisane. Tabell 13.2 viser prisane på torsk (nominelle gjennomsnittsprisar) mellom 2000 og 2011. Tabellen viser at prisane har variert noko gjennom perioden.

Tabell 13.2 Nominelle prisar på torsk 2000–2011*

2000

2001

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

Pris rundvekt

13,4

13,9

12,6

10,8

12,1

13,2

14,9

17,0

16,3

11,6

10,5

11,3

Pris sløgd og hovudkappa

20,1

20,9

18,9

16,1

18,1

19,8

22,4

25,4

24,5

17,4

15,7

17,0

*Prisane gjeld for alle landingar av torsk. Kjelde: Fiskeridirektoratet

Snittprisen for rundvekt for heile perioden er på 13,1 kroner. 2007 hadde den høgaste snittprisen på 17 kroner, medan snittprisen var lågast i 2010 med 10,5 kroner. På bakgrunn av finanskrisa og uvisse i marknaden har det vore eit betydeleg fall i prisane frå 2008 til 2011. Dette kan også ha samanheng med at det var ein kraftig auke i prisen frå 2003 og fram til 2007.

Utviklinga utover i 2011 og 2012 er positiv med aukande prisar på torsk i høve til dei låge prisane i 2010. Det er likevel vanskeleg å seie noko om korleis marknaden for torsk og prisnivået vil utvikle seg i åra framover. Gjennomsnittet for heile denne perioden bør difor vere representativt for å illustrere dei økonomiske konsekvensane, og vil verte brukt i eksempel i dette kapitlet.

Verdien av tilleggskvoten på 3000 tonn torsk utgjer 40 millionar kroner ut i frå snittprisen i perioden 2000–2011. Verdien på kvoten ville i 2007 ha vore på 51 millionar kroner, og i 2010 på 31,5 millionar kroner.

Som nemnt over vil eit fartøy på 11 meter heimelslengd i lukka gruppe få 550 kg mindre i kvote med ei avsetning på 3000 tonn til open gruppe. Ut i frå snittprisen tilsvarer dette 7205 kroner. For torsketrål inneber avsetninga 11 tonn mindre i kvotefaktoren, noko som tilsvarer 144 100 kroner.

Dei fartøya i open gruppe som er omfatta av verkeområdet vil samstundes kunne få styrka fangstgrunnlaget sitt gjennom ein tilleggskvote, men det er avhengig av korleis kvoten vert fordelt. Departementet tek her ikkje stilling til korleis kvoten skal fordelast. Dette er noko ei fjordfiskenemnd kan vurdere og uttale seg om. For 2011 fekk likevel alle fartøy som fiskar i open gruppe i verkeområdet styrka kvotegrunnlaget med 6 tonn torsk frå og med 23. mai.

Ettersom det er fylkesbinding på deltakarløyve i lukka gruppe i fisket etter torsk nord for 62° N, vil ei attraktiv ordning med tilleggskvote i open gruppe kunne påverke prisane på fartøya som vert selde for vidare drift i lukka gruppe. Det kan i neste omgang skape press på fylkesbindingane. Det er likevel usikkert kor stor påverknad ordninga vil ha for lukka gruppe. Lukka gruppe har ein heilt annan stabilitet enn open gruppe fordi dei veit kvart år kor stor del av gruppekvoten dei vert tildelt. Kvotegrunnlaget og deltakinga i open gruppe har også vore relativt stabilt dei siste åra, men sidan gruppa er open for alle merkeregistrerte fartøy under 11 meter, kan dette endre seg.

13.4 Distrikts- og regionalpolitiske konsekvensar

Det er foreslått at alle tiltaka skal omfatte alle kommunar i Finnmark, Nord-Troms og andre kommunar i Troms og Nordland som er omfatta av det geografiske verkeområdet til Sametinget sitt søkjarbaserte tilskot til næringsutvikling, med unntak av Tromsø kommune, jf. 12.6.

Det vert lagt til grunn at forslaga vil ha positiv verknad for fiskeriaktivitet, næringsutvikling og busetjing i dei områda som vert omfatta av ordninga. I tillegg vil ei lovfesting av retten til å fiske stadfeste fiskeria sin verdi og rolle. Mange lokalsamfunn i desse områda er blant dei mest sårbare for både ressurssvingingar og økonomiske konjunkturar, og ein lovfesta rett til fiske vil skape tryggare rammer for å satse på fiske som leveveg åleine eller i kombinasjon med andre verksemder.

13.5 Konsekvensar for det samiske folket og samisk kultur

Departementet legg til grunn at forslaga til tiltak medverkar til at samiske omsyn vert ytterlegare styrka i det eksisterande lovverket.

Som framstillinga i vedlegg 2 viser har nedgangen i talet på fiskarar og fartøy vore større i områda som er heilt eller delvis omfatta av det geografiske verkeområdet for Sametinget sine søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd samanlikna med andre område i Nord-Noreg. Ein tilleggskvote på torsk til open gruppe som inkluderer alle kommunar som er omfatta av det geografiske området til Sametinget sitt søkjarbaserte tilskot til næringsutvikling, vil kunne bidra til auka fiskeriaktivitet og næringsutvikling i dei sjøsamiske områda.

Samstundes er det ofte slik at når det er lite fiskeriaktivitet og infrastruktur knytt til fiskerinæringa i eit område, kan det likevel vere større utfordringar med å starte som fiskar anten som mannskap eller med eige fartøy. Interesse og kjennskap til fiskeri fordrar ofte miljø der fiskerinæringa er synleg og til stades. Samstundes må ein i verksame fiskerimiljø ha høve til å levere til lokale mottak nær heimstaden. Forslaget om å etablere ei fjordfiskenemnd for Finnmark, Troms og Nordland vil difor bidra til at styresmaktene kan få eit organ som kan sjå desse faktorane i samanheng og gje heilskaplege tilrådingar og vurderingar av situasjonen i områda. Ei fjordfiskenemnd kan til dømes vurdere og uttale seg om bruken av føringsmidlar og mottaksstasjonar for å sikre ein god infrastruktur for den mindre kystflåten i desse områda.

I tillegg er det lagt opp til ein eigen prosess for å få på plass ein rammeavtale mellom Fiskeri- og kystdepartementet og Sametinget om konsultasjonar som omhandlar fiskerispørsmål. Dette vil gje Sametinget høve til ein meir aktiv medverknad og innverknad i avgjerdsprosessane enn i dag. Arbeidsoppgåvene til fjordfiskenemnda og kva vekt ei fråsegn frå nemnda skal ha vert drøfta vidare i arbeidet med denne rammeavtalen.

13.6 Miljømessige konsekvensar

Konsekvensane for lokale bestandar av torsk og fjordøkologi ved auka fiske av torsk er drøfta i kapittel 4. Hovudbodskapen er at dei lokale ressursane av torsk i Nord-Noreg er fullt utnytta, og at fisket på desse ressursane ikkje bør aukast. Det same gjeld for fleire andre artar som vert hausta saman med torsk. Framlegget til departementet kan innebere ein viss auke i haustinga av desse ressursane.

Til forsida