Prop. 70 L (2011–2012)

Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalet)

Til innhaldsliste

4 Fjordøkologi

4.1 Fiske i nordnorske fjordar

4.1.1 Innleiing

Det vert fiska på ei rekkje artar i nordnorske fjordar, og torsk og annan botnfisk er dei dominerande og viktigaste artane. Størstedelen av fisken som vert hausta i kyst- og fjordfiske vert fiska med garn. I nokre område, særleg i Finnmark, representerer også fiske med line eit vesentleg uttak.

Kor tilgjengelege fiskeressursane i dei nordnorske fjordane er vert i stor grad påverka av svingingar i store og vandrande bestandar som skrei, norsk vårgytande sild og lodde. Ikkje minst gjeld dette i dei meir opne fjordane i Troms og Finnmark.

Generelt er lokale fiskeressursar meir talrike innover i fjordane, og difor økologisk og økonomisk viktigare her. Dei lokale ressursane i ytre fjordstrøk har ein tilsvarande verdi i dei periodane av året då skreien ikkje er å finne i dei ytre fjordstrøka.

4.1.2 Ulike stammar langs kysten

Det har lenge vore kjent at kysttorsken er ulik skrei både i utbreiing og økologisk tilpassing. Vi har mange ulike bestandar av kysttorsk langs kysten, og nokre av dei er til dels svært stadbundne.

Kysttorsken kan delast inn i «fjordtorsk» og «banktorsk». Banktorsken, eller «vandrande kysttorsk», som han også vert kalla, finst i fjordar eller på bankane. Vi reknar med at noko av denne torsken gyter i Lofoten, ved Vikna, på Møre, og i andre kystnære område (fjordar og skjergard).

Fjordtorsken er best studert i Sør-Noreg. Der lever han ofte i «lukka» fjordar der utskiftinga av vatn med kysten tildels er liten. Fjordtorsken kan danne små stadeigne stammar som er godt tilpassa lokale forhold. Hydrografiske forhold og topografien i ulike område langs kysten er truleg årsaka til at det har danna seg separate stadeigne stammar. Det kan vere genetiske skilnader mellom ulike fjordbestandar, sjølv innanfor små geografiske område. Det er eit tydeleg teikn på at slike stammar er stasjonære. Dei lokale stammane bruker ofte dei indre delane av «lukka fjordar» som gyteområde, sjølv om fjordtorsken også gyt ute på kysten. Topografi og straumforhold bidreg truleg til at egg og larvar ikkje spreier seg så lett og at torsken etter kvart går mot botnen, veks opp lokalt og bevarer si lokale eigenart. I smalare fjordar og i fjordar med grunne tersklar der utskiftinga av vatn med kysten er liten, vert egg og larvar verande i gyteområdet.

Dei hydrografiske og topografiske forholda i fjordane i Nord-Noreg varierer. Fjordane i Finnmark og Nord-Troms er stort sett relativt opne og breie, og har ei god utveksling av vatn med kysthavet utanfor i dei øvre vasslaga. Fjordane i resten av Troms og Nordland varierer frå opne fjordar med god utveksling av vatn til meir innelukka og skjerma fjordar. Det et difor naturleg å gå ut i frå at det varierer kor stadeigne dei ulike kysttorskstammane i dei nordnorske fjordane er.

Kysttorsk veks generelt raskare ute i skjergarden enn inne i fjordar. Det betyr at bereevna for lokale stammar i fjordane ikkje nødvendigvis er så stor, og at nokre stammar difor kan vere sårbare. Opne fjordar og skjergard med mykje utskifting av vatn, og dermed tilførsler av planktonføde, er meir produktive og har større bereevne.

4.1.3 Innslag av skrei i fjordane

Hovudmønsteret er at all torsk som vert fanga i fjordane er kysttorsk, med unntak av enkelte ytre fjordstrøk i Aust-Finnmark i perioden frå februar til juni. Dette må likevel nyanserast noko.

Under skreien si gytevandring og gyting i perioden februar-mai er ein del skrei i varierande grad innom dei ytre deler av enkelte fjordar. I seinare år har Havforskingsinstituttet registrert skrei i ein del prøver heilt ytst i dei opne fjordane aust for Nordkapp, men svært sporadisk i ytre fjordar i Vest-Finnmark og Nord-Troms. Innslaget av skrei som beiter på lodde som vandrar mot kysten (loddetorsk) i perioden mars-juni følgjer nokolunde same geografiske mønster. Enkelte år har førekomstar av ungsild på Finnmarkskysten ført til eit innslag av skrei i desse områda også ut over sommaren til juli-august. Seinast i 2008 vart slike førekomstar registrert kystnært i Aust-Finnmark, men det er usikkert om dette strekte seg inn til fjordane. Generelt er det eit større innslag av skrei på kysten gjennom året nord for Lofoten enn sør for Lofoten.

4.2 Konsekvensar for økosystem og ressursar ved auka fiskepress

Indeksane frå tokta til Havforskningsinstituttet tyder på at mengda av kysttorsk gjekk ned samanhengande frå 1994 til 2003 og har seinare lege på eit lågt nivå.

Det internasjonale råd for havforsking – ICES (International Council for the Exploration of the Sea) – har sidan 2003 rådd til at det ikkje bør fangast kysttorsk. Sidan 2004 har det difor vore sett i verk tiltak og strengare reguleringar for å redusere uttaket av kysttorsk og dreie fisket over på norsk arktisk torsk. For eksempel er det i dag forbod mot bruk av snurrevad og fløytegarn innanfor fjordlinjene, og det er reguleringar av tilleten bifangst av torsk i fisket etter andre artar. I nokre kystområde er det berre tillete å fiske med handsnøre i gytesesongen.

På grunnlag av kunnskapen ein har om kysttorsk og utviklinga som har vore nord for 62°N, er det ifølgje havforskarane ikkje tilrådeleg at det samla fisket i dei nordnorske fjordane aukar på kort sikt. Ettersom kysttorskstammane er svake, og fisket etter andre artar i fjordane finn stad utan kvoteavgrensing, er det ut frå ei føre-var-tilnærming truleg ikkje rom for eit større fiskepress verken på kysttorsk eller på andre artar som i dag vert utnytta kommersielt. Eit auka fiske på stadeigne stammar, f.eks. i lukka fjordar, kan gå hardt utover desse stammane si evne til å reprodusere seg. Naturgjevne forhold gjer at det generelt er betre for ressursane om fisket er retta mot meir opne kyst-/fjordstrøk der bereevna er større.

Fordi skrei berre er tilgjengeleg i ein heller kort sesong, og då særleg ute ved kysten, vil auka fiskepress på fjordane gå hardast ut over kysttorsken. Skal kysttorskestammane byggjast opp igjen inneber det at torskefisket i fjordane må haldast på eit lågt nivå.

Dersom ein skal leggje til rette for auka fiske i dei nordnorske fjordane, bør dette fisket forskyvast mot dei førekomstane som måtte finnast av skrei i ytre fjordstrøk og kyststrøka utanfor fjordane. Det vil også vere ein fordel om ein unngår å fiske i område der kysttorsken er samla for gyting.

Eit auka fiske etter torsk må også sjåast i samanheng med eventuell aukande fangst av andre artar. Artar som uer, kveite, lange og brosme toler truleg ikkje eit mykje større uttak på fjordane. Også for ein viktig ressurs som rognkjeks er det grunn til å vere merksam på eit auka uttak. For nokre av dei andre viktige kommersielle artane (særleg raudspette, lomre, steinbitartane og skater) finst det i dag ikkje oversikt over bestandsutviklinga og kva ei berekraftig hausting av desse artane inneber.

4.3 Konsekvensar for forsking og forvaltning

For forvaltninga er raske endringar i fiskepress vanskelegare å handtere enn gradvise endringar. Ikkje minst reguleringsmessig er store, plutselege endringar meir krevjande å takle enn gradvise endringar. Dersom ein bestemmer seg for å prøve ut vesentlege omleggingar og nye reguleringar av fisket i eit område, bør ein kartlegge og forstå verknadene av omlegginga gjennom auka datainnsamling og FOU-innsats.

Ved høg fiskedød (aukande fiskepress) skjer endringane i bestanden raskare og prognosane vert meir usikre. Dette betyr at målingane må vere hyppigare og meir presise, og det er behov for detaljkunnskap om ressurssituasjon og dynamikk i enkeltfjordar.

4.4 Auka innsikt i fjordøkologi – erfaringane frå Porsangerfjorden

I Porsangerfjorden har det vore godt fiske fleire hundre år tilbake, men i dag er fiskeressursane i fjorden kraftig reduserte. Dette gjeld ikkje minst for torsk, som har vore ein grunnpilar i det lokale fisket. Lokale fiskarar meiner at aukande mekanisering av fisket har medverka til den negative utviklinga. Den største nedgangen i ressursane i fjorden kom likevel brått etter samanbrotet i bestanden av norsk vårgytande sild på slutten av 1960-talet. Ei ytterlegare markert forverring meiner ein kom etter kalde vintrar med samanbrot i loddebestanden og invasjon av grønlandssel i 1986–88. Etter den tid har ikkje fiskebestanden i fjorden teke seg opp igjen. Sidan 1970-talet har også tareskogane i Porsangerfjorden vore nedbeita av kråkebollar, og dei siste åra har bestanden av kongekrabbe stige kraftig i Porsangerfjorden. Det er også ein del kystsel i fjorden, både havert og steinkobbe. Sistnemnde er truleg ein stasjonær bestand i dei indre delar av fjorden.

Utviklinga i fjorden og situasjonen i dag gjer Porsangerfjorden veleigna som eit modelløkosystem eller ein modellfjord, og fjorden vert grundig studert i det pågåande forskingsprosjektet «EPIGRAPH».

«EPIGRAPH» vil gje auka innsikt i økologien i terskellause fjordar. Vi vil få meir kunnskap om kva tareskogen har å seie for produktivitet, bereevne og biologisk mangfald, samspel mellom kystsel og fisk og økosystemeffektar av kongekrabbe, inkludert om krabben kan ete tarebeitande kråkebollar i eit slikt omfang at tarevegetasjonen veks til igjen. Gjenvekst av tareskog er vurdert som svært viktig for auka produktivitet, mangfald og bereevne i fjordar og kystfarvatn i nord. I forskinga i Porsangerfjorden ser dei påverknaden frå mange ulike biologiske faktorar og fiskeri i samanheng, og håpet er at denne forskinga kan gje eit viktig kunnskapsgrunnlag for forvaltninga av kysttorsk i framtida.

Til forsida