Prop. 70 L (2011–2012)

Endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalet)

Til innhaldsliste

9 Oppsummering av høyringsfråsegnene

9.1 Innleiing

Utgreiinga til kystfiskeutvalet, NOU 2008: 5, vart sendt på ei brei høyring, mellom anna til alle fylkeskommunane, kommunane som er omfatta av det geografiske verkeområdet for Sametinget sine søkarbaserte tilskot til næringsverksemd, Sametinget og ei rekkje interesseorganisasjonar. I kapittel 2.2 er det lista opp kven som har gjeve høyringssvar til utgreiinga. Høyringsinstansane vart samstundes bedne om å gje høyringssvar til kapittel 22 i utgreiinga til samerettsutvalet, NOU 2007:13 til Fiskeri- og kystdepartementet. Dei aller fleste som har kome med eit høyringssvar, har kommentert utgreiinga frå kystfiskeutvalet og i liten grad utgreiinga frå samerettsutvalet.

Dette kapitlet oppsummerer høyringsfråsegnene. Forslaget frå kystfiskeutvalet om at folk i Finnmark skal ha ein lovfesta rett til å drive fiske i havet utanfor Finnmark, har fått brei støtte frå høyringsinstansane. Fleire har peika på at det er naturleg at ein slik rett også skal gjelde i samiske område sør for Finnmark. Når det gjeld spørsmålet om etablering av eit eige forvaltningsorgan, Finnmark fiskeriforvaltning, har dette fått beskjeden støtte, og alle fylkeskommunane og dei fleste kommunane som har gjeve høyringssvar, går imot dette.

Nedanfor følgjer eit samandrag av høyringssvara, inndelt etter organ. Dei fleste høyringsinstansane uttalar seg samla om dei prinsipielle sidene ved framlegget, og det er difor naturleg å gje ei samla oversikt over svara utan å dele dette opp tematisk.

9.2 Departement

Arbeids- og inkluderingsdepartementet ser positivt på utgreiingsarbeidet kystfiskeutvalet har gjort og meiner at oppfølginga av innstillinga vil vere viktig for å anerkjenne sjøsamane sin rett til fiske i havet utanfor Finnmark.

Forsvarsdepartementet viser til framlegget om å opprette eit regionalt organ som skal ha nærare definert forvaltningsmynde for det havområdet som er omtala i lovframlegget, og peiker på at «det er vår oppfatning at Kystvaktens ansvar for å drive fiskerioppsyn etter Kystvaktlovens § 9 også vil omfatte kontroll med de regler som fastsettes med hjemmel i den foreslåtte lov». Det må difor gjerast ei endring i kystvaktlova § 9. Forsvarsdepartementet peiker vidare på at ein auke i fiskeriaktivitet også kan skape behov for auka kontroll frå Kystvakta i desse områda.

Justisdepartementet sluttar seg til «hovedtanken i utvalgets forslag om lokal råderett over fiskeressursene i kystnære farvann», og meiner det kan leggje til rette for ei betre ivaretaking av sjøsamiske interesser. Justisdepartementet trur også dette kan bidra til ei berekraftig forvaltning av ressursane.

Justisdepartementet peiker på at reint lovstrukturelt taler mykje for at lovføresegnene utvalet har foreslått vert tekne inn i finnmarksloven framfor i ei eiga lov. Dei stiller vidare spørsmål ved om lovframlegget går lengre enn dei pliktene Noreg har etter folkeretten, og at tilvisinga til folkeretten i § 2 i lovframlegget difor heller bør takast inn i formålsføresegna. Justisdepartementet peiker vidare på at Finnmark fiskeriforvaltning vil utøve offentleg mynde, og at det difor bør greiast ut kva for verknader det skal ha at dette organet skal vere eit eige rettssubjekt. Justisdepartementet har også kome med merknader til framlegget om at Finnmarkskommisjonen skal kunne avgjere saker om rettar i saltvatn.

Kommunal- og regionaldepartementet viser til forvaltningsreforma og Ot.prp. nr. 10 (2008–2009), der det er gjort framlegg om ei generell lovføresegn som gjev grunnlag for desentralisering av oppgåver knytt til havressursforvaltning. Kommunal- og regionaldepartementet uttalar at slik dei forstår framlegget om å opprette Finnmark fiskeriforvaltning, vil det føre til at «fylkeskommunen likevel ikke vil få avgjørende myndighet innenfor lokale fiskerireguleringer». Dei meiner difor at samansetninga av styret i Finnmark fiskeriforvaltning bør endrast, slik at Finnmark fylkeskommune får fleirtal i eit eventuelt styre. Kommunal- og regionaldepartementet er usamd i at Finnmark fiskeriforvaltning skal vere eit eige rettssubjekt, og at dette heller bør etablerast som eit fylkeskommunalt organ, med spesifikke reglar for samansetning for å sikre samisk innverknad.

Kommunal- og regionaldepartementet peiker også på at det er viktig å sjå på moglegheitene til å få levert fangstane for dei som har rett til fiske i havet utanfor Finnmark, og også vurdere forholdet til distriktskvoteordninga.

Miljøverndepartementet viser til høyringsfråsegna frå Direktoratet for naturforvaltning, og seier at direktoratet tek opp viktige tilhøve som må avklarast i det vidare arbeidet med oppfølginga av framlegga frå utvalet.

Nærings- og handelsdepartementet meiner det er trong for å sjå nærare på enkelte utfordringar knytt til konsekvensane av framlegga frå utvalet. Departementet uttalar at:

«Etter vårt syn bør det blant annet gjøres en nærmere vurdering av hvordan utvalgets forslag kan endre de økonomiske vilkårene ved å bli fisker og om forslagene vil kunne medføre et betydelig behov for ervervelse av fiskefartøy eller bygging av nye kystfiskefartøy. Det bør i den forbindelse også vurderes nærmere om forslaget vil gi utfordringer knyttet til finansiering.»

Nærings- og handelsdepartementet trur også at etablering av eit nytt forvaltningsorgan kan gje auka kostnader og ressursbruk for den samla fiskeriforvaltninga, og reiser spørsmålet om ein bør vurdere nærare om forvaltninga av dei ordningane utvalet foreslår, kan utførast av den allereie etablerte fiskeriforvaltninga.

Olje- og energidepartementet har ikkje merknader til NOU 2008: 5, men har gjeve merknader til NOU 2007: 13, særleg med omsyn til framlegget til ny lov om sakshandsaming og konsultasjonar. Desse vert difor ikkje nærare omtalt her.

9.3 Sametinget

Sametinget uttalar at den sjøsamiske kulturen i dag er i ein kritisk situasjon der store delar av det materielle kulturgrunnlaget er truga, og at arbeidet til kystfiskeutvalet og dei resultata det bør gje, på mange måtar er eit vere eller ikkje vere for ein framtidig vital og levedyktig sjøsamisk kultur.

Sametinget strekar vidare under at det for dei marine ressursane vil vere det samla resultatet av ulike lovprosessar, samanhalde med Noregs folkerettslege plikter, som vil vere avgjerande for om samiske rettar vert tilstrekkeleg tekne vare på. Sametinget ser det difor som viktig at «de ulike lovforslagene ses på som en helhet, og at de samerettslige sidene fullt ut ivaretas for hele det tradisjonelle samiske området i de beslutningsprosessene som er i gang og i de sakene hvor vedtak allerede er fattet».

Sametinget uttalar at:

«For at staten Norge ikke skal bryte sine folkerettslige forpliktelser overfor samene som urfolk, er det helt nødvendig med et nasjonalt rettsgrunnlag som anerkjenner og sikrer det samiske folks rett til utnyttelsen av de fornybare marine ressurser, og at samene som urfolk gis adgang til deltakelse i forvaltningen av disse.»

Sametinget deler samerettsutvalet si oppfatning om at spørsmåla om fiske i sjøen er grundigast og breiast vurdert i kystfiskeutvalet og at det difor vil vere naturleg å la løysingane som er fremma av eit samrøystes kystfiskeutval gjelde heile det sjøsamiske området.

Sametinget framhevar vurderingane frå samerettsutvalet knytt til Sametinget si rolle i nasjonal ressursforvaltning og følgjande fråsegn frå samerettsutvalet:

«Samerettsutvalget vil også understreke at bruken av de marine områdene må ses i sammenheng. Virksomhet som kan få innvirkning på fisket i sjøsamiske fjorder og kystfarvann, for eksempel oppdrettsvirksomhet, og oppføring og drift av faste installasjoner som sjøkraftverk, omlastingsterminaler og ilandføringsanlegg for petroleum, må planlegges og drives på en slik måte at virksomheten ikke truer fiskestammer eller det biologiske mangfoldet. Det vil for å realisere dette blant annet være viktig at både Sametinget og andre samiske og lokale fiskeriinteresser gis en rolle i de aktuelle beslutningsprosessene.»

Sametinget meiner dette framlegget frå samerettsutvalet kan bidra til å styrkje framlegget frå kystfiskeutvalet med tanke på ei regional forvaltningsløysing som dekkjer heile det sjøsamiske området. Sametinget viser til at både kystfiskeutvalet og samerettsutvalet har kome med fråsegner som peiker mot ei heilskapleg løysing.

Sametinget viser til at Noregs folkerettslege plikter overfor samane gjeld likt i alle tradisjonelle samiske område i Noreg, og Sametinget ser det difor som naturleg at utgreiingane frå samerettsutvalet og kystfiskeutvalet også vert lagt til grunn for dei sjøsamiske områda sør for Finnmark. Sametinget strekar avslutningsvis under at det samtidig med arbeidet med finnmarksfiskelova må startast eit arbeid som munnar ut i konkrete lovføresegner også for områda sør for Finnmark, og at framlegget frå kystfiskeutvalet til finnmarksfiskelov vert brukt som modell også for desse områda.

På denne bakgrunn tilrår Sametinget etter ei heilskapleg vurdering at framlegget frå kystfiskeutvalet til finnmarksfiskelov vert fremma for Stortinget slik det står.

9.4 Andre statlege organ

Fiskeridirektoratet har i hovudtrekk uttala seg om spørsmålet om lokal medråderett i reguleringa av fisket, og foreslår at i den grad ein ønskjer ei ytterlegare styrking av lokal eller samisk medråderett ut over det som var bestemt i forvaltningsreforma (Ot.prp. nr. 10 (2008–2009)), bør dei same vurderingane leggjast til grunn for ei slik utviding.

Om Finnmark fiskeriforvaltning uttalar direktoratet følgjande:

«Fiskeridirektoratet kan heller ikke se at et nytt forvaltningsorgan som legges utenfor den eksisterende fiskeriforvaltning vil ha større legitimitet til å treffe forvaltningsvedtak eller gi regulerende bestemmelser enn den organisering av lokal forvaltningskompetanse som er foreslått i den nye forvaltningsreformen. De forvaltnings- og reguleringsvedtak som treffes vil uansett måtte ligge innenfor de rammer som lovgiver trekker opp.»

Fiskeridirektoratet meiner også det er uheldig å stykke opp reguleringskompetansen knytt til fiskeria og kan difor ikkje tilrå at Finnmark fiskeriforvaltning vert oppretta.

Fiskeridirektoratet region Finnmark uttalar at det som mest talar imot å gjennomføre framlegget frå utvalet, er at retten til fiske på grunnlag av historisk bruk er ein rett som omfattar store delar av befolkninga langs kysten og ikkje berre gjeld for befolkninga i Finnmark. Dei peiker på at det også kan stillast spørsmål ved kor tenleg det er å opprette eit eige forvaltningsorgan som er parallelt med og avhengig av den eksisterande forvaltninga. Svak legitimitet vil gje større utfordringar i det omfattande og ressurskrevjande arbeidet med å sjå til at næringa følgjer gjeldande spelereglar.

Fiskeridirektoratet region Finnmark peiker også på at dette er eit spørsmål om kor langt ein skal gå i retning av ei regional forvaltning når det nødvendigvis må bety ei omfordeling av nasjonale ressursar mellom regionane. Dei meiner også at hovudintensjonane i framlegget frå kystfiskeutvalet, å sikre grunnlaget for sjøsamisk kultur, langt på veg kan oppfyllast gjennom målretta bruk av eksisterande lov og forskriftsverk. Fiskeridirektoratet region Finnmark viser til at det har vore eit stort engasjement rundt høyringsmøta utvalet hadde i Finnmark, og uttalar at:

«Noe forenklet kan sistnevnte reaksjoner fra høringsmøtene sammenfattes i begrepene «fjordproblematikk». Denne problematikken omfatter de sjøsamiske kjerneområdene og uttrykker langt på vei lokalbefolkningens oppfatning av å ha «en rett til fiske på grunnlag av historisk bruk» samtidig som verken tilgangen til fiskefeltene eller ressursgrunnlaget skal kunne trues utenfra av fartøystørrelser og redskapstyper som regnes som fremmedelementer i disse områdene. Innbakt i dette ligger at lokalbefolkningen mener de ikke har hatt tilstrekkelig innflytelse på hvordan fjordområdene har blitt utnyttet.»

Direktoratet for naturforvaltning (DN) er uroa over fleire sider ved framlegget til kystfiskeutvalet. DN peiker på at mandatet til kystfiskeutvalet inneber at det skal gjerast ei vurdering av administrative og økonomiske konsekvensar av dei forslaga som vert fremma, og at det difor burde vere sjølvsagt at også biologiske og økologiske konsekvensar av framlegga vart utgreidde. DN meiner at det er ein stor mangel ved utgreiinga at dette ikkje er gjort og at det bør lagast ei konsekvensvurdering som tek føre seg dei økologiske sidene av forslaga før ein tek endeleg stilling til desse.

Når det gjeld framlegget om ein rett til å kunne fiske, som yrkesfiskar, ei mengd som gjev grunnlag for eit hushald, anten åleine eller saman med annan næring, meiner DN at «en slik garanti vanskelig kan innfris, ettersom mengden av fisk som kan fiskes må reguleres ut fra situasjonen til de ulike bestandene av fiskearter som er kommersielt høstbare, og hvor de befinner seg geografisk». Dei meiner det ikkje er ressursgrunnlag for ein slik garanti, sjølv for dei som i dag driv fiske i fjordane og langs kysten i Finnmark.

Når det gjeld framlegget til utvalet om å tilføre fjord- og kystflåten i Finnmark eit større fangstvolum, uttalar DN:

«DN stiller seg tvilende til om dette er praktisk gjennomførbart. … Ofte høster imidlertid ikke fjord- og kystflåten fra de samme bestandene som havfiskeflåten. Dersom man tenker å gjennomføre ordningen ved å kjøpe kvoter fra havfiskeflåten for så å dele disse ut til fjord- og kystfiskere (jf merknadene til lovforslagets § 6), er det ikke slik at fisken følger etter kvotene inn mot kysten. Påvirkningen fra de ulike sektorene kan da være svært forskjellig. Hvis man tar torsk som eksempel, vil et økt torskefiske i fjordene og nær kysten medføre en betydelig økt beskatning av kysttorsk i stedet for skrei.»

DN peiker også på at det er uklart om retten til fiske skal underordnast systemet med fastsetjing av kvotar, og dei går sterkt imot reglar som kan leie til eit overfiske.

DN meiner også at framlegget om retten til fiske i fjordane er i strid med allemannsretten dersom dette skal vere ein einerett for fjordbefolkninga. Dei meiner også at dette vil vere ei uakseptabel innskrenking av allmenta sitt høve til friluftsliv og rekreasjon. DN saknar også vurderingar frå utvalet i høve til fiske etter anadrome laksefisk.

Havforskingsinstituttet (HI) viser til at kystfiskeutvalet ikkje har drøfta kvifor torsk og andre bestandar har vore tilgjengeleg i kyst- og fjordstrøka. HI peiker på at fjordområda i seg sjølve ikkje er rike, men at hovudfødeorganismane for torsk – dei store havbestandane av lodde og norsk vårgytande sild – i ulike livsstadium oppsøkjer kyst- og fjordområda i Finnmark. Dermed aukar tilgjengelegheita av torsk fordi dei følgjer etter og beiter på desse bestandane. HI uttalar vidare at:

«I denne konteksten vil reguleringene (forvaltningsmålsetningene) av nvg sild og lodde være av betydning for tilgjengelighet av torskefisk i Finnmarks kyst- og fjordstrøk.»

HI uttalar vidare at kystfiskeutvalet fleire stader i utgreiinga uttalar at reguleringane av fiskeria skal vere slik at dei kjem innbyggjarane til gode. HI tolkar det slik at det skal leggjast til rette for at kvotane skal kunne haustast på den enklast tilgjengelege måten og at ein difor må sjå forvaltninga av dei store havbestandane av nvg-sild og lodde i samanheng med forvaltninga av fiskeressursane i kyst- og fjordstrøka i Finnmark.

Regjeringsadvokaten meiner den rettslege forankringa av forslaga frå utvalet er svak og at det ikkje er tenleg å gå inn for ei særordning for Finnmark slik utvalet foreslår. Regjeringsadvokaten meiner det er tvilsamt om det kan byggjast ein rett til fiske på sedvanerett eller alders tids bruk og viser til at fiskeressursane i havet etter tradisjonell oppfatning ikkje har vore gjenstand for individuelle rettar, men vert sett som fellesskapets eigedom underlagt forvaltning av offentlege styresmakter. Regjeringsadvokaten kan ikkje sjå at det er rettskjeldemessig grunnlag for å fråvike denne oppfatninga. Det vert også peika på at praksis frå Høgsterett byggjer på at det ikkje er grunnlag for ein tankegang om særrettar til fiskeressursane. Regjeringsadvokaten konkluderer slik om historisk bruk:

«Til tross for disse rettslige utgangspunktene er utvalgets forslag basert på en forutsetning om at befolkningen i Finnmark på bakgrunn av «historisk bruk» har opparbeidet seg en «rett til fiske». Etter vår oppfatning er det vanskelig ut fra utvalgets arbeid å konstatere at forholdene i Finnmark er så særegne at man for dette fylket på generelt grunnlag kan konstatere en slik rett. Tvert imot er det rimelig å anta at bruken av kyst- og fjordstrøkene i Finnmark ikke har skilt seg fra andre kystfylker på en slik måte at det er grunnlag for å stille dette fylket i en særstilling hva gjelder befolkningens rettigheter i så måte.»

Når det gjeld dei vurderingane utvalet gjer av folkeretten, meiner regjeringsadvokaten det er grunn til å stille spørsmål ved konklusjonane til utvalet også på dette punktet. Det vert mellom anna peika på at SP artikkel 27 neppe gjev grunnlag for å stille opp ein slik rett til fiske som utvalet tek til orde for, og at dette også vert underbygd av rekkjevidda til føresegna elles.

Regjeringsadvokaten seier vidare at sjølv om ein er einig med utvalet i at også denne type rettar er verna av SP artikkel 27, er det likevel tvilsamt om ei eventuell plikt for staten strekkjer seg lenger enn å gje eit vern for den utøvinga som er særeigen for samisk kultur. Regjeringsadvokaten meiner difor det samla sett kan stillast spørsmål ved om ein eventuell rett til fiske, som det her er tale om, er omfatta av vernet i SP artikkel 27.

Regjeringsadvokaten meiner vidare at konklusjonane til utvalet framstår som for vidtrekkande med omsyn til rekkjevidda av dei eventuelle pliktene til staten og trur det er tvilsamt om føresegna gjev heimel til eit krav om positive særtiltak slik utvalet tek til ordet for. Ei eventuell plikt strekkjer seg uansett ikkje lenger enn til å sikre kulturspesifikk utøving.

Regjeringsadvokaten stiller også spørsmål ved andre punkt i utgreiinga til utvalet når det gjeld dei folkerettslege pliktene og peiker som eit døme på vurderingane av skjønnsmarginen til staten i tolkinga av SP artikkel 27.

Det er ifølgje regjeringsadvokaten også grunn til å stille spørsmål ved dei vurderingane utvalet gjer av ILO-konvensjonen, og om artikkel 15 omfattar sjøområde. Han uttalar mellom anna:

«Det vesentlige i denne sammenheng er imidlertid at selv om sjøområder skulle anses omfattet, innebærer forpliktelsen etter artikkel 15 neppe noen forpliktelse til å tilkjenne samene rettigheter som ikke foreligger på nasjonalt grunnlag. Eventuelle forpliktelser etter artikkel 15 (1) må under enhver omstendighet anses tilstrekkelig ivaretatt gjennom gjeldende reguleringsregime.»

Regjeringsadvokaten legg difor til grunn at anerkjenning av ein rett til fiske på folkerettsleg grunnlag, ligg utanfor det staten etter regjeringsadvokaten sitt syn er forplikta til etter folkeretten.

9.5 Fylkeskommunar

Finnmark fylkeskommune sluttar seg til konklusjonen om at folk busett ved fjordane og langs kysten i Finnmark har ein særrett til å drive fiske i havet utanfor Finnmark. Dei meiner vidare at hovudmålet må vere å sikre kvotar og fordele desse i Finnmark, slik at busetjinga ved kysten stabiliserer seg og at rekrutteringa til fiskerinæringa aukar.

Finnmark fylkeskommune vil vidare at «dette arbeidet underlegges Storting og regjering, da sikring av kvoter til oppfyllelse av rettigheter tillegges staten». Vidare ønskjer Finnmark fylkeskommune at Fiskeridirektoratet region Finnmark skal forvalte ressursane ut frå intensjonane i lova, og sikre ei heilskapleg forvaltning i Finnmarkssona. Dersom ein nasjonal modell ikkje vert gjennomført, støttar dei subsidiært etableringa av Finnmark fiskeriforvaltning.

Finnmark fylkeskommune ønskjer vidare å peike på at fleire av framlegga til kystfiskeutvalet krev juridisk avklaring og vidare utgreiing. Det gjeld særleg forholdet mellom vederlagsfrie kvotar og dei som har kjøpt kvoterettar, fordi den økonomiske skilnaden kan skape konfliktar mellom etablerte fiskarar som har investert i deltakarløyve og nye aktørar som nyttar vederlagsfrie kvotar. Vidare meiner Finnmark fylkeskommune det må greiast ut kvar kvotane skal hentast frå og kva konsekvensar dette har for resten av landet.

Finnmark fylkeskommune sluttar seg også til at det vert innført reiskapsavgrensingar innanfor grunnlinjene og at det bør innførast restriktive reglar for bruk av snurrevad, snurpenot og andre aktive reiskapar.

Troms fylkeskommune viser til at fiskeressursane har vore sett som ein nasjonal ressurs og difor underlagt nasjonal forvaltning og uttalar at: «Fylkestinget mener dette forstsatt skal være det rådende prinsipp og kan derfor ikke slutte seg til hovedprinsippene i NOU 2005: 5 som vil innebære en regional forvaltning».

Troms fylkeskommune peiker vidare på at prinsippet om at fiskeressursane er ein nasjonal ressurs er viktig for å vidareføre eit berekraftig uttak av fiskeressursane langs heile kysten.

Troms fylkeskommune meiner at dersom ein ønskjer å gjere positive grep for den kystsamiske befolkninga i denne samanheng, finst det andre vel så treffsikre tiltak, som innføring av høgare inntektstak på blad A i kystsamiske område, og styrking av grunnlaget for mottaksstasjonar.

Nordland fylkeskommune meiner at utvalet sin konklusjon om retten til fiske i havet utanfor Finnmark, prinsipielt også «gjelder for kystbefolkningens rettigheter og kultur i sin alminnelighet». Nordland fylkeskommune legg dette til grunn i sitt høyringssvar og dei ser det som «høyst sannsynlig og logisk at den rett som nå er påvist for samer og andre når det gjelder fiske i havet utenfor Finnmark, også vil måtte få virkning for Nordland». Nordland fylkeskommune er klar på at det må vere einsarta reglar for utøvinga av ei ny fiskeriordning, på tvers av fylkesgrenser.

Nordland fylkeskommune viser til at framlegget frå kystfiskeutvalet inneber sterkare regional forankring og ei monaleg omfordeling av fiskeressursane. Dei legg til grunn at «nye kvoter bare kan erverves ved at andre er villige til å oppgi sine kvoter, bl.a. som følge av tilbud om gunstige innløsningsordninger for kvoter og rettigheter». Det vert sett som ein føresetnad at staten stiller opp med nødvendige midlar slik at ei slik frivillig innløysingsordning vert attraktiv og kan fungere. Nordland fylkeskommune har merka seg Norges Fiskarlag sitt syn i saka, og ser at det er tilhøve og forslag som kan gje uheldige resultat, og ber difor om at det vert gjort ei konsekvensanalyse av framlegga frå utvalet og at denne vert sendt på ei ny høyring.

9.6 Kommunar

Alta kommune sluttar seg til høyringsfråsegna frå Vest-Finnmark regionråd, jf. nedanfor. Dei uttalar i tillegg at dei er nøgde med at utvalet strekar under at retten til fiske i havet utanfor Finnmark gjeld for alle folkegrupper. Alta kommune presiserer at dei støttar framlegget frå kystfiskeutvalet om å etablere Finnmark fiskeriforvaltning, og at dette vil styrkje Finnmark sin eigen styringsrett og retten til å prioritere, og at det vil styrkje forvaltningsmiljøet i Finnmark.

Alta kommune meiner vidare at departementet i sitt arbeid med saka må vurdere kommunane si rolle i Finnmark fiskeriforvaltning, og at kommunane i det minste må gjevast ein høyringsrett i forvaltninga av fjord- og kystressursane. Dei peiker på at eit anna alternativ er å gje kommunane plass i styret i Finnmark fiskeriforvaltning.

Berlevåg kommune registrerer at rettsgrunnlaget for samar og andre sin rett til fiske i havet utanfor Finnmark ser ut til å vere veldig klart. Samstundes finn dei det vanskelig å setje i kraft denne retten. Berlevåg kommune uttalar:

«Fiskeressursene defineres i dag som en nasjonal ressurs. Fiskeressursene er begrenset, og myndighetene har måttet innføre reguleringer i form av kvoter. Dette er i dag den største utfordringen for iverksettelsen av den foreslåtte loven. Hvem skal gi fra seg kvote for at finnmarkingene skal kunne benytte seg av sin rett til å starte som fisker?»

Berlevåg kommune peiker på at ei eiga regulering av fisket på fjordane kan dempe ein del av dei konfliktane som særleg har vore knytt til bruk av aktive reiskapar nære land og i fjordane. Dei sluttar seg også til at det ikkje skal vere skilnad på finnmarksfiskarar og framandfiskarar utanfor fjordlinjene. Berlevåg kommune meiner det må greiast ut ordningar innanfor dagens etablerte nasjonale system når det gjeld regulering og forvaltning av havet utanfor Finnmark, og at det vil styrkje Finnmark å byggje på eksisterande fiskeriforvaltning i staden for å innføre Finnmark fiskeriforvaltning.

Berlevåg kommune meiner vidare at fleire av framlegga til kystfiskeutvalet krev juridisk avklaring og vidare utgreiing før det vert realitetsbehandla. Det gjeld særleg framlegget om gratis deltakarløyve og korleis tilføring av ekstra kvotar til Finnmark skal gjerast og kva for konsekvensar det vil få for resten av landet.

Båtsfjord kommune strekar under at ein rett til fiske i havet utanfor Finnmark berre kan gjennomførast innanfor dei til ei kvar tid gjeldande kvotar. Dei peiker på at det er viktig at endringar fører til forbetringar og aktivitet, både på sjø og land. Til liks med fleire andre, meiner Båtsfjord kommune at det er fleire sider ved framlegga frå utvalet som må utgreiast nærare. Dei legg vidare til grunn at ei eventuell overføring av kvantum i samband med handsaminga av framlegga frå utvalet vert henta inn gjennom statlege oppkjøp av kvotar frå havfiskeflåten, og at det difor er trong for monaleg tilførsel av kapital. Båtsfjord kommune meiner også at retten til fiske for folk busett langs kysten og i fjordane må sjåast som ein kystrett som etter kvart skal gjelde i heile Noreg.

Gamvik kommune uttalar at kystfiskeutvalet sine vurderingar og framlegg bør leggjast til grunn i det vidare arbeidet med finnmarksfiskelova og at det ikkje bør gjerast for omfattande endringar i dette. Dei rår til at regjeringa fremmar kystfiskeutvalet sitt framlegg til finnmarksfiskelov slik det no står.

Lebesby kommune sluttar seg til kystfiskeutvalet si forståing av rettsgrunnlaget for samar og andre sin rett til fiske i havet utanfor Finnmark og er samd i at dette må gjerast gjeldande for alle som bur i Finnmark. Lebesby kommune meiner forvaltninga må leggjast til den ordinære fiskeriforvaltninga, og at det vert etablert konsultasjonar med Sametinget og fylkestinget. Dei meiner vidare at hovudformålet må vere å sikre kvotar og fordele desse i Finnmark og at «dette er arbeid som må knyttes opp mot Storting og regjering, da sikring av kvoter til oppfyllelse av rettigheter, tilligger staten».

Lenvik kommune framhevar prinsippet om at fiskeressursane er ein nasjonal felles ressurs, og at det må liggje til grunn for å vidareføre eit berekraftig uttak av fiskeressursane langs heile kysten.

Måsøy kommune sluttar seg til kystfiskeutvalet si forståing for samar og andre sin rett til fiske i havet utanfor Finnmark. Dei er positive til framlegg om eit friare høve til deltaking i fiske for folk busett i Finnmark, og meiner at prinsippet «nærhet gir rett», med fordel kan nyttast i Finnmark. Måsøy kommune sluttar seg til at eit slikt prinsipp ikkje utløyser eit krav om kjøp av kvote, men ei tildeling. Dei viser vidare til at det er vanskeleg å talfeste kva mengd fisk som gjev grunnlag for eit hushald.

Måsøy kommune peiker på at ei eiga regulering av fisket på fjordane kan dempe ein del av dei konfliktane som særleg har vore knytt til bruk av aktive reiskapar nære land og i fjordane. Dei sluttar seg også til at det ikkje skal vere skilnad på finnmarksfiskarar og framandfiskarar utanfor fjordlinjene.

Måsøy kommune uttalar at når det gjeld regulering og forvaltning av ressursane i havet utanfor Finnmark, må det greiast ut ordningar innanfor gjeldande nasjonale system, og at det vil styrkje Finnmark å byggje på eksisterande fiskeriforvaltning i staden for å innføre Finnmark fiskeriforvaltning. Dei framhevar vidare at det ved innføring av regulerings- og forvaltningsordningar innanfor dagens system, må byggjast på og vidareutvikle kompetansen til Fiskeridirektoratet regionalt og lokalt. Dei meiner vidare at hovudformålet må vere å sikre kvotar og fordele desse i Finnmark og at «dette er arbeid som må knyttes opp mot Storting og regjering, da sikring av kvoter til oppfyllelse av rettigheter, tilligger staten».

Til liks med fleire andre, meiner Måsøy kommune at fleire av framlegga til kystfiskeutvalet krev ei juridisk avklaring før dei kan setjast i kraft.

Nordkapp kommune sluttar seg til utvalet si forståing av rettsgrunnlaget for samar og andre sin rett til fiske i havet utanfor Finnmark, men foreslår at finnmarkssona vert utvida frå 4 til 6 nautiske mil utanfor grunnlinjene.

Nordkapp kommune er samd med utvalet i at rettsgrunnlaget må gjerast gjeldande for alle som bur i Finnmark. Dei peiker på at hovudformålet må vere å sikre kvotar og fordele desse i Finnmark, og at forvaltninga bør skje gjennom Fiskeridirektoratet sine regionkontor. Også Nordkapp kommune meiner det er trong for ei nærare juridisk avklaring av fleire av framlegga frå kystfiskeutvalet.

Storfjord kommune meiner det er ein stor styrke i framlegget frå utvalet at det likestiller alle folkegrupper og at bustad skal vere avgjerande. Dei meiner at verkeområdet for framlegga også bør omfatte Nord-Troms.

Tana kommune sluttar seg til framlegga frå kystfiskeutvalet.

Vardø kommune strekar under at retten til kyst- og fjordfiske må forvaltast og tildelast på eit likeverdig grunnlag for heile befolkninga i Finnmark, uavhengig av etnisitet.

9.7 Samiske interesseorganisasjonar mv.

Aja Samisk Senter meiner det er i tråd med den sjøsamiske rettsoppfatninga når det vert slått fast eit prinsipp om at alle folkegrupper som er busette langs kysten av Finnmark har ein rett til å fiske i havet utanfor Finnmark. Dei peiker på at ei utvikling der retten til å fiske vert samla på færre hender, har virka negativt inn på samisk busetjing. Aja Samisk Senter støttar vidare framlegget om fjordretten og opprettinga av Finnmark fiskeriforvaltning. Dei meiner at fiskeriforvaltninga bør byggjast på at dei som bur nærast og er mest avhengige av ressursane, også skal ha ei sentral rolle. Det vil leie til at rettar som er tekne frå kyst- og fjordområda dei siste tiåra vert førte tilbake.

Aja Samisk Senter meiner framlegga til kystfiskeutvalet må gjelde heile det sjøsamiske området og at det same gjeld innføringa av ei regional fiskeriforvaltning, men at denne forvaltninga vert delt opp i lokale forvaltningsområde.

Bivdi viser til at den ein gong så rike og levedyktige sjøsamiske kulturen er svært svekka, og at heile kulturen no står i fare for å verte borte. Bivdi uttalar at det vil vere rett og naudsynt at fiskeretten for samane vert godteken og lovfesta. Kystfiskeutvalet sine framlegg til tiltak og lovfesting er ifølgje Bivdi naudsynte og Bivdi støttar konklusjonane til utvalet på alle punkt. Det er også viktig med samisk medverknad gjennom Finnmark fiskeriforvaltning, og at det kan takast omsyn til lokale tradisjonar og at vernetiltak kan innførast når det er trong for slike.

Bivdi meiner framlegga frå kystfiskeutvalet vil vere positive for heile kyst- og fjordfinnmark, fordi størstedelen av busetjinga er tufta på fiskeressursane. Bivdi meiner vidare at tilhøva i Troms og Nordland ikkje er heilt ulike tilhøva i Finnmark, og at det ikkje er trong for ytterlegare utgreiingar for å innføre tiltak for sjøsamane i desse områda, då tiltaka i Finnmark kan tene som modell for den løysinga som vert valt.

Gáldu kompetansesenter for urfolks rettigheter viser til at det er naudsynt med eit nasjonalt rettsgrunnlag som anerkjenner og sikrar det samiske folket sin rett til utnytting av fornybare maritime ressursar i samiske område og at samane får tilgang til deltakinga i forvaltninga av desse, for at Noreg skal oppfylle sine folkerettslege plikter overfor samane. Dei presiserer at det vil vere det samla resultatet av ulike lovprosessar som er avgjerande, og at dette må gjelde for heile det samiske området.

Gáldu støttar hovudtrekka i framlegget til finnmarksfiskelov og framlegget til regional forvaltning. Gáldu meiner det er viktig at det vert gjort ei utgreiing av rettane til fiske i havet for heile det samiske området.

Når det gjeld lovframlegget går Gáldu ut frå at det vert semje med Sametinget om lova gjennom konsultasjonar og forhandlingar, og meiner at dersom det ikkje vert semje om lovframlegget, vil ikkje lova vere innanfor folkerettslege rammer.

Norske Kveners Forbund støttar prinsippet om lokal forvaltning av fiskeressursane og krev å få delta i denne forvaltninga.

Norske Samers Riksforbund (NSR) meiner utgreiinga frå kystfiskeutvalet langt på veg er ei godkjenning av samiske fiskerirettar, at desse eksisterer og at dei må godkjennast i form av lov. NSR reknar med at dei samrøystes vurderingane og framlegga frå kystfiskeutvalet vert lagt til grunn i det vidare arbeidet med finnmarksfiskelova, og at framlegga ikkje må endrast vesentleg. For NSR er det også viktig at lova ligg innanfor udiskutable folkerettslege rammer.

Når det gjeld forholdet mellom utgreiingane frå kystfiskeutvalet og samerettutvalet, uttalar NSR at Noregs folkerettslege plikter overfor samane gjeld likt i alle tradisjonelle samiske område i Noreg. Det er difor naturleg at desse utgreiingane vert lagt til grunn for dei sjøsamiske områda sør for Finnmark, og at framlegget til finnmarksfiskelov kan nyttast som modell for desse områda. NSR viser vidare til at det bør opprettast eit fast samarbeidsorgan/forhandlingsorgan mellom Sametinget og Fiskeri- og kystdepartementet som skal bidra med å «ivareta samiske interesser innen politikkutviklingen og forvaltningen av de levende marine ressurser».

NSR peiker vidare på at etablering av eit slikt organ vil kunne hindre at andre aktørar, som til dømes Norges Fiskarlag, overkøyrer Sametinget sitt syn, slik det er i fiskeripolitikken og fiskeriforvaltninga i dag.

NSR uttalar vidare at det er heilt naudsynt med eit nasjonalt rettsgrunnlag som godkjenner og sikrar det samiske folk sin rett til å utnytte dei fornybare marine ressursane, for at staten Noreg ikkje skal bryte sine folkerettslege plikter overfor samane som urfolk. I tillegg hevdar dei at Sametinget må tilførast ressursar for å kunne delta i ulike prosessar, både no og seinare ved gjennomføring av framtidige framlegg.

Samenes Folkeforbund er godt nøgde med framlegget til finnmarksfiskelov, som langt på veg stemmer overeins med organisasjonen sitt framlegg frå 2003 om ein ytre fiskeriallmenning. Dei meiner likevel det må vere kystsamfunn og kystbefolkninga som står sentralt i lova og ikkje berre sjøsamisk kultur og sjøsamiske samfunn. Det er vidare fremma ei rekkje konkrete framlegg til endringar i lovframlegget.

9.8 Andre høyringsinstansar

Finnmark Bondelag støttar framlegget om at befolkninga i Finnmark skal ha ein rett til fiske i havet utanfor Finnmark. På bakgrunn av erfaringane med Finnmarkseigedomen, er Bondelaget skeptisk til framlegget til forvaltningsmodell. Dei viser elles til at jordbruk og kombinasjonsnæring er viktige delar av den sjøsamiske kulturen.

Finnmark Bonde- og Småbrukarlag støttar dei store linjene i framlegget til kystfiskeutvalet, men meiner det er på tide at fiskarbonden som næring kjem til heider og ære att. Dei meiner difor det er på tide å leggje betre til rette for denne tradisjonsrike kombinasjonsnæringa. Dei peiker vidare på at utgreiinga til kystfiskeutvalet må få konsekvensar for finnmarksloven slik at finnmarksbonden/fiskarbonden vert representert i styret i Finnmarkseigedomen på same måte som reindrifta er i dag.

Fiskekjøpernes Forening konkluderer med at framlegget til kystfiskeutvalet vil gjere at vi kjem langt på veg mot ei meir rettferdig, miljøvennleg og berekraftig forvaltning av ressursane, og at resultatet vil verte ein fiskeripolitikk som kjem både kystfiskarar og små og mellomstore bedrifter til gode. Dei meiner utvalet legg opp til ei forvaltning for folk som bur langs kysten.

Fiskekjøpernes Forening peiker på at når kvotar skal omfordelast, må kvotar takast frå den delen av flåten som ureinar mest og som er minst lønnsam per kilo fanga fisk. Dei ber også om at det vert utvikla eit regime for kystfiske som omfattar heile kysten.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) peiker på at fiskerinæringa er ei globalt konkurranseutsett næring og at det difor må leggjast til grunn at rammevilkåra til næringa må sikre konkurranseevna vår, samstundes som næringa er sterkt knytt til og avgjerande for små og sårbare kystsamfunn. Forenkling og ei mindre kompleks forvaltning er viktig for å nå måla om auka lønnsemd og dermed sikring av arbeidsplassar og busetjing. FHL meiner difor etablering av nye forvaltningseiningar, oppsplitting av forvaltninga og endring av rettsforholda er feil veg å gå, og dei er prinsipielt negative til at fiskeria vert nytta som grunnlag for distriktspolitiske tiltak og/eller etniske rettar. FHL trur at ei slik politisering av næringa vil svekkje utviklinga av lønnsemda i næringa.

FHL er kritisk til fleire av framlegga til kystfiskeutvalet, og ber om at det vert etablert alternative løysingar. Dei viser til at tiltak som skal bidra til å styrkje den samiske kulturen, må gå langt ut over enkeltsektorar. FHL uttalar også at:

«Primærnæringene har i alle land og i alle sektorer fått redusert antallet aktive deltakere, og produksjonen for hver enkelt enhet er økt. Denne utviklingen endres ikke gjennom rettighetsmessige endringer. Rekrutteringen til fiskerinæringen generelt og til kystfiskeflåten spesielt er avhengig av at det utvikles trygge arbeidsplasser med et godt inntektsgrunnlag. Dette endres heller ikke gjennom rettighetsmessige endringer.»

FHL meiner vidare det ligg godt til rette for å etablere seg med kombinasjonsdrift gjennom å delta i gruppe II i fisket etter torsk i dag, og vil ein gjere det lettare, kan inntektstaket for fiskarar på blad A hevast i kystsamiske område.

FHL peiker også på at ein rett til fiske for alle som bur i Finnmark kan ha negative konsekvensar for ei berekraftig forvaltning, særleg av kysttorskebestanden, og dei er difor negative til konklusjonen til utvalet om at alle som bur i Finnmark skal ha rett til eigne kvotar. FHL konstaterer at det vil bryte med dei overordna forvaltningsmessige måla til Fiskeri- og kystdepartementet. FHL er også kritisk til regionalisering av fiskeriforvaltninga, og fryktar at det kan svekke kvotefastsetting, regelverksutforming og ressurskontroll. FHL strekar under at:

«Norge har i dag et av verdens beste kontroll- og forvaltningsregimer. FHL frykter at styrken i våre ordninger vil bli svekket gjennom en regionalisering slik utvalget foreslår gjennom etablering av Finnmark fiskeriforvatning.»

Fjordfiskernes Forening meiner det er viktig at alle innan same geografiske område vert behandla likt. Dei uttalar at dersom framlegga frå kystfiskeutvalet vert vedtekne, legg det til rette for utvikling og busetjing i små kystsamfunn. Fjordfiskernes Forening støttar difor framlegget frå kystfiskeutvalet.

Innovasjon Noreg i Finnmark meiner endringane i forvaltninga av fiskeressursane vil få store konsekvensar for næringslivet i Finnmark, men at utgreiinga er for lite konkret til å vurdere desse. Dei meiner difor det må gjerast ei utgreiing av konsekvensane framlegga vil ha for kystnæringane, før dei kan handsamast av Stortinget.

LO støttar prinsippet om at folk som er busett ved fjordane og langs kysten i Finnmark har rett til fiske i havet utanfor Finnmark. LO er skeptisk til å opprette eit eige forvaltningsorgan for Finnmark åleine, då det er i strid med prinsippet om nasjonal forvaltning. Dei meiner dette kan svekkje kvotefastsetjing og ressurskontroll. LO ber difor om at ein ser på om Sametinget kan få innverknad på annan måte.

Nord-Troms Regionråd, som er eit samarbeidsorgan for kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen, peiker på at Nord-Troms til liks med Finnmark har ein levande sjøsamisk kultur og lang historisk bruk av fjord- og kystområda i regionen. Dei meiner difor at ein lovfesta rett til fjordfiske bør vere lik i heile tiltakssona, og at Nord-Troms må inngå i same kystfiskesone som Finnmark, med dei same rettane.

Norges Fiskarlag meiner utgreiinga frå kystfiskeutvalet inneheld vidtrekkande og dramatiske framlegg knytt til deltaking og utøving av fisket i fjordane og i havet utanfor Finnmark. Ettersom Norges Fiskarlag ikkje var representert i utvalet ser dei ikkje på utgreiinga som eit legitimt grunnlag for å etablere så vidtrekkande tiltak som vert fremma av utvalet.

Fiskarlaget viser til at dei sidan deltakaravgrensingane vart innførte, har støtta reguleringar som gjev dei minste fartøya eit visst vern, mellom anna gjennom garanterte kvotar for dei minste fartøya, innføringa av finnmarksmodellen o.a. Fiskarlaget uttalar vidare følgjande om grunnlaget for retten til fiske i havet utanfor Finnmark:

«Fiskarlaget har merket seg at utgangspunktet for den foreslåtte særretten er hensynet til å ivareta det materielle grunnlaget for den sjøsamiske kulturen knyttet til befolkningen langs fjordene i Finnmark, altså en etnisk forankring. Utvalget velger imidlertid ikke å gå veien om særregler for områder med samisk bosetting, da det påpekes at det ved en slik avgrensning innenfor Finnmark ville være «duket for betydelig strid». Fiskarlaget mener at denne alminneliggjøringen av grunnlaget for særrettigheter, fra å være forankret i den sjøsamiske befolkningen, overført til å omfatte hele fjord- og kystbefolkningen i Finnmark, virker i motstrid til å fremme levevilkårene for opprettholdelse av den sjøsamiske kulturen. Utvalgets forslag vil således bety at alle borgere i riket skal ha lik rett til å bosette seg i Finnmark og oppnå de samme særrettigheter i fiskeriene som i utgangspunktet skulle sikre det materielle kulturgrunnlaget for samene. Fiskarlaget er derfor sterkt tvilende til om en slik tilnærming vil kunne bidra til å sikre det materielle grunnlaget for den sjøsamiske kulturen.»

Fiskarlaget konstaterer vidare at det finst ulike vurderingar av om det eksisterer ein særrett til fiske slik utvalet har konkludert med, og Fiskarlaget er difor ikkje samd i utvalet sine ukritiske konklusjonar på dette området.

Fiskarlaget meiner at framlegget om å opprette ei eiga fiskerisone utanfor Finnmark, som samstundes vert knytt til eit eige forvaltningsorgan, er å innføre ei regional fiskeriforvaltning i Finnmark som skal styrast av Sametinget og Finnmark fylkeskommune. Dei meiner at dette er eit gjennomgripande brot med dei prinsippa norsk fiskeriforvaltning har vore tufta på i nyare tid, med statleg styring av fiskeriforvaltninga. Fiskarlaget meiner vidare at etablering av eit politisk organ der dei aktuelle interesseorganisasjonane ikkje er representerte, ikkje vil ha legitimitet.

På grunn av dei alvorlege konsekvensane som vil følgje av ei regional forvaltning og regulering av fiskeressursane, avviser Fiskarlaget heile lovframlegget.

Fiskarlaget viser til at situasjonen for mange kystfiskarar har forandra seg mykje dei siste 20 åra, og at det har skjedd langs heile kysten. Fiskarlaget er opptatt av å leggje forholda best mogleg til rette for utøving av fiskaryrket i kystnære farvatn, og dei er villige til å diskutere fleire konkrete forslag, som friare fiskemoglegheiter for mindre fartøy og liberalisering av reglane for registrering på blad A i fiskarmanntalet i sjøsamiske område.

Fiskarlaget meiner at samerettsutvalet si utgreiing samanlikna med utgreiinga frå kystfiskeutvalet, er langt meir nyansert når det gjeld kva som er relevante tiltak for å sikre det materielle kulturgrunnlaget for den sjøsamiske befolkninga.

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) meiner det ikkje er ønskeleg med særleg større grad av oppsplitting og regionalisering i forvaltninga av fiskeressursane enn det som er etablert i dag, og viser til at ressursane i havet har vorte sett som våre felles ressursar og også vorte forvalta slik. NJFF strekar under at ei vidareføring og utvikling av haustingstradisjonar, anten det gjeld samiske eller andre, må vere basert på ei berekraftig ressursforvaltning.

NJFF peiker også på at Noreg har eit nasjonalt og internasjonalt ansvar for å sikre ei berekraftig forvaltning av villaksen, og at det også må liggje til grunn for reguleringa av sjølaksefiske.

Norges Kystfiskarlag uttalar at dei ser rapporten i eit større perspektiv enn berre Finnmark, og at dei støttar utvalet sin konklusjon om at kystbefolkninga har ein historisk rett til å hauste av fisken i havet. Denne retten går i følgje kystfiskarlaget langt utover gjeldande kvotesystem og den privatiseringsprosessen fiskeria har gjennomgått.

Kystfiskarlaget legg til grunn at dei grepa som vert tekne, omfattar heile kysten. Dei er imot tildeling av særrettar på etnisk eller økonomisk grunnlag. Kystfiskarlaget legg vidare til grunn at utgreiinga frå kystfiskeutvalet vert sett som eit innspel i den generelle fiskeriforvaltninga og vert handsama som ein del av ein heilskap. Dei ser utgreiinga i eit større perspektiv enn berre Finnmark.

Kystfiskarlaget uttalar vidare at dei alltid har hevda at ein open allmenning med reiskapsavgrensingar, minstemål, områdereguleringar, innsatskontroll og manntalsføring er den beste måten å sikre ei berekraftig fiskeriforvaltning på. Dei meiner at dersom desse råda hadde vore følgde, hadde ikkje arbeidet til kystfiskeutvalet vore nødvendig.

Norges Naturvernforbund og Naturvernforbundet i Sør-Varanger er i hovudsak positive til framlegga frå utvalet, og støttar også etableringa av Finnmark fiskeriforvaltning. Dei ser også positivt på at utgreiinga legg vekt på rettane og moglegheitene til kystnært fiske med passiv reiskap, og at forvaltninga vil verte meir berekraftig gjennom lokal forvaltning av lokale ressursar.

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) er skeptiske til at fiskeressursane ikkje lenger utelukkande skal vere ein nasjonal ressurs. Tiltak som vert sette inn, må ikkje innrettast slik at de undergrev nasjonal styring og forvaltning av ressursane.

NNN fremmar difor forslag om at eit område eventuelt vert tildelt kvotar som vert forvalta og regulert av eit regionalt organ innanfor statlege rammer. All fangst som vert levert gjennom ordninga skal foredlast av den bedrifta som kjøper fangsten i første hand. Etter NNN si meining kan fylkeskommunen brukast i ei slik forvaltning. Det er viktig for NNN at ei slik regional regulering sikrar råstoff til landanlegga, og dei er difor ikkje samde i at det skal gjevast reglar som favoriserer kystfiskarane.

Sør-Norges Trålerlag spør om det bør setjast ned eit utval for å vurdere kva fiskerettar resten av kystbefolkninga i Noreg har. Trålarlaget peiker på at utvalet ikkje tek omsyn til dei konsekvensane framlegga vil få for yrkesaktive fiskarar i heile landet, inkludert yrkesfiskarane i Finnmark. Dei viser til at ei berekraftig forvaltning av ressursane inneber at tildeling av nye kvotar betyr at andre fiskarar må gje frå seg kvotar. Dei uttalar vidare at:

«Dette er et brudd på alle spilleregler om forutsigbarhet og klare og faste rammevilkår fiskerne er avhengige av for å kunne drive så effektivt som mulig for å få lønnsom drift.»

Trålarlaget finn det vidare uansvarleg å la eit regionalt organ forvalte fiskeria utanfor kysten av Finnmark, som er eit av dei viktigaste fiskeriområda i heile verda. Dei strekar under at det må vere eit grunnleggjande prinsipp at fiskeressursane skal forvaltast nasjonalt. Trålarlaget meiner difor at framlegga frå kystfiskeutvalet ikkje bør følgjast opp.

Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag er i hovudsak samd med framlegga frå kystfiskeutvalet og har i tillegg gjeve eit omfattande høyringssvar knytt til sjølaksefiske.

Universitetet i Tromsø støttar forslaga frå kystfiskeutvalet, og meiner utgreiinga til utvalet er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med finnmarksfiskelova.

Vest-Finnmark Regionråd, som er eit samarbeidsorgan for kommunane Loppa, Hasvik, Alta, Kvalsund, Hammerfest, Måsøy og Nordkapp, sluttar seg til framlegget om at det skal vere ein rett til fiske for dei som er busette i Finnmark. Når det gjeld regulering og forvaltning av havet utanfor Finnmark, meiner regionrådet at det må utgreiast ordningar innanfor gjeldande nasjonale system. Hovudformålet må vere å sikre kvotar og fordele desse i Finnmark, og dette må gjerast av dei nasjonale forvaltningsorgana. Også regionrådet peiker på at fleire av framlegga krev ei juridisk avklaring før dei kan setjast i kraft.

Øst-Finnmark Regionråd, som er eit samarbeidsorgan for kommunane Lebesby, Gamvik, Berlevåg, Båtsfjord, Vadsø, Vardø, Nesseby, Tana og Sør-Varanger, støttar framlegget om å fastslå som prinsipp at folk busett ved fjordane og langs kysten av Finnmark har rett til fiske i havet utanfor Finnmark. Dei finn det vanskeleg å ta stilling til detaljar om korleis ordninga skal organiserast, da det er for mange uavklarte forhold om kva som skal liggje i denne retten.

Øst-Finnmark Regionråd ventar at det endelege lovframlegget med detaljar om fiskerisona i Finnmark og korleis forvaltninga skal organiserast, vert sendt ut på høyring etter at noverande høyringsrunde er avslutta, og rådet vil difor komme attende til desse spørsmåla i ein avsluttande høyringsrunde.

Til forsida