Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

2 Endring i pensjonsskattereglane

Skattereglane er utforma slik at pensjonistar ikkje betaler inntektsskatt av ein alderspensjon opptil om lag minstenivået for einslege, føresett at dei ikkje har andre inntekter. Dette vert mellom anna oppnådd gjennom eit særskilt skattefrådrag for pensjonsinntekt (pensjonsskattefrådraget). Når skattereglane vert vedtekne, vert frådraget tilpassa den pensjonsveksten som er lagd til grunn i nasjonalbudsjettet, med ein viss buffer mellom minstenivået og innslagspunktet for skatt. For 2023 er maksimalt beløp for pensjonsskattefrådraget sett til 32 825 kroner. Frådraget vert trappa ned med 16,7 pst. av pensjonsinntekt mellom 219 950 og 331 750 kroner i trinn 1, og med 6,0 pst. av pensjonsinntekt over 331 750 kroner i trinn 2. I 2023 er frådraget heilt fasa ut ved ei inntekt på om lag 567 750 kroner. Sjå Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2023 § 6-5.

Den faktiske reguleringa av pensjonane om våren tek utgangspunkt i løns- og prisvekstanslaga i revidert nasjonalbudsjett. Desse anslaga er auka frå Nasjonalbudsjettet 2023, og pensjonsveksten vil verte vesentleg høgare enn lagd til grunn i dei vedtekne skattereglane. I tillegg vedtok Stortinget å auke minste pensjonsnivå for einslege (særskild sats) med 4 000 kroner frå 1. januar 2023. Det gjev òg høgare minstenivå for einslege 67-åringar i 2023, som har ein kombinasjon av gammal og ny oppteningsmodell i folketrygda.

På bakgrunn av dette foreslår regjeringa å justere skattereglane. Pensjonsskattefrådraget vert fastsett med eit maksimalt beløp, som vert trappa ned mot pensjonsinntekt i to trinn. Regjeringa foreslår at innslagspunktet for nedtrappinga i trinn 1 vert auka frå 219 950 til 246 800 kroner. Det gjer at frådraget vert trappa ned mot ein mindre del av pensjonsinntekta, slik at frådraget vert høgare. Innslagspunktet for skatt på pensjon aukar frå om lag 240 500 kroner i dei vedtekne skattereglane, til om lag 250 350 kroner. Framlegget gjev ein skattelette på inntil om lag 4 500 kroner. Dette gjeld fullt ut for dei som har pensjon over det nye innslagspunktet for skatt og opp til det gjeldande innslagspunktet for trinn 2 på 331 750 kroner.

For å rette skatteletten noko mot låge pensjonar foreslår regjeringa å auke innslagspunktet i trinn 2 frå 331 750 til 373 650 kroner. Nedtrappinga av pensjonsskattefrådraget er sterkast i starten, ved at nedtrappingssatsen i trinn 1 er høgare (16,7 pst.) enn i trinn 2 (6,0 pst.). Å auke innslagspunktet for trinn 2 inneber isolert sett at ein større del av pensjonsinntekta gjev nedtrapping med den høgare satsen i trinn 1, og dermed lågare pensjonsskattefrådrag for dei det rører ved. Det nye innslagspunktet i trinn 2 er fastsett slik at det vert om lag uendra skatt på pensjonar over dette nivået (373 650 kroner), når ein ser endringane i trinn 1 og 2 under eitt. I intervallet frå 331 750 til 373 650 kroner vert skatteletten gradvis redusert frå om lag 4 500 kroner og ned til null.

Berekningar med Statistisk sentralbyrås skattemodell LOTTE-Skatt tilseier at nær 400 000 personar får redusert skatten med minst 200 kroner.

Samanlikna med saldert budsjett er framlegget anslått å redusere provenyet med om lag 1 375 mill. kroner påløpt i 2023. Provenytapet vert bokført i 2024. Framlegget gjev ikkje vesentlege administrative verknader.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2023 § 6-5.

Til forsida