Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

3 Auka kostsatsar for pendlarar mv. og for langtransportsjåførar

Skattytarar som bur utanfor heimen på grunn av arbeidet (pendlarar og arbeidstakarar på yrkesopphald med overnatting), kan etter nærare reglar krevje frådrag for meirkostnader til kost, jf. skattelova § 6-13, eller få kost dekt skattefritt av arbeidsgjevaren, jf. skattelova § 5-15 fyrste ledd bokstav q nr. 1.

Frådrag for meirkostnader til kost og skattefri dekking av kost følgjer satsar som vert fastsette årleg av Skattedirektoratet. Viss ein dokumenterer at kostnadene er høgare enn satsen, kan ein få frådrag for eller skattefri dekking av det høgare beløpet.

Satsane for dekking av kost for opphald på brakker vart kraftig reduserte frå 2018, sjå Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018 punkt 5.2.

Det gjeld ulike satsar avhengig av om skattytaren har budd på hybel, brakke, pensjonat eller hotell. I 2023 er satsen 177 kroner per døgn for pendlar- og yrkesopphald på brakke og pensjonat, og på hybel utan kokemoglegheit. Sjølv om det berre er meirkostnader som skal dekkjast, meiner regjeringa at 177 kroner for alle døgnets måltid er eit lågt beløp. Regjeringa meiner difor at ein bør auke denne satsen til 250 kroner. Ein skattytar som bur på brakke i til dømes 50 døgn og har lønsinntekt i trinn 2 i trinnskatten, vil med framlegget få inntil om lag 1 250 kroner lågare skatt dersom vedkomande har fått dekt kost av arbeidsgjevar over dagens sats utan dokumentasjon. Arbeidstakarar som krev frådrag i til dømes 50 døgn, vil få 800 kroner lågare skatt.

Langtransportsjåførar har ved fråvær frå heimen i 24 timar ein kostsats på 300 kroner per døgn. Denne satsen har lenge lege fast på 300 kroner, og regjeringa meiner at han bør aukast til 350 kroner. Sjåførar som har fått dekt meir enn 300 kroner i kost av arbeidsgjevar utan dokumentasjon, vil få inntil om lag 850 kroner lågare skatt i året, føresett 50 kostdøgn og lønsinntekt i trinn 2 i trinnskatten. Har dei alternativt kravt frådrag, vil dei få 550 kroner lågare skatt i året.

Departementet anslår på usikkert grunnlag at framlegget reduserer provenyet med om lag 40 mill. kroner i heilårsverknad og 5 mill. kroner bokført i 2023.

For at satsendringane ikkje skal verte for kompliserte for arbeidsgjevarar å følgje opp, foreslår departementet at endringane tek til å gjelde først frå 1. september 2023. Det gjer at arbeidsgjevarar ikkje må rette tidlegare a-meldingar for å få rett trekk av skatt og arbeidsgjevaravgift basert på dei nye satsane. Skattytarar som krev frådrag, må sjølv korrigere skattekortet dersom dei skal få skattelettane i 2023 og før skatteoppgjeret.

Satsane er regulerte i forskrift. Departementet vil be Skattedirektoratet gjennomføre dei foreslåtte satsendringane i forskrift. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå 1. september 2023.

Til forsida