Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

9 Opprettingar og presiseringar m.m.

9.1 Petroleumsskatteloven § 11 femte ledd

Petroleumsskatteloven har særreglar om realisasjon og uttak av driftsmiddel som nemnde i § 3 b (produksjonsinnretning og røyrleidning). Føremålet er å ha symmetrisk behandling av avskrivingar og friinntekt hos kjøpar og realisasjonsskattlegging hos seljar. Reglane inneber òg at seljar ikkje får friinntekt for meir enn det som svarar til seljaren sine investeringar i petroleumsverksemda. Særreglane om realisasjon og uttak har avgrensa verknad i praksis. Årsaka er at avhending av § 3 b-driftsmiddel til vanleg vert gjort saman med tilhøyrande løyve til utvinning, og skattlegginga følgjer då av petroleumsskatteloven § 10 (dvs. skattemessig kontinuitet).

Etter petroleumsskatteloven kan avskriving og friinntekt byrje frå og med det året kostnadene er pådregne. Dersom reglane vert endra, kan eitt og same driftsmiddel avskrivast og få friinntekt etter ulike regelsett. Ved omlegginga av særskatten for petroleumsverksemda til ein kontantstraumskatt frå inntektsåret 2022, sjå Prop. 88 LS (2021–2022) og Innst. 440 L (2021–2022), vart reglane om skattlegging av § 3 b-driftsmidler ved realisasjon tilpassa dei ulike avskrivings- og friinntektsreglane i tråd med det ovannemnde føremålet. Det gjeld petroleumsskatteloven § 5 fjerde ledd for driftsmiddel som er omfatta av den nye kontantstraumskatten og petroleumsskatteloven § 11 femte ledd for driftsmiddel som fell innanfor dei mellombelse petroleumsskattereglane (sjå Prop. 113 L (2019–2020) og etterfølgjande endring av friinntektssatsen i dei mellombelse reglane i Prop. 1 LS (2022–2023)). I tillegg vart reglane om skattlegging ved realisasjon i tidlegare § 5 femte ledd i petroleumsskatteloven ført vidare i ei overgangsføresegn for driftsmiddel som er omfatta av dei tidlegare avskrivings- og friinntektsreglane, sjå tredje ledd i overgangsføresegn ved omlegginga av særskatten til ein kontantstraumskatt.

Regelen i petroleumsskatteloven § 11 femte ledd om inntekts- eller frådragsføring av friinntekt ved realisasjon av driftsmiddel som fell innanfor dei mellombelse reglane, er i utgangspunktet utforma etter same modell som den tidlegare regelen i petroleumsskatteloven § 5 femte ledd om berekning av friinntekt ved realisasjon og uttak. Etter tidlegare § 5 femte ledd (ført vidare i overgangsføresegn ved omlegginga til kontantstraumskatt) skal grunnlaget for berekna friinntekt (til frådrags- eller inntektsføring) ved realisasjon «settes lik realisasjonsvederlaget fratrukket historisk kostpris multiplisert med en justeringsfaktor. Justeringsfaktoren settes til forholdet mellom gjenværende friinntektsperiode og samlet friinntektsperiode.» Heile delleddet «historisk kostpris multiplisert med en justeringsfaktor» er meint å ta omsyn til at seljaren vil miste eventuell attverande friinntekt ved realisasjon, og at dette difor bør kome til fråtrekk ved berekninga av friinntekta som skal takast til inntekt.

Dei mellombelse reglane i petroleumsskatteloven § 11 første og andre ledd inneber at friinntekta vert trekt frå i grunnlaget for særskatt i det året utgiftene vert pådregne. Då er det ingen friinntektsperiode igjen. Følgjeleg skal det ikkje vere noko fråtrekk i realisasjonsvederlaget ved berekninga av friinntekta som skal takast til inntekt. Med formuleringa i tidlegare § 5 femte ledd ville dette skjedd automatisk, ettersom justeringsfaktoren vert lik null.

Ved ein feil vart orda «fratrukket historisk kostpris» ståande i petroleumsskatteloven § 11 femte ledd andre punktum. Det rette er at heile delleddet med historisk kostpris og justeringsfaktoren skal takast ut. Departementet foreslår at føresegna om realisasjon og uttak i petroleumsskatteloven § 11 femte ledd andre punktum vert retta opp ved at orda «fratrukket historisk kostpris» vert fjerna. På den måten vil reglane stemme overeins med den tidlegare regelen om realisasjon (§ 5 femte ledd).

Dersom eit driftsmiddel vert avhenda i det same inntektsåret som kostnadene er pådregne, legg departementet til grunn at petroleumsselskapet som sel driftsmiddelet, ikkje kan krevja friinntekt etter petroleumsskatteloven § 11. Det er då heller ikkje aktuelt å inntektsføre friinntekt etter petroleumsskatteloven § 11 femte ledd andre punktum.

Departementet syner til framlegg om endring i petroleumsskatteloven § 11 femte ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.2 Skatteloven § 4-3 fyrste ledd bokstav e

Skatteloven § 4-3 fyrste ledd bokstav e viser til «forhåndsskatt» og «resterende skatt». Ved lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav vart det gjort terminologiske endringar slik at omgrepa «forhåndsskatt» og «resterende skatt» skulle falle inn under omgrepa «forskuddsskatt» og restskatt», jf. Ot.prp. nr. 83 (2004–2005) s. 49. Det er difor naudsynt å korrigere omgrepa i skatteloven § 4-3, slik at desse samsvarer med terminologien i skattebetalingsloven.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 4-3 fyrste ledd bokstav e. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.3 Skatteloven §§ 5-31, 14-42 og 14-44

Hovudregelen er at offentlege tilskot er skattepliktige, jf. skatteloven § 5-1. Er tilskot nytta til å erverve driftsmidlar som kan avskrivast, skal skattlegginga skje ved at tilskotet vert trekt ifrå driftsmiddelet sin kostpris, jf. skatteloven § 14-42 andre ledd bokstav a andre punktum. Skattlegginga vil då skje ved at dei årlege avskrivingane vert reduserte, eventuelt ved høgare gevinst når driftsmiddelet vert realisert.

Etter skatteloven § 5-31 bokstav a, er det eit unntak frå hovudregelen om skatteplikt i § 5-1, for «tilskudd til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr innenfor rammen av forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket av 19. desember 2014 nr. 1816, innenfor det geografiske området som omfattes av § 3 i forskrift 14. desember 2021 nr. 3661 og distriktsrettet investeringsstøtte etter samme forskrift, jf. likevel § 14-44 første ledd siste punktum».

Etter skatteloven § 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum, er det eit unntak frå andre punktum om at tilskot skal trekkast frå i kostprisen. Den har den same avgrensinga som for § 5-31 bokstav a. Vert driftsmiddelet selt før fem år etter at det er erverva, vert tilskotet å rekne som ein del av vederlaget og kjem til skattlegging på den måten, jf. skatteloven § 14-44 fyrste ledd siste punktum.

Slik skatteloven §§ 5-31 bokstav a, 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum og 14-44 fyrste ledd siste punktum er utforma, gjeld desse unntaka berre innanfor det nærare geografiske området som er omfatta av § 3 i forskrift 14. desember 2021 nr. 3661, jf. § 8. Denne forskrifta har sin heimel i lov 27. november 1992 nr. 117 om offentlig støtte. Med verknad frå 1. januar 2023 vart denne lova oppheva, og avløyst av lov 4. april 2022 nr. 7 om nasjonale saksbehandlingsregler i saker om offentlig støtte (støtteprosessloven). Støtteprosessloven korkje fører vidare forskrift 14. desember 2021 nr. 3661, eller har føresegner som gjev fullmakt til å gje ny forskrift som svarer til den som no ikkje lenger gjeld. At lova om offentleg støtte er oppheva, fører med seg at forskrift 14. desember 2021 nr. 3661, er utan rettsverknad, jf. Justisdepartementet sin rettleiar «Lovteknikk og lovforberedelse» punkt 7.3.5 på s. 122.

Skatteloven har ikkje sjølv reglar om tilskotsordninga som er omfatta av skattefritaket, ho berre syner til forskrift 14. desember 2021 nr. 3661, som er fastsett av Kommunal- og distriktsdepartementet. Sjølv om denne forskrifta no er utan rettsverknad ved at heimelslova er oppheva, så legg Kommunal- og distriktsdepartementet til grunn at støtteordningane likevel har heimel i departementet sine eigne retningsliner. Skatteloven sine tilvisingar til forskrift 14. desember 2021 nr. 3661 er uansett ikkje korrekte og bør rettast opp, for ved det å klargjere heimelsgrunnlaget for skattefritaket. I framlegget til ny lovtekst er det løyst ved at skattefritaket omfattar investeringsstøtte etter «regelverk» under Kommunal- og distriktsdepartementet. Ei oppretting i samsvar med dette vil føre vidare gjeldande skattefritakspraksis slik han er i dag.

Finansdepartementet gjer merksam på skattefritaket etter skattelova § 5-31 mv. som gjeld tilskot til investeringar i faste anlegg og tilhøyrande produksjonsutstyr etter forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket av 19. desember 2014 nr. 1816, ikkje vert påverka av dette framlegget.

Departementet syner til framlegg om endringar i skatteloven §§ 5-31 bokstav a, 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum og 14-44 fyrste ledd siste punktum. Endringane bør få verknad frå det same tidspunkt som forskrift 14. desember 2021 nr. 3661 mista si rettsverknad, altså frå 1. januar 2023.

9.4 Skatteloven §§ 12-11 og 16-22

I skatteloven § 12-11 fyrste ledd fyrste punktum er det ein «r» for lite i ordet «fradrag», slik at det no står «fradag». Det same er òg tilfellet i skatteloven § 16-22 fyrste ledd andre punktum. Departementet foreslår at skrivefeila vert retta.

Departementet syner til framlegg om endringar i skatteloven § 12-11 fyrste ledd fyrste punktum og § 16-22 fyrste ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

9.5 Skattebetalingsloven § 10-1 fyrste ledd og § 10-51 tredje ledd

Skattebetalingsloven § 10-1 fyrste ledd fyrste punktum fastset at skatte- og avgiftskrav skal betalast ved forfall, sjølv om fastsetjinga er under endring, klaga på eller brakt inn for domstolen. Det er gjort unntak i andre punktum når det kan gjevast utsett iverksetjing av vedtak etter mellom anna tollavgiftsloven § 12-7. Tidlegare synte skattebetalingsloven § 10-1 fyrste ledd til tolloven § 16-19 om utsett iverksetjing av vedtak om sanksjon, som no er oppheva. I Prop. 237 L (2020–2021) Lov om inn- og utførsel av varer (vareførselsloven) og lov om tollavgift (tollavgiftsloven), vart tilvisinga til tolloven § 16-19 endra til tollavgiftsloven § 12-7. Tollavgiftsloven har reglar om utsett iverksetjing av vedtak om tilleggsavgift og lovbrotsgebyr ved klage eller søksmål. Vareførselsloven § 12-2 fjerde og femte ledd har òg reglar om utsett iverksetjing av vedtak om lovbrotsgebyr ved klage eller søksmål. Det følgjer av Prop. 237 L (2020–2021) at § 12-2 fjerde og femte ledd vidarefører tolloven § 16-19. Ved ein inkurie vart det ikkje synt til vareførselsloven § 12-2 ved endring av skattebetalingsloven § 10-1 fyrste ledd i Prop. 237 L (2020–2021). For å vidareføre tolloven § 16-19 i sin heilskap, meiner departementet at skattebetalingsloven § 10-1 fyrste ledd òg må ha ei tilvising til vareførselsloven § 12-2 fjerde og femte ledd.

Den same feilen gjeld for skattebetalingsloven § 10-51 tredje ledd. Føresegna har reglar om forfall ved utsett iverksetjing av skatte- og avgiftskrav ved søksmål, med tilvising til mellom anna tollavgiftsloven § 12-7 andre ledd om utsett iverksetjing av vedtak om tilleggsavgift og lovbrotsgebyr ved søksmål. Det er ved ein inkurie ikkje synt til vareførselsloven § 12-2 femte ledd, som òg har reglar om utsett iverksetjing av vedtak om lovbrotsgebyr ved søksmål. Departementet foreslår å rette dette ved å ta inn ei tilvising til vareførselsloven § 12-2 femte ledd i skattebetalingsloven § 10-51 tredje ledd.

Departementet syner til framlegg om endringar i skattebetalingsloven § 10-1 fyrste ledd og § 10-51 tredje ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

9.6 Skattebetalingsloven § 10-41 tredje ledd

I Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023 vart skattebetalingsloven § 10-41 tredje ledd endra. Ved ein inkurie fall siste setning av føresegna vekk ved endringa. Departementet foreslår å rette dette ved at setninga vert teken inn igjen.

Departementet syner til framlegg om endring i skattebetalingsloven § 10-41 tredje ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.7 Skattebetalingsloven § 14-10 fyrste ledd

Skattebetalingsloven § 14-10, som gjeld tvangssal av varer mv. etter vareførselsloven, har i fyrste ledd tilvising til vareførselsloven § 4-4 tredje ledd. Rett tilvising er vareførselsloven § 4-4 andre ledd. Departementet foreslår å rette feilen.

Departementet syner til framlegg om endring i skattebetalingsloven § 14-10 fyrste ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.8 Lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

Ved lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav vart skattebetalingsloven § 15-1 tredje ledd endra, men lova tredde aldri i kraft. Skattebetalingsloven § 15-1 tredje ledd er seinare oppheva. Det er ikkje planlagt at endringslova frå 2006 på noko tidspunkt skal tre i kraft. Departementet foreslår difor at lova vert oppheva.

Departementet syner til framlegg om lov om opphevelse av lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav. Departementet foreslår at lova tek til å gjelde straks.

9.9 Merverdiavgiftsloven § 4-12 andre ledd

Merverdiavgiftsloven § 4-12 andre ledd, som gjeld omrekning av utanlandsk valuta til norske kroner, har i andre ledd ei tilvising til tolloven § 7-19. Rett tilvising skal vere til vareførselsloven § 6-12, som vidarefører tolloven § 7-19.

Departementet syner til framlegg om endring i merverdiavgiftsloven § 4-12 annet ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.10 Merverdiavgiftsloven § 9-1 andre ledd

Merverdiavgiftsloven § 9-1 andre ledd bokstav a inneheld ei tilvising til § 6-7 tredje ledd. Rett tilvising skal vere § 6-7 fyrste ledd.

Departementet syner til framlegg om endring i merverdiavgiftsloven § 9-1 andre ledd bokstav a. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.11 Merverdiavgiftsloven 10-7 andre ledd

Merverdiavgiftsloven § 10-7 andre ledd, som gjeld frist for gjenutførsel av varer for rett til refusjon, viser til refusjon i tilfelle som nemnt i fyrste ledd bokstav a til c. Merverdiavgiftsloven § 10-7 fyrste ledd bokstav d regulerer i tillegg høve til refusjon når det ligg føre «særlege grunnar». Samstundes med ny tollavgiftslov vart fyrste ledd omregulert. Dei tilfella av refusjon som i dag følgjer av fyrste ledd bokstav d, følgde tidlegare av fyrste ledd bokstav b. Tilvisinga i andre ledd skulle difor ha vore endra slik at ho omfattar bokstav d.

Departementet syner til framlegg om endring i merverdiavgiftsloven § 10-7 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.12 Merverdiavgiftsloven § 14-1 andre og tredje ledd

Merverdiavgiftsloven § 14-1 andre til fjerde ledd gjeld tidspunktet for frivillig registrering og fellesregistrering i Merverdiavgiftsregisteret. Føresegnene angjev frå kva tidspunkt registreringa får verknad. Andre ledd tredje punktum og tredje ledd tredje punktum angjev verknadstidspunktet dersom «søknaden er levert på papir».

I 2021 vart det innført plikt til å levere melding om registrering i Merverdiavgiftsregisteret elektronisk, sjå skatteforvaltningsforskrifta § 8-1-2 fyrste ledd, og det tidlegare skjemaet frå Brønnøysundregistera «Samordnet registermelding del 2 – Tillegg for Merverdiavgiftsregisteret» er avvikla. Alternativet «levert på papir» i merverdiavgiftsloven § 14-1 andre og tredje ledd er dimed ikkje lenger aktuelt. Ved ein inkurie har ikkje lovverket vorte oppdatert.

Departementet syner til framlegg om endring i merverdiavgiftsloven § 14-1 andre og tredje ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.13 Folkeregisterloven § 1-3

I folkeregisterloven § 1-3 andre punktum er «behandlingsansvarlig» ved ein feil stava «behandlingsanvarlig». Departementet foreslår at skrivefeilen vert retta.

Departementet syner til framlegg om endring i folkeregisterloven § 1-3 andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.14 Vareførselsloven § 1-4 andre ledd

Tolloven vart frå 1. januar 2023 erstatta av vareførselsloven og tollavgiftsloven. Etter tolloven § 1-5 andre ledd kunne departementet tildele myndigheit etter loven til studentar som er i praksis hos tollmyndigheitene. Framlegget vart fremja i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll. Ved ein inkurie vart ikkje tolloven § 1-5 andre ledd vidareført i det nye regelverket. For å kunne oppretthalde ordninga med praksisperiode for studentar i Tolletaten, meiner departementet det er behov for å vidareføre tolloven § 1-5 andre ledd i nytt regelverk.

Studentane vil utøve myndigheit etter vareførselsloven når dei er i praksis i Tolletaten. Departementet meiner difor at det er naudsynt å ta inn ein regel om tildeling av myndigheit til studentane i vareførselsloven. Departementet foreslår at ein slik heimel vert plassert i vareførselsloven § 1-4 andre ledd, saman med tollmyndigheitene sin rett til å krevje politiattest. Ny overskrift vil verte «Politiattest og tildeling av myndighet til studenter i praksis». Vareførselsloven § 1-4 andre ledd vert slått saman med § 1-4 fyrste ledd.

Departementet syner til framlegg om endringar i vareførselsloven § 1-4. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

9.15 Vareførselsloven § 6-8 andre ledd

Det følgjer av vareførselsloven § 6-8 andre ledd at «[d]epartementet kan gi forskrift om utregning av tollverdien». I Prop. 237 L (2020–2021) er det i merknaden til vareførselsloven § 6-8 uttalt at føresegna vidarefører tolloven § 7-15. Det følgjer av tolloven § 7-15 andre ledd, som er meint vidareført i vareførselsloven § 6-8 andre ledd, at «[d]epartementet kan gi forskrift om utregnet tollverdi etter denne paragraf». Formuleringa «utregning av tollverdien» er noko upresis, og departementet foreslår at ordlyden i vareførselsloven § 6-8 andre ledd endres til «utregnet tollverdi».

Departementet syner til framlegg om endring i vareførselsloven § 6-8 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.16 Vareførselsloven § 7-15 tredje ledd

I vareførselsloven § 7-15 tredje ledd er det brukt komma for å markere slutten på setninga i staden for punktum. Departementet foreslår at skrivefeilen vert retta.

Departementet syner til framlegg om endring i vareførselsloven § 7-15 tredje ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.17 Vareførselsloven § 9-1 tredje ledd

Vareførselsloven § 9-1 tredje ledd slår fast at tvangsmiddel etter ein annan stat si lovgjeving berre kan brukast i kontrollområdet «ved undersøkelser i umiddelbar sammenheng med en overtredelse av vareførselslovens § 12-6 om straff for ulovlig vareførsel, eller forsøk på slik overtredelse». I vareførselsloven er likevel straff for ulovleg vareførsel regulert i § 12-5. Vareførselsloven § 9-1 tredje ledd må difor endrast til at det gjeld lovbrot som nemnde i § 12-5.

Departementet syner til framlegg om endring i vareførselsloven § 9-1 tredje ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.18 Vareførselsloven § 12-2 fyrste ledd bokstav a, b og d

Vareførselsloven § 12-2 regulerer når tollmyndigheitene kan ileggje lovbrotsgebyr ved brot på plikter etter vareførselsloven. Den vidarefører i hovudsak tolloven § 16-17.

Etter fyrste ledd bokstav a kan lovbrotsgebyr ileggjast den som «innfører en vare uten å oppfylle plikter ved ankomst til tollområdet etter lovens kapittel 2». Vareførselsloven kapittel 2 identifiserer føraren av transportmiddel som ansvarssubjekt for plikt til å gå direkte til avgjerdsstaden ved tilkomst til tollområdet, melde- og opplysingsplikt ved tilkomst til avgjerdsstaden, opplysingsplikt ved vidare transport i tollområdet og plikter knytt til lossing, jf. hhv. § 2-2, § 2-3, § 2-5 og § 2-6. Plikt om førehandsvarsling og plikt om framlegging ligg til «den som bringer» og «den som innfører» ei vare til tollområdet, jf. hhv. § 2-1 og § 2-4. Subjektet for lovbrotsgebyret kan difor variere etter kva pliktregel i kapittel 2 som er broten, og vil ikkje alltid tilsvare «den som innfører». Bruk av omgrepet «innfører» kan oppfattast som ei avgrensing som ikkje er tilsikta. Departementet foreslår at vareførselsloven § 12-2 første ledd bokstav a vert endra til å regulere at lovbrotsgebyr kan ileggast av tollmyndigheitene overfor den som «overtrer plikter etter kapittel 2».

Fyrste ledd bokstav b fastset at lovbrotsgebyr kan ileggjast «den som innfører en vare uten å oppfylle plikter etter kapittel 3». Vareførselsloven kapittel 3 har føresegner om mellom anna plikt til å tollbehandle varer som vert innførte til tollområdet, deklarering av varer, levering av deklarasjon og plikt til å levere ein ny deklarasjon ved ei anna disponering av vare enn etter den deklarerte prosedyren, jf. hhv. §§ 3-1 til 3-3 og § 3-6. Dei aktuelle føresegnene i kapittel 3 syner ikkje direkte til at «den som innfører» er pliktsubjekt. Bruk av formuleringa «innfører» kan her òg oppfattast som ei avgrensing som ikkje er tilsikta. Departementet foreslår at vareførselsloven § 12-2 fyrste ledd bokstav b vert endra til å regulere at lovbrotsgebyr kan ileggjast av tollmyndigheitene overfor den som «overtrer plikter etter kapittel 3».

Fyrste ledd bokstav d fastset at lovbrotsgebyr kan ileggjast «den som utfører en vare uten å oppfylle plikter ved avreise og tollbehandling etter kapittel 5». Dette omfattar plikt til å gi førehandsvarsel om varer som vert førte ut, plikter ved lasting, meldeplikt ved avreise frå tollområdet, plikt til å leggje varen fram for tollmyndigheitene, tollbehandling av varer og deklarasjonsplikt, jf. §§ 5-1 til 5-9. Enkelte av desse pliktene høyrer til føraren av transportmiddel, medan andre gjeld for «den som skal utføre en vare frå tollområdet», eller «enhver som kan gi de opplysninger som er nødvendige for prosedyren». Uttrykket «den som utfører» passar difor ikkje for alle dei pliktsubjekta som er regulerte i kapittel 5. Dette er ikkje tilsikta. Departementet foreslår at vareførselsloven § 12-2 fyrste ledd bokstav d vert endra til å regulere at tollmyndigheitene kan ileggje lovbrotsgebyr overfor den som «overtrer plikter etter kapittel 5».

Departementet syner til framlegg om endringar i vareførselsloven § 12-2 første ledd bokstav a, b og d. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

9.19 Vareførselsloven § 12-7

I vareførselsloven § 12-7 manglar det ein «r» i ordet «straffes». Departementet foreslår at skrivefeilen vert retta.

Departementet syner til framlegg om endring i vareførselsloven § 12-7. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.20 Tollavgiftsloven § 8-1 andre ledd

Tollavgiftsloven § 8-1 har reglar om teieplikt. Føresegna vidarefører delar av tolloven § 12-1. Det følgjer av § 8-1 andre ledd at teieplikta ikkje gjeld for registreringspliktig statsstøtte med tilvising til lov 27. november 1992 nr. 117 om offentlig støtte § 2 a. I lov 4. mars 2022 nr. 7 om nasjonale saksbehandlingsregler i saker om offentlig støtte (støtteprosessloven) § 19, vart tilvisinga i tolloven § 12-1 sjuande ledd endra til å vise til støtteprosessloven § 7 fyrste ledd. Den same endringa må takast inn i tollavgiftsloven § 8-1. Tilvisinga i tollavgiftsloven § 8-1 andre ledd må difor endrast slik at det vert synt til støtteprosessloven § 7 første ledd.

Departementet syner til framlegg om endring i tollavgiftsloven § 8-1 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

9.21 Tollavgiftsloven § 11-4

Det følgjer av tollavgiftsloven § 11-4 at «[t]ollmyndighetene kan treffe enkeltvedtak om nedsettelse av tollavgift dersom det oppstår tilfeller eller situasjoner som ikke var overveid da Stortingets vedtak om toll ble truffet, og tollavgiften i det enkelte tilfellet får en utilsiktet og klart urimelig virkning». Stortinget sitt vedtak «om toll» er endra til vedtak «om tollavgift», i samsvar med tollavgiftsloven. Departementet foreslår at formuleringa i § 11-4 vert endra til «Stortingets vedtak om tollavgift».

Departementet syner til framlegg om endring i tollavgiftsloven § 11-4. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida