Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

7 Fritak for elavgift ved deling av lokal energiproduksjon

Ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022 vart det vedteke eit fritak i elavgifta for eigenproduksjon av straum frå fornybare energikjelder, jf. Stortinget sitt vedtak om avgift på elektrisk kraft romartal II § 2 fyrste ledd bokstav f. Bakgrunnen var at vilkåra for det gjeldande fritaket for solkraft gjer det vanskeleg for mellom anna burettslag å nytte fritaket for straum produsert ved solceller, jf. vedtaket § 2 fyrste ledd bokstav e.

Fritaket i elavgifta heng saman med endringar i plusskundeordninga under Olje- og energidepartementet. Endringane i plusskundeordninga vert gjennomført ved endringar i forskrift. Målet med dei nye reglane er å leggje til rette for at fleire burettslag og liknande kan delta i plusskundeordninga. Ordninga vil òg gjelde for næringsbygg. Ein plusskunde er ein forbrukar som i enkelttimar har eit overskot av kraft inn på nettet. Ein plusskunde kan nytte eigenproduksjon til å redusere sitt uttak frå nettet, og dimed spare utgifter til straum og nettleige. Ein slepp òg elavgift på forbruk av eigen produksjon.

Framlegg om nye reglar var på høyring i 2022. Dei fleste instansane er i høyringa positive til framlegget, men har hatt ulike innspel til vilkår for og gjennomføring av fritaket. I høyringa vart det lagt til grunn at ordninga skulle gjelde for anlegg med installert effekt på opptil 500 kW per eigedom. Fleire instansar har peikt på at ei grense på 500 kW er for lav. Ved behandlinga av olje- og energiministerens fråsegn om kraftsituasjonen 18. oktober 2022 vedtok Stortinget følgjande oppmodingsvedtak, sjå Innst. 25 S (2022–2023):

«Vedtak 17: Stortinget ber regjeringen vurdere å fjerne fritaksgrensen på 500 kW for nettleie og strøm som deles som nabolagsstrøm, eventuelt auke grensa for delingsanlegg for solceller til 4 000 m2 eller 1 000 kW.»

Regjeringa har etter høyringa og etter Stortingets oppmodingsvedtak bestemt at grensa skal vere på opptil 1 000 kW. Det vil likevel vere mogleg å ha større anlegg på ein eigedom, men produksjon som overstig grensa, vil ikkje få fritak. Einskilde nettselskap har teke til orde for at ordninga er administrativ byrdefull for nettselskapa og føreset systemtekniske tilpassingar.

Fritaket i elavgifta tek til å gjelde frå den tid departementet avgjer. Grunnen til utsett iverksetjing er at det har vore naudsynt å avklare spørsmål om offentleg støtte etter EØS-avtalen. Nettselskapa har òg varsla at dei treng tid til å leggje til rette for systemtekniske løysingar.

Departementet vurderer fritaket i elavgifta som foreinleg støtte etter EØS-avtalen. På usikkert grunnlag medfører auka effektgrense og iverksetjing av ordninga frå 1. oktober 2023 eit tap av proveny på 4 mill. kroner påløpt og 0 kroner bokført i 2023. Heilårsverknaden er eit provenytap på 16 mill. kroner. Provenytapet er venta å auke over tid, i takt med installasjon av nye solcelleanlegg. I høyringa vart det anslått at dersom alle bustadblokker og tomannsbustader nyttar fritaket fullt ut, kan provenytapet verte i storleik 650 mill. kroner.

Til forsida