Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

6 Prioritet for skatte- og avgiftskrav ved rekonstruksjon

Stortinget har til behandling framlegg om å føre vidare mellombels lov 7. mai 2020 nr. 38 om rekonstruksjon for å avhjelpe økonomiske problemer som følge av utbrudd av covid-19 (rekonstruksjonslova) fram til 1. juli 2025, jf. Prop. 51 L (2022–2023) og Innst. 302 L (2022–2023). Ei slik forlenging vil gje Justis- og beredskapsdepartementet meir tid til lovarbeid med nye reglar om rekonstruksjon, som kan erstatte dei gamle reglane i konkurslova om gjeldsforhandling, når rekonstruksjonslova vert oppheva.

I samband med den mellombelse rekonstruksjonslova har Finansdepartementet i forskrift 11. mai 2020 nr. 974 om midlertidig unntak fra prioritetsreglene under rekonstruksjon etter midlertidig lov om rekonstruksjon, fastsett at reglane om prioritet for krav på formues- og inntektsskatt, meirverdiavgift og trygdeavgift i dekningslova § 9-4 ikkje skal gjelde ved rekonstruksjon etter rekonstruksjonslova. Forskrifta gjeld til ho vert oppheva 1. juli 2023.

Departementet har vurdert om forskrifta skal førast vidare til 1. juli 2025, slik at unntaket frå prioriteten for skatte- og avgiftskrav ved rekonstruksjon gjeld i same periode som rekonstruksjonslova.

Reglane om prioritet for skatte- og avgiftskrav skal beskytte provenyet til staten, og reglane gjeld i dag på andre område enn rekonstruksjon, mellom anna ved konkurs og utanrettsleg akkord. Det har vore få saker om rekonstruksjon, og det er vanskeleg å seie noko sikkert om verknaden for provenyet om forskrifta vert forlenga med to år. Skatteetaten si erfaring er at unntaket frå prioriteten i enkelte saker har ført til at skattekreditorane har fått dividende for fordringar som ville fått full dekking ved konkurs, eller lågare dekking ved rekonstruksjon enn det fordringa ville vorte dekt med ved ein mogleg utanrettsleg akkord. I andre saker der skyldnaren er tilført midlar frå tredjepart, har skattekreditorane fått meir utbetalt ved rekonstruksjon samanlikna med konkurs. Departementet legg til grunn at midlar frå tredjepart ville vorte tilført ved rekonstruksjon òg om det ikkje var unntak frå prioriteten, og at det difor er vanskeleg å rekne ut kva provenyet ville vore om skatte- og avgiftskrava var prioriterte.

Departementet legg til grunn at ei forlenging av forskrifta frem til 1. juli 2025 kan gje betre grunnlag for å vurdere om unntaket frå prioritetsreglane bør gjelde permanent ved rekonstruksjon dersom det vert vedteke nye reglar om rekonstruksjon i konkurslova. Departementet foreslår difor å føre vidare forskrift 11. mai 2020 nr. 974 om midlertidig unntak fra prioritetsreglene under rekonstruksjon etter midlertidig lov om rekonstruksjon til 1. juli 2025. Departementet legg til grunn at framlegget har avgrensa verknad på provenyet.

Til forsida