Olje- og energiministeren tek imot ein rapport om den norske energisektoren frå IEA

Báiki: Digitalt

Olje- og energiminister Terje Aasland tek imot ein rapport om den norske energisektoren frå Det internasjonale energibyrået (IEA)

Rapporten blir overlevert av IEA-direktør Fatih Birol på eit digitalt arrangement. I rapporten gir IEA ei rekkje anbefalingar til korleis Noreg kan gjennomføre det grøne skiftet i energisektoren. Det er fem år sidan sist IEA kom med ein rapport om energisektoren i Noreg.

Det blir ein kort spørsmålsrunde etter den digitale overleveringa. Presse som er interesserte i å stille spørsmål til Aasland og Birol i denne runden må melde seg på ved å sende ein e-post til IEA på press@iea.org.

Arrangementet kan også følgjast her: Norway 2022: Energy Policy Review - Event - IEA.

Etter arrangementet, om lag kl. 15.45, er statsråden tilgjengeleg for norsk presse. Det skjer i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59 (R5).

Presse som ønsker å stille her, kan melde seg på ved å sende ein e-post til kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no