Det er Den internasjonale kvalfangstkommisjon (IWC) som tek seg av oppgåvene til konvensjonen. IWC består av medlemmer frå dei kontraherande partane. Det er no nærare 85 medlemsland i IWC, både kvalfangstnasjonar og nasjonar som aldri har fanga kval.

Kvalfangstkommisjonen har, i strid med det folkerettslege grunnlaget, utvikla seg i retning av ein rein verneorganisasjon som ikkje baserer avgjerdene sine på vitskaplege prinsipp. Eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst (moratorium) vart såleis vedteke i 1982 (med verknad frå sesongen 1986) mot vitskapskomiteen sitt råd. Forbodet skulle vurderast på nytt og om mogleg modifiserast seinast i 1990, men det skjedde ikkje.

I IWC er det er i dag ikke vilje til å røre ved det globale totalforbodet mot det ein omtalar som kommersiell kvalfangst. Dette trass i at IWC sin vitskapskomité, etter ønskje frå Kommisjonen, for lenge sidan har utvikla ein 
revidert forvaltningsprosedyre (RMP) som var tenkt å skulle erstatte moratoriet. Ved å bruke RMP vil det berre bli kvotar på dei bestandane som toler fangst. Fleirtalet i IWC ønskjer at RMP skal kompletterast med eit regelverk for kontroll og overvaking av fangsten før moratoriet eventuelt kan opphevast og fangst tillatast.

I 1992 starta ein prosess med å få etablert eit slikt regelverk (revidert forvaltningssystem - RMS) for kommersiell kvalfangst. Det er framleis inga semje om kva regelverket skal innehalde, og prosessen er gått i stå. På årsmøtet i IWC i 2008, IWC60, vart det sett i gang ein prosess med siktemål å normalisere organisasjonen. Prosessen, kalt IWC-future, har til no ikkje gitt resultat som peikar mot ei løysing av den fastlåste situasjonen. På årsmøtet i 2009 vart ein einig om å la prosessen halde fram eit åt til.

Noreg har heile tida lagt stor vekt på forpliktande internasjonalt samarbeid når det gjeld forvaltning av kval, i samsvar med prinsippa i FNs havrettskonvensjon, og vi har valt å arbeide for løysingar innanfor IWC. Sjølv om arbeidet i Kommisjonen ikkje har vore konstruktivt, så har arbeidet i vitskapskomiteen til IWC hatt mykje å seie for at norsk kvalfangst kunne takast opp igjen.