Historisk arkiv

Kreativt Norge skal ligge i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- I Trondheim er det eit sterkt miljø knytta til NTNU og ny teknologi. Ved å legge Kreativt Norge i Trondheim sikrar vi at dei ulike fagmiljøa raskt bidrar saman til å etablere eit vitalt kontor for kulturell og kreativ næring, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. Kulturministeren gjorde i dag kjent at Norsk Kulturråd sitt kontor Kreativt Norge skal ligge i Trondheim.

Gruppebilde med adm.dir. i NiT Berit Rian, dir. i Kulturrådet Kristin Danielsen, kulturminister Linda Hofstad Helleland, rektor NTNU Gunnar Bovim og adm.dir. Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth.
Fra venstre: Adm.dir. i NiT Berit Rian, dir. i Kulturrådet Kristin Danielsen, kulturminister Linda Hofstad Helleland, rektor ved NTNU Gunnar Bovim og adm.dir. i Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth. Foto: Martin B. Andersson / Kulturdepartementet

Regjeringa skal i 2017 gjennomføre ei historisk satsing på kulturell og kreativ næring. Målet er å bidra til vekst, verdiskaping og arbeidsplassar gjennom auka investeringar i, og omsetnad av kunst- og kulturproduksjonar. Auka kompetanse på entreprenørskap, forretnings- og marknadsutvikling på kulturfeltet er sentralt i arbeidet.

Satsinga går langs fleire spor. Det norske støtteapparatet som lanserer norsk kultur internasjonalt skal styrkast. Aktørar og bedrifter med vekstpotensial skal kunne bygge kompetanse, nettverk og kapital. Og sist, men ikkje minst, skal einskildkunstnarar få hjelp til å auke marknadspotensialet sitt, og få betre tilgang til et sterkt og kompetent støtteapparat. Dette oppdraget er gitt Norsk kulturråd ved å etablere kontoret Kreativt Norge i Trondheim.

- Vi ønsker å styrke kunstnarar sine høve til å få auka inntekter, og legge til rette for mindre verksemder og støtteapparatet rundt kunstnarar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Med kulturlivet og kreative næringar på laget, vil Kreativt Norge utvikle nye forretningsmodellar for framtida.

Kulturministeren er spesielt opptatt av kulturelle og kreative næringar og har i forkant av opprettinga møtt mange aktørar frå heile landet. 

Storbynettverket, som består av Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Drammen og Oslo har vist ambisjonar og engasjement for utvikling av kulturelle og kreative næringar. Dette engasjementet vil det vere vesentleg for Kreativt Norge å spele vidare på.

- Kvar enkelt by og region kan tilby både ressursar og spesifikke kompetansemiljø som må spele på lag med Kreativt Norge, seier kulturministeren.

Kreativt Norge skal vere eit nasjonalt kontor som arbeider aktivt for å styrke kulturell og kreativ næring i alle regionar. Formålet er at Kreativt Norge skal bidra til omstilling, verdiskaping og flere arbeidsplassar regionalt, og hjelpe til med å utvikle eit vitalt kulturliv som legg til rette for kulturell vekst og talent over heile landet.