Kvensk og samisk kommunenamn godkjent

Kåfjord kommune i Troms har fått kvensk namn, Kaivuonon komuuni, mens Fauske kommune i Nordland har fått samisk namn, Fuosko suohkan, etter handsaming i statsråd 15. april, i medhald av kommunelova § 3 nr. 3, første ledd.

Kåfjord kommune søkte i brev av 17. desember 2015 om godkjenning av Kaivuonon komuunisomkvensk namn på kommunen. Namnet er i samsvar med tilråding frå Sametinget og Språkrådet, kvensk stadnamnteneste. 

Fauske kommune søkte i brev av 15. desember 2015 om godkjenning av Fuosko suohkan som samisk namn på Fauske kommune. Namnet er i samsvar med tilråding frå Sametinget.