Universell utforming

Universell utforming er ein nasjonal strategi for å bidra til å gjere samfunnet tilgjengeleg for alle. Barne- og likestillingsdepartementet koordinerer arbeidet med universell utforming.

Likestilling og sosial og økonomisk berekraft

Universell utforming tilfører kvalitetar i menneskeskapte omgjevnader som er positive for alle innbyggarar og for Noreg som samfunn. Eit sentralt mål er å forhindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne gjennom auka tilgjenge og løysningar som likestilter alle brukarar. Universell utforming har positiv effekt på sosial og økonomisk berekraft. Regjeringas visjon er eit samfunn der alle kan delta. Eit viktig virkemiddel for å oppnå dette er god tilgjenge og omgjevnader som er trygge og praktiske å bruke. Universell utforming er ein samfunnskvalitet med særlig meining for personer med nedsett funksjonsevne. 

 

Arbeidet på området

Arbeidet på området følger sektoransvarsprinsippet. Departementa skal inkludere universell utforming som strategi og i tiltak på sine ansvarsområde. Ei rekkje direktorat og statsetatar følgjer opp arbeidet på sine sektorar. Lover, forskrifter og standardar er viktige verkemiddel. Universell utforming er inkludert i lovverket på sentrale sektorer. Ansvaret for utarbeiding og oppfølginga av disse ligg i dei ulike fagsektorane.  

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for likestillings- og diskrimineringsloven som har føresegner om universell utforming og tilgjengelegheit. Midla til finansiering av tiltak for universell utforming følgjer sektoransvarsprinsippet, og ligge hovudsakleg i dei ulike departementas budsjett. 

Handlingsplanen for universell utforming 2015-2019

Handlingsplan for universell utforming for perioden 2015-2019 har fokus på velferdsteknologi og IKT og følgjer opp arbeidet med universell utforming på andre viktige samfunnsområder.
Meir informasjon om handlingsplanen og nyheiter om universell utforming.

Her finn du dei  ulike versjonane av handlingsplanen i Word, PDF og EPUB:

Til toppen