Historisk arkiv

Rovdata har publisert nytt tal for bestanden av kongeørn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Ein ny rapport frå Rovdata viser at det dei siste fem åra har vore 963 hekkande par med kongeørn i Noreg. Dette ligg innanfor bestandsmålet på 850-1200 hekkande par på landsbasis.

Kongeørn
Kongeørn Foto: Tine Marie Hagelin

Rovdata har i dag gjort offentleg ein rapport med eit nytt bestandstall på kongeørn. Totalt er det kartlagt 1260 kongeørnterritorium med om lag 2900 ulike reirplassar for kongeørn. Rapporten viser at om lag 963 av territoria har vore okkupert av hekkande par med kongeørn ein eller fleire gonger i perioden frå 2010 til 2014.

Gjennom rovviltforliket i 2004 bestemde Stortinget at kongeørnbestanden skal forvaltast på eit nivå som tilsvarer 850-1200 hekkande par på landsbasis. Dette meinte ein spegla bestandnivået slik det reelt sett var på dette tidspunktet.

- Å få eit oppdatert tal for bestanden av kongeørn er viktig for å følgje opp rovviltforliket av 2011 og for å auke sikkerheita knytte til storleiken til bestanden, seier Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Kongeørn vart i 2012 ein del av det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, som òg omfattar artene gaupe, jerv, brunbjørn og ulv. Overvakinga av kongeørn er todelt. Det er etablert eit skilje mellom ekstensiv overvaking, som omfattar eit kvart hekketerritorium i Noreg, og dessutan ein intensiv del som omfattar 11 område valt ut for å gje eit representativt utval av norske kongeørnhabitat.

Dagens estimat over den norske kongeørnbestanden er basert på ny og forbetra metodikk, noko som gjer at ein ikkje utan vidare skal samanlikna desse resultata med tidlegare. Derimot vil Rovdata i åra som kjem kunne seia noko om utviklinga i bestanden.

- Det er viktig at forvaltinga alltid skal baserast på best tilgjengeleg kunnskap. Det nye talet for bestanden viser at storleiken til kongeørnbestanden er innanfor rammene av det Stortinget har vedteke, og er dermed eit godt utgangspunkt for den vidare forvaltinga av denne arten, seier Sundtoft.

Les meir om overvaking og bestandstatus av kongeørn på Rovdata.

Rapporten kan lastast ned i pdf her.