Historisk arkiv

Ny nordisk filmpris i 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 23/02
Dato: 05.04.2002
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf. mobil 913 46 557

Ny nordisk filmpris i 2002

- Ein nordisk filmpris vil kunne medverka til å løfta fram ein kunstart som profilerer nordisk språk, kultur og fellesskap, sa kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland på det nordiske kulturministermøtet i København fredag. Møtet var hennar første som leiar av det nordiske kultursamarbeidet.

Oppretting av ein Nordisk Råds Filmpris for 2002 vart vedtatt då dei nordiske kulturministrane møttest i København fredag. Forslaget til ein ny filmpris kjem frå Nordisk Råd som vil handsame saka 15. april i Reykjavik. Dersom rådet gir "grønt lys" vil kulturministrane vere klare til å starte arbeidet med filmprisen for 2002.

I Norden blir det produsert mange gode filmar og det skjer eit omfattande og veksande samarbeid mellom filmskaparar og filmarbeidarar, skodespelarar og teknikarar i dei nordiske landa. Det aukande samarbeidet har hatt positive konsekvensar og sørga for breidde og kvalitet i den nordiske filmproduksjonen.

Formålet med filmprisen er å sikra eit auka tilbod og spreiing av nordiske filmar i heile Norden for slik å styrka det nordiske kulturfelleskapet og utvikla Norden som ein kulturell heimemarknad.

Nordisk Ministerråd vil arbeida for at den nordiske filmprisen kan delast ut i Helsingfors i slutten av oktober 2002 då Nordisk Råd feirar sitt 50-årsjubileum.

- Ein felles nordisk filmpris er ein flott måte å markera 50 år med nordisk samarbeid, sa den nye leiaren i det nordiske kultursamarbeidet, kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Nordisk Råds filmpris vil utgjera 350.000 DKK.