Innovasjon Norge og DOGA inngår samarbeid:

- Store moglegheiter i ferdigvareindustrien

Innovasjon Norge og DOGA skal gjennomføre eit forsøksprosjekt som skal gje vekst og auke eksport ved å betre samspelet mellom design- og merkevare og ferdigvareindustrien.

I prosjektet skal Innovasjon Norge og DOGA sjå sine mest relevante program og verkemiddel i samanheng. Prosjektet er på forsøksstadiet og skal utviklast gradvis.

- Målet er vekst og auka eksport, seier statssekretær Dilek Ayhan (H) i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). 

Ferdigvareindustrien sysselset over 60 000 personar og har meir enn 8 000 bedrifter ut over heile landet. Halvparten av produksjonen eksporterast, og eksporten ser ut til å auke.

Ferdigvareindustrien inneheld mellom anna produkt som møbel, mote, glas, lyssetjing og elektronikk og representerer mange bedrifter, både store og små. Eksempel på bedrifter er Jotun, Ekornes,  Dale Norway, Adax (belysning og elektrisk utstyr), Swix og Madshus.

Design- og merkevaredriven ferdigvareindustri kan mellom anna konkurrere på merkevare, unike designprodukt, funksjonar og kvalitet, miljøvennleg produksjon og lang levetid. 

Til toppen