10 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonane

Dette innhaldet er meir enn 4 månadar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Mange barne- og ungdomsorganisasjonar melder at dei har tapt store inntekter og har hatt auka utgifter på grunn av koronapandemien. No foreslår regjeringa å styrkje den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane med 10 millionar kroner.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane er ein svært viktig arena for deltaking, felleskap og medverknad. Mange av organisasjonane har hatt det tøft under koronasituasjonen, fordi dei har måtte avlyse arrangement og aktivitetar og mange er redde for å miste medlemmar og medlemskontigent. Derfor er eg så glad for å kunne styrkje grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane med 10 millionar, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Bakgrunnen for styrkinga er at mange barne- og ungdomsorganisasjonar har meldt at dei har tapt store inntekter på grunn av koronasituasjonen. Organisasjonane har også hatt behov for å tilpasse seg smittevernsituasjonen og mange har hatt auka utgifter til tilpassing av aktivitet og digitalisering av arbeidet.