Historisk arkiv

Høgskulen på Vestlandet får 11 millionar kroner i fusjonsstøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund får 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga av skulane.

Kongen i statsråd har i dag bestemt at Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund frå 1. januar 2017 blir slått saman til ein høgskule -  Høgskulen på Vestlandet. Kunnskapsdepartementet gir 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga i 2016.

 – Etter samanslåinga kan Høgskulen på Vestlandet sjå utdannings- og kompetansebehov i vestlandsregionen under eitt. Eg har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Fem studiestader
Høgskulen på Vestlandet vil ha god forankring i nærregionane og på dei fem studiestadene Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde. Høgskulen på Vestlandet skal ha som ambisjon å vidareutvikle studiestadene slik at den regionale rolla blir teken enda betre vare på enn i dag. Høgskulen vil, som ein ny fleirkampusinstitusjon, ha utdanning på masternivå på alle studiestadene.

– Høgskulen på Vestlandet vil ha eit klart mål om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Eg støttar dette målet. Eg er også glad for at Høgskulen på Vestlandet frå starten viser eigenart ved å ha nynorsk som primærarbeidsspråk, seier kunnskapsministeren.

God studentvelferd
Høgskulen på Vestlandet skal leggje til rette for eit godt studiemiljø og ei god studentvelferd på studiestadene. Studentsamskipnadene er viktige for studentvelferda, og det kan vere aktuelt å gjere endringar i organiseringa av studentsamskipnadene som følgje av samanslåinga av høgskulane.

 – Det er ein klar føresetnad at organiseringa av studentsamskipnadene ikkje svekkjer studentvelferda på nokre av studiestadene. Studentsamskipnadene har ulik storleik, men er likeverdige partar. Eg ønskjer primært at dei sjølv blir einige om korleis ei samanslåing kan bli gjennomført, og departementet vil delta i vidare dialog med studentsamskipnadene for å kome fram til gode løysingar, seier Røe Isaksen.

På bakgrunn av ønske frå høgskulane, vil Kunnskapsdepartementet velje eit interimsstyre som får fullmakt til å treffe avgjerder som gjeld etableringa av Høgskulen på Vestlandet. Departementet tek sikte på at interimsstyret kan overta som styre for Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2017. Høgskulen på Vestlandet skal ha styreleiar oppnemnd av departementet og tilsett rektor.