15 millionar kroner til para-VM vinter Lillehammer 2021

Regjeringa løyver 15 millionar kroner av spelemidla til idrettsformål til para-VM for ski og snowboard i 2021.

Gruppebilde utendørs
Foto: Geir Owe Fredheim, Idrettsforbundet

Norges Skiforbund (NSF), Norges Skiskytterforbund (NSSF) og Norges Snowboardforbund (NSBF) har gått saman om å arrangere eit samla para-VM for alpint, langrenn, skiskyting og snowboard. Arrangementet vil spegle programmet for ski- og snowboarddelen i paralympics.

Para-VM for ski og snowboard skal etter planen haldast på Lillehammer.

- Eg er stolt av at Noreg skal arrangere eit samla VM for paraidrett. Dette blir eit historisk arrangement ettersom det er første gongen ein arrangerer ein slik verdsmeisterskap, og eg trur dette blir eit stort løft for paraidretten, seier kulturminister Trine Skei Grande som rosar Norges Skiforbund, Norges Skiskytterforbund og Norges Snowboardforbund.

- Eg er glad for at "Stiftelsen Vi" blir med på spleiselaget, seier kulturministeren. 

- Eg er viss på at arrangementet vil ha mange positive ringverknader og føre med seg auka interesse både blant publikum og i næringslivet. Ein verdsmeisterskap på norsk jord vil òg fremje den norske idrettsmodellen. Vi har gode anlegg her i landet som gjer det mogleg å tilby eit kompakt arrangement med korte avstandar, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Ho er opptatt av at personar med nedsett funksjonsevne skal ha same høve til å drive med idrett som andre, også på toppidrettsnivå.

Bakgrunn

International Paralympic Committee har spurt Norges Skiforbund om å vere vertskap for eit samla para-VM for alpint, langrenn, skiskyting og snowboard. Skiforbundet, Norges Skiskytterforbund og Norges Snowboardforbund sendte i april i år ein søknad om tilskot til para-VM for ski og snowboard på 19,5 millionar kroner.

Til toppen