Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

15 millionar kroner til tiltak mot pengespelproblem

Regjeringa har vedtatt ny handlingsplan mot speleproblem. Det er sett av 15 millionar kroner til forsking, informasjon, førebyggjing og behandling av speleproblem. Handlingsplanen er finansiert av overskotet i Norsk Tipping.

Regjeringa tar pengespelproblem på alvor. Vi fører ein ansvarleg pengespelpolitikk som tar omsyn til dei som slit med pengespel. Gjennom handlingsplanen vil vi sikre at sosialpolitikken framleis har hovedfokus i spelpolitikken, seier kulturminister Trine Skei Grande.

- Hovudmålet i handlingsplanen er å redusere talet på speleavhengige her i landet. Handlingsplanen skal bidra til meir kunnskap om spel og speleproblem. Det er viktig å nå dei som har speleproblem så tidleg som råd slik at dei kan få god behandling, seier kulturminister Skei Grande.

Frivillige organisasjonar som arbeider med speleavhengige har ei viktig rolle i dette arbeidet. Handlingsplanen mot pengespelproblem omfattar òg tiltak som informasjonsarbeid mot utsette grupper, forsking, og undersøkingar om spelvanar. Det førebyggjande arbeidet i helsetenesta skal også styrkjast. Handlingsplanen er eit samarbeid mellom Medietilsynet, Noregs forskingsråd, Lotteritilsynet, Helsedirektoratet og frivillige organisasjonar

Den nye handlingsplanen mot pengespelproblem er den femte i rekka sidan 2005.

Handlingsplan mot speleproblem

Til toppen