20 millionar kroner til inkludering av barn og unge i idretten

Kulturdepartementet løyver 20 millionar kroner til tilskotsordninga Inkludering i idrettslag. Løyvinga skal gå til inkluderingsarbeid i idrettslag i byområde med spesielle utfordringar.

– Vi ser at barn og unge er spesielt utsette når smittevernreglane blir innstramma. Sosial distansering og nedstengde fritidsaktivitetar rammar særleg barn og unge i familiar med låg inntekt, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

– Eg trur løyvinga på 20 millionar kroner til inkluderingsarbeid i idrettslag i byområde er spesielt viktig no når barn og unge lenge ikkje har kunne drive aktivitet på same måte som før. Desto viktigare blir tilskot som kan motverke økonomiske og kulturelle barrierar som hindrar barn og unge i å delta i organisert idrett, seier statsråd Raja.

Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Fredrikstad, Sarpsborg, Haugesund, Bodø, Sandnes, Larvik, Porsgrunn, Sandefjord, Skien og randkommunar til Oslo i Viken fylke er med i ordninga.