Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

2,5 millionar til idrettsarrangement for personar med funksjonsnedsetting

Kulturdepartementet har no delt ut 2,5 millionar kroner frå tilskotsordninga for idrettsarrangement for personar med funksjonsnedsetting.

Tilskotsordninga skal bidra til at personar med funksjonsnedsetting kan delta på arrangement for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Desse arrangementa får tilskot:

  • Foreining Ridderrennet får 1 million kroner til å arrangere Ridderrennet og Ridderuka på Beitostølen. Arrangementet består av ulike aktivitetar som langrenn, skiskyting, snowboard og alpint.
  • Heddal IL får 750.000 kroner til ParaVeka 20.-25. juni på Notodden. Arrangementet består av treningssamlingar og konkurransar i ulike idrettsgreiner. Arrangementet har samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege verksemder.
  • Sportsklubben Freidig får 250 000 kroner for å leggje til rette for personar med utviklingshemning under Skandia Cup.
  • Norges svømmeforbund får 220 000 kroner til Landsstemne for utviklingshemma 21.-22. mars i Tønsberg. Tilskotet skal sponse deltakarar og følgjepersonar.
  • Storedal kultursenter får 200 000 kroner til Ridderdagene i Skjeberg 23.-25. august. Arrangementet er ein friluftslivshelg for barn og unge med funksjonsnedsetjing og familiane deira og følgjepersonar.
  • Askøy på langs extreme får 80 000 kroner til terrengløp 9. mai på Askøy. Tilskotet skal sikre at arrangementet blir betre tilrettelagt for personar med funksjonsnedsetting.
Til toppen